Bustadsatsing i Ullensvang

Etter lengre nedgang i folketalet, har Ullensvang kommune sidan 2009 opplevd noko auke. Ein styrka bustadmarknad skal bidra til vidare positiv utvikling.

Ullensvang herad ligg i indre Hardanger og er ein sterk landbrukskommune, særleg innan fruktdyrking. Kommunen har omlag 3400 innbyggjarar, fordelt på 8 -10 bygder. Folketalsveksten dei siste åra har skjedd særleg i kommunesenteret Kinsarvik, og i eit par av dei andre bygdene.

Ein viktig årsak til den positive veksten, er etableringa av ei avdeling av Statens Kartverk, i 2006. Ullensvang deltek også i det regionale utviklingsprosjektet Flytt til Hardanger, noko kommunen også meiner har bidrege til utviklinga. Kommunen har dei siste åra også vore busettingskommune for flyktningar.

Bustadutviklinga i utakt

Bustadutviklinga har derimot ikkje følgd i same takten, og det har vore eit aukande problem for heradet å finne bustad til folk som flyttar til. Medan det i perioden 2005-2009 blei igangsett få bustader, har bygginga teke seg noko opp dei siste åra.

Ullensvang kommune erfarer at her er få hus tilgjengeleg og tilbodet treff ikkje godt nok, med omsyn til ønskje og behov:

  • Dei fleste som flyttar til, ønskjer i større grad å bu sentralt knytt til bygdesentrum, men der er det få hus ledige. Utleigemarknaden fungerer dårleg.
  • Få gardshus er ledige. Av dei som står tomme, er det eit fleirtal som ikkje lenger har ein brukande standard.
  • For seniorar (60+) som ønskjer andre bustadformer enn den store einebustaden, er det lite eller ingen alternativ.
  • Førstegongsetablerarar har heller ikkje gode alternativ til einebustaden, som oftast blir for dyrt.

Plan og tiltak hand i hand

Ullensvang har no revidert sin bustadpolitiske plan. Dette skjer internt i kommunen, men også som del av eit regionalt bustadpolitisk arbeid gjennom «Flytt til Hardanger». Fokuset er å legge til rette for ein variert og velfungerande bustadmarknad i regionen.

Dei siste åra har kommunen også gjennomført ei rekkje tiltak, for å auke bustadmassen og få eit meir variert tilbod:

  • Som ei prøveordning blei det i 2009 sett av 1 million kroner til tilskot/rentefritt lån for huseigarar som forplikta seg til å renovere ein tom bustad og deretter leige ut i min. fem år. Resultatet blei 10 nye bustader på leigemarknaden.
  • I 2010 kjøpte heradet 3 leilegheiter for utleige, øyremerka unge førstegongsetablerarar.
  • To småhus for utleige er bygde, gjennom samarbeid med Husbanken og lokale entreprenørar. Ytterlegare tre står snart klare. Tilbodet rettar seg mot flyktningar/grupper som har særlege vanskar med å kome seg inn på bustadmarknaden.
  • Ullensvang herad har etablert eit godt samarbeid med lokale entreprenørar og merkar auka interesse for å byggja bustader for sal, gjerne mindre hus, i grendene med positiv folketalsutvikling.

Nytt bustadpolitisk løft

Ullensvang kommune er også ein av tolv deltakarkommunar i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene». Satsinga gjev kommunen eit økonomisk tilskot til det vidare arbeidet, og verdifull påfyll av kunnskap og nettverk.

Kommunen har fleire planar som kan tenkast realiserte framover. Først og fremst vil kommunen legge betre til rette for ein fungerande utleigemarknad og fleire utleigebustader. Samstundes vurderer kommunen fleire grep for å få til betre variasjon og sirkulasjon i det lokale tilbodet.

Fram til hausten 2013 har Ullensvang kommune nytta tilskotsmidlane til å styrke utleigemarknaden. Tre av prosjekta har vore ombygging av eksisterande bygningar. Til saman er det brukt tilskotsmidlar som skal bidra til totalt 17 utleigeeiningar i kommunen.

Kompetanseutvikling

I det regionale samarbeidet «Flytt til Hardanger» har kommunen løpande dialog med regionale støttespelarar som Husbanken, fylkeskommunen og fylkesmannen. I tillegg prioriterer Ullensvang å bygge spesifikk kunnskap om bustadsosialt arbeid og heilskapleg bustadsatsing, med tilsette under utdanning ved Høgskulen i Bergen.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs i og i etterkant av prosjektsatsinga.