Sjølv om berekraftig utvikling lenge har vore ein premiss for kommunal planlegging, forvaltning og utvikling, er det framleis utfordrande å gripe fatt i dette på ein heilskapleg og konkret måte. I arbeidet med berekraftig utvikling er det også behov for gode modellar som er tilpassa distrikta.
Distriktssenteret vil i tida som kjem utforske korleis små kommunar kan arbeide godt med berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål. For å styrke kunnskapsgrunnlaget søker vi no etter kommunar som har innspel på, engasjement for og eksempel på distriktskommunar sitt arbeid med berekraftig utvikling.
Globale berekraftsmål – lokal verkelegheit
FNs berekraftsmål skisserer globale føringar, utfordringar og utviklingspotensiale. Nasjonale styresmakter legg rammer for arbeidet med berekraftsmåla. Til sist er det kommunen som skal sette desse måla ut i livet og tilpasse dei den lokale verkelegheita.
– Vi ønskjer som kommune å bli gitt meir lokal tillit frå overordna sektormyndigheiter i arbeidet med berekraft og samfunnsutvikling, seier ordførar i Tingvoll kommune, Ingrid Waagen. Ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø seier seg einig og legg til: – Vi ser óg eit potensiale for betre samordning på tvers i statleg nivå.
Begge ordførarane er opptekne av å føre vidare arbeidet som er gjort i samband med berekraftig utvikling i kommunane dei siste ti-åra. Tingvoll som ein av økokommunane attende på starten av 1990-talet og Lom som tok viktige vegval rundt det å utvikla naturkommunen Lom med planar attende til 1988.
Waagen fortel at Tingvoll kommune har bygd sitt berekraftarbeid på økokommuneerklæringa som er godt innarbeida i administrasjonen og dei folkevalde.
– Vi legg til grunn FN sine berekraftsmål i alt kommunalt planverk no og brukar også dette i kommunen sin nye samfunnsdel som skal bli vedteke i løpet av 2020, seier ho.
Holø peikar på at kommunen saman med andre aktørarar i lokalsamfunnet har på ein god måte greidd å forvalta natur- og kulturressursane både i fjellet, dalane og i sentrum. Samstundes må dette henga saman med dei økonomiske rammene. I dag er det avgrensa ressursar for å få til eit løft rundt arbeidet med berekraftig utvikling, seier Holø og Waagen. Dei to ordførarane trur at mange småkommunar kjenner på at det er viktig å få gitt signal om at dei ønskjer å vere med å definere korleis ein best kan arbeide med berekraft.
3 forskingsmiljø sine tilnærmingar til berekraftsarbeidet i små kommunar
Vi har invitert Vestlandsforsking, Telemarksforsking og NMBU til å hjelpe oss med å styrkje kunnskapsgrunnlaget for små kommunar sitt arbeid med berekraftig samfunnsutvikling. Forskingsmiljøa har levert forskingsnotat der dei drøftar desse spørsmåla:
- Kva er viktige føresetnader for at små kommunar med utgangspunkt i stadbundne natur- og kulturressursar kan arbeide heilskapleg med berekraftig utvikling?
- Kva føringar, utfordringar og utviklingspotensiale kan FN sine berekraftsmål gje spesielt for små norske distriktskommunar?
- Korleis kan nasjonal politikk bidra til å styrkje distriktskommunane, i samspel med fylkeskommunane, i arbeidet med berekraftig utvikling?
Notata frå forskarane har ulike inngangar og tilnærmingar. Nokre bodskap går att, samstundes som dei vektlegg ulike element. Nokre fellestrekk:
- Det er eit behov for meir statleg samordning av statleg politikk i ulike sektorar. I dag er det for mykje fragmentering på statleg nivå.
- Fylkeskommunane blir trekt fram som ein viktig utviklingsaktør på området, både med rettleiing, hjelp og støtte til å samordne arbeidet på lokalt plan.
- Kommunane bør arbeide saman i nettverk, både regionalt og i større område, med berekraftig utvikling.
- Dei små kommunane har fordeler ved at det ligg godt til rette for samarbeid internt, og større moglegheiter til å samhandla på tvers mellom etatar. Eldsjelene/utviklingsaktørar i kommunane er viktige ressursar. Forskarane viser til kor viktig det blir å skape tillit og få til samskaping gjennom gode prosessar.
Eit historisk blikk på berekraftig utvikling
Notatet frå Vestlandsforsking gir eit innblikk i historia rundt arbeid med berekraftig utvikling i norske kommunar. Notatet syner også korleis ulik forståing av berekraftsmålet kan bidra til å forklare mange spenningar og paradoks i arbeidet med berekraftig utvikling. Dei skil mellom ei «brei og flat» og ei «smal og spiss» forståing av berekraftsmålet, og løftar viktige drøftingar rundt desse.
Eit viktig poeng er også at kommunane si rolle ikkje bør reduserast til å vere iverksetjar av statlege føringar. Erfaringar frå tidlegare prosjekt viser at lokal mobilisering og å spele på lag med eksisterande initiativ i lokalsamfunnet, både organisasjonar, skular og næringsliv, er nyttig.
Døme – økokommunen Tingvoll
Tingvoll deltok i økokommuneprogrammet (1992-1996). Økokommuneerklæringa har etter dette ligge til grunn for kommunes innsats for ei berekraftig samfunnsutvikling. Noko av årsaka til den politiske oppslutninga i økokommuneprogrammet kan ha vore at prosjektet ga resonans i lokalsamfunnet. Dei mest vellykka aktivitetane sprang ut frå lokale initiativ og miljø, som arbeidet for å spreie heimekompostering og politikarskule i miljøkunnskap i regi av Ressursenteret i Tingvoll.
Fleire små kommunar har mykje natur- og kulturkapital som må forvaltast i eit langsiktig perspektiv. Vestlandsforsking skriv mellom anna at:
«Distriktskommunane rommar mykje av naturgrunnlaget vårt: Biologisk mangfald, fiskeressursar, matjord, beiteområde, mineralressursar, fornybar energi og andre naturgode som i siste instans skal til for å oppretthalde liva og samfunna våre. Berekraftmåla krev at desse tilgangane blir forvalta i eit langsiktig perspektiv, slik at dei ikkje blir utarma og mistar evna til å fornye seg sjølve. Derfor kviler det eit stort forvaltaransvar på distriktskommunane. Samstundes gir desse naturverdiane store moglegheiter, fordi dei – dersom dei blir forvalta på berekraftig vis – representerer gode som vil bli stadig meir ettertrakta. Det gjeld mellom anna tilgang til naturopplevingar, rein mat og fornybar energi. Ei viktig utfordring blir å legge til rette for at meir av den økonomiske verdiskapinga knytt til ressursutnyttinga blir verande i lokalsamfunna der desse naturressursane finst».
Groven & Aall 2020, s. 19.
Stadleg ressursgrunnlag, lokal kunnskap og relasjonar til landskap
Gjennom landskapsperspektivet vektlegg forskarane ved NMBU at aktørane sitt verdisyn og relasjonar til ein stad er sentralt i berekraftige praksisar. Dei beskriv landskapsressursanalyse som metodikk, der prosesselementer er viktig for mellom anna å inkludere og mobilisere. Prosesstilnærminga gir rom for å diskutere paradoks og spenningar knytt til berekraft, til dømes mellom verne- og næringsinteresser. I prosessen er det viktig å få fram ulike perspektiv på landskap, samt vere tydeleg på kva avvegingar som må gjerast undervegs i arbeidet.
Landskap er ein ressurs med både materielle og immaterielle verdiar. Betydinga av dei relasjonelle aspekta, til mellom anna stad, samfunn og besøkande står sentralt. Til grunn ligg Den europeiske landskapskonvensjonen, som vektlegg at landskap i hovudsak skal planleggast og utviklast med utgangspunkt i folks kvardagspraksisar og deira forståingar.
Døme – Sørfjorden i Hardanger
(Studentrapport , NMBU, 2019. utarbeidd av Kristin R. Olsen, Kristina Hatlevoll, Mathias Morterud, Nora Rognstad). Med utgangspunkt i Odda, Vikebygd og Aga undersøkte studentane korleis ein kunne skape gode møteplassar på og rundt Sørfjorden og binde lokalsamfunna saman. Utgangspunkt var området si historie der fjorden var viktig for kontakten mellom bygd og folk, og eit uttrykt ønske om å «gjenerobre fjorden som møteplass». Arbeidet deira peikar på utfordringar som kan vere til hinder for ei berekraftig utvikling av næring, identitet, lokalsamfunn og turisme i Sørfjorden.
Døme – Regionalpark som territoriell drivkraft
Regionalparkane er ein fellesskapsdannande nettverksorganisasjon, som har ein rolle som kreativ, løysingsorientert «integreringsaktør». Ein integreringsaktør kjenneteiknast av eigenskapane tillit, legitim deltaking i prosessar og evne til å igangsette og integrere tiltak i ein landskapskontekst. Dette gjer at arbeidsmåtane i regionalparkane kan være ein god tilnærming i eit komplekst berekraftsarbeid.
Brei verdiskaping som utviklingsstrategi
Arbeidet med FNs berekraftsmål bør integrerast i kommunens øvrige arbeid, som til dømes næringsutvikling, bustadattraktivitet og stadutvikling. I notatet frå Telemarksforsking vert brei verdiskaping beskrive som ein mogleg ramme for arbeid med berekraftig utvikling i små kommunar. Ei slik tilnærming kan auke forståinga for samspelet mellom verdiskapingsformene og klargjere behovet for medverknad.
Sjå óg Distriktssenteret sitt arbeid om Verdiskaping i ditt lokalsamfunn
I tillegg anbefaler Telemarksforsking at arbeidet med berekraftsmåla bør organiserast i kommunenettverk, og at det bør utviklast relevante indikatorar for små kommunar. Dei globale måla må koplast til lokal verkelegheit der lokal kontekst er utgangspunktet. I eit slikt arbeid bør kommunane sjølve vere med å legge føringar.
Vi vil ha synspunkt, erfaringar og dømer
Med utgangspunkt i det kunnskapsgrunnlaget vi no har henta inn, vil vi hausten 2020 i samarbeid med fylkeskommunane leite etter synspunkt, erfaringar og dømer frå distriktskommunar og regionar som er i gang med arbeidet med berekraftig lokal samfunnsutvikling.
Eit mål er å finne gode dømer og erfaringar som kan motivere og inspirera andre. Vi ønskjer også å forstå meir om utfordringar små kommunar møter i arbeidet med berekraftig utvikling. Som ein del av kunnskapsbygginga planlegg vi i tillegg eit webinar i løpet av vinteren 2021.
Har du erfaringar med berekraftsarbeid i distrikta som du kunne tenke deg å dele med oss? Send gjerne ein e-post til Inga, Ragnhild eller Roar!