Fagområde: Stedsutvikling

Boligetablering i distriktene

“Boligetablering i distrikta” er ei tre-årig satsing frå Kommunal- og regionaldepartementet. Målet for satsinga er å skaffe og samanstille kunnskap om bustadetablering i distriktsområde, og prøve ut ei eiga tilskotsordning.

Eit godt bustadtilbod er sentral føresetnad for rekruttering av arbeidskraft, tilflytting og at fleire blir buande på ein stad. Samstundes erfarer distriktskommunar over heile landet at bustadtilbodet er for lite variert, og at få bustader er tilgjengelege. Tilbodet møter ikkje dagens behov og ønskje, og hemmer vekst.

Satsinga Boligetablering i distriktene skal bidra til å auke kunnskapen og stimulere til auka bustadutvikling i område der marknaden er liten, usikker og manglar bustader. Virkemidlane er knytte til erfaringsdeling, rådgjeving og økonomiske tilskot.

12 kommunar deltek i satsinga

Under finn du skildringar av prosjekta som deltek i satsinga.

Organisering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet eig den tre-årige satsinga (2012-2015). Husbanken forvaltar tilskotsordninga og har fagleg ansvar for rådgjeving og kompetanseutvikling hjå deltakarkommunane. Satsinga blir følgjeevaluert av rådgjevingsfirmaet Rambøll.

Bakgrunn for satsinga

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet gjorde Norut i 2010 ei analyse av bustadmarknaden i typiske distriktsområde. Analysa synte at omlag halvparten av norske kommunar har bustadmarknader som er kjenneteikna av å vere små, usikre og stagnerande.

Analysa stadfesta ein bustadsituasjon i distriktskommunar med lite nybygging, blant anna som følgje av krava til finansiering og frykt for økonomisk risiko. Samstundes er mange hus ikkje lenger brukande som heilårsbustad, ut frå standard eller lokalisering. Analysa understreka også utviklinga av at stadig fleire bustadhus blir feriehus. Eit anna gjennomgåande kjenneteikn er mangelen på utleigebustader og ein lite fungerande leigemarknad. Dette er erfaringar frå distriktskommunar over heile landet.

Marknaden og tilbodet utfordrar bustadutviklinga, særleg når det også blir forventa at det skal vere både billeg å byggje og enkelt å finne seg ein stad å bu på bygda.

Samarbeid om kunnskapsutvikling

Husbanken legg vekt på at kunnskapsutviklinga i satsinga skal setje spor, hjå deltakarkommunar og andre. Formidling og dokumentasjonsarbeid er ei prioritert oppgåve, og ei brei samling av rapportar, analyser og gode eksempel om bustadetablering i distrikta er tilgjengeleg på Husbanken.no.

Distriktssenteret samarbeider med Husbanken i kunnskapsutviklinga, og formidlar frå både sjølve satsinga og frå andre regionale eller lokale arbeid. I 2014 gjer Distriktssenteret bl.a ei kartlegging av gode eksempel på bustadstrategiske tiltak, innanfor og utover satsingskommunane.

Les meir om Distriktssenterets oppsummering av tiltak og førebelse resultat i satsinga, under fana Konklusjon.

Se også: video av innlegg på erfaringskonferanse i 2014.

Den tre-årige satsinga Boligetablering i distriktene blir følgjeevaluert av rådgjevingsfirmaet Rambøll. Evalueringa byggjer på ei nullpunktanalyse, som skildrar status ved oppstarten av satsinga, årlege resultatrapporteringar og sluttrapportering. Sluttrapporteringa skal vere ferdig innan utgangen av 2014.

Førebelse konklusjonar

Midtvegsevalueringa frå 2013 stafestar inntrykket av handlekraftige kommunar som har teke ei tydeleg bustadstrategisk rolle, og som allereie ser resultat av både fokus, kunnskapsutvikling og tilskot.

Rambøll understrekar følgjande:

  • Midtvegs i satsinga har tilskotet bidrege til 130 bueiningar, halvparten leilegheiter og resten einebustader.
  • Kommunar som har nytta tilskotet til leilegheitskompleks, har fått fleire bueiningar att for tilskotsmidlane, enn kommunar som har nytta tilskotet til å stimulere bygging av einebustader.
  • Tilskot til entreprenørar eller bustadselskap har også bidrege til langt større andel utleigebustader.
  • Dei fleste kommunane har lukkast i å sette av nok ressursar, og å forankre arbeidet hjå leiinga i kommunen
  • Satsinga har bidrege til å auka kompetansen, samstundes som kommunane etterspør meir kunnskap. Dette knyter seg særleg til plan- og teknisk kompetanse.

Satsinga er inne i sitt siste arbeidsår, og sluttevalueringa er venta ved utgangen av 2014. Resultat og oppsummeringar frå tiltak i deltakarkommunane, må ventast å kome først i 2015.