Fagområde: Tilflytting

Bustadsatsing i Hasvik

Bustadpolitikk står i fokus for planstrategiarbeidet i Hasvik kommune. Kommunen har mål om å prøve ut fleire bustadpolitiske tiltak dei komande åra.

Hasvik er ein liten kommune på Finnmarkskysten med omlag 1000 innbyggarar. Etter fleire år med nedgang i folketalet, har kommunen sidan 2010 opplevd ny optimisme og vekst. Folketalsauken kjem først og fremst av innflytting frå utlandet.

Vekst i arbeidsplassar og busetting

Saman med næringslivet har Hasvik kommune arbeidd for at arbeidsplassveksten også skal føre til vekst i busettinga. Ein av dei viktigaste utfordringane har vore å finne tilpassa bustader, både for leige og eige. Kommunen har gjennomført og planlegg ei rekkje tiltak for fleire grupper. Som deltakar i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene» får kommunen drahjelp, både økonomisk og med rådgjeving. Eit viktig tiltak er utarbeiding av bustadstrategisk plan.

Meir om tiltaka

Hasvik kommune har mål om å skape ein meir velfungerande bustadmarknad, med auka omsetningsverdi og vedlikhaldsgrad. Kommunen har sett i gong stimulerande tiltak knytt til nybygging, og er i gong med eit omsorgsbustadprosjekt. Kommunen, som har mange åleinebuande, ser dette som ein måte å få til betre mobilitet i bustadmarknaden. Vidare har kommunen, i samarbeid med private, vurdert etablering av fleire ordinære utleigebustader. Dette synte seg ikkje økonomisk forsvarleg ut frå marknadssituasjonen i kommunen.

Som deltakar i den nasjonale bustadsatsinga ønskjer Hasvik kommune konkret å prøve ut samfinansiering mellom kommunen, eit statleg tilskot og eventuelle private utbyggarar. I 2012 fekk Hasvik eit økonomisk tilskot som skal bidra til å realisere eitt prioritert bustadprosjekt, med mål om å realisere 4 leigebustader.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret  formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av prosjektarbeidet.