Fagområde: Kommune og butikk

Nærbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn

Nærbutikkane spelar ei viktig rolle når det gjeld å halde oppe tenestetilbodet i små lokalsamfunn. Butikken på bygda fungerer i praksis som ein velferdssentral for innbyggarane. Kommunen kan sikre levekår og folkehelse ved å samarbeide med butikkane.

3 personer som prater. Foto.

Nærbutikken sikrar gode tenester i små lokalsamfunn, viser ny rapport frå Høgskulen i Volda.
Foto: David Zadig

Butikken på bygda tar på seg fleire og fleire oppgåver i lokalsamfunnet, i tillegg til sal av daglegvarer. Den moderne nærbutikken er både post, bank, turistinformasjon og bensinstasjon. Butikken kan tilby varelevering og hjelp til å fylle ut skjema – og ikkje minst ein kaffekrok.

Nærbutikken har blitt den mest brukte møteplassen for bygdefolket i Kvammen i Askvoll kommune i Vestland. Butikken inviterer til seniortreff kvar onsdag og laurdagskafé for unge og gamle, i samarbeid med lokale lag og organisasjonar. Her får både unge og eldre treffe kvarandre og handle daglegvarer. Pensjonistar som har vanskeleg for å kome seg til butikken på eigen hand, blir henta med drosje, finansiert gjennom den fylkeskommunale ordninga med serviceskyss.

Kvammen Handel ligg vegg i vegg med eit allaktivitetshus som bygda eig. Her er kafélokale, treningsstudio og lokale for fotterapi.

Serviceavtale med kommunen

Butikken har godt samarbeid med Askvoll kommune og har status som kommunalt servicepunkt. Butikken leverer daglegvarer til skule og barnehage og pakkar varer for eldre som får leveransar gjennom heimetenesta.

Kontaktinformasjon

Ole André Klausen
ordførar, Askvoll kommune
[email protected]
+47 48 03 72 85

Renate Berg
kjøpmann, Joker Kvammen
[email protected]
+47 90 79 25 07

– Serviceavtalen gir kommunen ein fin sjanse til å kome nærare innbyggarane. Det er viktig at folk opplever tenestene våre som nære og mogleg å få tak i, seier ordførar Ole André Klausen i Askvoll.

Fleire stader i landet er det etablert kommunale servicepunkt på ein eller fleire butikkar, og kommunen betaler butikkane for å yte tenester for innbyggarane.

Fleire eldre

Eldre er den viktigaste målgruppa for fleire av tenestene. Det gjeld til dømes sosial møteplass, varelevering, helsefremjande aktivitetar, digital hjelp, samarbeid med heimesjukepleie og enkle vaktmeistertenester.

Vi lever lengre og dei fleste har relativt god helse. Eldre er i dag ein stor ressurs for små lokalsamfunn, og dei ønskjer gjerne å stille opp for fellesskapet, om dei får høve til det. På Nes Verk i Tvedestrand kommune har ei gruppe friske eldre tatt på seg oppdraget med å køyre ut daglegvarer til eldre som har vanskar med å kome seg til butikken sjølve.

Dei fleste eldre ønskjer å bu i eigen heim og leve sjølvstendige liv så lenge som muleg. Men dei er avhengige av å ha eit butikktilbod. Dei har behov for møteplassar og sosial kontakt, og dei treng eit visst sikkerheitsnett.

Nye løysingar

Stortingsmelding 15 «Leve hele livet» (Stortingsmelding 15: 2017-18) framhevar nærbutikken som ein møteplass og eit servicepunkt for eldre i Distrikts-Norge. Kommunane blir oppfordra til å samarbeide med frivillig sektor og andre aktørar i lokalsamfunnet.

– I mange små lokalsamfunn er dagligvarebutikkene det siste gjenværende servicepunktet. Da er det om å gjøre at ulike funksjoner kan samles i butikken, blir det sagt i stortingsmeldinga.

Demografiutvalet (NOU 2020:15: «Det handler om Norge») seier at det er behov for innovasjon for organisering av tenester i område med spreidd busetting  og samfunn der innbyggartalet går ned. Kommunane må legge til rette for samskaping ved å mobilisere og koordinere ressursar som finst lokalt. Då kan det godt vere at det blir etablert nye løysingar i samarbeid med bygdelag, frivillige organisasjonar, lokalt næringsliv eller andre.

Nærbutikken som møteplass og velferdssentral i Distrikts-Norge. Innlegg på Leve hele livet-konferansen.

Butikk og bustader

Kontaktinformasjon

Hans Oskar Devik
ordførar, Røyrvik kommune
[email protected]
+47 48 11 90 70

Roger Hanssen
kjøpmann, Joker Røyrvik
[email protected]
+47 970 77 269

Dei fleste distriktskommunar har eit tradisjonelt bumønster, der dei fleste eldre bur i einebustad så lenge dei er i stand til å klare seg sjølve. Når helsa sviktar, er einaste alternativet å flytte til omsorgsbustad eller sjukeheim i kommunesenteret.

Distriktssenteret ser at fleire kommunar prøver å finne nye løysingar ved å byggje opp små lokalsenter der fleire funksjonar er samla på ein stad. Dette kan vere eit godt og robust grep, med langsiktig effekt. Iveland kommune i Agder har bygt ut ein liten landsby med bustader og næringsverksemd samla på Birketveit. Her er viktige servicefunksjonar som daglegvarebutikk, kaffikrok, bibliotek.

Slik bustadutvikling kan også bli realisert etter initiativ frå den lokale kjøpmannen. Det skjedde i fjellbygda Røyrvik i Trøndelag, der kjøpmannen hadde behov for større og meir funksjonell butikk og kommunen hadde behov for lettstelte leilegheiter for eldre. Godt samarbeid gjennom kommune og butikk var ein føresetnad for nybygget, med butikklokale og fire leilegheiter.

Tryggleiksbustader

Regjeringa kom i 2021 med forslag om å etablere ein ny type tryggleiksbustader i distrikta, for at eldre skal kunne bu i eigen heim og leve sjølvstendige liv så lenge som muleg. Bustadene skulle ha livslaupsstandard og sentral plassering nær service- og kulturtilbod. I tillegg skulle bustadene ha ein «tryggleiksvert» som kunne hjelpe ibuarane med enkle og praktiske gjeremål, organisere felles aktivitetar og bidra til at ibuarane opplever tryggleik og sosial deltaking.

I fleire småsamfunn kan tilsette på nærbutikken fylle rolla som tryggleiksvertar. Bygdekjøpmenn har lang tradisjon for å ta ansvar for folk. Når kjøpmannen ser at han Lars ikkje har vore på butikken på nokre dagar, så tar han ein telefon og spør om alt står bra til. Når kjøpmannen som leverer varer heim, ser at ho Olga manglar lys i gangen, så tar han gjerne bryet med å skifte lyspæra i taket.

Mat og medisin

Fleire kommunar samarbeider aktivt med lokale butikkar om velferd for eldre. Vindafjord kommune i Rogaland tilbyr handlebuss til to nærbutikkar, ein gong for veka. Brukarane betaler vanleg bussbillett, medan kommunen dekkjer resten av kostnadene.

– Handlebussen er eit helseførebyggande tiltak som har gitt kvar kunde ein heilt ny møteplass, matglede og gode matvarer heim til eige hus. Særleg i grisgrendte strøk er ernæring svært viktig for kor lenge det er mogleg å bli buande heime. Dess lenger heimen ligg frå kommunesenter og omsorgssenter, dess vanskelegare er det for heimetenesta å transportere hjelp og mat, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik i Vindafjord.

Handlebussen på tur til Joker Vikebygd. Handlebussen har gitt eldre ein ny møteplass, matglede og gode matvarer heim til eige hus.
Foto: Gunn Vikingstad

Andre velferdstilbod er etablert utan medverknad frå kommunen. Det har blitt vanleg at daglegvarebutikkar sel apotekvarer. Men fleire nærbutikkar i Lofoten har gått eit steg lenger og blitt kommisjonærar for apoteket i Svolvær. Det betyr at eldre og andre med behov for medisin slepp å reise til kommunesenteret. Dei ringer og bestiller – og får apotek-varene utlevert på nærbutikken. Det er både enklare og mykje billegare for dei som treng medisin. Ordninga har blitt så god at også den kommunale heimesjukepleia har begynt å hente ut medisin til sine brukarar på butikken.

Sentral for eldre

Forskarane Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen ved Høgskulen i Volda har sett nærare på kva for rolle nærbutikkane spelar i små lokalsamfunn i Distrikts-Norge. Her er noko av deira konklusjonar.

  • Utkantbutikkar som deltek i Merkur-programmet har langt fleire tilleggstenester enn andre nærbutikkar. Den gamle landhandelen har kome i ny utgåve som den multifunksjonelle butikken som tilbyr bensinutsal, apotekvarer, post i butikk og kafé eller kaffikrok.
  • Desse tilleggsfunksjonane betyr langt meir for lokalsamfunnet, i og med at butikken er einaste butikk i bygda eller på øya. Butikken er i praksis ofte den einaste dagleg tilgjengelege fellesinstitusjonen i lokalsamfunnet.
  • 38 prosent av kjøpmennene som deltar i Merkur-programmet ser på butikken som ein «sentral» som tilbyr ekstra hjelp til eldre og andre i lokalsamfunnet som treng særleg hjelp. Butikkdrivarane la meir vekt på samfunnsansvar enn personleg økonomisk vinning.

Utfordrar kommunen

«Analysane tyder på at utkantbutikkane spelar ei viktig rolle i å oppretthalde tenestetilbodet i små lokalsamfunn. Det er ikkje uvanleg at butikkane i praksis fungerer som velferdssentralar.

Dette er langt på veg eit resultat av eit tett samspel mellom butikken og bygda. Kommunane har derimot i liten grad vore involverte i dette samspelet. Slik sett har mange kommunar gjort lite for å styrke rolla til butikkane som ein viktig aktør i arbeidet med å sikre levekår og folkehelse for dei som bur i små lokalsamfunn, konkluderer Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen i sin fagartikkel «Utkantbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn».

Tar kommunen utfordringa?