Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

«Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar» handlar om by- og tettstadutvikling. Heftet drøftar ulike dilemma, og presenterer gode arbeidsmåtar for småbyar og tettstadar som vil bli attraktive stadar å bu, besøke og drive næring frå.

I arbeidet med å utvikle attraktive stader å bu, besøke og drive næring i må kommunar og regionar ta omsyn til grunnleggande prinsipp for berekraftig by- og tettstadutvikling. Desse prinsippa gjeld uavhengig stadens storleik, med samstundes er det viktige skilnader mellom store og små stader. Strategiar og løysingar må tilpassast lokale tilhøve.

Dilemma, gode grep og dømer

Heftet skal også bidra til lokale og regionale drøftingar om samanhengar mellom attraktivitet og berekraft, og korleis mindre stader kan gjere gode grep for å lukkast med ei framtidsretta tettstadutvikling og styrkt attraksjonskraft.

I heftet vert fleire problemstillingar drøfta, og det vert presentert gode grep for korleis ein kan møte desse. Kvar problemstilling er supplert med eit døme frå sin småby eller stad som har arbeidd med tilsvarande utfordringar. Følgande ti dilemma vert belyst i heftet:

Bakgrunn for heftet

Attraktiv og berekraftig by- og tettstadutvikling har vore eit aktuelt tema dei siste åra. Statlege satsingar som Fremtidens byer har bidrege til styrkt kunnskap og erfaring. Fokuset har til no vore på storbyen, med storbyens kontekst som utgangspunkt for drøftingar.

«Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar» er ei oppsummering av førebudde notat og drøftingar med inviterte fagmiljø under eit arbeidsseminar, hausten 2015. Gehl architects har gitt innspel til arbeidsseminaret og står for den faglege samanstillinga av heftet. Distriktssenteret har bidrege med tekstar og døme henta frå eit utval mindre stader, som illustrerer utfordringane som heftet drøftar.

Sjå foredrag, presentasjonar og notat frå arbeidsseminaret

Attraktive bærekraftige bomiljø i småbyen
Alf Waage – prosjektleiar, Norske Arkitekters Landsforbund

Lysark frå Attraktive, bærekraftige bomiljø i småbyen – Hva har Framtidens bygder lært oss?

Mer med mindre – attraktiv småby med menneska i sentrum
Ewa Westmark – partner, Gehl Architects

Lysark frå Mer med mindre – attraktiv småby med menneska i sentrum

Bærekraftig transport i en rural kontekst
Andreas Tønnesen, seniorforskar Transportøknomisk Institutt (TØI)

Lysark frå Bærrekraftig transport i en rural kontekst

Døme frå kommunar som har gjort gode grep

Arealplanlegging for betre tettstadutvikling – Bærekraftig byutvikling i Fosnavåg
Jarl Martin Møller, utviklingsleiar Herøy kommune i Møre og Romsdal

Tette, grønne og blå bumiljø i Bø
Kristin Karlbom Dahle, arealplanleggar Bø kommune

Notat til arbeidsseminaret

I forkant av arbeidsseminaret fekk deltakarane tilsendt to notat:

Attraktive, bærekraftige bomiljø i småbyen
Norske Arktitekters Landsforbund

Mer med mindre
Gehl Architects