Mange kommunar ser i dag nytten av å samarbeide med nærbutikkar om å gjere kommunale tenester meir tilgjengeleg for fastbuande og tilreisande i alle delar av kommunen. Alta kommune har hatt samarbeidsavtale med tre nærbutikkar i 20 år. Surnadal kommune har avtale med tre butikkar om betaling for den service-funksjonen desse butikkane utfører i lokalsamfunnet.
Ved å skrive under på ein samarbeidsavtale med kommunen, forpliktar butikkane seg til å yte konkrete tenester til både innbyggarar, hyttefolk og turistar. Avtalen med kommunen er også ein aksept for den rolla som lokalbutikken spelar som servicesenter, óg den kan bidra til å gi kommunen større tryggleik for leveransen av tenestene.

Kjøpmann Hans Jacob Sunde er blant butikkeigarane som har inngått avtale med Flora kommune. Foto: Per Kjetil Jørgensen, Distriktssenteret.
Tenester der folk bur – samarbeid i Kinn kommune
Kinn kommune har skrive under på ein omfattande samarbeidsavtale med nærbutikkane på øyane rundt Florø. Kystkommunen betaler 50.000 kr til kvar butikk for at den skal fungere som kommunalt servicepunkt.
Kommunens mål er å behalde eit velfungerande butikktilbod, og utvikle gode og funksjonelle tenester der folk bur. På denne måten ønskjer kommunen å skape grunnlag for trivsel, bulyst og vekstkraft på øyane og i bygdene. Ei anna målsetting for kommunen, er at eldre og brukarar med spesielle behov skal få bu lenger heime ved at dei får utført tenester nær der dei bu.
Butikkane i i tidlegare Flora kommune skal kunne tilby ei lang rekkje med tenester, delvis i samarbeid med kommunen:
- Varelevering
- Turistinformasjon
- Kommunal informasjon
- Kaffikrok/sosial møteplass
- PC og gratis internett
- Hjelp med digitale tenester
- Integrering
- Hjartestartar
- Kommunal beredskap
- Samarbeid med heimesjukepleie
- Tenestetorg/frivilligsentral
- «Offentleg» toalett
Mal for samarbeidsavtale – PDF
Mal for samarbeidsavtale – MS Word
Utvikle grendene
– Det er viktig for kommunen å utvikle grendene. Busettinga på øyane er ein føresetnad for oppdrettsnæringa og anna næringsaktivitet. Derfor er det tverrpolitisk einigheit i bystyret om å satse vidare på distriktet, sa ordførar Ola Teigen (Ap) då den første avtalen vart underskriven.
– Når grendeskular blir nedlagt, misser kommunen eit viktig kontaktpunkt i lokalsamfunnet. Vår erfaring er at butikken kan fylle denne rolla på ein god måte, la Teigen til.
Slik kjem du i gang
Det er fleire ting kommunen kan gjere for å komme i gang med arbeidet med å lage ein avtale om kommunale tenester i nærbutikken. Her er tre forslag:
- Inviter nærbutikkane til eit dialogmøte for å drøfte korleis kommune og butikk kan samarbeide.
- Ta kontakt med ein konsulent i Merkur-programmet og få hjelp til å etablere kontakt med aktuelle nærbutikkar.
- Ta kontakt med Distriktssenteret/Merkur for å få meir informasjon om samarbeid mellom kommune og nærbutikk.
Ei rekkje svenske utkantkommunar har etablert serviceavtalar med lokale butikkar på same måte som i Norge. Torsby kommune i Värmland har gjort avtale med 15 bygdebutikkar som har fått status som servicepunkt og har blitt oppgraderte i samarbeid med kommunen. Butikkane har turistinformasjon, bok-kasse for tilbakelevering av bibliotek-bøker, bossdunk til for bruk for turistar, kunde-pc med skrivar, offentlege toalett og liknande. Butikkane har også tilbod om heimkjøring av varer til eldre og andre som ikkje kjem seg til butikken med eiga hjelp.
– Dette er ein kommunal avtale om teneste-kjøp, som betyr mykje for kommune-økonomien. No slepp heimehjelpene å bruke tid på å handle varer. Det er billegare å overlate dette arbeidet til butikken, seier ordførar Ann-Katrin Järåsen i Torsby.
Kjøpmenn som leverer varer på døra, tek også på seg andre mindre oppgåver som snømoking eller skifting av lyspærer.
Kommunen og nærbutikken – eit pilotprosjekt
Fjaler, Askvoll, Aurland og Stryn kommune har etablert tilsvarande avtalar med lokale butikkar. Kommunane har deltatt i Merkur-programmet sitt pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken».
Målsettingane til prosjektet var mellom anna å styrke samarbeidet mellom distriktskommunar og nærbutikken, slik at butikken kan få ei rolle som kommunens servicesenter med eit variert tilbod av tenester til både innbyggarar og næringsliv.
Prosjektet vart gjennomført av Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS, og 7 kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane har deltatt.