Parkering dominerer

Dilemma: I småbyar og tettstadar er det ofte ikkje andre mogelegheiter enn å ta bilen inn til sentrum. Mange og spreidde parkeringsplassar står i konflikt til utvikling av levande sentrum der folk trivst.

Spreidd parkering

Det er eit utbreidd fenomen i mange småbyar at bilane er spreidde og står parkert over alt. Det fører til at bybiletet er dominert av parkerte bilar – og biltrafikk. Folk er vande med å parkere bilen ved den første stoppestaden for deretter å ta bilen vidare til neste, sjølv om det i realiteten er snakk om korte avstandar. Parkeringsplassar over alt i sentrum er med på å halde oppe ein slik praksis, fordi folk opplever at dei ikkje blir oppmoda til å gå mellom dei ulike plassane. Langt frå alle parkeringsplassane i småbyen blir brukt til alle tider av døgnet. Desse areala representerer ein unytta ressurs.

Parkeringsproblematikken representerer ei stor uro for mange; ikkje minst i detaljhandelen som meiner at bilparkering er ei føresetnad for å overleve. Det er ikkje mykje kunnskap i dag om eventuelle samanhengar mellom handel og transport i ein småbykontekst. Derimot har CIENS gjort en undersøking, som syner at det er ikkje mangel på parkeringsplassar som legg sentrum aude, men konkurransen mellom sentrum og kjøpesenter utanfor byen.

Grafikk

Gode grep: Konsentrere og optimalisere parkeringsareal. Grafikk: Gehl Architects.

Undersøkingar TØI har gjort i Trondheim, syner følgjande samanheng mellom handel og transport: Kjøpesenter er basert på bilbruk, medan kollektivreisande handlar i sentrum. Satsing på sentrum vil vere eit viktig tiltak ut frå eit klimaperspektiv, og vil også gjere småbyen meir attraktiv å bu i. Når det gjeld samanhengen mellom forbruk og transportform, syner undersøkinga at bilistar handlar mest for kvar handletur, men at andre trafikantar handlar oftare – og at dei dermed samla sett legg att meir pengar for kvar månad eller år.

Gjer gåturen til ei positiv oppleving

Gåavstanden mellom parkering og endestopp er ikkje ein absolutt storleik, men kan påverkast av korleis strekninga er. Gir gåturen positive eller negative opplevingar undervegs? Moment som trekkjer ned er om det er lang ventetid når vegar skal kryssast, om det er ein omveg eller om det er kjedeleg; rett og slett mangel på sanseinntrykk. Utforming av ein meir attraktiv gangveg kan difor vere med å redusere behovet for spreidd parkering i småbyane.

Attraktive og berekraftige bumiljø

Denne artikkelen er henta frå heftet Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Framside av rapport - Attraktive og berekraftige bumiljø i småbyar

Samarbeid om parkeringsareal

Det er behov for ein meir proaktiv åtferd i høve parkering. Mange butikkeigarar og andre private eigendomseigarar, ønskjer parkering tett på butikk og bygningar. I småbyar med mykje av parkeringsarealet på private hender, kan det vere vanskeleg å utvikle delar av slike område til attraktive byrom eller fortette med nye bygningar. Ein parkeringspolitikk som gir klåre retningsliner for forvaltning og bruk av parkeringsarealet kan vere eit tiltak for meir attraktive byrom. Vidare er det behov for fleire fellesløysingar, slik at parkeringa i mindre grad blir bestemt av kvar den enkelte tykkjer det passar best å sette frå seg bilen.

Tiltak, arbeidsmåtar og verktøy

  • Utvikle nye utformingar på parkeringsplassar, med fokus på behova til fotgjengarar
  • Gi mogelegheit for fleksible parkeringsplassar, som kan ha ulike funksjonar gjennom døgnet eller året – alt etter behov
  • Eksperimentere med ulike former for parkeringsrestriksjonar og måle effekten
  • Etablere foreningar/partnarskap, som kan skape felles parkeringsløysingar og forbetringar av byrommet til fordel for eit meir aktivt byliv
  • Integrere parkeringsplassar i byggeplanar
  • Etablere parkeringsfond
  • Etablere attraktive nettverk for gåande og syklistar i sentrum

Døme: Iveland bygger landsby med bilfri sone

Skal vi byggje tett og ha det bilfritt på tunet, må bilane under jorda.

Gro Anita Mykjåland, ordførar i Iveland

Iveland, med 1300 innbyggjarar, har klare strategiar for tettstadsutviklinga i kommunesenteret Birketveit. På ei vel fire dekar stor tomt utviklar dei bustadar, næringslokale og offentlege funksjonar; som et landsby-tun. Og under tunet: Ein parkeringskjellar med 24 parkeringsplassar. Målet er at fleire kan bu slik at daglege gjeremål kan nåast til fots eller på sykkel.

Satsinga inkluderer også meir bruk av el-bil og el-syklar. Parkeringstilbodet er knytta til leilegheitene i landsbykonseptet – mange leilegheiter blir selde med ein plass i parkeringskjellaren. Iveland kommune har forskotert kostnadane med infrastruktur og parkeringskjellar. Dette blir betalt ned etter kvart som leilegheitskjøparar flyttar inn. Parkering under landsbytorget har frigjort areal som skal utviklast til eit bilfritt park- og torgområde. Her er det planlagt møteplassar for både bebuarar, innbyggjarar og andre.

Trygge og bilfrie bu- og opphaldsmiljø midt i sentrum, nært knytta til matservering, opplevingar og gode leikemulegheiter er viktige kvalitetar. Det er alt positive resultat: 15 leilegheiter i landsbykonseptet er selde, og mange barnefamiliar har flytta inn. I dei nye næringslokala har daglegvarebutikken etablert seg, med auka omsetnad på 40 prosent det første år. I tillegg er det kome nye tilbod; ein interiørbutikk, og ein etterlengta kafé. Folkebiblioteket, som tidlegare heldt til i 3.etasje i kommunehuset, er også flytta inn i dei nye lokala.

Bilde av landsby-tun. Foto.

Foto: Iveland Eiendomsutvikling.