Om Distriktssenteret

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Her er noko av det vi arbeider med.

  • Vi gir kommunane kunnskap dei treng for å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
  • Vi gir Kommunal- og distriktsdepartementet kunnskap dei kan bruke for å gjere politiske valg.
  • Vi formidler kunnskap basert på praktiske erfaringar og forskning om lokal samfunnsutvikling.
  • Vi forvaltar Merkur-programmet.

Kunnskapsutvikling

Framtidas samfunnsutvikling i kommunane

Vi arbeider med å finne arbeidsmåtar, kunnskap og erfaringar som er nyttige for små og mellomstore kommunar og områder med særlege distriktsutfordringar. Kunnskapen skal bidra til at kommunane er gode samfunnsutviklarar som skapar gode og attraktive lokalsamfunn for fastbuande, besøkande og næringsdrivande. Både i dag og i framtida.

Vi samarbeider om kunnskapsutvikling og rettleiing med fleire aktørar, mellom anna fylkeskommunane og Husbanken.

Vi har laga ei oversikt over verktøy og guidar som er nyttige i lokal samfunnsutvikling.

Nærbutikkane si rolle i lokal samfunnsutvikling

Gjennom forvaltinga av Merkur-programmet får vi får ny og viktig innsikt i kva rolle og betydning nærbutikkar har for samfunnsutviklinga i distrikta. Vi ser på samarbeidet mellom nærbutikk og kommune, der butikken får ei rolle som nav i lokalsamfunnet og lokal utviklingsaktør. Dette og erfaringar frå prosjektet «Kommunen og nærbutikken» blir formidla til andre kommunar. 

Bærekraftig samfunnsutvikling og verdiskaping

Vi utviklar kunnskap om korleis kommunar og regionar kan arbeide med berekraftig utvikling. Dette betyr mellom anna å vise samanhengen mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.

Medvirkning og involvering

Involvering av innbyggarane kan gjerne skje utanfor rådhusets veggar. Vi følgjer kommunane sitt arbeid med medvirkning og involvering.

Forvalting av Merkur-programmet

Vi forvaltar Merkur-programmet, eit nasjonalt kompetanse- og utviklingsprogram for distriktsbutikkar. Programmet tilbyr opplæring og rådgiving for kjøpmenn og arbeider for at daglegvarebutikkane kan få tilleggstenester som gir auka lønsemd i butikken og som gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Formidling

Vi arbeider heile tida med å gjere kunnskapen vår tilgjengeleg og lett å ta i bruk. Vi hentar inn praktiske erfaringar frå kommunar og regionar, og på bakgrunn av desse erfaringane bestiller vi inn forsking frå FoU-miljø over heile landet.

Resultata av arbeidet vårt finn du i form av nettartiklar, hefter og publikasjonar, filmar og webinar. I tillegg gir vi gjerne med innlegg på konferansar, arbeidsverkstader og for kommunestyrer. Mesteparten av denne aktiviteten føregår for tida digitalt.

Målgrupper

Hovudmålgruppa vår er kommunar, regionar og andre med utviklingsoppgåver. Dei vi har mest kontakt med er ordførarar, rådmenn og prosjektleiarar. Vi prioriterar små og mellomstore kommunar, og områder med særlege distriktsutfordringar.

I tillegg samarbeider vi med fylkeskommunane, og vi bidreg med faglege innspel til nasjonal politikkutvikling.

Hovudmålgruppe for Merkur-programmet er kjøpmenn som driv nærbutikkar.

Organisasjonen vår

Distriktssenteret er leia av direktør Marit Lofnes Mellingen, og er eit uavhengig fagleg forvaltingsorgan under Kommunal- og distriktsdepartementet.

Vi er organisert i fagavdelingane Utviklingskapasitet i distriktskommunar og Tenester i lokalsamfunn og ein stab. Distriktssenteret held til på kontor i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug. Her finn du adresser og kontaktinfo til alle tilsette.