Kultur med låg terskel

Vaksen? Spedbarn? Eldre? Barn eller ungdom? Nome har eit kulturtilbod til deg – og det er gratis.

Ved å tenke nytt om eit samfunnshus frå 1979, har Nome kommune i Telemark fått eit rikare kulturtilbod som når fleire. Ulefoss samfunnshus ligg sentralt til i industristaden ved Telemarkskanalen, men det har aldri vore det ordentlege kulturhuset mange ønskte seg. Skulle ein på øving eller trening, måtte ein bruke hovudinngangen i det store murbygget. Innanfor venta «ei kald og utriveleg sluse» – ein gang der ungdommar sat og hang etter skuletid og der yngre barn følte seg utrygge medan dei venta på speletimen sin.

Bygde om vestibylen

No er tomrommet blitt til ”Hjerterommet”. Kommunen er midtveges i eit Bulyst-prosjekt som mellom anna legg vekt på å gjere det betre å vekse opp i Nome. Eitt av mange tiltak er å bruke samfunnshuset på ein smartare måte. Våren 2013 blei vestibylen bygd om for 1 million kommunale kroner. Det har mellom anna gitt ungdomsklubben og fritidsklubben KOMPIS (for menneske med bistandsbehov) eit nytt lokale med etterspurde kvalitetar.

Publikum i Hjerterommet (foto: Nome kulturskole)

Publikum i Hjerterommet (foto: Nome kulturskole)

Nytt og kreativt innhald

Samfunnshuset har òg fått eit utstillingslokale og eit minigalleri ute i vestibylen. Like ved har Nome kulturskole fått eit fast område til uformelle konsertar. Den tidlegare tomme gangen har i tillegg fått kafé og kiosk der ein kan kjøpe billettar til det som skjer i kultursalen. Ungdom kan framleis slå i hel ettermiddagstimar i vestibylen, men no er området koselegare, meir tilrettelagt for lekselesing eller uformelle venetreff, og det er vaksne på jobb i nærleiken.

– Arealet skal vere eit senter for gode aktivitetar, kultur og kreativitet, sa kultur- og næringssjef Eva Rismo då Distriktssenteret var på besøk i februar 2013.

Ei halv stilling løftar kulturen

No som vestibylen er blitt ny, er det kulturskulen som fyller han og resten av Nome med kultur. Det gjer dei ved hjelp av ein pott på 750.000, ein plan for «Kreativt Hjerterom», ein delprosjektleiar og ei halv lærarstilling – men det kan ein få mange aktivitetar ut av.

Den halve stillinga fordeler kulturskulen på ein gitarlærar som organiserer bandøvingar og ein songlærar som tilbyr babysong, gruppetimar i song for ungdom og skolerer barnehagetilsette i musikk. Bandøvingane går føre seg i skuletida, ettersom det er enklare enn å organisere dei gjennom kulturskulen.

Laurdagsunderhaldning

Barn i Nome har fått eit gratis, heilårs laurdagstilbod med aktivitetar som familietrommesirkel og improvisasjonsdans. ”Barnas Hjerterom” har satsa på høg kvalitet. Tilbodet omfattar særleg små førestillingar, aktivitetar og konsertar tilpassa småbarn. I tillegg har Nome hatt ein del arrangement som fengjer ungdommar i den aldersgruppa der mange dett ut av kulturskulen, til dømes ein songkonsert med talent frå Nome, Bø og Sauherad (Midt-Telemark talentfabrikken).

Populære elevkonsertar

”Hjertevarme toner” er ein lågterskelarena der kulturskuleelevar får opptre i ei uformell ramme. Konsertane går føre seg i eit hjørne av den ombygde vestibylen den siste måndagen i kvar månad. Overraskande nok er interessa mykje større enn ved dei tradisjonelle, litt stive elevkonsertane som var norma før. Kulturskuleelevane har vore veldig gira på å vise det dei har lært. Oppmøtet er også overraskande stort, og arrangøren må alltid setje fram fleire stolar. – Ei vitalisering, seier kulturskuleleiaren om påfunnet.

Vaksenkveldar og evergreens

Er du vaksen eller eldre i Nome, får du også ditt. I kultursalen har det vore eigne vaksenkveldar med musikk og servering av fingermat og vin. For dei  eldste i kommunen har ein hatt temakonsertar med evergreens og tango. Slike arrangement kjem i tillegg til Den kulturelle spaserstokken, som har eit visst tilbod for eldre i området.

Utviklande for kulturskulen

I Nome har det skjedd fleire ting dei siste åra som gjer det kjekt å vere kulturarbeidar. Mellom anna er barnetrinnet ved Ulefoss skole med i El Sistema Norge, eit prøveprosjekt der ungane lærer å spele i orkester gjennom instrumentundervisning i skuletida.

Kreativt hjerterom, med dei nye formidlingsformene og aktivitetane, gir dessutan lærarane i kulturskulen ein ekstra arena å arbeide på. Kulturskuleleiaren kan merke at lærarane får stadig større eigarskap til dei nye aktivitetane. I den grad dei hentar kompetanse utanfrå, prøver dei å bruke kunstutøvarar som held til i kommunen eller regionen.

Terskelen er låg

Bulyst-prosjektet ”Kom til Nome!” har både auka trivsel blant barn og unge og innvandrarar (gjennom betre integrering) som mål. Felles for alt det nye som skjer i Nome, er at alle lett skal kunne delta, at stemninga er litt uformell og at det ikkje kostar noko å vere med. Ei åleinemor med stramt budsjett skal kunne stikke innom foajeen i Ulefoss samfunnshus ein laurdag føremiddag utan å ofre laurdagsgodteriet, til dømes. Det siste er eit viktig moment i ein kommune der barnefattigdom faktisk er eit problem, og der økonomien heime viser att i kor vidt ungdom ”er med” eller ikkje når det føregår ting.

Det same Bulyst-prosjektet organiserte i vinter Ungdomskulturuka (UKU) for å gje ungdommane som står utan eit tilbod i vinterferien noko kult å drive med. Transport til og frå heimen var inkludert.

I dag står Ulefoss samfunnshus verkeleg fram som eit hus for heile lokalsamfunnet. I tråd med visjonen til prosjektmakarane i kommunen, er bygget faktisk blitt eit innbydande myldrepunkt der folk i ulike aldrar og med ulike føresetnader får tilgong på gode opplevingar. Kultur med låg terskel har gjort Nome til ein meir attraktiv kommune for dei som bur der og for tilflyttarar.