Kommunale innkjøp som utviklar lokalsamfunnet

Kommunen har stort handlingsrom til å handle lokalt. Resultatet kan bli positivt både for kommuneøkonomien, lokalsamfunnet og miljøet.

Person lesser varer inn i bil. Foto.

Kjøpmann Anbjørn Vaage ved Joker Erfjord. Foto: Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten.

Det kan vere god lokal samfunnsutvikling å handle lokalt. Lov om offentlige anskaffelser gir kommunen stort handlingsrom til å legge opp anbodskonkurransar slik at lokale bedrifter får høve til å delta. Fleire kommunar har gode erfaringar med å utnytte dette handlingsrommet og til dømes gjere innkjøp til skule og barnehage frå nærbutikkar.

Lokal handel styrker det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar. Det kan gi positive effektar for kommunen sine inntekter. På toppen av dette kan kommunen som innkjøpar redusere miljøpåverknadene, mellom anna gjennom å unngå dobbel transport til ei grend der ein kommunal institusjon treng varer.

Viktig for lokalbutikken

Offentlege innkjøp er svært viktig for mange små og mellomstore bedrifter. 900 norske lokalsamfunn har berre ein daglegvarebutikk. Nærbutikken er ein nøkkelinstitusjon i desse samfunna. Butikken er ikkje berre bygdas einaste formidlar av varer og tenester. Den er også ein viktig møteplass og eit nav i lokalsamfunnet.

Dei fleste distriktsbutikkane tilbyr mange tenester i tillegg til daglegvare, som post, pakkeutlevering, bank, apotek, drivstoff og tipping. Fleire kommunar samarbeider med nærbutikkar om turistinformasjon, kommunal informasjon, skuleskyss, utlån av bøker, miljøstasjon, språktrening for innvandrarar og samarbeid med heimeteneste.

Kommunen kan støtte opp om lokale butikkar ved å handle lokalt. Sal av daglegvarer til skule, barnehage, SFO eller omsorgsbustader kan utgjere mellom 5 og 10 prosent av årsomsetninga for ein nærbutikk. Derfor kan det bli dramatisk for ein marginal nærbutikk dersom omsetninga blir redusert med 200.-400.000 kr fordi kommunen legg om innkjøpspolitikken. Resultatet kan i verste fall bli at butikken må stenge dørene, med dei negative konsekvensar det får for lokalsamfunnet.

Suldal kommune – innkjøp til skule og barnehage

Suldal kommune i Rogaland er opptatt av å utvikle det lokale næringslivet. Då kommunen skulle kjøpe inn daglegvarer til skular og barnehagar, la kommunen opp til ei prosedyre for anbod som gjorde det muleg for små nærbutikkar å delta i konkurransen. Kommunen vart delt opp i fem geografiske konkurranseområde som var tilpassa skulekrinsane. Leverandørar som vil delta i konkurransen, kunne velje om de ville levere tilbod på eitt eller fleire av desse geografiske områda.

Kontaktinformasjon

Ronny Mehus Rugland
økonomirådgivar, Suldal kommune
[email protected]
+47 957 31 667

Tilboda som kom inn frå butikkane, vart vurdert på bakgrunn av pris, service/lokal tilknytning og miljø. Prisen talde 40 prosent, service og lokal tilknyting 50 prosent og miljø 10 prosent. Kommunen valde å leggje vekt på nærleik til butikken, fordi det er viktig ved sporadiske og akutte behov.

– Det betyr mykje for barnehagane at lokalbutikken har utkøyring av mat på morgonkvisten og at lokalbutikken kan svinge innom med ekstra varer ved behov. Ekstra service, som oppkutting av brød, tel også positivt. Lokalbutikkane har også vore positive til å ta inn varer som vi ønskjer, seier økonomirådgjevar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.

Mann leverer varer til barnehage. Foto.

Kvar fredag leverer kjøpmann Anbjørn Vaage ved Joker Erfjord varar til barnehagen i Erfjord, Suldal kommnue. Foto: Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten.

Ta samfunnsomsyn

Regjeringa la i 2019 fram ei stortingsmelding om offentlige innkjøp: Smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser. Hovudtema for meldinga er korleis det offentlege kan få betre pris og betre kvalitet på innkjøpa sine. Men det blir også peika på at offentlege innkjøp kan brukast som verkemiddel til å nå andre viktige samfunnsmål. EU-kommisjonen har vore ein pådrivar for at offentlege innkjøp skal bidra til vekst og arbeidsplassar som er berekraftige og sosialt inkluderande.

EUs nye anskaffelsesdirektiv legg vekt på at små og mellomstore bedrifter skal sikrast lettare tilgang til offentlege kontraktar. Dette har også vore eit viktig poeng for den norske regjeringa, som har utfordra statlege etatar til å dele opp store kontraktar, slik at fleire bedrifter kan delta i konkurransen.

Lov om offentlige anskaffelser stiller i dag krav om at offentlege innkjøp skal oppfylle fleire politiske mål. Innkjøpspolitikken skal vere ein verkemiddel til å stille miljøkrav, fremje menneskerettar, motarbeide arbeidslivskriminalitet, sikre tilfredsstillande løns- og arbeidsvilkår og skaffe fleire lærlingplassar. Regelverket gir innkjøpar handlingsrom til å trekke inn også andre samfunnsomsyn.

Vefsn kommune – god dialog med leverandørar

Vefsn kommune i Nordland jobbar bevisst mot den lokale marknaden for å legge til rette for at lokale bedrifter kan delta i anbodskonkurransar.

– Kommunen kan ikkje favorisere lokale bedrifter då det vil vere i strid med regelverket. Men vi ønskjer å motivere lokale bedrifter til å delta aktivt i anbodskonkurransar ved å informere dei, seier innkjøpsleiar Ewa Rusting Enge i Vefsn kommune.

Vefsn annonserer lokalt og legg utlysningstekstar ut på kommunens heimeside, i tillegg til å kunngjere anbodskonkurransar på Marcel og Doffin. Kommunen brukar også Facebook for å informere. Så langt som muleg blir utlysningstekstar også sendt på e-post til lokale bedrifter.

Kommunen arrangerer kurs for aktuelle leverandørar i elektronisk tilbodslevering. I forkant av større utlysingar, arrangerar kommunen dialogmøte med bransjen eller leverandørar. Her informerer kommunen om sine behov, og får nyttige innspel frå marknaden.

Det handlingsrommet som er tillate ved bruk av dialogmøter, er gull verdt for både kommunen som oppdragsgivar og leverandørmarknaden.

Gode grep fra Vefsn kommune

  1. Kunngjør både små og store anbud fordi det er sunt med konkurranse. Slik kan flere i næringslivet få delta og kommunen kan få den beste prisen og beste løsningen i forhold til beskrevet krav om leveringstid og kvalitet, som ofte er de vanligste tildelingskriteriene for en avtale/kontrakt.
  2. Det kan være fornuftig å dele opp store anbud i delkontrakter (spesielt bygg- og anleggskontrakter), slik at mindre og lokale bedrifter får mulighet til å delta.
  3. Velg ikke nødvendigvis løsningen med totalentreprise eller generalentreprise slik at hovedleverandør bestemmer hvem som skal være underleverandører. Det kan gi høyere pris og færre oppdrag til lokale bedrifter.
  4. Generelt bør man i planleggingsfasen av en konkurranse gjøre seg kjent med det lokale/regionale markedet og i god tid informere om kommende muligheter. En lokal forhandler er ofte tilknyttet en kjede eller en større ekstern leverandør og det er derfor viktig at man minner om muligheten for et samarbeid mellom kjede og forhandler. I tillegg oppfordrer vi leverandører til å samarbeide – om så med sin argeste konkurrent – som en mulighet for å kunne bli leverandør.

Kva seier lovverket?

Mange lokalpolitikarar vil gjerne handle lokalt, fordi dei ser at lokal handel held oppe og utviklar lokalt næringsliv. Men dei er usikre på kva lovverket tillet og er derfor redde for å gå ut av eit interkommunalt innkjøpssamarbeid.

Lov om offentlige anskaffelser forbyr alle former for diskriminering. Kommunen kan ikkje favorisere lokale bedrifter i ein anbodskonkurranse. Men kommunen har eit stort handlingsrom når det gjeld å leggje opp anbodskonkurransar slik at lokale bedrifter får høve til å delta. Det viktigaste i lova er krav om konkurranse, likebehandling, objektive kriterium for val av leverandør og eit gjennomskinleg anbodssystem.

Det er ulike innkjøpsreglar avhengig av kor stor innkjøp kommunen skal gjennomføre:

Under 100.000 kr

Unntatt frå lova. Kommunen har lov til å inngå kontrakt direkte med ein lokal leverandør når kjøpet har ein total verdi på under 100 000 kroner eks. mva.

100.000 – 1,3 mill. kr

Forenkla praktisering av lova. Kommunen kan velje anten open eller avgrensa anbodskonkurranse. I ein avgrensa konkurranse kan kommunen hente inn pris frå minst tre leverandørar som dei sjølv peikar ut utan offentleg utlysing. Kommunen bestemmer kriterium for val av leverandør og følgjer elles vanlege anbodsprosedyrar. Leveransen blir tildelt til den leverandøren som best tilfredsstiller tildelingskriteria.

Over 1,3 mill. kr

Omfattande krav til anbodsprosess. Innkjøp på kunngjerast på innkjøpsportalen Doffin.

Innkjøpssamarbeid

85 prosent av norske kommunar deltar i eit eller fleire innkjøpssamarbeid. Det er forståeleg at kommunane ønsker å samarbeide for å styrkje kompetansen og spare pengar. Samtidig vil store innkjøp ofte favorisere store leverandørar som kan levere til eit stort geografisk område. Resultatet kan bli nedbygging av lokalt næringsliv. Då er innkjøpspolitikken i direkte konflikt med kommunens rolle som samfunnsutviklar.

Distriktskommunar må tenke nøye gjennom fordelar og ulemper ved omfattande innkjøpssamarbeid og sjå på korleis slikt samarbeid kan ta lokal omsyn. Er det formålstenleg for kommunen å ha sentrale innkjøpsavtalar for «bagatellmessige innkjøp», til dømes daglegvarer til barnehagar, skuler og institusjonar i grendesamfunn? Kanskje anbodskonkurransar kan delast opp i fleire konkurranseområde? Det er fullt muleg å ta lokale omsyn sjølv om kommunen samarbeider med andre kommunar om ein felles innkjøpspolitikk.

Suldal kommune deltek i eit interkommunalt innkjøpssamarbeid på Haugalandet. Kommunen har fordel av å vere med i eit større fellesskap fordi dei kan få tilgang til kompetanse og rimelege innkjøp. Men kommunen har valt å ta innkjøp av daglegvarer til grendaskulane ut av felles innkjøp. Kommunen har også lokale avtalar for kjøp av handverkar-tenester frå elektrikar og røyrleggar

– Det er viktig for oss å stå fritt på kva slags konkurransar vi skal vere med på. Vi er godt nøgde med den ordninga vi har i dag, seier økonomirådgjevar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.

Kommunens handlingsrom

Kommunane har eit handlingsrom som inneber at dei kan leggje til rette for at lokale aktørar kan konkurrere om offentlege innkjøp, samstundes som kommunen følgjer lovverket. Fleire kommunar har gode erfaringar med å utnytte dette handlingsrommet.

Kommunen kan leggje til rette for lokal handel på fleire måtar

  • Dele opp store anbod, til dømes i mindre leveringsområde.
  • Oppfordre større leverandørar til å bruke lokale underleverandørar.
  • Vektlegge andre vurderingskriterium enn pris, til dømes service og miljø.
  • Kommunen kan lyse ut anbod sjølv, utan å delta i innkjøpssamarbeid.
  • Kommunar som deltar i innkjøpssamarbeid, kan gjere unntak for mindre innkjøp, til dømes daglegvarer til grendaskular.
  • Kommunen kan gi ein skule eller barnehage eige budsjett og la dei sjølv få lov til å bestille.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort det klart at det er ei av oppgåvene til Merkur-programmet å opplyse kommunane om det handlingsrommet dei har. Departementet har også sett opp ei liste på 9 punkt over tiltak som kommunane kan gjere for å legge til rette for lokal konkurranse.