Fagområde: Stedsutvikling

Samarbeid, spleis og dugnad for sentrumsutvikling

Gjennom spleis, dugnad og samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og næringsliv, vart Valldal kvitt parkeringskaoset og fekk ny park, trebrygge og kaifront.

Foto av en lekeplass med mange mennesker.

Sjølv om kommunen er liten, har krevjande økonomi og det er avgrensa med personressursar i kommunens administrasjon, har kommunesamfunnet greidd å realisere området til glede for både innbyggarar, lokalt næringsliv og besøkande. Foto: Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune

Syltetorget – eit resultat av at mange løftar i lag

Med enkle, men effektfulle verkemiddel har Valldal sentrum i Fjord kommune fått eit attraktivt torg ved fjorden. Det viktigaste grepet var å dele opp den opne flata og skilje parkering frå opphald for folk. Arkitektane frå Cubus nytta eksisterande siktaksar for å strukturere plassen. Syltetorget vart transformert frå ei stor, einsarta parkeringsflate til eit grønt aktivitets- og opphaldsareal mot fjorden, med sitjeplassar og torgboder for sal av lokale produkt. Parkeringsområdet vart strukturert og merka opp på nytt. Dei gamle, gjengrodde rosebuskane vart fjerna, og den nye plassen er meir visuelt tilgjengeleg.

– Syltetorget har gått frå grått og trist til eit flott område med benkar og leikeplass – eit trekkplaster for å stoppe. Det er mykje folk heile sommaren i sentrum. Spesielt at det er eit område for leik genererer mykje besøk. I kombinasjon med butikkane og dei andre tilboda i sentrum skapar det ei levande bygd!

– Randi, sjølvstendig næringsdrivande

I samtalar med innbyggarar og næringsliv kjem det fram at tettstadprosjektet også har gitt dei ikkje-fysiske verdiar. Samhaldet og lagånda som kjem gjennom å realisere prosjekt i lag er vanskeleg å måle, men er med å byggje sosial kapital i lokalsamfunnet. Forteljingane om staden blir positivt påverka av innbyggarane sine erfaringar om at “vi får det til i lag og sjå kor fint vi har fått det her”. Dette speler inn på korleis både innbyggjarar og besøkjande oppfattar staden. Kommunen og næringshagen har også skaffa seg viktige erfaringar med korleis dei saman kan gjennomføre prosessar og prosjekt.

Bilde av et tettsted med blomster i forgrunnen og fjell i bakgrunnen

Foto: Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune

Stadutvikling er meir enn kos og trivsel

Tettstadutvikling kan lett bli oppfatta som først og fremst eit trivselstiltak: Kjekt å ha, men ikkje strengt nødvendig. Det er ikkje uvanleg at prioritering av stadutvikling i kommunen kan bli sett opp mot eksempelvis sjukeheimsplassar. Gode tettstedssentra er i seg sjølv eit gode, men det handlar også om å vinne fram i kampen om kompetansen. For å tiltrekke seg og halde på folk, og få tilgang til kompetent arbeidskraft, er stadkvalitetar og levande sentrum viktig. Lågare attraktivitet for busetting vil kunne gi dårlegare tilgang på arbeidskraft, og ein kan spørje seg om ein har råd til å ikkje prioritere stadutvikling?

Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal laga ein film som beskriv kvifor og korleis fylkeskommunen jobbar med stadsutvikling. Denne filmen inngår som ein del av satsinga opplæring i plan for politikare,  som er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i  Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret.

 

Strategisk stadutvikling med vekt på sentrum

I Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging heiter det at “Kommunen har eit ansvar for trygge og inkluderande lokalsamfunn.» I både store og små byar og tettstader er det viktig å sikre møteplassar og fellesarenaer. Erfaringa i dag, to år etter opninga av Syltetorget i Valldal, viser at området har fått ein viktig funksjon i lokalsamfunnet.

I Valldal har kommunen gjennom dette tettstadprosjektet satsa på sentrum. I ein rapport om mikrourbanisme, kjem det fram at eit sentralt element er at kommunen styrer utviklinga mot sentrum slik at arbeidsplassar, handels- og servicetilbod og bustadar blir samla. Mikrourbanisme er strategisk stadutvikling med vekt på sentrum, der offentlege, næringslivet og frivillige samarbeider om å auke attraktiviteten til mindre tettstadar.

I rapporten kjem det også fram at urbane kvalitetar er viktig for å tiltrekke seg tilflyttarar. I vår samtale med ungdom, folk frå næringsliv og frivilligheit i Valldal understrekar dei at det er veldig positivt at kommunen har satsa på sentrumsutvikling. Syltetorget har fått ein viktig funksjon i lokalsamfunnet og har vorte ein møteplass for folk i alle aldrar og at folk brukar sentrum mykje meir enn før.


Foto: Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Læringspunkt og gode grep

Planar og strategiar som verktøy for prioritering og styring

Tettstadutvikling forankra i kommuneplanen

I arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel førre periode, kom det fram gjennom medverknad at det var behov og ønske om fleire møteplassar. Tettstadsprosjektet kan sjåast som eitt av svara på dette. Både folkevalde og administrasjon erkjenner at dei må samarbeide og samhandle med lokalsamfunnet for å nå kommunen sine utviklingsmål. Planleggar i Fjord kommune Aud Lindis Ødegård formulerer det slik: “Utfordringa er å få til ei systematisk tilnærming med nok og gode nok planar – på rett nivå. Vi treng strategiske planar, og å etablere dei gode modellane for samvirke-løysingar”.

Utviklingsplanen gir strategisk retning

Utviklingsplanen for Valldal er ikkje ein plan etter plan- og bygningslova, men ein heilskapleg strategi som viser utviklingsretning. I Møre og Romsdal har fleire tettstadar utarbeidd utviklingsplanar eller utviklingsstrategiar, og dei hentar blant anna inspirasjon frå byromsstrategiane som etter kvart mange byar har utarbeidd. I Valldal vart det også utarbeidd skisseprosjekt med kostnadsoverslag til dei enkelte delområda. På denne måten skaffa kommunen seg eit godt oversyn både over heilskapen, ulike delprosjekt og økonomiske konsekvensar.

Politisk prioritet over tid

Tettstadsprosjektet har gått over fleire kommunestyreperiodar, men ein har likevel greidd å einast om å prioritere arbeidet over tid. Å få til tverrpolitisk samarbeid som varar over fleire kommunestyreperiodar er ein avgjerande suksessfaktor innan arbeid med by- og stadutvikling, då desse prosessane tek tid og krev prioritet over mange år for å verkeleg sjå resultat.

Fleire vi har snakka med har trekt fram tidlegare varaordførar Viktor Valdal som ein som “over fleire kommunestyreperiodar sørga for å passe på at pengane som var sett av til tettstadutvikling ikkje forsvann til andre oppgåver.” Det er grunn til å slutte at den politiske forankringa for tettstadprosjektet i Valldal var god, då den vart med vidare frå Norddal kommune og over i den nye kommunen (Norddal og Stordal vart til Fjord kommune 1.1.2020).

Dedikerte personressursar og gjennomføringsevne

Personressurs i kommunen

Tidlegare leiar for plan, teknisk og byggesak, Martin Flatmo Hove, var prosjektleiar for tettstadprosjektet i kommunen. Han blir nemnt som ein avgjerande ressurs, som saman med leiar i næringshagen sørga for at prosjektet vart gjennomført. Han hadde avsett ein del av stillinga si til å jobbe med tettstadprosjektet og koordinere dei ulike avdelingane i kommunen. Hove sørga for at dei som skulle involverast i kommunen vart kopla på, og rapporterte jamnleg til formannskapet. Sidan han til dagleg jobba med planarbeid, hadde han fagleg god forståing for rammene til tettstadprosjektet. Erfaring frå andre kommunar viser at det er ein stor fordel om prosjektleiar for tettstadprosjektet er tilsett i kommunen, med avsett tid til formålet. Utviklingsarbeid krev tid og ressursar, og dersom prosjektleiar ikkje har ein definert del av stillinga til dette arbeidet, blir oppgåva lett nedprioritert i høve til andre (særleg lovpålagde) oppgåver.

Gode råd til kommunar som skal gjennomføre tettstadarbeid:

  • Sørg for å få på plass ein dedikert personressurs. Det er en fordel om hen er ein del av kommuneorganisasjonen, og ikkje ein prosjektleiar på sida.
  • Det er viktig å ha kolleger og ein leiar å støtte seg på i det daglege. Når fleire i kommuneadministrasjonen er involvert, blir prosjektet mindre sårbart dersom nøkkelpersonell forsvinn.
  • Knytt gjerne kontakt med folk i nabokommunen som har liknande erfaring.
  • Kontaktperson i fylkeskommunen kan også fungere som ein kollega i arbeidet.

Det er ofte forventa at prosjektleiaren skal ta ansvar for alt. Leiinga i kommunen må sørge for at andre kan bidra der prosjektleiaren ikkje har kompetanse eller eigenskapar som trengst. I Valldal har det vore ei tydeleg rollefordeling der kommunen sin prosjektleiar har hatt handa på rattet i dei kommunale prosessane, medan personressursen i næringshagen har hatt eit særleg ansvar for å mobilisere og koordinere innsats frå næringsliv og innbyggarar.

I samtale med kommunen, både administrasjon og ordførar, næringsliv, frivillige og unge vaksne i Valldal, peikar alle på Terese Jemtegård Moen, som fram til hausten 2023 var dagleg leiar i Fjordhagen næringshage, som heilt sentral. Ho blir oppfatta som ei eldsjel som bidrog til gjennomføring av prosjektet. Moen blir omtalt som ein «racer til å sette i gang og få gjennomført ting, ei som drar lasset og som brenn for bygda». Gjennom kontakta som Fjordhagen har med næringslivet og lokale ressurspersonar, bidrog Moen til at forankring, lokalt eigarskap og sponsormidlar frå lokalt næringsliv kom på plass. (Terese Jemtegård Moen vart valt til ordførar hausten 2023.)

I nasjonale forventninger til kommunal og regional planlegging 2023-2027 seier regjeringa at dei forventar at kommunane nyttar arkitektur som eit verktøy i samfunnsutviklinga og at lokalt særpreg, kulturmiljø og viktige landskapstrekk skal vektleggast i stadutvikling. Fjord kommune har tatt desse tilrådingane på alvor. Gjennom prosjektet i Valldal har bruk av arkitektkompetanse vore nytta heilt frå starten. Kommunen har nytta innleigd arkitektkompetanse og har også lytta til arkitektfaglege råd frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunane har ansvar for å støtte kommunane med kunnskapsgrunnlag og rettleiing som støttar opp under målet om attraktive byar og tettstader. Møre og Romsdal fylkeskommune har over mange år drive rettleiingsarbeid og samarbeid med kommunar i fylket for kvalitetsheving av byrom, gater og plassar i sentrum av kommunesentra:

– I Tettstadprogrammet formidlar vi til kommunane vi samarbeider med at arkitekt/landskapsarkitekt er den beste til å omsette behov til fysiske løysingar. Medverknad og ein god prosess er grunnleggande for å sikre innsikt i behova, men denne kunnskapen krev ei tolking og omsetting til arkitektonisk form.

Ingvild Gjerdset, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Dialog og samarbeid med regionale og statlege mindigheiter frå starten

Ei dør inn til fylkeskommunen

Fast kontaktperson i fylkeskommunen som har bidrege med fagkompetanse og nettverk har vore avgjerande for framdrifta og realiseringa av Syltetorget.

– Utan samarbeidet med fylkeskommunen hadde det ikkje vorte noko av prosjektet.

Martin Hove, kommunens prosjektleiar i tettstadprosjektet

Prosjektleiar i kommunen meiner at kommunen ikkje hadde hatt sjanse utan samarbeid med fylkeskommunen, som har bidrege med kompetanse, aktiv deltaking i prosjektgruppa og medfinansiering.

Kommunen skildrar at det har vore veldig nyttig for dei at Tettstadprogrammet sin representant i prosjektgruppa kunne kople på kontaktpersonar frå andre sektorar i fylkeskommunen, både frå plan, kultur og samferdsel. Statsforvaltar var også inne i bildet knytt til vurderingar kring den krevjande plansituasjonen med ras- og flodbølgjeproblematikk. Kommunen meiner det hadde vore krevjande å forhalde seg til alle dei ulike aktørane i det regionale apparatet om dei ikkje hadde hatt ein fast kontaktperson.

Rettleiarrolla er noko anna enn myndigheitsrolla

Fylkeskommunen har fleire ansvarsområde og utøver ulike roller, både som høyringsinstans, myndigheit, tenesteleverandør, rettleiar og samfunnsutviklar. I by- og tettstadutvikling har fylkeskommunen ei viktig rolle som pådrivar, kunnskapsformidlar og bindeledd mot departement og nasjonale fagmiljø overfor kommunane. Tettstadprogrammet har over lenger tid delteke aktivt saman med kommunane i prosjekta, frå start til slutt, og rådgivarane har vore tett på kommunane. Oxford Research evaluerte ordninga med Tettstadprogrammet i 2021, og ei av suksessfaktorane som blir dratt fram er at kommunane set stor pris på fylkeskommunen sin kompetanse og rådgjeving i dette arbeidet.

– Det er viktig at folka i kommunen blir møtt som likemenn. Det handlar om å være oppriktig interessert, vere sparringspartnar og gi gode faglege råd utan å overkøyre. Det handlar om å vere tilgjengeleg over ei lengre tidsperiode og følgje prosjektet heilt i mål. Det er viktig å vise respekt for den kommunale kvardagen, vise tolmod når det buttar, og likevel henge på. Som leiar er det viktig å sleppe til fagpersonane i organisasjonen.

Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Gode råd til dei regionale støttespelarane

  • Bruk god tid på å drøfte og avklare ressursbruk og roller i rettleiinga slik at ulike aktørar i fylkeskommunen og eventuelle andre støttespelarar opptrer samstemt om forventningar til kommunane. I Møre og Romsdal vil det framover bli lagt enda meir vekt på samarbeid og samordning mellom plan, kultur, næring, samferdsel og andre fagavdelingar.
  • Fylkeskommunen har ei viktig rolle som formidlar av erfaring og kunnskap mellom kommunar, samt kontakt mot nasjonale erfaringar, fagmiljø og ressursar.
  • Fagteamet rundt kommunen bør settast saman slik at det svarar på behovet for fag- og prosesskompetanse.
  • Dei som skal rettleie bør få handlingsrom og ressursar. Det krev god forankring i leiinga og samordning på tvers av fag- og tenesteområde i fylkeskommunen.
  • I kommunar som har få ressursar eller er «bakpå» i samfunnsutviklarrolla er det ekstra behov for at rettleiinga bidreg med ekstra støtte og drahjelp. Ein av aktørane i «laget rundt» bør ta eit særleg ansvar for oppfølging. Møre og Romsdal fylkeskommune har, som mange andre fylkeskommunar, tradisjon for å tilby det same til alle kommunar. Det betyr at det er opp til kvar enkelt å nytte tilbodet, anten det er snakk om tettstadarbeid eller planarbeid. Det er ressursmessig krevjande å ta ei større rolle overfor enkelte kommunar, men det kan være nødvendig for at kommunar med avgrensa ressursar skal få resultat av utviklingsarbeidet.
  • Dersom fylkeskommunane skal yte tilskot til kommunen, må det vere god planmessig forankring og fremme vedtekne målsettingar både lokalt og regionalt.

Brei involvering, eigarskap og å løfte saman

Breitt samansett prosjektgruppe

Arbeidsgruppa i tettstadprosjektet i Valldal har vore samansett av prosjektleiar i kommunen, representant frå næringshagen, to representantar frå lokalt næringsliv, og representant frå fylkeskommunen. Ut frå behov i dei ulike fasane har mellom anna Statsforvaltar, Statens vegvesen og fagavdelingar frå fylkeskommunen vore involvert i arbeidet, ved at medlemmane frå arbeidsgruppa har hekta dei på. Formannskapet har vore styringsgruppe og sikra det politiske eigarskapet.

Lokalt eigarskap

Fylkeskommunen sitt Tettstadprogram har over lenger tid tilrådd spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og lokalt næringsliv, der alle tek sin tredel i opparbeiding av torg, gater og plassar. Dette handlar både om at kommunen ikkje greier å realisere desse tiltaka åleine, og er avhengig av medfinansiering, men det handlar like mykje om å sikre lokalt eigarskap.

Kommunen bør ta leiinga i tettstadprosjektet, men allereie frå starten må det jobbast med å få sentrumsforeiningar, lokale bedrifter og andre som kan bidra inn i prosessen med på laget. Informantane i Valldal skildra at fleire fekk eigarskap til prosjektet undervegs. Dei meinte også at det har vore viktig å “få med heile grasrota, ikkje berre eliten”.

Innsamlingsaksjon og dugnad

Terese Jemtegård Moen i Fjordhagen organiserte lokal innsamlingsaksjon etter modell frå tidlegare lokale spleiselag i bygda. Både kommune og Fjordhagen var spente på om dei ville greie å reise så mykje som 1/3 av prosjektkostnaden (1,8 mill) frå lokal kapital, men tidlegare erfaring tilsa at det skulle vere mogleg. Innsamlinga vart starta med eit kick-off-arrangement som blant anna vart annonsert på Facebook, der første bidragsytar var lokalbanken. I løpet av arrangementet kom fleire bidragsytarar til, og i vekene som følgde, vart stadig Facebook-gruppa oppdatert med fleire private donasjonar, og på under ein månad var heile tredjedelen frå private bidragsytarar komen inn.

– Grunnen til at det er enkelt å drive prosessar her, er at det er enkelt å spørje folk her! Folk stillar opp slik (knips).

Terese Jemtegård Moen, tidlegare dagleg leiar Fjordhagen

Moen meiner at det ikkje er uvesentleg kven som spør om bidrag; lokalkunnskapen hennar har vore til hjelp, fordi ho visste kven det var lurt å spørje. Forsking viser til at den lokale mobiliserings- og samhandlingsevna er svært viktig. Dette er noko som dei fleste informantane i Valldal trakk fram som en suksessfaktor.

Ein del av finansieringa var dugnadsinnsats frå frivillige. Dette var alt frå dugnadsfolk som stilte med eigne hender, bønder som hadde landbruksmaskiner, lokale snekkarar og entreprenørar, til lokale bedrifter som sponsa dugnadsmat og hjelpte til med å organisere arbeidet, både med torget og trebrygga. Kailaget sto for mesteparten av bygginga av trebrygga. Fjordhagen og kommunen administrerte dugnaden og oppdaterte Facebook-sida.

Lære av andre

Fleire av informantane nemner bruk av gode døme frå andre som eit godt råd. Både fordi det finst mykje god erfaring, metodar og kunnskap å hente frå arbeid andre har gjort, men også fordi det gir inspirasjon og motivasjon for dei som skal investere tid og ressursar i arbeidet. Det gir også legitimitet til arbeidet å lene seg på erfaringar og resultat som andre har oppnådd.

– Det er eit godt råd å reise ein plass for å sjå kva andre har gjort.

Odd Rune Heggen, Systemhus Valldal

Kommunikasjon
Når du jobbar med lokal samfunnsutvikling, må du heile tida tenke på korleis du skal fortelje om arbeidet du gjer. Kommunikasjon handlar om å skape interesse og å legge grunnlag for deltaking, tillit og å halde engasjementet oppe hos folk. Kommunikasjon er eit viktig verktøy for å oppnå det du ønskjer med utviklingsarbeidet. Du bør planlegge kommunikasjonen parallelt med prosjektet og prosessen du arbeider med. Tettstadarbeid tek tid, og det er viktig å vere bevisst i kommunikasjonen kva for forventningar du skapar, og balansere dette opp mot det som faktisk skjer. Med ein kommunikasjonsstrategi eller kommunikasjonsplan er det enklare å lukkast.

Vegen vidare

By- og tettstadsutvikling tek i prinsippet aldri slutt. Dersom ein følgjer langsiktige strategiar for utviklinga av ein stad, vil utviklinga ikkje bli tilfeldig. Realisering av Syltetorget og trebrygga var det første konkrete tiltaket frå utviklingsplanen i Valldal. No blir det viktig å reforankre utviklingsplanen i det nye kommunestyret, og ta med seg erfaringane frå det første gjennomførte tiltaket inn i det vidare arbeidet. Kommunen kan ikkje realisere utviklingsplanen for Valldal sentrum åleine. Det blir difor viktig å halde fram med å leggje til rette for bidrag frå innbyggarar og næringsliv.

Konkurransen står ikkje mellom bygdene

Tidlegare ordførar Eva Hove meiner at Syltetorget samlar grender på tvers i den forstand at kjem folk frå andre bygder og synest det er kjekt å vere der. Samstundes har ho opplevd å høyre at det finst misunning. Det har vore kritiske røyster som har stilt spørsmål om “alt skal til Sylte sentrum.” Kommunen meiner at ein måte å svare ut dette på, er å samstundes legge til rette for at mindre tiltak kan gjerast i andre bygder. Dette er også forankra i kommunens samfunnsplan.

Byar og stadar som er attraktive for innbyggarar og besøkjande er viktig for regional utvikling (KMD, 2019), og ein viktig premiss for næringslivet, som er avhengig av tilgang på folk. Når kommunen vel å bruke ressursar på å utvikle og forskjønne sentrum i kommunesenteret, kan dette likevel by på motstand i andre delar av kommunen, som opplever seg forfordelt. Imidlertid er det ingen empiri som tilseier at satsing på sentrum i kommunesenteret er til ulempe for bygder i omlandet – heller tvert i mot.

Ulike rapportar peikar på at levande sentrum med uformelle møteplassar og sosiale rom kan vere sakna på mindre stadar. Difor er dette viktige verkemiddel for å bidra til bulyst. Sentrum med varierte tilbod er også av stor betydning i ei viktig distriktsnæring som reiselivsnæringa.

– Vi gjer dette for å skape bulyst – både for buande og besøkande. Vi gjer tiltaka også for bygdene – fordi sentrum er viktig for bygdene. Effekten er vanskeleg å måle i tal, men bulysta er resultatet.

Viktor Valdal, tidlegare varaordførar

Bustadutfordringar

Så langt har ikkje bustadbygging vore ein del av dei prioriterte tiltaka i sentrumsprosjektet i Valldal, delvis fordi store delar av sentrumsområdet ligg i oppskyllingssone for skred. Det er mangel på bustadar i tettstaden Valldal, slik at det må jobbast med bustadspørsmålet i neste fase.

Kommunal planstrategi skal drøfte behovet for planar i komande periode, og kommunen er i gang med ny arealdel av kommuneplanen. Det blir naturleg å drøfte behov for meir bustadbygging i Valldal her.

Kommuneleiinga har oppretta dialog med Husbanken igjen, då dei treng hjelp for å skaffe bustadar til flyktningar, men også andre.

 

Bakgrunn

Illustrasjon av en tidslinje.

Illustrasjon: Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune

Fjord kommune la ned eit systematisk og godt arbeid før dei starta jobben med å realisere Syltetorget og trebrygga. Først gjennomførte dei ein stadanalyse med brei innbyggarinvolvering for å bli betre kjent med staden sine eigenskapar, moglegheiter og utfordringar. Tettstadprogrammet i Møre og Romsdal fylkeskommune rådde kommunen deretter til å utarbeide ein overordna utviklingsplan for sentrum for å avklare dei ulike delområda i høve til kvarandre, og for å kunne svare ut behov og ønske for sentrum.

Frå tettstadanalyse til utviklingsplan

I 2013 gjennomførte kommunen ein tettstadanalyse med hjelp frå Arkitektgruppen Cubus. Sjølv om tankane om å ta tak i sentrum av Valldal hadde eksistert også tidlegare, markerer tettstadanalysen starten på prosjektet. Det første synlege resultatet sto ferdig i 2021. Tettstadanalysen vart gjennomført med brei medverknad og stort engasjement i lokalsamfunnet, og dei folkevalte hadde sett av midlar til gjennomføring. Etter rapporten var ferdig, mista dessverre kommunen prosjektleiaren som hadde hatt ansvaret for å drive fram prosessen, noko som førte til at prosessen stoppa opp ei stund.

I 2017 kom prosessen i gang igjen, etter at kommunestyret hadde løyvd ressursar til ein ny prosjektleiar i kommunen. Gjenoppstartsmøte vart halde i starten av 2018, der både dåverande Norddal kommune, Statens vegvesen, lokale næringsaktørar og fylkeskommunen deltok. Arbeidsgruppe vart etablert, og prosjektleiaren fekk ansvar for å drive prosessen vidare, og å søkje Tettstadprogrammet om medfinansiering. Formannskapet skulle vere styringsgruppe. Det var eit uttalt mål at det måtte kome på plass oversikt over ønska tiltak, og finansiering av desse.

Betre tilrettelegging for mjuke trafikantar og stoppeffekt for å tiltrekkje seg besøkjande var viktige ønska resultat. Det var også ønske om å etablere bubilparkering og område for leik, samt turistinformasjon. For å avklare dei ulike områda og behova i høve til kvarandre, rådde Tettstadprogrammet til å utarbeide ein overordna utviklingsplan. Tilrådinga bygger på erfaring om at ein overordna strategi gjer det enklare å vurdere og utvikle dei ulike delområda, både for dei folkevalde og administrasjonen, men også i møte med næringsinteresser. Deretter vart det utarbeidd skisseprosjekt for delområda, med kostnadsoverslag for kvart enkelt område. Dette gjorde at kommunen fekk eit godt oversyn over både heilskapen og dei ulike delprosjekta.

Formålet med utviklingsplanen var å få til ei heilskapleg utvikling i sentrum med desse delområda:

  • Kyrkjeparken med behov for utviding.
  • Syltegata, som er ei gate med godt bevart trehusmiljø (kulturminne av regional verdi) der gatedekket er nedslite og treng ny opparbeiding.
  • Syltetorget, som ligg i enden av Syltegata, mot fjorden.
  • Kaifronten, som koplar sentrum og fjorden.
  • Skomakergata og området ved rådhusmarka.

Syltetorget og kaifronten vart gjennom prosessen prioritert først, fordi det var ønskeleg å få på plass eit synleg resultat relativt raskt, for både innbyggjarar og besøkjande. Det var ønske om å skape ein stoppeffekt som kunne bidra til meir bruk av sentrum. Det vart ein viktig premiss at prosjektet ikkje skulle bli for kostbart og omfattande. Difor måtte ein til dømes vente med å gjere endringar på fylkesvegen.

Utviklingsplanen er ikkje ein plan etter plan- og bygningslova, men i praksis ein strategi som krev politisk vilje og vedtak for å bli realisert. Det er kjent empiri frå arbeid med by- og tettstadutvikling at desse prosessane som går over mange år krev reforankring, slik at nye kommunepolitikarar skal kunne kjenne til og få eigarskap til den langsiktige planen.

Krevjande plansituasjon

Tettstaden Valldal ligg ved Storfjorden på Sunnmøre, der utløpet av elva Valldøla møter Storfjorden. Tettstadsprosjektet tek for seg Valldal sentrum, den eldste delen, som kallast Sylte, og som ligg på den austlege sida av elva. Dette er det historiske senteret. Storfjorden er ein del av fjordsystemet som heng saman med Geirangerfjorden, der ein fryktar ras og flodbølgje frå Åkneset. Store delar av Valldal sentrum ligg i oppskyllingssona for ei eventuell flodbølgje. I tillegg er sentrum utsett for flaum frå elva og fjellskred frå fjellsidene rundt. Dette set strenge krav til kva som kan etablerast i sentrum. Kommunen hadde erfaring frå reguleringsprosess på vestsida av elva, som gir dispensasjon (TEK 7-4) for å byggje i rasutsett område, og frykta at utarbeiding av ein eventuell områdeplan for gamle sentrum ville kunne bli svært omfattande, både i tid og ressursbruk. Etter grundige vurderingar landa ein på å utarbeide tiltak i tettstadsprosjektet som var innanfor gjeldande regulering. Det betydde at ein tok eit val om at det ikkje skulle planleggast nye funksjonar i prosjektet som ville krevje ny reguleringsplan.

Kontaktinformasjon

Ingvild Gjerdset
Rådgivar / arkitekt, Møre og Romsdal Fylkeskommune
+47 71 28 03 44
[email protected]
mrfylke.no

Denne teksten er produsert i samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Ingvild Gjerdset og Distriktssenteret, ved Marianne Solbakken og Mona Handeland. Distriktssenteret utviklar og formidlar kunnskap i tett samarbeid med fylkeskommunane.