Fagområde: Næringsutvikling

Slik kan kommunen og nærbutikken samarbeide

Nærbutikken er ein viktig møteplass i distrikta. I tillegg kan den bidra til god samfunnsutvikling og til å styrke kommunen sitt servicetilbod. Eit tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk er med andre ord ein vinn-vinn situasjon.

Vaksne og barn handlar brød over disk utandørs. Butikk i bakgrunnen. Foto.

Nærbutikken i Fjelli i Stryn. Foto: Merkur-programmet.

Ein butikk er ein del av infrastrukturen i eit lokalsamfunn, på linje med til dømes skule og barnehage. Butikken kan vere ein hjørnestein for at folk skal bu og trivast på bygda. For lokalsamfunn i enkelte distriktskommunar er nærbutikken den einaste felles institusjonen dei har igjen. Dersom butikken skulle forsvinne, forsvinn også denne møteplassen.

Utan tilgang på ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet, kan også staden verte ein mindre attraktiv stad å bu og besøke.

3 ting kommunen kan gjere for å styrke samarbeidet med nærbutikken

  1. Invitér nærbutikkane til eit dialogmøte for å drøfte korleis kommune og butikk kan samarbeide til beste for innbyggarane.
  2. Ta nærbutikken med i arbeidet med kommuneplan, tettstadutvikling og næringsutvikling.
  3. Utnytt kommunens handlingsrom til å legge til rette for at lokale butikkar og andre mindre verksemder får høve til å delta i anbodskonkurransar.

Nærbutikken er nyttig for kommunen

Ein nærbutikk kan være ein nyttig samarbeidspartner for kommunen. Merkur-programmet har gode erfaringar med lokal samfunnsutvikling knytt opp til butikkutvikling. Mange kommunar har erfart at dei kan spele på lag med nærbutikken for å få til utvikling i lokalsamfunnet, og gode tenester for innbyggarane.
Fleire stader er butikken utgangspunkt for oppretting av nye arbeidsplassar, til dømes knytt til reiseliv eller lokalmat.

Mange kommunar samarbeider aktivt med lokale butikkar, slik at butikken fungerer som kommunens servicekontor. Butikkane formidlar kommunal informasjon via informasjonsskjermar eller brosjyrar. Fleire butikkar har utlån av bøker i samarbeid med folkebiblioteket, medan andre butikkar driv turistinformasjon. Andre igjen driv miljøstasjon for kommunen, med mottak av papir, glas og hytte-avfall.

Arbeid med inkludering er ein viktig faktor i lokal samfunnsutvikling. Flora kommune i Sogn og Fjordane samarbeidar med Nærbutikken i Rognaldsvåg om praksisplassar for innvandrar som har behov for både språk- og arbeidspraksis.

To personar gir kvarandre handtrykk. Foto.

AVTALE: Kjøpmann Hildur Sørdal og Flora-ordførar Ola Teigen har gjort avtale om å opprette eit kommunalt servicepunkt ved Nærbutikken Stavang. Foto: Ronny Mowatt.

Tettare samarbeid og offentlege innkjøp

Mange distriktskommunar ser nytten av nærbutikkar, og er difor opptatt av å ta vare på dei. Då Rennebu kommune ville satse stort på hyttebygging, såg dei at nærbutikken på Nerskogen var heilt avgjerande for å få til vekst. Derfor valde kommunen å setje opp eit nybygg for butikken, med gunstige leigevilkår. Rømskog kommune har også sett opp kommunalt næringsbygg, tilrettelagt for daglegvarebutikk, fordi dei ser på nærbutikk som eit svært viktig servicetilbod for innbyggarane.

Nokre kommunar støtter opp om utsette nærbutikkar med årlege driftstilskot. Alta kommune ser at utan butikk vil resultatet bli fråflytting og dårlegare tenester for innbyggarane.

Kommunen kan nytte handlingsrommet og handle lokalt

Kommunen kan også støtte opp om lokale butikkar ved å handle lokalt. Lokal handel kan vere god kommune-økonomi, fordi det styrker det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar.

«Lov om offentlige anskaffelser» gir kommunen stort handlingsrom til å legge opp anbodskonkurransar slik at lokale bedrifter får høve til å delta. Fleire kommunar har gode erfaringar med å utnytte dette handlingsrommet til å gjere offentlege innkjøp frå nærbutikkar.

Til dømes kan kommunen innrette anbodet slik at det er mogleg å gi tilbod innanfor bestemte geografiske område, noko dei har gjort i Suldal kommune. I tillegg kan service og miljø brukast som tildelingskriterium ved sida av pris.

Kommunen og nærbutikken - Pilotprosjekt for samarbeid

Prosjektet Kommunen og nærbutikken, som blir gjennomført i samarbeid mellom Merkur-programmet, Distriktssenteret og KS, er eit pilotprosjekt for tettare samarbeid mellom kommune og butikk. 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane skal prøve ut ulike former for forpliktande samarbeid, der butikken får ei rolle som kommunes forlenga arm i lokalsamfunnet.

Fleire av kommunane har etablert kommunale servicepunkt på nærbutikkane. Kommunane har gjort avtale med butikkane om at dei skal yte bestemte tenester for innbyggarane, og butikkane får betalt for desse tenestene. Det kan til dømes gjelde tilgang til nett/pc, hjelp med elektroniske tenester, hjartestartar, varelevering, samarbeid med heimesjukepleie, vaktmeistertenester med meir. Eitt av måla er at eldre og brukarar med spesielle behov kan bu lenger heime ved å få utført tenester nær der dei bur.

Sjå også: Askvoll kommune inviterte nærbutikkane til dialogmøte.

Merkur-programmet er ein del av Distriktssenteret

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar vart 1. januar 2019 ein del av Distriktssenteret. Ei viktig målsetting med dette er å styrke samfunnsutviklar-perspektivet i Merkur. Distriktssenteret meiner at butikk-utvikling er god og effektiv måte å drive bygdeutvikling på. Eit godt samarbeid med kommunane er avgjerande for å få dette til.

Kommunen kan også ta direkte kontakt med Merkur-programmet sine 10 regionale konsulentar for å få vite meir om korleis ein kan styrka samarbeidet med nærbutikkane.