Bruk gjerne heftet som inspirasjon og utgangspunkt for politiske diskusjonar og prioriteringar i kommunestyret, i samfunnsplanlegginga, næringsutviklingsarbeidet, i arbeid med utmarksstrategiar og i anna arbeid med verdiskaping basert på natur- og kulturressursar.
Døme frå Kåfjord kommune
Natur og kultur som utviklingskraft
I heftet kan du lesa meir om korleis Kåfjord har nytta kulturarven sin som ei utviklingskraft. Du får møta Lom kommune, der naturvern legg grunnlag for lokal utvikling. I Hurdal har kommunen spela ei viktig rolle i å legga til rette for auka verdiskaping frå treforedling lokalt. Og i Valdres samarbeider seks kommunar om å auka den regionale verdiskapinga i besøksnæringane.
Felles for desse kommunane er at dei arbeidar med å skapa verdiar i brei forstand. Å arbeida med brei verdiskaping kan vere ein strategi for berekraftig samfunnsutvikling. Brei verdiskaping handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.
Tillit og dialog er viktig
Dersom ein skal skapa noko nytt saman, er det viktig med arenaer der folk med ulike interesser kan prate saman. Tillit og dialog er heilt sentralt for å bygge bru mellom ulike interesser. Ein viktig del av kommunen sitt handlingsrom ligg nettopp innanfor den sosiale verdiskapinga.
Bakerst i heftet finn du Dialog- og tillitssjekken, eit enkelt verktøy du kan bruke til eigenrefleksjon, diskusjon og bevisstgjering rundt korleis ein kjem seg frå ein mogleg konflikt til endring som er til det beste for alle partar.
Du kan og laste ned Dialog- og tillitssjekken her.
Få temahefte tilsendt
Kommunar, fylkeskommunar eller andre som ynskjer trykte hefte til arrangement, møter eller opplæring kan bestille hefte ved å fylle inn skjema under. Hefte blir tilsendt kostnadsfritt.