Bustadsatsing i Sørfold

Bustadutvikling har vore eit prioritert område i Sørfold kommune dei siste åra, bl.a med deltaking i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene».

Nordlandskommunen Sørfold er ein kraftkommune med prosessindustri som hjørnestein i det lokale næringslivet. Etter reduksjon i folketalet frå år 2000, har nedgangen flata noko ut frå 2008. Innbyggartalet er omlag 2000.

Liten og einsidig bustadmarknad

Kommunen erfarer at bustadmarknaden i Sørfold er liten, einsidig og manglar dynamikk. Ei særleg utfordring ligg i å få leigemarknaden til å fungere betre. Unge som bur i kommunen i dag, har etterlyst eit breiare bustadtilbod. Det gjer også næringslivet, som treng å rekruttere både i den regionale arbeidsmarknaden og arbeidsinnvandrarar.

Sørfold kommune vurderer at ein betre fungerande bustadmarknad først og fremst handlar om å få private aktørar på bana. Kommunen si rolle er å tilrettelegge, stimulere og samarbeide – utan å sjølv bli ein dominerande aktør i den konkrete bustadutviklinga.

Bustadplanlegging og bustadpolitiske tiltak

Gjennom eit større prosjektarbeid – Sørfold 2030 – er det gjort faktainnsamling og utarbeidd analyser av bustadmarknaden og korleis denne fungerer. Dette har gitt kommunen eit solid grunnlag for å vurdere bustadpolitiske tiltak og strategiar. Ei tverrfagleg kommunal bustadgruppe blei også etablert, for å gjere ei heilskapleg vurdering rundt forvaltninga av kommunale bustader. Arbeidet er tenkt vidareført med utarbeiding av ein bustadpolitisk handlingsplan.

Samarbeid som strategi

Samarbeid og «spleiselagstenking» er ein sentral strategi for utviklingsarbeidet i Sørfold. Kommunen samarbeider med næringslivet og med grendelag, og søkjer løysingar i samspel med ulike interessentar; bustadsøkande, entreprenørar, bustadbyggelag, hjørnesteinsverksemder og Husbanken.

Interessa frå næringslivet knyter seg særleg til behovet for eit bustadtilbod som styrkjer rekrutteringa. Fleire bustader for arbeidsinnvandrarar og unge i etableringsfasen er soleis etterspurt. Kommunen ønskjer også å rette satsinga mot å utvikle moderne, universelt utforma leilegheiter som seniorane i kommunen finn attraktivt, noko som igjen kan vere med å frigjere einebustader.

Tilskotsmidlar til leilegheiter

I Sørfold blir det no, for første gong på 30 år, bygd leilegheiter for sal i kommunesenteret Straumen. Til saman skal det byggast 24 bueiningar, i samarbeid med Indre Salten Boligbyggelag, med tilskot frå den nasjonale bustadsatsinga. Åtte leilegheiter er snart ferdigbygde, åtte er under bygging, og åtte under planlegging. Heile 16 leilegheiter er allereie selde. Leilegheitene vil bidra til større variasjon i bustadtilbodet i Sørfold, som elles er prega av einebustader.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret  formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av prosjektavslutninga.