Kommunar, regionar og fylke kan spele ei viktig rolle i få fram unge gründerar. Her finn du råd og eksempel fra nokon av dei som jobbar godt med gründerar og unge gründerar særskilt.
1. Bygg gründerkultur
Positive haldningar bidreg til å byggje gründerånd, gründerkultur og entreprenørskap i heile kommunen. Ordførar og administrative leiarar må møte ungdom med idear med interesse og engasjement på ein positiv måte. Dette kan gjerast ved å framsnakke og å heie på unge med kreative idear.
⇣ Godt eksempel: Les meir om Hadsel kommune
Hadsel kommune hjelper unge gründerar gjennom å gje god informasjon om å starte en bedrift, ha ressursar tilgjengeleg og som prioriterer samarbeid gjennom positive haldningar og handlingsplanar som strategisk næringsplan og samarbeider tett med Ungt Entreprenørskap Nordland.

Næringssjefen i kommunen ser og verdset arbeidet skulene i kommunen gjer for å implementere entreprenørskap som metode i undervisninga i kommunen.
Hadsel kommune er ein aktiv samarbeidspart som bidreg i arbeidet med elevbedrifter og ungdomsbedrifter i skulen.
2. Ha eit godt og tilgjengeleg førstelinjetilbod
Kommunen bør gje oversiktleg informasjon om tilgjengelege ressursar.
Ha ein kontaktperson som kan gje rettleiing og råd og som hjelper dei unge gründerane vidare i hjelpemiddelapparatet. Ta initiativ til oppstartskurs, coaching, mentoring gjerne saman med lokale eller regionale næringshagar, nabokommunar og andre som kan bidra.
⇣ Godt eksempel: Tett samarbeid i Sogndal kommune
Sogndal kommune samarbeider med Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland og HVL skape for å hjelpe og rettleie unge gründerar. Rask oppstart er eit kurs der unge gründerar får lufta ideane sine med andre og lærer å drive ein bedrift.

3. Skap gode møteplassar
Skap møteplassar lokalt der gründerar kan treffe kvarandre, lokale bedrifter, lokale banker og lokalt hjelpemiddelapparat. Kommunen har ei viktig rolle som koplar mellom dei unge gründerane og etablerte bedrifter og andre aktørar som kan bidra med kapital og kompetanse.
⇣ Godt eksempel: Aktivitetar og møteplassar i Sogn
Sogn er eit godt døme på ein region som har gode møteplassar for unge gründerar. Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland og HVL skape inviterer til arrangement og skapar møteplassar for unge gründerar.
I Sogn finnes kontorfellesskapa FUS i fleire kommunar som tilbyr kontor og møterom tilpassa nyetablerarar.
4. Prioriter tid og pengar
Forankre satsing på unge gründerar i kommunens planar. Prioriter tidsressursar til næringsutvikling og la dei som jobbar med næringsutvikling være «frie fuglar» som ikkje tynges ned av drift og administrasjon. Kommunen bør samarbeide med andre relevante aktørar og jobbe aktivt og hele tiden. Bruk næringsfond eller andre økonomiske verkemiddel målretta mot unge gründerar.
⇣ Godt eksempel: Les om Hoppid-kontor i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal samarbeider fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og kommunane om hoppid.no. Det er hoppid- kontor i alle kommunar for å styrke arbeid med bedriftsetablering.
Hoppid.no er program som skal leggje til rette for fleire og betre nyetableringar. På Hoppid-kontora får gründeren gratis bedriftsrådgjeving, råd om tilskot og finansiering, tilbod om kurs og opplæring, og hjelp til søkjeprosessar og nettverksbygging.
5. Sats på entreprenørskap i skulen
Kommunen som skuleeigar og samfunnsutviklar kan setje entreprenørskap på timeplanen. Start tidleg i skuleløpet.
La elevar få lære om lokale verksemder og deira utfordringar, slik at elevane får bryne seg på verkelege problemstillingar som bedriftene har. Kommunen har et særskilt ansvar for å kople skule og næringsliv tettare saman, både gjennom kommunen sitt planverk og sine handlingsplanar.
⇣ Godt eksempel: Skaun brukar Ungt Entreprenørskap
I Skaun brukar dei Ungt Entreprenørskap sine program for heile grunnskuleløpet frå 1.-10. trinn.
Rektor ved Skaun ungdomsskole, Erlend Moen fortel om kvifor dei satsar på entreprenørskap i skulen.