Lokal handel: I Oppland og Buskerud reknar ein med at kvar fritidsbustad blir brukt kring 60 døgn i året og at dei brukar cirka 500 kroner dagen på handel i nærbutik-ken. Her frå Hafjell i Øyer kommune. Foto: Norsk Turistutvikling.

Deltidsinnbyggaren skapar verdiar på lokalbutikken

Ein fritidsbustad betyr 30 000 kroner i årleg omsetnad for den lokale nærbutikken. Dette viser kor viktige deltidsinnbyggarane er for mange lokalsamfunn.

 Kjell Ove Solbakken, Norsk Turistutvikling, har vore med å skrive denne teksten.

Deltidsinnbyggarane kjenner ofte sterk tilknyting til regionen der fritidsbustaden ligg, og i mange samanhengar er dei gode ambassadørar og bidreg til lokal verdiskaping gjennom forbruk, dugnadsinnsats og lokalt engasjement, i følgje ein ny analyse. For mange er hytta meir enn ein fritidsbustad. Hytta er ein ekstra heim.

I Oppland og Buskerud reknar ein i dag med at kvar fritidsbustad blir brukt kring 60 døgn i året. Tala viser at dei brukar ca. 500 kroner dagen på handel i nærbutikken. Dette fører til ei vesentleg verdiskaping for mange lokalbutikkar. Dette kjem fram i ein analyse av koplinga mellom deltidsinnbyggar og lokalbutikk som Norsk Turistutvikling har gjort på oppdrag for Distriktssenteret.

Hyttefolket bryr seg

Hytteforbodet i mars og april gjorde denne koplinga veldig tydeleg. Mange nærbutikkar i fritidsbustadkommunar, fekk ein drastisk omsetningssvikt under hytteforbodet. Samtidig har vi sett døme på at hyttefolket gjorde ein stor innsats for å sikre inntekt til «sin» lokalbutikk då hytteforbodet ramma påskeutfarten.

Til dømes fekk Joker Atnabrua etter innsamling 100 000 kr som kompensasjon for manglande påsketrafikk. Det vart også samla inn eit betydeleg beløp frå deltidsinnbyggarane til Joker Dagali i løpet av påska. Og i Borteli i Åseral kommune bestilte mange varer frå lokalbutikken i hytteområdet og fekk levert dette heime i Kristiansand. Underdalsbui i Aurland kommune såg moglegheitene i netthandel og har fått eit oppsving i salet av lokalproduserte varer i sin nettbutikk.

Deltidsbyggaren er ofte lojal og ønskjer å støtta opp om og handla lokalt når det er mogleg og det er tilrettelagt for det. Alle (kring 94 prosent av deltidsbyggarane i Sel kommune), seier at dei nyttar seg av lokale matvarebutikkar når dei er i fritidsbustaden. I tillegg nyttar to av tre seg av lokale faghandelstilbod. Mange seier at dei handlar lokal mat for å støtte lokale bønder og lokalt næringsliv.

Sjølv om analysen vi her trekk fram byggjer på tal frå fleire kommunar i Innlandet som dei siste åra har hatt vekst i talet på fritidsbustader, viser også andre undersøkingar kor viktige deltidsinnbyggarane er for lokalbutikk og lokalsamfunn. Kva sesong omsetnaden knytt til hyttefolk er størst, varierer. I kystnære strok der delen hytter og fritidshus er stor, kan det vere sommaren som betyr mest. Ikkje berre lokalbutikkane, men også andre deler av næringslivet har desse som viktig kundegruppe. Det gjer at det også er moglegheiter for auka verdiskaping for lokalt næringsliv om ein tilpassar næringsverksemda sine tilbod til deltidsinnbyggarane sine ønskje og behov.

Meir bruk blir meir verdiskaping

Det å legge til rette for auka bruk av fritidsbustadene også utanfor høgsesong er viktig for den lokale verdiskapinga. Fleire bruksdøgn betyr som regel høgare omsetnad for lokale butikkar. Sett med verdiskapingsbriller bør kommunen, utviklingsaktørar og lokalsamfunnet elles, heile tida sjå på moglegheitene for å legge til rette for nødvendig infrastruktur, aktivitetstilbod og arrangement, som gjer det attraktivt å nytta fritidsbustaden anten sjølv eller via utleige så ofte som mogleg.

Og ei slik tilrettelegging vil også komme dei fastbuande til nytte. Mange lokalbutikkar har eit meir rikhaldig varetilbod og lengre opningstider enn dei ville hatt om det ikkje var for etterspurnaden frå deltidsinnbyggarane – og butikkane sin vilje på å satse på denne kundegruppa.

Denne bloggposten har vore på trykk som kronikk i mellom anna Nationen.