Fagområde: Stedsutvikling

Berekraft på bygda

«Mellom bakkar og berg» – to dagars seminar om berekraftig bustad- og stadutvikling i distrikta. Her kan du sjå oppsummeringar og presentasjonar.

– Eg er nøgd med seminaret og meiner vi har lukkast med å få fram aktuelle døme og diskusjonar som småkommunar i distrikta kan lære av, seier Trude Risnes frå Distriktssenteret, ein av arrangørane bak seminaret «Mellom bakkar og berg». Erfaringsseminaret tok opp fleire sider av berekraft og synte stor variasjon i lokale tilnærmingar og løysingar.

Berekraft i ein distriktspolitisk kontekst

– For Distriktssenteret er det sentralt å sjå diskusjonen om berekraftig bygging i ein større samanheng. Vi ønskjer ein brei diskusjon om kva framtidsretta stadutvikling i småkommunar handlar om. Då bør vi innom både kulturlandskapsmessige, økologiske, miljømessige, økonomiske og ikkje minst sosiale prinsipp for framtidsretta og berekraftig bustadbygging og stadutvikling, seier Risnes. Seminaret kom til i eit breitt samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Husbanken Vest, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Solund kommune og Distriktssenteret.

Samanfallande gevinstar

Seminaret i Solund synleggjorde samanfallande gevinstar ved ei heilskapleg tenking. Noko blant anna Alf Waage, prosjektleiar i Framtidens bygder tok opp i si innleiing:

– Vi treng å finne fram til strukturar og måtar å planlegge på, som gjer at vi reduserer bruken av areal, tek i bruk energieffektive løysingar, legg til rette for infrastruktur som gjer at folk kan sykle og gå og får folk til å trivast i bumiljøet, seier Waage. Han meiner fortetting er eit generelt viktig prinsipp, også på bygda.

– Det er fornuftig av fleire grunnar – også fordi mange ønskjer å bu meir tettbygd, seier han.

Gjenbruk av eksisterande bygningar, god infrastruktur i lokalmiljøet og innanfor felles bu- og arbeidsmarknader som gjer oss mindre avhengig av bilen, kom også opp som sentrale kvalitetar i framtidsretta stadutvikling.

Den lokale og regionale ramma

Korleis temaet blir gripe tak i, handlar i stor grad også om å planlegge og bygge i tråd med lokale og regionale føresetnader og mulegheiter. I seminaret blei dette bl.a illustrert med ein presentasjon av modellen Tun+, utvikla av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tun+ bygger på prinsipp frå dei tradisjonelle vestlandstuna og tek opp i seg omsynet både til kulturlandskap, økologi, energibruk og sosiale kvalitetar i bumiljøet. Solund er eitt av to modellområde og deltakarane fekk synfaring i området, orientering og demonstrasjon av korleis massivtre frå lokal sitka-gran kan brukast som energieffektiv og klimavennleg byggematriale. Solund kommune jobbar no med å få fram mogelege løysingar for å kunne få i gong bygging i det ferdigregulerte området, og ønskjer å prøve ut Tun+ modellen som ei framtidsretta og attraktiv bustadform for små kommunar og bygder.

Fortetting og landsbytenking

Fortetta bumiljø og landsbytenking med korte avstandar mellom bumiljø, tenester og tilbod fekk deltakarane også høyre om frå ein engasjert ordførar i Iveland kommune. Iveland har gjennom fleire år jobba med stadutvikling i kommunesenteret Birketveit, som ein gong blei omtala som «nesten ein stad».

Etter fleire års planlegging, står kommunen no framføre byggestart på landsbyprosjektet «Åkle» – eit kombinert bustad- og næringsområde, midt i kommunesenteret. Tilrettelagde leilegheiter etter husbank-standard, massivtre som byggemateriale, kommunale tenestetilbod hand i hand med butikkar og serveringsstader, og med korte avstandar til kommunikasjonsknutepunkt og rekreasjonsområde, det er satsinga i Iveland. Kommunen er ein av pilotane i nettverket av Framtidens bygder og har motteke Bolyst-midlar til stadutviklingsarbeidet.

Bolyst-midlar har også stadutviklingsprosjektet Toke brygge i Drangedal kommune fått. På seminaret i Solund fekk deltakarane blant anna høyre om korleis det her vert jobba med medvirkning av barn og unge i planlegging og gjennomføring. Toke brygge-prosjektet tek også opp i seg fortetting som prinsipp, gjenbruk av gamle bygningar til nye funksjonar og føremål, og bustadutvikling som rettar seg mot både deltids- og heiltidsbuande.

Nye koplingar og vidare arbeid

Seminaret i Solund blei avslutta med felles oppsummering og mindre arbeidsverkstader mellom ulike miljø og aktørar. Mellom kommunar, fylkeskommune, høgskule, Husbank og andre deltakarar er nye koplingar etablerte og prosessar i gong.

For Distriktssenteret vil tema og problemstillingar frå seminaret bli arbeidd vidare med på fleire nivå: Samanstilling og spreiing av erfaringar frå lokale utviklingsarbeid er det eine. Samstundes ligg det også til Distriktssenteret å bidra til at tema og problemstillingar blir diskutert i ein distriktspolitisk samanheng – lokalt, regionalt og nasjonalt. Innspel til nye stortingsmeldingar om bustadpolitikken og regionalpolitikken står sentralt, og vi oppmodar også lokale og regionale aktørar til å bruke høve til å medverke i politikkutviklinga, for framtidsretta bustad- og stadutvikling i distrikta.