Brukarundersøkinga Oxford Research gjennomførte for Distriktssenteret hausten 2022 hadde som mål å gje svar på i kva grad og på kva måte Distriktssenteret løyser samfunnsoppdraget sitt. Undersøkinga konsentrerer seg om kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. Undersøkinga består av ei spørjeundersøking blant kommunane og intervju med representantar for alle fylkeskommunar utanom Oslo.
Funn
Rapporten viser at Distriktssenteret bidreg til å bevege kommunane i rett retning når det gjeld kompetanse, utviklingsarbeid og utviklingskapasitet. Samstundes er det stor variasjon mellom kommunane i kva grad dei brukar Distriktssenteret. Det er dei mest utviklingsorienterte kommunane som brukar Distriktssenteret mest. Mange vurderer Distriktssenteret som nyttig i utviklingsarbeidet, og kommunane rapporterer auka brukareffektar samanlikna med brukarundersøkinga frå 2019. Oxford Research meiner det indikerer at Distriktssenteret bidreg til å gjere kommunane til betre samfunnsutviklarar. Oppnådd effekt skuldast at kommunane får tilført relevante ressursar, verktøy og metodar i arbeidet med samfunnsutviklinga.
I rapporten rår Oxford Research Distriktssenteret til å gjennomføre ei strategisk analyse for å vurdere korleis ein kan skape størst mogleg effekt av innsatsen. Vidare tilrår dei mellom anna tettare samarbeid med fylkeskommunane for å nå ut til kommunane som treng det mest. Oxford Research meiner også det vil vere nyttig om KDD tek initiativ til ein avgrensa områdegjennomgang for å sjå nærare på samspelet mellom dei ulike aktørane i det distriktsretta verkemiddelapparatet.
Tidlegare brukarundersøkingar
Vi har tidlegare gjennomført brukarundersøkingar i 2010, 2011, 2014, 2015 og 2019.
I 2016 undersøkte vi korleis bruk av kunnskap frå Distriktssenteret blei brukt i kommunalt tilflyttings- og inkluderingsarbeid spesielt.