Fleire distriktskommunar har vedtatt innkjøpsreglement der det blir presisert at kommunen vil legge til rette for at lokale leverandørar får moglegheit til å leverer varer og tenester til eiga kommune. Dette har kommunen mogelgheit til, innafor Lov om offentlege anskaffelser.
Kommunar som ønskjer å handle lokalt, har funne ut at det kan vere bra både for kommunen og for lokalt næringsliv om det blir lagt opp til ein fleksibel innkjøpspolitikk. Då kan store og krevjande innkjøp blir gjort i samarbeid med andre kommunar, medan mindre og meir lokale innkjøp kan gjennomførast på kommunenivå.
Kontaktinfo
Ronny Mehus Rugland
økonomirådgivar, Suldal kommune
[email protected]
+47 957 31 667
Suldal kommune i Rogaland deltek aktivt i eit interkommunalt innkjøpssamarbeid på Haugalandet og har IT-samarbeid med nabokommunane. Kommunen har fordel av å vere med i eit større fellesskap fordi dei kan få tilgang til kompetanse og rimelege innkjøp. Men kommunen har valt å ta innkjøp av daglegvarer til grendaskulane ut av felles innkjøp. Kommunen har også lokale avtalar for kjøp av handverkar-tenester frå elektrikar og røyrleggar.
– Det er viktig for oss å stå fritt på kva slags konkurransar vi skal vere med på. Vi er godt nøgde med den ordninga vi har i dag, seier økonomirådgjevar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.
Suldal kommune skal ta samfunnsvar
- Kommunen skal vurdere å dele opp konkurransen geografisk eller på anna måte der det er naturleg
Suldal kommune skal samarbeide med andre der det er naturleg
- Kommunen skal delta aktivt i innkjøpssamarbeidet i regionen.
Suldal kommune skal legge til rette for leverandørutvikling
- Kommunen skal vurdera å nytte konkurranse med forhandling i alle konkurransar
- Kommunen skal vurdera å nytta innovasjon som kriteria i konkurransar kor det er naturleg
- Kommunen skal utnytta handlingsrommet i loven og leggja til rette for at lokale bedrifter kan delta i konkurransen. Under elles like forhold skal lokale verksemder prioriterast.
- Kommunen skal prøve å få store leverandørar til å bruke små lokale underleverandørar der det er naturleg
Utdrag frå Suldals strategi for innkjøpsarbeidet 2021-25
Vedtatt av kommunestyret 23.02.2021
Negativt for lokalt næringsliv
70 prosent av alle landets kommunar deltar i formaliserte og omfattande innkjøpssamarbeid. Det er forståeleg at kommunane ønsker å samarbeide for å styrkje kompetansen og spare pengar, men erfaringane med store interkommunale innkjøpssamarbeid er ikkje berre av det gode. Mange små og mellomstore bedrifter opplever at dei ikkje lenger får selje varer og tenester til kommunen.
Når fylkeskommunen etablerer store innkjøpssamarbeid saman med kommunane, så blir dei lokale bedriftene rett og slett for små. Dette går fram av rapporten Innkjøpssamarbeid i kommunesektoren, som Oslo Economics har utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet (2021).
Store innkjøp vil i praksis favorisere store leverandørar som kan levere til eit stort geografisk område. Innkjøpssamarbeid har negativ effekt for små og mellomstore bedrifter og for utvikling av lokalt næringsliv, seier ei overvekt av respondentane i rapporten.
Politikarar i mange distriktskommunar er bekymra for lokale arbeidsplassar. Er det ikkje kommunens oppgåve å vere samfunnsaktør og utvikle lokalt næringsliv? Kan det vere riktig at kommunens innkjøpspolitikk skal vere med på å svekkje og i verste fall sparke beina under lokale bedrifter?
Fleksibelt samarbeid
Det finnest mange måtar kommunane kan samarbeide på for å få til gode og rimelege innkjøp. Dei fleste samarbeid omfattar geografiske område på storleik med felles bu- og arbeidsmarknadsområde. Då kan det vere mogleg for litt større bedrifter å levere varer og tenester innafor området, utan å måtte reise så langt. Men det finst og fleire innkjøpssamarbeid som omfattar svært store geografiske område.
Telemark innkjøpssamarbeid organiserer 7 kommunar i Midt-Telemark. Dei er som alle andre opptatt av pris og kvalitet og at alle innkjøp vert gjennomført i samsvar med gjeldande lov og forskrift. Men dei har også ei målsetting om at dei kommunale innkjøpa skal bidra til konkurranse og til utvikling av lokalt næringsliv. Kommunane seier i sitt innkjøpsreglement at dei vil legge til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar, så langt lover og reglar gir høve til det.
Korleis vil dei oppfylle dei denne målsettinga? Eit grep kan vere å skilje mellom grossistar på daglegvarer som er gode på å levere til storhushaldning, og lokale daglegvarebutikkar som kan levere mindre volum til skular og barnehagar.
Kontaktinfo
Silje Larsen Ulverød
rådgiver, Telemark innkjøpssamarbeid
[email protected]
+47 479 06 070
Telemark innkjøpssamarbeid har til dømes fått på plass ein rammeavtale om næringsmiddel som gjeld for alle kommunale verksemder i dei sju kommunane. Men dei har valt å gjere unntak for mindre verksemder som får gjere innkjøp av næringsmiddel gjennom eigne avtalar, med f.eks. lokale daglegvarebutikkar. Små grendaskular som har behov for daglegvarer, er med andre ord ikkje forplikta til å bruke rammeavtalen, men dei kan bruke den om det er formålstenleg.
I rammeavtalen for næringsmiddel som gjeld for alle dei sju kommunane, er det opna for stor grad av fleksibilitet. Kommunale einingar skal gjere innkjøp gjennom rammeavtalen. Men der er gjort generelt unntak når det gjeld uregelmessige innkjøp av mindre volum frå andre leverandørar, f.eks. daglegvarebutikkar. Det er også gjort generelt unntak for lokale leverandørar når det gjeld sesongprodukt og nisjeprodukt.
Både Bø kommune og Sauherad kommune har kjørt kommunal konkurranse om levering av matvarer frå daglegvarebutikkar, før kommunane vart samanslått til Midt-Telemark kommune. Slik fekk ein Rema-butikk i Bø og ein Joker-butikk på Akkerhaugen kontrakt på levering i kvar sine kommunar.
Distriktssenteret vil utfordre kommunar i Distrikts-Norge til å tenke nøye gjennom fordelar og ulemper ved omfattande innkjøpssamarbeid og sjå på korleis slikt samarbeid kan ta lokale omsyn. Kanskje det er mogleg å kome fram til fleksible løysingar, der nokre mindre innkjøp blir gjennomført kommunalt og andre større innkjøp blir gjennomført interkommunalt, slik det blir gjort både i Telemark og i fleire andre kommunar?
Kva er målsettinga med innkjøpsarbeidet?
Fleire kommunar kan ha nytte av å ta ein gjennomgang av kva dei ønskjer å oppnå med kommunale innkjøp, utover det å følgje lover og reglar. Er det aller viktigaste å oppnå lågast mogleg pris på varer og tenester? Eller ønskjer kommunen også bruke innkjøpa til å utvikle næringsliv og lokalsamfunn?
Kontaktinfo
Kristina Bauhr
innkjøpsansvarleg, Øvre Eiker kommune
[email protected]
+47 909 52 601
Øvre Eiker kommune i Viken, tidlegare Buskerud, er ein av fleire kommunar som har laga ein gjennomtenkt anskaffelsesstrategi. Dei er opptatt av profesjonelle innkjøp og effektiv ressursbruk, og dei vil ha mest mogleg positive effektar av av kvar konkurranse. Men kommunen seier også klart at det er eit mål at innkjøpa skal bidra positivt til lokalt næringsliv. Fleire arbeidsplassar og vekst for den lokale næringslivet skal vere ein direkte effekt av innkjøpspolitikken.
– Handlingsrommet for offentlige anskaffelser er begrenset. Men det handlingsrom som finnes, skal benyttes proaktivt, seier Øvre Eiker kommune.
Kva betyr dette i praksis? Jau, dei vil invitere lokale leverandørar til å kome med tilbod og ringe for å informere om aktuelle utlysingar. Dei vil etablere gode møteplassar mellom kommunen og leverandørane. Og dei vil invitere leverandørar som ikkje når opp i konkurransen, til eit møte for å gå gjennom tilbodet og motivere for forbetringar og deltaking i neste konkurranse. Til sist vil dei følge nøye med på kor mange konkurransar som har lokale deltakarar og kor mange kontraktar som går til lokale firma. Slik vil dei finne ut om innkjøpa har den positive effekten på lokalt næringsliv som politikarane ønskjer.
Del opp kontraktar
Oslo Economics anbefaler i sin rapport at små kommunar deltar i formaliserte innkjøpssamarbeid. Men dei innrømmer og at slikt samarbeid kan medføre så store oppdrag at små bedrifter ikkje har sjanse til å delta i konkurransane.
– Dette kan igjen føre til at konkurransen om de enkelte avtalene reduseres, som kan føre til dårligere betingelser i avtalene og/eller negativ påvirkning på konkurranse og næringsutvikling på sikt. Det er derfor viktig at innkjøpssamarbeid vurderer å dele opp kontrakter i delkontrakter, skriv Oslo Economics i si anbefaling til Nærings- og fiskeridepartementet.
Innkjøpsrapporten rår kommunane til å ha tilgang til ulike typar samarbeid, tilpassa behov og leverandørmarknad.
– Vi anbefaler at hver kommune og fylkeskommune har tilgang til kompetanse og kapasitet til å gjennomføre enkeltanskaffelser i kommunen, seier Oslo Economics.
Kommunen som entreprenør
Den nye rapporten om innkjøpssamarbeid er på linje med rapporten frå Distriktsnæringsutvalet som vart lagt fram i fjor haust, der det blir slått fast at kommunane kan legge opp anbodskonkurransar slik at også lokale bedrifter kan delta.
«Dette handler om å ta initiativ, utnytte det lokale handlingsrommet kommunane har og fylle entreprenørrolla med innhald som fremmer det lokale næringslivet», seier distriktsnæringsutvalet.
Entreprenør-rolla er eit viktig stikkord her. Kommunane har mange roller. Kommunen skal tilby gode tenester og gjere innkjøp til ein best mogleg pris. Kommunen skal ha ei god forvaltning som er i samsvar med norsk lov. Men, kommunen har også ei viktig rolle som samfunnsaktør, næringsutviklar eller «entreprenør», som skal legge til rette for lokal næringsutvikling på ulike måtar. Denne oppgåva er kanskje enda viktigare for små distriktskommunar enn for store bykommunar.
Distriktssenteret meiner at mange kommunar i større grad kan bruke det handlingsrommet dei har når det gjeld offentlege innkjøp. Dersom kommunen ser innkjøpa i samanheng med den rolla dei har som næringsutviklar, vil det kunne vere positivt for små og mellomstore bedrifter i kommunen. Lokal handel styrkjer det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar. Det kan igjen gi positive effektar for kommunen sine inntekter. Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!
Opptak: Webinar om kommunale innkjøp
Her kan du sjå opptak av webinaret Kan kommunen handle lokalt? Som gjekk 15. juni 2021. Trykk på knappen CC for å skru på tekst.
Sjå presentasjon brukt i webinaret.