Fagområde: Kommune og butikk

Butikkstøtte som styrker distriktssamfunnet

Merkur-programmet er eit godt organisert program som gir kjøpmennene verdifulle verktøy og økonomisk støtte som skapar tydeleg meirverdi for butikkane, skriv Oxford Research i rapporten frå ei ny brukarundersøking blant daglegvarebutikkar som deltek i Merkur-programmet.

Rapporten konkluderer med at både den finansielle og kompetansemessige støtta frå programmet er heilt avgjerande for butikkane si overlevingsevne og lønsemd.

Oxford Research gjennomførte brukarundersøkinga blant daglegvarebutikkar som deltek i Merkur-programmet sommaren 2023. Den hadde som hovudmål å gje Distriktssenteret grunnlag for å vurdere kvaliteten på samfunnsoppdraget sitt. Det er gjennomført ei spørjeundersøking med over 270 svar. I tillegg er det gjennomført intervju med butikkar, Merkur-konsulentar og Distriktssenteret.

I rapporten kjem Oxford Research også med råd om vidareutvikling av det dei kallar «eit svært velfungerande program».

Funn

93% av butikkane som har svara seier at deltaking i Merkur programmet er viktig for butikken si overleving og lønnsemd.

Investeringsstøtta er viktig for alle butikkane si vidareutvikling og overlevingsevne, medan servicestøtta også er svært viktig for dei mindre butikkane.

Godt over halvparten av butikkeigarane påpeiker at Merkur-programmet er viktig for samarbeidet med kommunen, særleg når det kjem til tiltak og tenester som styrkar lokalsamfunnet. Butikkeigarane ønskjer at Merkur-programmet tek ei endå tydelegare rolle opp mot kommunane

Butikkeigarane gir gode tilbakemeldingar på forvaltninga av støtteordningane og kompetansetiltaka.

Rapporten viser at hjelpa frå Merkur-konsulentane er svært nyttig, og at butikkane ikkje har behov for større endringar i konsulentordninga. Dei ulike utviklings- og innovasjonsprosjekta blir opplevd som nyttige av kjøpmennene, medan Merkur utvikling er med på å auke både lønsemd og leiingskompetanse.

Oxford tilrår at det vert arbeidd endå meir med å styrke relasjonen til kommunane for å utvide marknadsmoglegheitene. Dette handlar både om Distriktssenteret sin rolle direkte mot kommunane, og korleis vi gir kjøpmennene verktøy for å etablere og styrke samarbeid med lokalsamfunn og kommune.

Oxford har også innspel om

  • Vurdering av verkemiddelmiksen
  • Styrking av arbeidet med å legge til rett for eigarskifte
  • Merkur-konsulentane si rolle og fysiske møte med butikkane
  • Vidareutvikling av Merkur utvikling
  • Vidareutvikling av søknads- og rapporteringsrutiner
  • Marknadsføring av støttemoglegheitene
  • Indeksregulering av støttegrensa

Det er tidlegare gjennomført fleire evalueringar og undersøkingar av Merkur-programmet. Oversikt over desse finn du på Merkur-programmet si heimeside.