Kommune og butikk
Nærbutikken er mykje meir enn daglegvarer. Stadig fleire kommunar brukar nærbutikken til å styrke både tenestetilbodet og den lokale samfunnsutviklinga. Butikken er også ein viktig møteplass i lokalsamfunnet. Samarbeid mellom kommune og butikk kan gjere bygda meir attraktiv både for fastbuande, tilreisande og næringslivet.