Fagområde: Inkludering Tilflytting

Kom til Nome!

Eit treårig bulystprosjekt som tek sikte på å gjere Nome i Telemark til ein god og attraktiv kommune å bu i

«Kom til Nome!» er eit utviklingsprosjekt som tek sikte på å gjere Nome i Telemark til ein god og attraktiv kommune å bu i – særleg for dei som veks opp der. Nokre stikkord for prosjektet er lågterskelkultur, inkludering, ein ”eldsjelbank”, oppretting av ein serveringsstad og bustadutvikling.

Prosjektet spring ut av eit treårig tilflyttingsprosjekt der viktige mål var å rekruttere utanlandske arbeidstakarar til næringslivet og skaffe hus og tomter til tilflyttarar. Med ”Kom til Nome!” går utviklingsarbeidet vidare i nye retningar.

Folketalet i Nome har gått jamt nedover gjennom fleire år. Med utgangspunkt Telemarksforsking sin Attraktivitetspyramide, der vekst blir forklart ut frå attraksjonsfaktorane bustadbedrift og besøk, har Nome delt innsatsen i Bulyst-prosjektet inn i Min Bolig, Mitt Arbeid og Mitt Nome. Prosjektet har til saman 8 medarbeidar i ulike stillingsprosentar. Alle har fått den same opplæringa i PLP-metoden.

I lag med arbeidsgrupper har delprosjektleiarane og dei andre medarbeidarane ansvar for å setje aktivitetane i delprosjekta ut i livet. Kultur- og næringssjefen er prosjektansvarleg, medan prosjektkoordinatoren driv overordna koordinering, rapportering og lagbygging. ”Kom til Nome!” har òg ei styringsgruppe.

Mitt Nome

Mitt Nome er eit forsøk på å gjere noko med den splitta stadidentiteten som kjenneteiknar kommunen. Nome kommune blei til då Lunde og Holla blei slegne saman i 1964. Kommunen har framleis to sterke bygder. Litt av utfordringa ligg i at Ulefoss og Lunde i fleire hundre år har hatt ulikt næringsgrunnlag og dermed heilt forskjellige kultur. Medan Ulefoss har ei lang histories som industristad med store godseigarar, er Lunde prega av jordbruk og bondekultur. Folk i Nome innser at den splitta og negative stadidentiteten i kommunen er til hinder for tilflytting.

Bulyst-prosjektet tek sikte på å gjere noko med haldningsproblemet. Tilnærminga ein har valt, er mellom anna å gje fritidstilbodet til dei som veks opp i Nome eit merkbart løft. Slik håpar ein å gjere unge dei meir stolte av heimkommunen og det som skjer der.

Hjerterommet

Den første av to tiltakspakkar, ”Hjerterommet”, går i korte trekk ut på å gjere Ulefoss samfunnshus meir eigna som møteplass for ulike aldersgrupper og som arena for kulturformidling. Gjennom konkrete tiltak får samfunnshuset frå 1970-åra eit estetisk løft, nytt innhald og nye bruksmåtar. Kommunen står for investeringa, medan Bulyst-midlane går til stillingar.

Vestibylen måler 400 kvadratmeter og har vore ”en folketom korridor og et yndet sted å ’henge’ for ungdom som ikke har noe mer attraktivt tilbod”. Gjennom prosjektet blir den sentralt plasserte vestibylen – tenkt som ”hjarterommet” i huset og kommunen – bygd om for å gjere samfunnshuset meir innhaldsrikt og triveleg. Ein del av arealet er sett av til utstillingar og små, uformelle kulturskulekonsertar som har vist seg å vere meir omtykte enn dei tradisjonelle elevkonsertane i kultursalen.

Ein skranke med kiosk og kafé blir etablert i ein annan del av gangen. Tankegangen er at det skal vere enkelt å arrangere møte i vestibylen, eller berre slappe, treffe vener og gjere lekser. I tillegg får ungdomsklubben og fritidsklubben for funksjonshemma nye lokale rett overfor kultursalen. Arealet skal mellom anna omfatte klatrevegg, biljard og bordtennis.

Tomrommet skal også gjerast til eit ”kreativt rom” gjennom å auke kulturtilbodet i bygget. Med oppgraderinga kjem det på plass eit kulturelt lågterskeltilbod med familieaktivitetar, konsertar og utstillingar. Kulturskulen skal fylle ”Hjerterommet” og samfunnshuset med kompetansen sin på ein litt utradisjonell måte. Dei står mellom anna for kor, bandøvingar, babysong og konsertar. Alt er gratis og lett tilgjengeleg, ettersom målet er at fleire skal nytte seg av kulturtilbodet.

Ildsjelbanken

”Det skal vere gjevande å vere frivillig”, er haldninga som ligg til grunn for den andre tiltakspakken i Mitt Nome. Ildsjelbanken er eit konsept som skal styrke koplinga mellom kommunen og frivillige og mellom ulike deler av det frivillige livet i Nome. Både Ulefoss og Lunde har mange eldsjeler, og Nome kommune ser svært positivt på det dei tilfører kommunen av festivalar, arrangement og fritidstilbod.

Ut frå tilbakemeldingar og eit ope møte med lag og organisasjonar, er det blitt klart at mange tykkjer det er krevjande å rekruttere medlemmer og organisere arrangement. Kommunen har difor bestemt seg for å tilby meir koordinert og praktisk retta bistand enn før.

Ildsjelbanken tilbyr rettleiing, kompetanseheving og hjelp til å byggje nettverk på tvers av tettstader, alder, nasjonalitet og organisasjonsgrenser, mellom anna for å støtte arrangementa som er med på å marknadsføre Nome som ein god kommune å bu og vekse opp i. Ildsjelbanken, under leiing av ein ”banksjef” i halv stilling, forvaltar òg ein pott på 300.000 kroner i stimuleringsmidlar. Tanken er at eldsjeler, lag og foreiningar skal kunne søke om mindre summar til tiltak og arrangement utan at det inneber ein stor administrativ innsats.

I tillegg til dei klassiske eldsjelene, har Ildsjelbanken ein integreringsdimensjon. Både innvandrarar, tilflyttarar, fattige barn og eldre er viktige målgrupper. Målet er at det frivillige livet skal vere tilgjengeleg for alle. Barnefattigdom er eit ganske utbreidd problem i Nome, og Ildsjelbanken har t.d. arrangert ei gratis aktivitetsveke i vinterferien for barn og unge som ikkje reiser til Syden eller til fjells med familiane sine. Transport til og frå Ungdomskulturuka (UKU) er ein del av tilbodet.

Mitt Arbeid

Delprosjektet Mitt Arbeid handlar om kvinnelege gründerar, integrering av innvandrarkvinner og vidareutvikling av ein etterlengta serveringsstad og møteplass i eit verna kulturminne på Ulefoss. Øvre Verket Spiseri er etablert med midlar frå mellom andre Kommunal- og regionaldepartementet. Restauranten ligg i eit idyllisk tun omkransa av gamle arbeidarbustader som har vore freda sidan 1982.

Fram til 2009 arbeidde kommunen for å få i gang restauranten i Stavåsens Hus. Det siste leddet i arbeidet, reisinga av eit nytt restaurantbygg med baksteomn tett ved det freda kulturminnet, måtte utsetjast til Bulyst-prosjektet som starta opp i 2011.

Restaurantbygget er eit nybygg som skal styrke Øvre Verket som reisemål. Mellom anna er planen at restauranten skal bli eit knutepunkt i satsinga Drømmemila i regi av Telemarkskanalen regionalpark og Nasjonal sykkelrute 2. Eit større bygg med høve til å servere bussgrupper skal også sikre det økonomiske grunnlaget for drifta ved Øvre Verket Spiseri.

I tillegg er nybygget ein føresetnad for å arbeide med integrering av innvandrarkvinner og gründeropplæring knytt til matproduksjon. Aktivitetane vil bli fordelte utover året slik at drifta står i fokus om sommaren og innovasjon og integrering elles i året. Kommunen tek i bruk fleire arenaer for integrering og innovasjon, og Øvre Verket skal bli ein viktig møteplass for alle i bygda.

Kulturminnet Øvre Verket skal stå på fleire bein

  1.  Bedriftsutvikling innan småskalamat. Målgruppa er kvinner som har lyst til å starte eller utvikle eigen næring knytt til tradisjonsmat.
  2.  Integrering av innvandrarkvinner via matlaging og utveksling av tradisjonar. Kontakt og gode opplevingar skal bringe innvandrarkvinner saman med kvinner frå Nome og Midt-Telemark. Slik håpar ein å styrke trivselen og lysta til å bu i Nome hjå kvinner som har kome til Nome gjennom Dagsrud asylmottak. Dette tiltaket byggjer på nye former for samarbeid mellom private og offentlege instansar.
  3. Drift av eit bakaromn-konsept, med særleg vekt på sommarsesongen. Aktiviteten og det nye tilbodet kan bidra til at Øvre Verket og Ulefoss blir meir attraktive for fastbuande og besøkande, mellom anna gjennom å styrke ”kaféfaktoren” på Ulefoss.

Også hagen på Øvre Verket er blitt utvikla gjennom eit Grønt reiseliv-prosjekt støtta av Innovasjon Norge. Restauranten kan no servere urter, poteter og salat dyrka i hagen. Mitt Arbeid skal knyte bakeri, spiseri og hage tettare saman.

Min Bolig

Bustadmarknaden i Nome er vanskeleg for folk som vil skaffe seg eller selje bustad. Tanken bak delprosjektet Min Bolig er at kommunen kan endre marknaden til det betre gjennom haldningsarbeid og andre strategiske tiltak. Målet er å snu den negative trenden i bustadmarknaden. Haldninga i Bulyst-prosjektet er: ”Viss vi vil at folk skal flytte hit, bør det vere kjempeenkelt å finne bustader”.

”Kom til Nome!” har lansert ein modell med fem trinn.

  1. Prosjektleiaren for Min Bustad skal arbeide med å finne bustad til tilflyttarar, organisere eit dialogforum og utvikle ein strategisk bustadplan med vekt på kortreiste bustader, miljøbustader og gjenbruk av bustader. Ei viktig oppgåve blir å bygge nettverk i meklarbransjen, kommunen og regionen.
  2. Dialogforumet ”Min Bolig Forum” skal omfatte grunneigarar, utbyggjarar, kommunen og bustadbransjen. Deltakarane i forumet skal bidra til ein langsiktig og realistisk bustadplan. Erfaringar frå Attraktive Midt-Telemark, som m.a. arbeider for grøn fortetting i sentrum, blir trekte inn.
  3. Omgrepet ”Kortreist Bolig” viser til eit prinsipp og mål om å bruke lokale og regionale aktørar i bustadprosjekteringa. Prosjektet vil arbeide for etableringa av eit regionalt firma som kan tilby konsulenttenester innan kortreist bustad-prinsippet i samarbeid med Midt-Telemark Næringsutvikling (MTNU). Prosjektplanen kan ha overføringsverdi for andre kommunar og regionar som arbeider med bustadutvikling.
  4. Min Miljøbolig viser til ein plan om å etablere eit miljøbustadfelt der kommunen går inn med infrastruktur for fornybar energi (jordvarme eller fjernvarme), og der husa skal vere klima- og miljøvenlege. Planen skal utviklast saman med utbyggarar og skal særleg passe for småbarnsfamiliar. Dei første som kjøper, skal få tilbod om å rekruttere andre til feltet mot ei belønning.Kommunen vil òg tilby hjelp til bustadkjøparar og tilflyttarar for å få opp mobiliteten i bustadmarknaden. Hjelpa kan vere å formidle kontakt med lokale handverkarar og entreprenørar eller skaffe konsulenthjelp til restaurering av den spesielle bustadmassen på Ulefoss.
  5. Prosjektleiaren skal utarbeide ei løysing for ein mellombels (ad hoc-) bustad for tilflyttarar som er på jakt etter hus. Der skal ein kunne bu i periodar frå 1 månad til 1 år.

Nye retningar

Halvveges i prosjektet er ein del av planane i Min Bolig blitt endra fordi ein har støytt på uventa problem eller fått nye idear.

  • Det største bustadprosjektet i Nome på femti år er byggjeklart i 2013. Tomtene er dyre og attraktive, med sol og utsikt over Nordsjø. Utbyggjaren er privat. Tanken er at Kvernodden er eit såpass attraktivt bustadområde at det kan trekkje folk som ser regionen under eitt og vil bu i Nome sjølv om dei arbeider ein annan stad i Telemark.
  • Bustadutviklaren har kartlagt både tomme småbruk og utskilde tomter som ingen har bygd hus på. ”Småbruksdrømmen” er eit prosjekt i regi av banken Landkreditt, som går ut på at kundar får lov til å prøvebu på eit småbruk i ein avgrensa periode. Nome har kartlagt sine tomme småbruk og håpar banken vil kjøpe inn eitt av dei for å etablere ein prøvebustad.
  • Eit arbeid med å få reist ein såkalla ”sensorisk bustad” med støtte frå Innovasjon Norge blei lagt vekk i 2013. Kommunen ønskte å byggje, men det blei for vanskeleg. Utgangspunktet var eit ønske om å utforske ein bustadtype som kombinerte universell utforming med miljøvenlege løysingar.
  • Ei avis med namnet ”Min Bolig-forum” blir sendt ut ein gong i kvartalet til alle bustadaktørane i Midt-Telemark. Avisa skal gjere synleg alt som har med temaet bustad å gjere, informere om bustadmarknaden og bidra til meir samarbeid i bransjen. Teknisk etat i Nome skal stå for produksjonen. Dei følgjer mellom anna 2-3 bustadbyggjarar i kommunen for å finne ut kva dei er nøgde og misnøgde med frå kommunen si side.
  • Dei opprinnelege planane om å bygge ein bakaromn i det nye restaurantbygget på Øvre Verket blei skrinlagde etter råd frå ekspertar på bedriftsutvikling. Dei viste til at ein kommersiell restaurantdrivar ikkje bør få for mange føringar når han skal etablere eit nytt konsept. Bulyst-midlane vart også avkorta, og budsjettet blei dermed redusert ved at ein tok ut bakaromnen frå prosjektet. Det finst framleis planar om å bygge ein bakaromn på Øvre Verket som både den nye restauranten og tradisjonsmatprosjekta vil nyte godt av.

Finansiering

”Kom til Nome!” har fått to tildelingar frå Kommunal- og regionaldepartementet si Bulyst-satsing. I 2010 blei eit forprosjekt tildelt 200.000 kroner. Hovudprosjektet, som starta opp året etter, får 2.750.000 kroner i åra 2011-2014. Bulyst-midlane utgjer likevel berre 1/3 av det samla budsjettet i ”Kom til Nome!”. Til saman har prosjektet skaffa nesten 10 millionar kroner i finansiering frå ulike kjelder.

Distriktssenteret har planar om å gjere ei full prosjektkartlegging av Kom til Nome! når prosjektet nærmar seg ei avslutning i 2014.

Hovedmål

Gjere Nome til ein attraktiv kommune for barn og ungdom

Målgrupper

  • Unge voksne
  • Kvinner og innvandrerkvinner i regionen
  • Barn og unge i Nome
  • Frivillig sektor i Nome