Bustadsatsing i Tolga

Folketalsutviklinga i Tolga kommune har vore negativ dei siste ti-åra, men internasjonal tilflytting har bidrege til at nedgangen har flata ut. For å få fleire til å bli, satsar kommunen på bustadutvikling.

Tolga er ein landbrukskommune i Hedmark, midt mellom regionssentra Tynset og Røros. Kommunen er stor i utstrekning, men liten i folketal. Omlag 1675 innbyggarar var busette i Tolga i 2013.

Liten, usikker og stagnerande bustamarknad

Bustadmarknaden i Tolga har dei same kjenneteikna som i mange andre distriktskommunar: den er forholdsvis liten, prega av usikkerheit og dels stagnerande. Statistikken over bustadutviklinga i Tolga viser jamn, men nokså låg aktivitet, i gjennomsnitt blir det igangsett omlag tre bustader i året. Dei siste 10 åra er det kun omsett einebustader i kommunen.

Samstundes syner kommunen til erfaringar frå tidlegare utviklingsprosjekt og arbeidet med tilflytting frå Nederland at Tolga har mykje å by på som bustadkommune. Her er rike mulegheiter for aktivt frilufts- og kulturliv, og her er eit aktivt gründermiljø.

Kommunen ønskjer å ta i bruk desse kvalitetane og utvikle Tolga til å bli ein attraktiv bustadkommune, både for internasjonale tilflyttarar og andre. Dette er bakgrunnen for at kommunen har søkt på og deltek i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene».

God oversikt over bustadsituasjonen

Gjennom dei siste åra har kommunen sett i gong arbeid og utgreiingar som gjev god oversikt over bustadsituasjonen. Mangelen på utleigebustader er eit sentralt trekk ved bustadtilbodet, noko som gjer tilflyttingsarbeidet vanskeleg. Kommunen erfarer, som så mange andre stader, at tilflyttarar ønskjer å leige bustad først.

Det gjeld også internasjonale tilflyttarar. Kommunen ønskjer også legge til rette for busetting av flyktningar, og har behov for fleire bustader som legg til rette for det. Tiltak som rettar seg mot ein betre fungerande utleigemarknad vil soleis vere sentral del av det bustadpolitiske arbeidet.

Attraktive buområde på landbruksjord

Kommunen ser også behov for å rullere arealdelen i kommuneplanen, for å jobbe fram meir areal som er attraktivt for bustadutvikling. Tolga peikar på dialogen med fylkesmannen som avgjerande for å få dette til. Særleg er kommunen oppteken av å finne løysingar på korleis det kan tilretteleggast for fleire kårbustader på gardar/landbrukseigedom.

Breitt samspel om løysingar

Tolga kommune ønskjer å jobbe langsiktig med bustadutviklinga og har teke initiativ til ei breitt samansett gruppe med representantar frå entreprenørar, lokal bank, kommunalt servicetorg, og administrativ og politisk leiing i kommunen. Gruppa diskuterer og legg premissar for korleis bustadpolitikken skal formast og utviklast framover.

For kommunen er det eit mål i seg sjølv å byggje betre kunnskap om korleis ein best kan samarbeide med eigedomsselskap, entreprenørar og finansinstitusjonar, bl.a om marknadsføring av bustadtilbod.

Tilskot frå nasjonal bustadsatsing

I 2012 fekk Tolga tilskot frå den nasjonale bustadsatsinga, til å realisere totalt seks prosjekt, med mål om å få bygd fire eigebustader og seks leigebustader. Pr. 2013 er det gitt tilskotsmidlar til eitt leilegheitskompleks med tre utleigeeiningar, og til private hushaldningar som har bygd einebustader, også med utleigeeining. Både tilflyttarar og folk som allereie var busette i kommunen, har fått tilskot.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret  formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av prosjektet.