Fagområde: Stedsutvikling

Boligetablering i distriktene

“Boligetablering i distrikta” var ei tre-årig satsing i perioden 2012-2014, med mål om å utvikle kunnskap og prøve ut tiltak for styrkt bustadetablering i distriktsområde.

Satsinga inneheldt eit kompetanseprogram, med eit kommunenettverk, og søkbare tilskotsmidlar til deltakarkommunane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet stod bak satsinga, med Husbanken som fagleg ansvarleg. Distriktssenteret deltok i det faglege nettverket, og har hatt ei rolle i å utvikle og dele kunnskap om boligetablering i tynne bustadmarknader. Satsinga er godt dokumentert i veiviseren.no – ei tverrsektoriell nettside for bolig og tjenesteomdrådet.

Bakgrunn for satsinga

Eit godt bustadtilbod er ein sentral føresetnad for rekruttering av arbeidskraft, tilflytting og at fleire blir buande på ein stad. Samstundes er bustadtilbodet i distriktsområde generelt lite variert, og ofte med få bustader tilgjengelege. Tilbodet møter ikkje behov og ønskje. Marknaden og tilbodet utfordrar bustadutviklinga, særleg når det blir forventa at det skal vere både billeg å byggje og enkelt å finne seg ein stad å bu på bygda.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet gjorde Norut i 2010 ei analyse av bustadmarknaden i typiske distriktsområde. Analysa synte at omlag halvparten av norske kommunar har bustadmarknader som er kjenneteikna av å vere små, usikre og stagnerande.

Analysa stadfesta ein bustadsituasjon i distriktskommunar med lite nybygging, blant anna som følgje av krava til finansiering og frykt for økonomisk risiko. Samstundes er mange hus ikkje lenger brukande som heilårsbustad, ut frå standard eller lokalisering. Analysa understreka også utviklinga av at stadig fleire bustadhus blir feriehus. Eit anna gjennomgåande kjenneteikn er mangelen på utleigebustader og ein lite fungerande leigemarknad. Dette er erfaringar frå distriktskommunar over heile landet.

12 kommunar deltok i satsinga

I kommunenettverket deltok 12 kommunar, frå ulike deler av landet. Kommunane hadde alle små, usikre og dels stagnerande bustadmarknader. Andre felles kjenneteikn var utfordringar knytt til kompetanse og kapasitet i utviklingsarbeid.

Les meir om lokale utfordringar, tiltak og strategiar for kvar enkelt kommune.

I perioden 2012-2014 deltok 12 kommunar i den nasjonale satsinga. Målet var å stimulere til bustadbygging og auke kompetansen på kva som skal til for å få til ein betre fungerande bustadmarknad. 

Konklusjonen frå satsinga er at kommunane bør ta ei aktiv bustadpolitisk rolle, og ta initiativ til samarbeid med private aktørar om bustadforsyning. I ein marknad med liten privat investeringsvilje, er kommunens ansvar for den heilskaplege bustadpolitikken svært viktig. For å trekke til seg fleire innbyggarar og gje eit godt bustadtilbod til ulike befolkningsgrupper, treng distriktskommunane eit meir variert tilbod.

Husbanken gjev kommunane råd om å skaffe seg god oversikt over eksisterande bustadmasse og bustadmarknaden i kommunen, særlig utleigemarknaden. Det er også viktig å kartlegge tilstand og behov for kommunale bustader.

Den tre-årige satsinga Boligetablering i distriktene blei følgjeevaluert av rådgjevingsfirmaet Rambøll, med undervegsevaluering og sluttrapport.