Ser kommunen bygdebutikken som noko meir enn eit utsal for daglegvarer, opnar moglegheitene seg. Butikken på bygda kan bli kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet.
Fleire kommunar tilbyr betre og meir tilgjengelege tenester, både til fastbuande og tilreisande, etter at dei har etablert kommunale servicepunkt på nærbutikken.
Kommunane ser at nærbutikken er ein del av infrastrukturen i eit lokalsamfunn, på linje med skule eller barnehage.
Butikken har særleg stor betydning i dei aller minste samfunna, der det er få eller ingen andre felles institusjonar. Når skulen og barnehagen er nedlagt, blir butikken siste skanse i lokalsamfunnet.
Tenester på nye måtar
Mange kommunar i Distrikts-Norge står framfor store utfordringar i åra som kjem. Det blir færre innbyggarar samtidig som det blir fleire eldre. Korleis skal kommunar med store avstandar kunne gi tenester til eldre som bur utanom kommunesenteret?
Demografiutvalet meiner at noko av løysinga må vere innovasjon, smart organisering og tenestetilbod tilpassa lokale forhold.
Stortingsmelding 15 Leve hele livet framhevar nærbutikken som ein møteplass og eit servicepunkt: «I mange små lokalsamfunn er dagligvarebutikkene det siste, gjenværende servicepunktet. Da er det om å gjøre at ulike funksjoner kan samles i butikken», blir det sagt i meldinga.
Distriktssenteret har fått i oppdrag frå Kommunaldepartementet å fremje samspel mellom Merkur-butikkar, kommunar og andre aktørar om utvikling av framtidsretta og velfungerande tenestetilbod.
Merkur-butikk – kva er det?
- Merkur-programmet er Kommunal- og distriktsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i Distrikts-Norge. Programmet er ein del av Distriktssenteret.
- Målet er å sikre folk i distriktet tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk og bokhandel med god kvalitet.
- Merkur har 10 konsulentar som gir kjøpmenn opplæring og rådgjeving.
- Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.
- Merkur gir økonomisk støtte til viktige investeringar knytt til daglegvarebutikk og drivstoffanlegg. Den ordinære budsjettramma for 2023 er på 61 millionar kroner.
- Over 570 butikkar deltar i Merkur-programmet. Dei fleste av Merkur-butikkane deltar i kjeder som Joker, Nærbutikken, Snarkjøp, Coop Prix, Coop Marked eller Matkroken. Her er oversikt over Merkur-butikkane, sortert på fylke og kommune
Kommunalt servicepunkt
12 distriktskommunar har i dag formelle samarbeidsavtalar med ein eller fleire nærbutikkar, slik at butikkane fungerer som kommunalt servicepunkt. Desse avtalane omfattar 20 butikkar, som er einaste daglegvarebutikk i sitt lokalsamfunn.
I tillegg er det ni kommunar som har mindre omfattande samarbeidsavtalar, slik at butikkane får betaling for minst ei teneste som dei utfører for kommunen. 24 butikkar tilbyr tenester på denne måten.
Butikkar som fungerer om kommunale servicepunkt, kan tilby tenester både til faste innbyggarar, deltids-innbyggarar (hyttefolk) og turistar. Betalinga kan ligge på 30.- 50.000 kr årleg, alt etter kva partane har blitt samde om.
Tenestene varierer frå butikk til butikk. Dei fleste butikkane tilbyr varelevering, sosial møteplass/kaffikrok, kommunal informasjon, turistinformasjon, gratis nett, digital hjelp, offentleg toalett, hjartestartar, beredskap og samarbeid med heimesjukepleie.
Andre tenester kan vere bibliotek-tilbod, utlevering av medisin, integrering av innvandrarar, innsamling av miljøfarleg avfall mm
Nokre av butikkane har hatt fleire av desse tenestene også før dei fekk status som kommunalt servicepunkt. Den skriftlege avtalen gir både lokalsamfunn og kommune større tryggleik for at tenestene blir levert.
Fem gode eksempel
Kommunen har samarbeidsavtale med tre nærbutikkar på øyane om etablering av kommunale servicepunkt. Avtalen vart sett i verk i 2023.
Butikkane samarbeider med Meløy kommune om informasjon til fastbuande og besøkande, beredskap, bibliotektenester og tilbod om sosiale møteplassar.
Kommunen betaler 50.000 kr pr. år pr. butikk i eit tre-årig pilotprosjekt.
Meløy kommune ser på øy-butikkane som viktige samarbeidspartnarar for kommunen i utviklinga av gode lokalsamfunn som er attraktive både for fastbuande, besøkande og næringsdrivande.
– Ved at nærbutikken kan tilby møteplassar og enkelte tenester, kan butikken bidra til auka trivsel og førebygge einsemd for både ung og gammal, og i tillegg bidra til at eldre kan bu lenger heime, skriv kommunen på si nettside.
Kjøpmennene på øy-butikkane har gjennomført kurs i vertskap/turistinformasjon og kommunal organisering/kommunale søknader for å bli betre kvalifisert til oppgåva som kommunens representant.
LES MEIR:
Første servicepunkt i Nordland
Meløy kommune: saksdokument
Notat om samarbeid med nærbutikken på Støtt
Prosjektplan – kommunale tjenester på nærbutikken
Kommunen har serviceavtale med fem nærbutikkar på øyane utanfor Florø. Avtalen vart etablert av dåverande Flora kommune i 2018 og har seinare blitt fornya.
Omfattande avtale med vekt på butikken som sosial møteplass, digital hjelp til innbyggarane, kommunal informasjon og turistinformasjon, beredskap og samarbeid med kommunale heimetenester.
Kommunen betaler 50.000 kr pr. år pr. butikk.
– Hovudmålet med avtalen er å utvikle gode og funksjonelle tenester der folk bur for å skape trivsel, bulyst og vekstkraft. Avtalen gir nytteverdi for kommunen ved at butikkane utfører servicetenester, skriv Kinn kommune på si nettside.
– Det er viktig for kommunen å utvikle grendene. Busettinga på øyane er ein føresetnad for oppdrettsnæringa og anna næringsaktivitet. Derfor er det tverrpolitisk einigheit i bystyret om å satse vidare på distriktet, sa ordførar Ola Teigen (Ap) då den første avtalen vart underskriven.
– Når grendeskular blir nedlagt, misser kommunen eit viktig kontaktpunkt i lokalsamfunnet. Vår erfaring er at butikken kan fylle denne rolla på ein god måte, la Teigen til.
Det er også ei målsetting for kommunen at eldre og brukarar med spesielle behov skal få bu lenger heime ved at dei får utført tenester nær der dei bur.
Kinn kommune har også hatt god erfaring med språk- og arbeidstrening for innvandrarar på nærbutikken.
LES MEIR:
Kommunen kjøper service på nærbutikken
Kommunen har samarbeidsavtale med fire Merkur-butikkar med lang avstand til Alta sentrum. Ordninga vart innført i 1998 og har seinare blitt vidareført.
Kommunen legg opp til at butikkane skal fungere som kommunens forlenga arm i distriktet og at dei skal vere villige til å ta på seg kommunale tilleggsoppgåver.
Butikkane skal formidle kommunal informasjon og kunne utføre kommunale tenester som hjelp til utfylling og innsending av skjema på nett. Butikkane har også ei beredskaps-rolle, ved at folk i utkantane får sikra daglegvarer i krisesituasjonar.
Kommunen betaler 60.000 kr pr. butikk pr. år.
– Alta kommune ønskjer at det fortsatt skal bu folk i distriktet. Vi er også opptatt av lokale arbeidsplassar. Nærbutikkane er ein viktig sosial møteplass, som også gjer det muleg for eldre å bu lenger heime. Dette er viktige grunnar til at politikarane har ønskt å vidareføre samarbeidsavtalane med nærbutikkane, seier næringsrådgivar Dag Arne Johannesen.
– Nærbutikkane er uvurderlege for oss. Vi får mykje igjen for den støtta som kommunen gir, legg Dag Arne Johannessen til.
LES MEIR:
Alta støtter opp om fire distriktsbutikker
Saksframlegg
Kommunen har samarbeidsavtale med fire nærbutikkar om etablering av informasjons- og servicepunkt. Avtalen vart etablert i 2021.
Butikkane tilbyr turistinformasjon, kommunal informasjon, gjeste-pc og ein kaffikrok som også fungerer som venterom for reisande.
Kommunen betaler opptil 54.000 kr pr. butikk pr. år, avhengig av kva slags tenester som butikken tilbyr.
– Det har stor verdi for heile Austevoll at nærbutikken består og at den har gode driftsvilkår. Kommunen kan bidra til betre vilkår blant anna ved å utvikle og formalisere nærbutikkane sine funksjonar på vegne av kommunen, seier rådmannen i si saksutgreiing.
LES MEIR:
Kommunen kjøper tenester på nærbutikkane
Kommunens saksframlegg:
Samarbeid med nærbutikkane i Austevoll
Butikkane skal ifølge avalen ha ein kaffekrok som sosial samlingsplass, inkludert offentleg toalett. Butikken skal også ha ein kommunal informasjonsskjerm. Vidare skal butikkane fungere som lokal turistinformasjon med brosjyrar, kart og anna. Dei skal også selje bygdebøker og fiskekort.
Kommunen betalar 30.000 kr pr. butikk pr. år, finansiert gjennom næringsfondet.
LES MEIR:
Slik kan kommunen kome i gang med samarbeid
Korleis kan kommunen få meir kunnskap om potensialet for samarbeid med ein eller fleire nærbutikkar? Her er tre gode grep som kommunen kan gjere:
Butikken er ein viktig nærings- og utviklingsaktør i sitt lokalsamfunn. Det burde vere like naturleg for ordførar og næringssjef å ha god kontakt med butikken på bygda som med litt større bedrifter i kommunesenteret. Det handlar både om arbeidsplassar og tilgang på varer og tenester som det er behov for..
Nærbutikken vil ofte finne det naturleg å ta med Merkur-konsulenten på eit slikt møte.
Fleire kommunar har gode erfaringar med å invitere den regionale Merkur-konsulenten til formannskapet for å gi ei orientering om potensialet for samarbeid mellom kommune og butikk.
Merkur-konsulenten er ein bedriftsrådgjevar som har avtale med det statlege Merkur-programmet om å vere rådgivar for butikkane i sin region.
Merkur-konsulenten kan søkje om midlar frå Distriktssenteret for å jobbe saman med kommunen og lokale butikkar i ein utviklingsprosess, der målet kan vere å få på plass ein serviceavtale eller andre former for samarbeid.
Du kan finne nyttig kunnskap på Distriktssenterets nettside. Nokre av rådgivarane i Distriktssenteret har spisskompetanse på kommune/butikk-samarbeid.
Distriktssenteret har fått laga ein kort film som viser eksempel på korleis kommune og butikk samarbeider.
Forslag til samarbeidsprosess
Kva slags prosess kan kommunen gjennomføre for å kome fram til ein samarbeidsavtale med ein eller fleire nærbutikkar? Her er eit forslag til framgangsmåte:
- Når ordførar, næringssjef og/eller kommunedirektør har fått kunnskap om ulike samarbeidsformer gjennom kontakt med Merkur-konsulent, Distriktssenteret og/eller lokal nærbutikk, kan kommunen leggje opp til ein arbeidsprosess for å kome fram til ein avtale mellom kommune og butikk.
- Bestem kven i kommunen som har ansvar for å drive prosessen framover. Det kan vere næringssjef, kommunedirektør eller eventuelt ordførar.
- Avklar kva for tenester butikkane utfører i dag og kva for nye tenester dei kan ta på seg. Kva har kommunen behov for? Kva nytteverdi kan ein samarbeidsavtale gi til kommunen?
- Avklar kva for økonomisk handlingsrom kommunen har for å inngå ein avtale og betale for tenester. Korleis skal ein avtale finansierast? Nokre kommunar vel å bruke midlar frå næringsfond, konsesjonsavgiftsfond o.l. til slike formål.
- Ha tett dialog med Merkur-konsulent og aktuelle butikkar i prosessen fram mot ein avtale.
- Avklar kva for politisk godkjenning som er nødvendig for å få ein gyldig avtale.
Dei fleste kommunar vel å legge slike samarbeidsavtalar fram for godkjenning i formannskap og kommunestyret.
Distriktssenteret har samla eksempel på saksframlegg og avtalar i kapittelet Fem gode eksempel
Nyttig for kommunen
Ein samarbeidsavtale mellom kommune og butikk må vere nyttig for begge partar dersom den skal fungere. Kommunen vil få nytteverdi ved at kommunale tenester blir lettare tilgjengeleg for innbyggarane. Kommunen kan også spare kostnader ved at eldre som får tilrettelagde tenester, kan bu lenger heime før flytting til institusjon.
Nærbutikken er ein god arena for integrering. Fleire kommunar har gode erfaringar med at butikken tilbyr arbeidstrening og språkpraksis for innvandrarar.
På same måte kan nærbutikken vere ein god stad for arbeidstrening for ungdom og sommarjobb med kommunale tilskot og andre ungdomsretta tiltak. Slik kan samarbeid mellom kommune og butikk vere med på løfte ungdom ut av utanforskap og gje dei betre stadtilhøyrsle gjennom kontakt med lokalt næringsliv.
Digitalt utanforskap er også ei utfordring. Kommunen kan bruke nærbutikken for å gi hjelp til eldre med svak digital kompetanse.
Bygdebutikken er også viktig i eit folkehelse-perspektiv, ved at den tilbyr ein sosial møteplass for alle i bygda. Butikken er spesielt viktig for einsame eldre, som får møte andre i butikkens kaffikrok.
Butikkar som samarbeider med kommunen, kan vere utgangspunkt for lokal samfunnsutvikling og gjere bygda meir attraktiv for tilflytting og næringsutvikling. Fleire stader er nærbutikken utgangspunkt for oppretting av nye arbeidsplassar knytt til reiseliv eller andre næringar.
Kommunen kan handle lokalt
Kommunen kan kjøpe både varer og tenester på nærbutikken. Fleire kommunar har gode erfaringar med å leggje til rette for at små nærbutikkar kan få levere daglegvarer til skular og barnehagar i sitt nærområde.
Distriktssenteret har fått ein rapport frå Oslo Economics og Inventura som dokumenterer korleis kommunane kan bruke innkjøpsrolla til å ta samfunnsansvar for å støtte opp under små og mellomstore bedrifter, utan å kome i konflikt med Lov om offentlege anskaffelser.
Rapporten gir ei rekkje råd og konkrete eksempel på korleis kommunane kan bruke innkjøpspolitikken til å realisere politiske målsettingar om attraktive lokalsamfunn i distrikta.
– Det er viktig for kommunane at det finst lokale butikkar, handverkarar og andre tenesteytarar i kommunane. Derfor bør dei bruke si innkjøpsmakt til å styrke det lokale næringslivet og sikre lokale arbeidsplassar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i ein kommentar til rapporten.
Her kan du lese meir om korleis kommunen kan handle lokalt:
10 tiltak for flere lokale innkjøp