Analyse på kopling mellom deltidsinnbyggjarar og lokalbutikk

Hyttefolk kjenner sterk tilknyting til regionen der fritidsbustaden ligg. I mange samanhengar er dei gode ambassadørar og bidreg til lokal verdiskaping gjennom forbruk, dugnadsinnsats og lokalt engasjement. For mange er det ein ekstra heim.

Dette notatet tek for seg ulike fritidsbustadsundersøkingar gjennomført ved typiske fjelldestinasjonar i Austlandsområdet. Nokre moment frå analysen:

  • Rapporten har i hovudsak tal frå hyttekommunar frå gamle Oppland og Buskerud, og viser at fritidsbustaden er i bruk opp mot 60 døgn i året.
  • Ved å tilpasse næringsverksemd og tilbod til deltidsinnbyggjaren sine ønskje og behov kan lokalt næringsliv auke verdiskapinga. Dette gjeld til dømes god tilgang til lokalbutikk med eit godt vareutval.
  • Deltidsinnbyggjaren er ofte lojal og ønskjer å støtte opp om lokal handel. 94 prosent av dei som har hytte i Sel kommune seier dei nyttar seg av lokale matvarer når dei er på fritidsbustaden.
  • Analysen viser eit forbruk av matvarer på kring kr 500.-  pr døgn pr fritidsbustad. Det betyr at dei legg att i gjennomsnitt kr 30 000,- pr år i dei lokale nærbutikkane.
  • Å legge til rette for auka bruk av fritidsbustadene også utanfor høgsesong er viktig for den lokale verdiskapinga. Fleire bruksdøgn betyr som regel høgare omsetnad for lokale butikkar. Sett med verdiskapingsbriller bør kommunen, utviklingsaktørar og lokalsamfunnet elles, heile tida sjå på moglegheitene for å legge til rette for nødvendig infrastruktur, aktivitetstilbod og arrangement, som gjer det attraktivt å nytta fritidsbustaden anten sjølv eller via utleige så ofte som mogleg.
  • Det gode samspelet mellom deltidsinnbyggjar, lokalbutikk, kommunen og dei fastbuande er og blir ein drivkraft framover. Får ein til det blir det lettare å få ei berekraftig samfunnsutvikling i desse kommunane.