Kva fremmar ung skaparlyst i distrikta?
Demografiske utfordringar gjer at distriktskommunar må tilrettelegge for at fleire unge vil bu og jobbe i distrikta. Kommunane treng dei unge for å skape innovasjon, utvikle berekraftige lokalsamfunn og løyse framtidas utfordringar med sine nye tankar og idear. Kven har ansvar for å gje rom for ung skaparkraft og kva mogleheiter finns? Kven er aktørane som bidreg og kva verkemiddel finns? Kva ynskjer unge gründerar seg?
Webinaret ser nærare på kva som skal til for at unge i distrikta skal ynskje å etablere seg med eigen arbeidsplass og bli buande i distriktet. I webinaret møter du unge gründerar, butikkdrivarar og bidragsytarar. Dei fortel om kva faktorar som bidreg til at fleire unge startar opp og driv eigen verksemd
Steinar Fredheim – Om Merkur-programmet

Kongsvik Landhandleri

Lena Kristine Benjaminsen og Charlotte Paulsen frå Kongsvik Landhandleri fortel om korleis ideen om å flytta heim og starte butikk kom og kor mykje det betyr å ha ein butikk i eit lokalsamfunn som Kongsvik.
Samhald Landhandel

Simen Markussen fortel om at Samhald landhandel som han driv i Ål i Hallingdal er ein møtestad for unge som driv med skating, eller som møtast i kafeen eller kjem for å prøve golfsimulatoren.
Unge gründerar

Amalie og Sunniva Skrede i Dreng fortel om ideen sin med å lage ein plattform der kor dei koblar saman bønder og avløysarar. Martin Johnsen i Edbox presenterer korleis han kom på å skulle lage ein chattetjeneste for studentar slik at dei kan stille spørsmål til forelesarane sine anonymt under eller etter forelesningane. Bård Basberg i Sogn næring og Stig Ove Rygg i Kunnskapsparken Vestland fortel om korleis dei saman med HVL (Høgskulen på Vestlandet) skape samarbeider for å få fram unge gründerar og hjelpe dei å lykkast.
Hadsel kommune

Daniel Sowe fortel om Hadsel kommune sitt arbeid med unge gründerar. Dei samarbeider tett med Ungt Entreprenørskap, deltek som dommarar i lokale innovasjonscampar. Kommunen er og opptatt av å vise at dei ser og set pris på ungdomsbedrifter i kommunen. Kanskje bidreg det til at dei seinare kjem flyttande heim for å vere gründer her.
Innovasjon Norge

Reidar Milan Hegle i Innovasjon Norge, Trøndelag fortel kort om kva dei jobbar med og litt om kvar dei som mottek støtte frå dei bur. Han fortel og om deira satsing på sirkulære verdikjedar innan landbruk, skogbruk og havbruk.
Nord universitet

Lill-Beathe Håpnes snakker om ulempane som unge/nye gründere har. For det første ulempane ved å vere ny, ulempane ved å vere liten og ulempane ved å bu i distrikt. Ein ung gründer i distriktane har dirfor ein trippel ulempe. Ho stiller spørsmålet kven som skal skapa eit godt miljø for unge gründerar i distrikta?
Distriktssenteret

Ungt Entreprenørskap

Sara Kveli Skjervø i Ungt Entreprenørskap, Trøndelag snakkar om korleis dei jobbar med bedriftsetableringar og kreativitet i ungdomsskule og vidaregåande skule. Ungt entreprenørskap er ein brubyggar mellom skule og næringsliv slik at elevane kjenner at det dei lærte i skulen er relevant den dagen dei kjem ut i arbeid.
Panelsamtale

I panelsamtalen deler deltakarane sine tankar om det dei har sett i dagens innlegg, dei blir spurt kven som har eit særleg ansvar for å leggje til rette for unge gründerar og unge butikkdrivarar, kan det å vere gründer i ein distriktskommune ha nokre fordeler? Og har dei nokre råd til distriktskommunar som ynskjer å lukkast med å få fleire unge gründerar hos seg?