Ein ”rurban” identitet

Dilemma: Konkrete strategiar og planar for å skape attraktive og levande småbyar er i tida, men desse planane, blir ofte møtte med førestillingar om at dei urbane kvalitetane ikkje er noko som høyrer heime i småbyen.

Dei siste tiåra har det skjedd endringar i bumønsteret; småbygder har vakse seg til mindre tettstadar. I dag bur meir enn 80 prosent av innbyggjarane i tettbygde strøk og tettstadar. Folkeveksten er størst i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og storbyområda, men også mindre tettstadar opplever ein auke i talet på innbyggjarar.

På grunn av at vi manglar erfaringa med å bu tett saman, blir førestillingane om det urbane noko diffus og vanskeleg å gripe tak i. Konsekvensen kan ofte bli at nye visjonar og strategiar, med det målet å skape attraktive og berekraftige småbyar, blir møtte med ein viss skepsis.

Grafikk som viser folk og hus.

Gode grep: Dialog om bykvalitet i menneskeleg skala. Grafikk: Gehl Architects.

Kva er dei urbane kvalitetane? Mange vil assosiere urbanitet med høge bygg, fortetting
og kafékultur. Urbanitet handlar i høg grad om nærleik mellom menneska, og behøver ikkje bety bygningshøgde og tetthet. Såleis kan ein også oppleve urbane kvalitetar i småbyen.

Når ein bur i eit lite bysamfunn omkransa av stor natur og mykje ”ledig” areal, kan det kjennast framandt å snakke om behovet for å fortette sentrum og utnytte areal og fasilitetar meir effektivt. I takt med at bygder veks til småbyar, melder det seg ein del spørsmål:

  • Kva vil det seie å leve i urbane omgjevnadar?
  • Kan desse kvalitetane sameinast med tidlegare bygdeidentitet og – kultur?
  • Kva slags kvalitetar og særtrekk med småbyen ønskjer vi å ta vare på, og korleis skal dei smelte saman med urbane kvalitetar?

Alle er opptekne av å ha eit godt tenestetilbod, ein variert detaljhandel og eit sentrum prega av liv og aktivitet, der ein møter folk og kan vere sosial. Det er difor mykje som tyder på at det er omgrepet og ikkje nødvendigvis løysingane, som er framande. Det finst fleire gode eksempel på at små bygder har utvikla seg med utgangspunkt i fordelane staden har frå naturen si side.

Etablere nye møteplassar

Generelle endringar og utfordringar i samfunnet påverkar ikkje berre storbyane, men også måbyane. Det gjeld behovet for miljøriktige strategiar og løysingar, men det gjeld også behovet for å etablere nye felles møteplassar, der alle – også det aukande talet innvandrarar – kan møtast.

Attraktiv og berekraftig småbyutvikling er ein fordel når det gjeld å trekke til seg folk og ressursar, i tillegg til å behalda dei som alt bur i småbyen.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Erfaringsutveksling – ikkje berre mellom småbyar, men også mellom små- og store byar.
  • Fokus på visjonsfase, som også inneheld diskusjonar om samfunnsutvikling i breiare perspektiv.
  • Sosio-kulturell stadanalyse, som forankrar byutviklinga i ein bestemt lokalitet, og synleggjer bykvalitetane, som innbyggjarane opplever som viktige.
  • Definere urbanitet ut frå dei verdifulle kvalitetane innbyggjarane set pris på i småbyen, og ikkje berre leggje vekt på kor høge bygningane kan vere og kor tett dei skal stå.
  • Noreg har ikkje den same, lange byhistoria som mange andre europeiske land. Nordmenn har dermed ikkje den same tradisjonen og erfaringa med å bu tett saman.

Døme: Svolvær – frå fiskerihovudstad til urban by

Svolvær med 9.250 innbyggjarar, er den mest urbane og tettaste småbyen i Lofoten, Nordland. Samstundes er den storslåtte naturen sterkt nærverande i det urbane bybiletet. Dette gjer staden attraktiv både for innbyggjarar og turistar. Det er eit uttalt mål at det skal bu menneske i sentrum, og folkesetnaden skal spegla mangfaldet i byen, gjestfridom og dynamikk. Det blir difor lagt vekt på at også unge og barnefamiliar skal kunne bu i sentrum.

Sentrum har dei seinare åra fått mange nye bustadar. Kommunen har lagt vekt på høg utnytting av bygningsvolumet langs bryggja i sentrum, med næring i første etasje og leiligheiter over. Gamle sjøboder er restaurerte, tekne vare på og blir brukt av restaurantbransjen. Kaféar og butikkar vender ut mot torget, som er hjarta i byen.

Lyssatte fiskehjell. Foto.

Lyssatte fiskehjell i Svolvær. Foto: Roy Størkersen.

Det intime og tette sentrumet er med på å gi staden eigenart og identitet. Samstundes som det blir satsa på det urbane, beheld ein det unike og særprega, med naturen som bakteppe. Tradisjonelle maritime næringsverksemder er ein viktig del av bybiletet, saman med dei lokale fiskebåtane som ligg til kai ved torget. Lyssetjing av fiskehjellene på kvelden er eit eksempel påkunstnariske uttrykk som byggjer opp om den stolte identiteten til staden, og som bidreg til at historia om byen og folket i Lofoten held fram som noko meir enn eit kulturminne.

Svolvær har valt miljøriktige strategiar og løysningar. Offentlege bygg og servicefunksjonar som skular, kulturskule, bibliotek og nytt kombinert kulturhus og hotell har fått sentral plasseringi sentrum. Dette er viktige grep for å sikre at sentrum blir brukt av ungdom i kvardagen,og at bygningsmassen opnast for fleirbruk og synergi. Kjøpesenter og volumkrevjande handel er lokalisert heilt inne i sentrumsområdet. I sentrum er det gang- og sykkelavstand til det meste.