Introverte småbyar

Dilemma: Ein attraktiv og berekraftig småby er avhengig av godt samspel med andre byar og tettstadar, men samarbeidet kan vere vanskeleg dersom byane konkurrerer om tilflytting, nyetableringar og handel.

Dei regionale ressursane

I dag lever dei aller fleste det ein kan kalle ”regionale liv”. Dei studerer eller arbeider på ein stad, bur på ein annan stad og tilbringer deler av fritida på ein tredje stad. Det er viktig å ha denne livsforma, rørslene og dynamikken i tankane når ein skal utvikle attraktive og berekraftige bymiljø. Byar, uansett storleik, er ikkje isolerte einingar. Dei er ein del av ein region, og blir dermed i ulik grad, påverka av andre. Kunnskap om akkurat dette er ei viktig føresetnad for moglegheitene småbyen har til utvikling.
Internkonkurranse svekkar

Mange småbyar opplever at det er vanskeleg å etablere regionale samarbeid. Dei konkurrerer om dei same investeringane. Konkurransen handlar ofte om kva slags byar som kan tiltrekkje seg flest handlande, og kor dei nye arbeidsplassane skal etablerast. Handel og næring utgjer naturleg eit viktig grunnlag for at småbyen skal utvikle seg og overleve, men konkurransen øydelegg for samarbeid om mange andre viktige forhold som: overordna lokaliseringsspørsmål,parkering og kollektivtransport, og erfaringsutveksling omkring gode verktøy og løysingar innanfor det kommunale planverket.

Gode grep: Regionalt samarbeid som kan synleggjere rolla til den enkelte byen.

Gode grep: Regionalt samarbeid som kan synleggjere rolla til den enkelte byen.

Det regionale samspelet

Attraktive og berekraftige bumiljø

Denne artikkelen er henta frå heftet Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Framside av rapport - Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Varierte og tett integrerte bu- og arbeidsmarknadar styrkar utviklinga i småbyen og i regionen. Mykje tyder på at behovet for større rbeidsmarknad vil auke, fordi næringslivet har behov for spesialkompetanse og fordi arbeidstakarar med høgare utdanning, stiller krav til jobbinnhald og mogelegheiter for jobbskifte. Regionar blir større på grunn av betre kommunikasjon og pendling.

Men pendling har også konsekvensar; både for menneske og miljø. Viktige spørsmål å stille i denne samanheng, er korleis eit sterkare regionalt samspel og samarbeid kan møte slike ulemper. Det er viktig med felles strategiar og satsing for heile regionen. Dei involverte må bli samde om bruk av lokale og regionale verkemiddel.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Utvikle regionale strategiar og visjonar i samarbeid med andre småkommunar
  • Dyrke fram nye regionale nettverk mellom kommunar, organisasjonar og verksemder på tvers av geografiske grenser med fokus på tema som næringsutvikling, turisme, utdanning, etc.
  • Klare statlege og regionale retningsliner for midlar til utvikling av lokale og regionale sentrum
  • Styrke den kommunale rolla som høyringspart i høve til regionale strategiar og planar
  • Innføre det regionale perspektivet i kommuneplanae
  • Identifsere og satse på regionale tilvekstmotorar
  • Arbeide for å gjere regionen større for å gjere ressursane meir tilgjengelege

Samspelkultur i byregionen Sogndal

Utviklinga av Sogndal, Sogn og Fjordane, skjer ut frå ei klårt definert regional rolle som regionsenter med utdannings- og studietilbod, handel – og servicefunksjonar for regionen Sogn. Samstundes har omlandskommunane Luster og Leikanger sentrale roller i veksten av regionen. Leikanger er administrasjonsstad for statleg og fylkeskommunal forvaltning. Luster er ein sterk næringskommune.

I dag er det eit utstrakt tenestesamarbeid, og gjennom det nasjonale Byregionprogrammet skal dette utviklast med strategiar for stadkvalitetar og dynamikk mellom stadane med tanke på å styrke dei enkelte stadane og auke den samla aktiviteten i regionen

Regionalt samarbeid skjer også på prosjektnivå, der ein gjennom samarbeid på tvers av miljø
og fagområde utviklar ein samspelkultur. Fosshaugene Campus er eit slikt døme. I og rundt fotballarenaen til elitedivisjonslaget  Sogndal, lever fotballklubben saman med idrettssenter, høgskule, vidaregåande skule, forsking, næringsapparat, private bedrifter og inkubatorverksemder. Synergiane i bygga veks i takt med bygga, og snart kjem endå eitt. Det bygget skal mellom anna huse det kommunale næringsapparatet, offentlege innovasjonsmiljø og eit blomstrande gründermiljø. Mange i miljøet er unge voksne som flyttar til regionen.

Flyfoto av Fosshaugane Campus - fotballbane, idrettshall. Sogndalsfjorden i bakgrunnen.

Fosshaugane Campus.
Foto: Falkeblikk AS