Kommunen og nærbutikken

Temahefte om korleis kommunen kan samarbeide med nærbutikken. Kva kan kommunane oppnå gjennom tettare samspel med lokale butikkar og lokalsamfunna som butikken er ein del av?

I dette heftet finn du eksempel frå heile landet på korleis distriktskommunar samarbeider med nærbutikkar. Læringsheftet har blitt til ved å kople kunnskap og erfaringar frå Merkur-programmet med kunnskap som Distriktssenteret har bygt opp gjennom mange år.

Bruk heftet som inspirasjon og utgangspunkt for politiske diskusjonar og prioriteringar, spesielt i arbeidet med lokal samfunnsplanlegging, næringsutvikling og bygdeutvikling.

Heftet vart første gang publisert i 2020 og revidert i 2022

Konkrete dømer på samarbeid mellom kommune og nærbutikk

  • Butikken som hjarte i bygda
  • Kommunal service på nærbutikken
  • Bygdeutvikling med butikken i sentrum
  • Den moderne landsbyen
  • Innbyggarinvolvering gir god samfunnsutvikling
  • Innvandrarar bidrar til vekst og utvikling
  • Samfunnsutvikling gjennom offentlege innkjøp

I heftet kan du mellom anna lese om etablering av kommunale servicepunkt, bygdeutvikling med butikken i sentrum, desentraliserte tenester i nye storkommunar, språkpraksis for innvandrarar og offentlege innkjøp på lokale butikkar.

Du kan også lese om kommunen som bygde ny daglegvarebutikk, om ordføraren som har kontordag på nærbutikken og om etablering av kommunal handlebuss.

Pilotprosjekt

I perioden 2017-2019 gjennomførde Merkur eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane der det vart gjort forsøk med tettare samarbeid mellom 14 nærbutikkar i sju forskjellige kommunar. Dei gode erfaringane frå dette prosjektet blir trekt fram i heftet, men det er også tatt med mange eksempel på samarbeid også frå andre deler av landet.

Eit av dei viktigaste resultata frå dette prosjektet var etablering av kommunale servicepunkt i butikk. Slike servicepunkt betyr betre og meir tilgjengelege tenester både til fastbuande og tilreisande, noko som bidreg til å gjere staden meir attraktiv.

Få hefter tilsendt kostnadsfritt

Kommunar, fylkeskommunar, politikarar eller andre som ønsker å få tilsendt trykte hefter til arrangement, møter eller opplæring, kan bestille hefter ved å fylle inn skjema under.

  • Skriv inn navnet på kommunen, fylkeskommunen, butikken, butikkjeden eller annen organisasjon du bestiller hefter til.
  • Brukes til sporing av pakke
  • Du kan bestille inntil 8
  • Vi vil gjerne høyre korleis hefta våre blir brukt - skriv gjerne ei setning eller to om dette.
  • Opplysningar som samlast inn i dette skjemaet vil bli brukt til å sende ut hefter til bestillar. Opplsyningane vil bli sletta etter at formålet med innsamling er utgått, i samsvar med vår personvernerklæring. Informasjon om kva hefta skal brukast til vil bli skilt fra personopplysningane.