Lærer å spele i skuletida

Ved Ulefoss skole i Nome får elevane lære å spele instrument i skuletida. Nome er ein av fem kommunar som har innført eit slikt tilbod.

Frå skulestart i 2012 har alle elevane frå 1. – 4. trinn på Ulefoss skole fått lære å spele eit instrument i skuletida. Første og andre trinn får opplæring på fiolin, tredje trinn på kornett og fjerde trinn på trombone. Undervisninga går over to skuletimar kvar veke.

Modell frå Venezuela

Grunnen til at Nome og fem andre kommunar kan tilby eit slikt opplegg, er prosjektet El Sistema Norge, leia av Norsk kulturskoleråd. Prosjektet hentar inspirasjon frå Venezuela, der nær ein halv million born frå fattige familiar i dag får instrumentopplæring og spelar i orkester gjennom ei offentleg finansiert ordning kalla «El Sistema». Resultata i Venezuela er overveldande, både på eit individuelt nivå, musikalsk sett og når det gjeld effekten opplæringa og orkestra for born og ungdommar har hatt i lokalsamfunna. Programmet, som starta opp i 1970-åra, skal ha ført til sterkare samhald og solidaritet i område med mykje kriminalitet og fattigdom.

Sosial utjamning

Sjølv om dei sosiale ulikskapane i Venezuela er langt større enn i Noreg, har Nome mykje barnefattigdom. Kommunen ser difor utjamning av sosiale ulikskapar som ei viktig side ved å ha eit slikt tilbod. «Det er langsiktig tenkning i arbeidet, der musikk brukes som et sosialiseringsverktøy i arbeid med barn», skriv kulturskolerektor Liv Anne Olafsen på Nome kulturskole sine nettsider.

Arbeider med finansiering

Norsk kulturskoleråd og dei fem kommunane har planlagt å tilby brei og gratis musikkopplæring i skuletida i 5-10 år frå no av, men det føreset at finansieringa kjem på plass. Nome kommune valde å gjennomføre undervisningsdelen for skuleåret 2012-2013 av eigne midlar. Ein del av prosjektet kjem til å gå inn i Kulturskoletimen frå hausten 2013. Norsk kulturskoleråd BTV (Buskerud, Telemark og Vestfold) jobbar målretta mot samarbeidspartnarar for å finansiere El Sistema-prosjektet, som dei meiner er kome til Noreg for å bli. «Vi gjer det vi kan for å vidareføre dette gode prosjektet. Eg er overtydd om at prosjektet kan gi musikkopplæringa, det lokale kulturlivet og skulekorpsa våre eit positivt løft framover», seier kulturskulerektoren.

I tillegg til Nome er Øvre Eiker, Nedre Eiker og Larvik med i El Sistema Norge. Tøyen skole i Oslo er òg med (Oslo musikk- og kulturskole).