Verdiskaping basert på natur og kulturressursar

I denne arbeidsrapporten har vi sett på korleis ein jobbar med brei verdiskaping fire stadar i landet: Lom, Røros, Vega og Lysefjorden. Rapporten er basert på intervju med folk som har jobba med området, og tidlegare publisert forskning.

Distriktssenteret 2017, Elisabeth Veivåg Helseth, Ingunn Høyvik og Roar Werner Vangsnes. Last ned rapporten som PDF.

Samandrag

Gjennom denne rapporten formidlar Distriktssenteret læringshistorier frå Lom, Vega, Røros og Lysefjorden. Her har kommunane teke natur- og kulturressursane i bruk i sitt utviklingsarbeid, og historiene kan illustrere korleis utmarksressursar kan bli ein positiv drivkraft i ein kommune eller ein region. Samstundes har rapporten også med eksempel som kan bidra til å kasta lys over nokre utfordringar i arbeidet med verdiskaping på natur- og kulturresursar. Dette er ikkje ein forskingsrapport, men ein erfaringsbasert rapport der læringshistoriene vert kopla mot tidligare forsking og arbeid på området.

Vi har leita etter områder som kan visa til resultat innan brei verdiskaping. Brei verdiskaping er ein strategi for bærekraftig samfunnsutvikling[1]. (Haukeland og Brandtzæg, 2009) Arbeid med brei verdiskaping handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.

Læringshistoriene i rapporten syner at det ikkje alltid treng å vera noko motpol mellom næringsinteresser og verneinteresser. Vern kan bidra til å lukke nokre handlingsrom. Samstundes ser vi at når eit område tek utgangspunkt i eigne ressursar på staden, og bygger stein på stein gjennom eit strategisk arbeid, kan verneinteresser vera viktige for å opne nye og berekraftige handlingsrom – både for næringsliv og lokal samfunnsutvikling generelt. Eit framtidsretta næringsliv vil kanskje i større grad sjå og gripe desse moglegheitene. Næringsaktørar som Rørosmat bidreg til å utvikle lokalsamfunnet rundt seg, mellom anna gjennom å styrke lokale verdikjeder og å bygge på lokal kultur og identitet.

Vi har erfart at brei verdiskaping handlar om langsiktig planlegging og prioriteringar, med utgangspunkt i kunnskap om korleis dei ulike formene for verdiskaping spelar saman. I arbeidet med å forenkle forvaltninga av utmarksressursar er auka lokalt sjølvstyre eit viktig argument. Samstundes ser vi at nasjonale og regionale styresmakter har ei avgjerande rolle i å utvikle og formidle kunnskap om samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping. Nasjonale styresmakter legg føringar for kva kommunane tek omsyn til i si planlegging. Dersom brei verdiskaping og berekraftig utvikling er eit mål for arbeidet med forenkling av utmarksforvaltninga, bør det tydeleggjerast korleis nasjonale styresmakter vil styrke balansen og samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping lokalt.

1 Vårt oppdrag

I Norge har det tradisjonelt vore eit sterkt politisk grunnlag for distriktsutvikling, på same tid som det er ei utfordring å skape arbeidsplassar som gir grunnlag for busetting i distrikta. Natur- og kulturressursane representerer eit stort potensiale for økonomiske verdiskaping i mange distriktskommunar, mellom anna gjennom foredling av råvarer i lokale verdikjeder og utvikling av besøks- og opplevingsnæring. Samstundes er det naudsynt å ivareta desse ressursane på ein berekraftig måte.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet med å forenkle utmarksforvaltninga. I 2014 vart det laga ein rapport om forenkling av utmarksforvaltning, som inneheld tolv anbefalingar for korleis utmarksforvaltninga kan gjerast enklare[2]. Høyringsinnspel til denne rapporten[3] understrekar at utmarksforvaltning er eit svært komplekst område, med mange ulike interesser som det kan vera utfordrande å balansera.

I tildelingsbrevet for 2016 fekk Distriktssenteret i oppdrag frå Regionalpolitisk avdeling i KMD (REGA) å henta inn, vurdera og formidla kunnskap basert på lokale og regionale erfaringar i arbeid med berekraftig utvikling basert på natur- og kulturressursar. Med bakgrunn i tildelingsbrevet og dialog med REGA, har Distriktssenteret i denne rapporten sett nærare på korleis utvalde kommunar kan lukkast med å byggje bru mellom ulike interesser, og få til god samhandling i den lokale samfunnsutviklinga. Vi har lagt den breie verdiskapinga til grunn for arbeidet med rapporten, ettersom vi trur denne tilnærminga kan vera godt eigna til å styrka arbeidet med berekraftig lokal samfunnsutvikling og byggje bru mellom ulike interesser. Brei verdiskaping er ei tilnærming som går på tvers av ulike fagområde, og dette omgrepet har blitt nytta i tidligare tverrdepartementale program.

1.1 Ulike omgrep vi nyttar i rapporten

Berekraftig utvikling

Faktaboks

Brundtlandkommisjonen omtalar berekraftig utvikling som: «ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydelegge framtidige generasjonars muligheiter til å tilfredsstille sine behov.»

Berekraftig utvikling[4] er eit sentralt omgrep i samband med utmarksforvaltning, og utfordringa ligg i å finne balansen mellom å ta vare på resursane, samstundes som ein nyttar dei. Sosial, miljømessig og økonomisk berekraft må sjåast i samanheng og vera i balanse – slik at ikkje ein dimensjon svekker dei andre. Berekraftig utvikling handlar slik sett om å finne ein balanse som kan oppretthaldast over tid. Bruk og vern-problematikken i utmarkområde handlar om balansen mellom både kortsiktige og langsiktige næringsinteresser og ivaretaking av natur- og/ eller kulturelle verdiar for noverande og framtidige generasjonar.

Brei verdiskaping

Faktaboks

Den breie verdiskapinga har kome inn i fleire stortingsmeldingar og andre offentlege dokument, mellom anna:

  • St.9 (2011-2012) – Landbruks og matpolitikken – Velkommen til bords
  • St.35 2012-2013 – Framtid med fotfeste – kulturminnepolitikken
  • Destinasjon Norge: Nasjonal strategi for reiselivsnæringen (2012)
  • St.18 (2015-2016) – Friluftsliv: Natur som kjelde til helse, trivsel og livskvalitet
  • Meld St.14 (2015-2016) Natur for livet. Norsk handlingsplan for naturmangfald

Brei verdiskaping[5] handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, sosial, kulturell og miljømessig verdiskaping. I arbeid med lokal samfunnsutvikling kan den breie verdiskapinga sjåast som ei operasjonalisering av berekraftig utvikling, på lokalt nivå. Denne tilnærminga gir eit verktøy for å arbeide strategisk med å sjå dei ulike formene for verdiskaping i samanheng, og styrke berekrafta i lokalsamfunna. Ein viktig premiss for den breie verdiskapinga er at ei form verdiskaping ikkje skal skje på bekostning av ei anna, eller bidra til å svekke den totale verdiskapinga.

  • Miljømessig verdiskaping inneber å styrka kvalitetane og verdiane knytt til kulturminner, kulturlandskap og natur. Miljømessig verdiskaping oppstår ved at desse verdiane skjøttast, vert haldne i hevd og teke vare på slik at kulturarven og naturmangfaldet sikrast. Dette vert oppnådd mellom anna gjennom god heilskapleg planlegging og forvaltning av det fysiske miljø, istandsetting, tilrettelegging, skjøtsel, gjenbruk og god ressursforvaltning.
  • Kulturell verdiskaping inneber auka kunnskap og bevisstheit om lokal kultur- og naturarv, særpreg, tradisjonar, historiefortelling og symbol som gir grunnlag for formidling og utvikling av identiteten på staden og stoltheit.
  • Sosial verdiskaping inneber utvikling av felles forståing, engasjement, tillit og tilhøyrsle som oppstår gjennom samarbeid, samhandling, dugnad, frivillig arbeid, fellesskap og nettverk.
  • Økonomisk verdiskaping inneber auka lønsemd gjennom produksjon og sal av varer og tenester og auka sysselsetting for lokalsamfunnet, for eksempel som følge av innovasjon, merkevare- og omdømmebygging.[6]

Brei verdiskaping vart først omtala i verdiskapingsprogrammet for kulturminner i 2009[7], og er vidare brukt i verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar»[8] og i forskingsprosjektet «Duett eller duell»[9]. I tillegg er verdigrunnlaget for norske regionalparkar bygd på den breie verdiskapinga[10].

Utviklingskapasitet og tillit

Eit gjennomgåande funn i fleire av Distriktssenteret sine studiar, er at kommunar som lykkast med utviklingsarbeidet sitt er kjenneteikna av god samhandling mellom aktørar og på tvers av offentleg, privat og frivillig sektor. Samhandlinga viser seg ofte å skje i opne tillitsfulle nettverk.

I samband med Småkommuneprogrammet 2013-2014[11], var målet å styrka kapasiteten for å driva samfunnsutvikling i dei 41 kommunane som deltok. Utviklingskapasitet [12] vart her kartlagd i kommunane. Dei kommunane som stod fram med god kapasitet var kjenneteikna av å ha god utviklingsleiing, god utviklingskompetanse, god utviklingskultur, set av midlar til å gjennomføre utviklingstiltak, og at mange brukte tid på samfunnsutvikling. Distriktssenteret erfarer at tillit mellom utviklingsaktørar på tvers av sektorer og kommunegrenser er ein avgjerande faktor for å få samfunnsutvikling til å skje. I alt utviklingsarbeid som krev samarbeid, er det viktig å være bevisst korleis tilliten mellom sentrale aktørar påverkar samarbeidet og korleis den kan styrkast. Felles mål og målforståing, god forankring, gode og rause haldningar til kvarandre, gode prosessar og rammer for samarbeidet er faktorar som er tillitsskapande. Gjennom læringshistoriene vil vi være merksam på om brei verdiskaping kan sjåast i samanheng med lokal utviklingskapasitet og tillit mellom utviklingsaktørane.

1.2 Litt om erfaringar og nettverk på området

Tidlegare har det blitt gjennomført fleire statlege program, satsingar og prosjekt knytt til verdiskaping med utgangspunkt i natur- og kulturressursar. Opplevingsnæringar som kjelde til verdiskaping har vore eit viktig tema i fleire av dei programma og satsingane som er nemnt under. Samstundes ser vi at det innanfor fleire sektorar er eit potensiale for å styrka lokal verdiskaping gjennom å kople natur- og kulturressursane sterkare saman med lokal økonomi, i form av lokale og regionale verdikjeder.

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet [13] (2006 – 2010) var eit verdiskapingsprogram, koordinert av Riksantikvaren, der det vart jobba systematisk med brei verdiskaping i ti pilotprosjekt over heile landet.

Naturarven som verdiskapar var eit 5-årig program (2009-2013) med 15 prosjekt, der det daverande Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet samarbeidde, med Direktoratet for naturforvaltning som sekretariat. Dette var eit viktig program for å vidareutvikle forståinga av omgrepet brei verdiskaping. Det langsiktige perspektivet var ein viktig premiss i programmet.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parker[14] var eit treårig program (2012-2014) som vart starta av Kommunal- og regionaldepartementet. Regionalparkane i Norge har brei verdiskaping som tilnærming  gjennom sitt verdigrunnlag. Parkane søkjer å auke lokalsamfunnet si verdsetting og ivaretaking av natur- og kulturverdiar, slik at desse bidreg til brei verdiskaping. I dag finst det fem etablerte regionalparkar i Norge.

Nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar [15]omgrepet nasjonalparklandsby vart lansert av Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning i 2008. Satsinga hadde mål om å auka verdiskaping i kommunar og bygder rundt nokre store verneområde i Norge. Nasjonalparklandsbyane vart også inkludert i Naturarven som verdiskapar. Nasjonalparkkommunar er eit samarbeid mellom 33 kommunar i Norge. Målet for samarbeidet er å utvikle statusen som nasjonalparkkommune til ei merkevare med felles innhald. Samarbeidet skal omfatta fellestiltak som kvalitetskriterier, skilting, grafisk profil, samt felles innspel til sentrale styresmakter.

UNESCO si verdsarv [16] er den delen av vår felles natur- og kulturarv som har så stor verdi for menneskeheita, at FN/UNESCO har vedteke at desse skal overleverast til komande generasjonar. Programmet vart starta i 1972 og pr. 2016 var 1052 stader på verdsarvlista. Desse er fordelt på 814 kulturarvstader, 203 naturarvstader og 35 stader som er ei blanding av dei to, fordelt på 165 medlemsstatar. I Norge er det åtte verdsarvstader i dag.

UNESCO sitt Biosfære program eit biosfæreområde er eit avgrensa geografisk område der ein legg til rette for berekraftig utvikling. Målet er å oppnå ein meir berekraftig balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikra ei god samfunnsutvikling ved samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskingsinstitusjonar. I Norge er det ingen biosfæreområde i dag, men det er 641 biosfæreområde i verda.

«Bærekraftig reisemål»[17] er ein merkeordning gjennom Innovasjon Norge, som er meint å vera eit kvalitetsmerke for utvalde reisemål i Norge. Merkeordninga er eit tilbod til dei områda som ynskjer å ta eit ansvar for reiselivet si negative påverknad på miljøet, og samstundes styrke dei sosiale verdiane og vera økonomisk levedyktige. I dag er åtte destinasjonar klassifisert som bærekraftig reisemål. 

Reiseliv og lokalsamfunnsutvikling – «Duett eller duell»[18] I 2013 gjennomførte Telemarksforsking og Mimir AS ein studie for Distriktssenteret, som tok for seg samhandlinga mellom reiselivet og lokalsamfunnet. Studien viste at det er menneske med ulike interesser og kompetanse som skapar gode lokalsamfunn og besøksdestinasjonar, når dei samarbeider i tillitsfulle nettverk. Arbeid i retning av meir berekraftige besøksdestinasjonar føresett at ein tek i bruk natur- og kulturressursane på staden, utan at desse verdiane blir svekka, men heller styrka for framtida.

Småsamfunnssatsinga (2006 – 2010) var ei satsing der tidligare KRD gav støtte til 50 lokale utviklingsprosjekt som arbeidde mot fråflytting, einsidig næringsstruktur og låg bulyst i kommunar og lokalsamfunn. Evalueringa viste at programmet virka, spesielt gjennom mobilisering og styrka engasjement i lokalt utviklingsarbeid.

Andre aktuelle prosjekt og satsingar på området er mellom anna enkeltprosjekt knytt til  «Bolyst-programmet» (2010-2014), «Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda» (2013-2017) og den nye satsinga på Nasjonale turiststiar.

1.3 Utval og metode

Arbeidet med rapporten er utført av ei prosjektgruppe på tre personar i Distriktssenteret, på oppdrag frå Regionalpolitisk avdeling i KMD.

  • Det er gjennomført fokusgruppeintervju i fire forskjellige kommunar og områder, og i tillegg har vi hatt telefonintervju med fleire informantar.
  • I arbeidet med rapporten har Telemarksforsking bidrege med kunnskap og innspel gjennom videomøter.
  • Vi har også fått innspel frå Agderforskning, m.a. i arbeid med intervjuguiden.
  • Vi har nytta forteljing som metode for å formidle dei ulike historiene, og samlar trådane i kapittel 3 og 4.

Utval av eksempel:

  • Vi har leita etter læringshistorier som kan visa til resultat innan brei verdiskaping, og som kan kasta lys over samanheng mellom lokal samfunnsutvikling og verdiskaping basert på natur- og kulturressursar.
  • Vi har sett etter områder der kommunane har teke natur- og kulturressursane i bruk i sitt utviklingsarbeid, og områder som kan illustrere korleis utmarksressursar kan bli ein positiv drivkraft i ein kommune eller ein region.
  • Samstundes har vi også med eit område som er i oppstartsfasen av arbeid med brei verdiskaping, som kan bidra til å kasta lys over nokre utfordringar i dette arbeidet.

Til fokusgruppeintervjua har vi utfordra sentrale aktørar på staden på å setje saman ei gruppe med aktørar som har kunnskap og erfaring rundt temaet. Desse deltok på intervjua:

  • Lom: Ordførar, næringssjef i kommunen, miljøvernsjef i kommunen, dagleg leiar på Norsk Fjellmuseum, styreleiar for fjellstyret, dagleg leiar for destinasjonsselskapet og representant frå fylkeskommunen.
  • Vega: Reiselivssjefen i kommunen, verdsarvkoordinatoren, prosjektleiar for barn og unge ved Vegaøyan Verdensarv, ein lokalpolitikar, ein lokal matprodusent og ein reiselivsaktør.
  • Røros: Ordførar, rådmann og kultursjef i kommunen, dagleg leiar for Rørosmat, direktør på Rørosmuseet og prosjektleiar for Byregionprogrammet i fjellregionen.
  • Lysefjorden: Dagleg leiar for Lysefjorden Utvikling, leiar for Ryfylkerådet, prosjektleiar for Byregionprogrammet, reiselivssjefen for Reisemål Ryfylke, næringssjefen i Strand, lokale reiselivstilbydarar, representantar frå transportnæringa, dagleg leiar for handelsforeininga i Jørpeland og representant frå fylkeskommune.
Sjå bilder frå fokusgruppeintervjua

Fokusgruppeintervju på Røros

9 personar samla rundt møtebord

Foto: Distirktssenteret

Fokusgruppeintervju i Lom

9 personar samla rundt møtebord

Foto: Distriktssenteret.

Fokusgruppeintervju på Vega

6 personar rundt møtebord

Foto: Distirktssenteret

Fokusgruppeintervju i Lysefjorden

14 personar samla rundt møtebord

Foto: Distriktssenteret.

2 Læringshistoriene

Læringshistoriene representerer vår forståing, etter feltarbeid hausten 2016. Med utgangspunkt i studien sitt avgrensa omfang er det vanskelig å formidle heile biletet. I rapporten gjer vi eit forsøk på å trekke ut noko av essensen i utviklingsarbeidet som har blitt gjort på stadane vi besøkte. Vi har på oss brillene «brei verdiskaping» når vi formidlar desse historiene, og vi er særleg opptekne av kommunane si rolle i å anerkjenne og legge til rette for den breie verdiskapinga i sine lokalsamfunn. I analysekapitelet kjem vi tilbake til refleksjonar rundt kva andre kan lære frå desse læringshistoriene.

Litt bakgrunnsinformasjon om stadane[19]

RørosKart over Norge. Forsand, Lom, Vega og Røros kommune er merka på kartet.
Folketal er 5 635 per 1.1.16 (5 671 per 1.1.2007).
Areal: 1 956 km2. Dei fleste rørosingar bur i sjølve bergstaden Røros. Deler av Femundsmarka nasjonalpark ligg m.a. i Røros kommune. Røros vart innskrive på verdsarvlista i 1980 og området vart utvida i 2010.

Lom
Folketal 2 347 per 1.1.16 (2 436 per 1.1.2007).
Areal: 1 969 km2. Sju av Norges ti høgste fjell ligg i Lom, mellom anna Galdhøpiggen, og kommunen er omkransa av dei tre nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

Vega
Folketal 1 244 per 1.1.16 (1 299 per 1.1.2007).
Areal: 165 km2. Forutan hovudøya Vega, har også øyene Ylvingen og Omnøy fastbuande. Vega fekk verdsarvstatus i 2004 og i verdsarvområdet ligg det fire verneområde som samla sett har internasjonal verdi.

Lysefjorden
Forsand: 1 238 per 1.1.16 (1 103 per 1.1.2007).
Areal: 780 km2. Kommunesenteret er Forsand, som ligg i kryssingspunktet mellom Lysefjorden og Høgsfjorden. Tidlegare var det også fleire busetjingar langs Lysefjorden og fleire i Lysebotn. Forsand er kopla til landskapsvernområdet Setesdal Vesthei i aust og Frafjordheiane landskapsvernområdet i sør.

Strand: 12 464 per 1.1.16 (10 654 per 1.1.2007). Areal: 218 km2. Kommunen har to hovudsenter. Jørpeland er administrasjonssenter og Tau er kommunikasjons- og utdanningssenteret i kommunen.

2.1 Historia om Lom

I Lom er bandet mellom menneske og natur sterkt. For 2000 år sidan jakta jegerar reinsdyr på Juvfonne i Jotunheimen, om lag 1900 meter over havet. Dei levde under tøffe forhold, tett oppunder breen. Etter kvart som breen no smeltar finn ein stadig nye spor frå fortida. Historia vert formidla gjennom Klimaparken 2469 [20] og Norsk fjellsenter [21] i Lom si nye utstilling: «Over isen – funn frå isen viser veg».  

For 200 år sidan vart Lom meir og meir attraktiv som besøksstad. Spektakulær natur trakk turistar, studentar og forskarar frå fjern og nær. Bøndene i Lom såg tideleg potensialet for gardsturisme i form av overnatting på setrane i fjellet. Denne seterturismen la grunnlaget for ein besøkstradisjon som framleis står sterkt i Lom i dag.

I dag har Lom fleire fjellstover, familiedrivne hotell og turisthytter som gjer det godt. På setrane er det framleis aktivitet, mellom anna er Brimiseter kjend for korleis dei satsar på lokalmat.

Kva kjenneteiknar Lom som lokalsamfunn?

I intervjua våre vert sjølvstendigheit og stoltheit løfta fram som særtrekk for lomværene. Fleire viste til at innbyggjarane i Lom alltid har hatt eit tett forhold til naturen, og at dei politiske vegvala er prega av at Lom er ein naturkommune. Jotunheim nasjonalpark kom allereie i 1980, og dei siste åra har også Breheimen og Reinheimen nasjonalpark blitt etablert. Alle dei tre nasjonalparkane har hatt samrøystes tilslutning i kommunestyret. Nasjonalparkar, landskapsverneområde og naturreservat rører ved til saman 60% av arealet i Lom. Kommunen har sett vern som ein fordel heller enn eit hinder for utvikling.

Opplev Lom!

Lom er ein av fem norske nasjonalparklandsbyar, og innanfor kommunegrensene kan du vitje nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. I Norsk fjellsenter ligg både norsk fjellmuseum og eit besøkssenter for nasjonalparkane, kor dei besøkande kan få mange gode turtips. Norsk fjellsenter har den siste tida utvida tilbodet sitt, mellom anna med eit nytt velkomstbygg i besøkssenteret.

Eit av dei mest openbare særtrekka ved Lom er den gjennomførte arkitekturen i sentrum, med dei tradisjonelle brune trehusa. Kommune har arbeidd aktivt for å utvikla sentrum til naturleg knutepunkt. Som ein del av småsamfunnssatsinga og satsing som nasjonalparklandsby, har Lom mellom anna jobba med tilrettelegging for sti-nett som anten startar, endar eller tek fotturistane gjennom sentrum. No vert det delt ut 10-15 000 fotturbrosjyrar årleg til turistar, og noko som bidreg til å skapa større aktivitet i sentrum, og gir økonomiske ringverknadar. I intervjua vert det trekt fram at Bakaren i Lom, sportsbutikkar og andre butikkar i sentrum har hatt ei svært positiv utvikling.

Norsk Fjelsenter i Lom. Elv i forgrunnen.

Norsk fjellsenter på Lom.
Foto: Kristoffer Mæle Thunsestad

I Lom er dei vande med å ta imot gjester, noko dei mange turisthyttene og hotella ber prov om. Desse tradisjonsrike aktørane har ein stor og viktig plass i Lom-samfunnet, og besøkstilbodet er dominert av «varme senger». Lom har over 30 overnattingsstadar. Mange av dei ligg til fjells og var opphaveleg brukt som seter. Fortsatt brukar bønder i Lom t.d. område ved Gjendebu som utmarksbeite. I tillegg til turar i nasjonalparkane og sti-nettet rundt sentrum har det den siste tida blitt etablert klatrepark og aktivitetsselskap i området.

Klimaparken 2469

Klimaparken 2469 er eit utandørs opplevingsområde som ligg ved foten av Galdhøgpiggen. I fonna Juvfonne, er det hakka ut ein tunnel i den 6 000 år gamle isen, og i området er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar. Turen gjennom klimaparken er ei opplevingsrik kjelde til kunnskap om historie, natur og klima.

Førebilete som Arne Brimi og Aukrust Gard har inspirerert til auka stoltheit rundt mattradisjonar, både i Lom og resten av Norge. I 2014 vart det opna ein eigen lokalmatbutikk i sentrum, og i 2016 arrangerte Lom «Gastronomiske festdagar» for første gong. Mat, i kombinasjon med natur og kultur, vert peika på som ein viktig del av identiteten og produktet til Lom. Den siste tida har det vakse fram eit sterkt ynskje om meir bruk av lokale råvarer, særleg blant turistverksemder. Haldningane i landbruksnæringa har utvikla seg i positiv retning, og fleire har organisert seg i salslag, som t.d. Gudbrandsdalsmat. Samstundes meiner dei vi intervjuar at det er stort potensiale for utvikling, og draumen er at regionen utviklar eit felles merkenamn knytt til reiseliv og mat.

Lom er ikkje berre ein stad for nyting og oppleving, det er også ein stad for læring. Dei vi prata med er opptekne av at folk skal lære noko når dei er på besøk i Lom. Gjennom satsingar som Norsk fjellsenter, Norsk fjellmuseum, Klimaparken 2469 og Fossheim Steinsenter, har ein laga viktige arenaer for formidling av naturverdiar, kulturhistorie og klimaendringar – både retta mot besøkande og lokalbefolkninga i områda rundt Lom. Formidling av naturverdiar er også ei del av undervisninga på skulen. Den vidaregåande skulen i Lom har hatt friluftsliv som programfag sidan i 2003, og Loar skule har hatt «uteskule» sidan 90-talet.

Forvaltningsknutepunktet på Norsk Fjellsenter

Aktørar på Norsk fjellsenter

Norsk Fjellmuseum
Gudbrandsdalsmusea
Lom Fjellstyre
Statens Naturoppsyn
Jotunheimen reiseliv AS
Naturoppleingar AS
Ernst and Young AS
Prosjektkontor

Norsk fjellsenter i Lom rommar det dei kallar eit forvaltningsknutepunkt, der 17-18 personar har sin faste arbeidsstad. I knutepunktet arbeider offentleg tilsette, med ulike typar forvaltningsoppgåver, fordelt på områder som strekk seg over ti kommunar. I tillegg har nokre nærings- og formidlingsaktørar sin arbeidsstad i denne kontorfellesskapen. 

I knutepunktet legg dei opp til felles morgonkaffi og lunsj. Dei uformelle lunsjpratane vert trekt fram som ein arena der spanande koplingar oppstår. Her kjem det for eksempel initiativ til felles arrangement. Knutepunktet vert omtala som eit miljø der dei er rause med å dele og gje kvarandre innspel.

I slike miljø vert det lettare å ha oversikt, og å sende innbyggjarar med spørsmål vidare til rett instans. I Lom kjenner dei ulike instansane kvarandre godt, og dei er eit godt vertskap for publikum. Dei vi har intervjua meiner at forvaltningsknutepunktet gjer det enklare for innbyggjarane å få rett informasjon. Dette er ein praksis som har gått seg til, m.a. fordi folk har jobba saman over tid. I Lom hadde ein tradisjonar for å samarbeide på tvers og å kombinere stillingsressursar allereie før forvaltningsknutepunktet vart etablert på formelt vis.

Vi blir fortalt at samlokalisering, og miljøet som er bygd opp på Norsk fjellmuseum, har dempa konfliktnivået. Dei peikar på at det er god kontakt med kommunen, at dei offentlege aktørane kjenner lokalsamfunnet, og at folk føler dei får god hjelp.

Verdiskaping som resultat av forsiktig linje i hyttepolitikken

I Lom har det over lang tid vore tverrpolitisk semje om ei forsiktig linje i hyttepolitikken. I dag er det registrert omtrent 270 hytter og fritidsbustader i Lom. Fleirtalet av desse er eldre hytter som ligg spreidd. Ut over dette er hyttene fordelt på fire felt med 10-40 tomter. I tillegg er det regulert to hyttefelt med til saman rundt 40 tomter som ikkje er utbygd enno. Det er også kome innspel om nye hyttefelt til rulleringa av kommuneplanen.

Det er mange årsaker til Lom sitt val om å vera forsiktige med hytteutbygging. Lomværene er opptekne av å ta vare på naturverdiane, samstundes som dei ynskjer å ta vare på sine hotell, fjellstover og turisthytter. Lom «ligg langt frå det meste», og ikkje er så lett tilgjengeleg som meir by-nære kommunar. Store område er verna eller avsett til landbruksområde, og dermed uaktuelle til hytteutbygging. Mange aktuelle områder har vore innanfor ras-utsett sone på arealkarta (no er ein del av desse områda «frigitt»).

Der Lom har opna for hytteutbygging, har dei stilt krav til enkel standard, noko som har bidrege til å gjera utbygging mindre attraktivt. Framover har Lom kommune lagt opp til å opne for litt meir hytteutbygging, men lomværene er framleis oppteken av å stille tydelege krav i høve til kor dei skal bygge hytter, kor mange, storleik og estetikk.

Nokre drivarar og barrierar

Identiteten som naturkommune

Ei brei tverrpolitisk semje om å behalde store og urørte naturområde har vore ei viktig drivkraft for Lom sin sterke identitet som naturkommune. Naturgitte føresetnader med vanskeleg tilgjengelege område, har vore ein betydeleg drivar for den forsiktige linja i hyttepolitikken. Sterke tradisjonar for seterturisme, turisthytter og familiedrivne hotell er klare drivkrefter for at varme senger[22] dominerer den økonomiske verdiskapinga i Lom si besøksnæring. Mange av nabokommunane til Lom har i stor grad lagt til rette for hytteutbygging, og Lom har dei siste 10- åra møtt eit aukande press om meir hytteutbygging. Ynsket om å legga til rette for meir hytteutbygging er ofte fylgt opp med argument om at fleire hytter vil bidra til meir heilårsturisme i Lom.

Sterkare fellesskap

Eit ynske om, og behov for fellesskap, knytt til natur- og kulturverdiane i Lom har vore ei drivkraft i opprettinga av forvaltningsknutepunktet. Eit knutepunkt med kompetansearbeidsplassar vert i seg sjølv ei sterk drivkraft i lokalsamfunnet ved at ein tiltrekk seg dyktige folk, og bidreg til ein sjølvforsterkande positiv spiral. Knutepunktet er på mange måtar eit resultat av kunnskap som er bygd opp over tid; gjennom politiske vegval, tidligare program og satsingar og ikkje minst gjennom nasjonalparkane i Lom. Dei peikar på at ei utfordring kan vera at det gode samspelet på forvaltningssida er sårbart, ettersom kunnskapen er personavhengig. Det formelle knutepunktet er ei viktig drivkraft for å redusera denne sårbarheita, samstundes som dei meiner at kunnskapsoverføring på tvers burde vore tydlegare til stades som føringar for knutepunktet sitt arbeid. Det vert opplevd som ei barriere for arbeidet i knutepunktet at dei får for lite føringar frå Miljødirektoratet om kva dei skal samarbeide om. Reelt samarbeid blir for tilfeldig, og dei peikar på at dersom det hadde vore føringar for dette ved samlokalisering hadde dei kanskje fått utnytta ressursane på ein betre måte. Det vert også peika på at ei barriere for vidare utvikling av besøksnæringa i Lom kan vera at reiselivsnæringa ikkje er samlokalisert med forvaltningsmiljøet.

Kva rolle har kommunen teke?

Lom kommune har hatt ei avgjerande rolle i å ta vare på naturgrunnlaget, mellom anna gjennom politisk vilje og arealplanarbeid, tilslutning til oppretting av nasjonalparkar og forsiktig linje i hyttepolitikken. Dei har samstundes arbeidd aktivt med å styrka sentrum som eit knutepunkt. Lom kommune er ein aktiv medspelar for å nytta kunnskapen som ligg i dei offentlege aktørane som er lokalisert i bygda. Kommunen gav mellom anna tilskot til Klimapark-satsinga, og bidrog med arbeidsinnsats i opprettinga av denne.

Lom har eit kommunalt næringsfond som blir brukt for å styrke den breie verdiskapinga, både tilknytt nasjonalparkane, nasjonalparklandsbyen og forvaltningsknutepunktet. I 2014 løyvde Lom kommune kr. 140 000 i tilskot til Norsk Fjellmuseum, til ombygging og vidareutvikling av forvaltningsknutepunktet, og i 2015 løyvde kommunen ein million kroner til utbygginga av Norsk Fjellsenter.

Kommunen har ei direkte rolle i arbeidet med nasjonalparklandsby, og har sidan 2009 hatt minimum 40 % stillingsressurs på Liv i Lom / Lom nasjonalparklandsby, finansiert med eigne midlar. Lom kommune har sidan 2008 hatt eit eige Landsbyråd, der representanten frå Norsk Fjellmuseum har vore leiar sidan starten. Dette er ein uformell møteplass, som samlar representantar frå kommunen (næringssjef og ordførar), handelsstand, Norsk Fjellmuseum, reiselivsnæring og eventuelt andre etter behov, t.d. eldsjeler, ungdomsråd, miljøkonsulent, to til fire gonger i året. Landsbyrådet har òg vore involvert i å utforme eigne tiltaksplanar kvart år, og i alle tiltaka har kommunen hatt ei aktiv rolle.

Gjennom intervjua spurte vi om kommunen hadde noko strategi for å kople næringslivet på forvaltningsknutepunktet. Frå forvaltningsknutepunktet fekk vi signal om at Lom kommune gjerne kan nytta seg meir av den kompetansen som er samla der enn det dei allereie gjer. Folk som høyrer til i  forvaltingmiljøet har brei og samansett kompetanse, og lang erfaring på å dela erfaringa og kompetansen. 

Fylkeskommunen vert trekt fram som ein svært viktig bidragsytar for Norsk fjellsenter. Dei viser til at det var midlar frå fylkeskommune som mogleggjorde utbygginga på Norsk fjellsenter. Fylkeskommunen har vore ein pådrivarar under denne utviklingsprosessen, og løyvde seks millionar til Norsk fjellsenter.

Den breie verdiskapinga i Lom

I Lom anerkjenner dei tilhøyrsla til naturen, og tek vare på naturen gjennom vern, samstundes som dei nyttar naturen som ein arena for formidling og verdiskaping. Dei tek vare på og formidlar gamle tradisjonar, men utviklar også ny kunnskap. Gjennom aktive grep kombinerer dei miljømessig og kulturell verdiskaping på ein måte som byggjer opp under lokalt forankra stoltheit og identitet.

Lom har gjort sentrum til eit naturleg knutepunkt, og har no ei auke i betalande gjester på Norsk fjellmuseum og klimaparken. Butikkar og bakeri i sentrum nyt også godt av fleire besøkande, samstundes som den auka aktiviteten i sentrum legge til rette for fleire attraktive møteplassar. I forvaltningsknutepunkt finn vi sosial og kulturell verdiskaping gjennom auka samhandling og styrka satsing på formidling og kunnskapsutvikling. Den sosiale verdiskapinga kjem også til syne gjennom den felles forståinga og identiteten rundt naturverdiar som ligg til grunn for verdiskaping i Lom. Dei har skapt ei felles plattform for den lokale utviklinga, gjennom å vera tydeleg og å ta aktive grep.

I Lom styrkar dei den miljømessige verdiskapinga gjennom nasjonalparkane og formidling av verdien av å ta vare på urørte område Gjennom auke i tal besøkande på Fjellmuseet og i klimaparken er det fleire som får kunnskap om norsk natur, biologisk mangfald og klimaendringar. Ved at det er lite privateigde hytter i området tek ein vare på urørt natur, biologisk mangfald, og legg til rette for større friluftsområder og felles bruk av naturen. Ved å prioriterer varme senger framfor kalde, bidreg ein til å styrke den økonomiske verdiskapinga hos lokale turisthytter, fjellstugur og hotell.

Eit lokalmat-nettverk er under oppbygging i Lom. Satsinga på lokalmat har stort potensiale for vidare utvikling og økonomisk verdiskaping. Lokalmat-tradisjonane er vevd saman med lokal identitet, og lomværen Arne Brimi har vore viktig for å styrka interessa for tradisjonsmat både på lokalt og nasjonalt nivå. Gjennom at ein tek vare på og styrkar lokale tradisjonar kan satsinga på lokalmat bidra til kulturell verdiskaping. Samstundes vil produksjon av lokal mat, der ein tek i bruk beite- og utmarksressursar, kunne sjåast som eit viktig bidrag til miljømessig verdiskaping.

Vi finn at den breie verdiskapinga i Lom har vore ein strategi for berekraftig utvikling. Kommunen og lokalsamfunnet har teke strategiske val rundt korleis dei ynskjer at utviklinga skal vera. I denne (langvarige) prosessen har Lom teke utgangspunkt i det som er særmerkt for staden, og utvikla dette aktivt. Dei har styrka stoltheit og identitet gjennom å byggje opp under felles verdiar og kjenneteikn for lokalsamfunnet. Samstundes har dette vore val som bidreg til å ivareta ressursgrunnlaget og natur- og kulturverdiar slik at desse vert styrka for framtidige generasjonar. Lomværene ynskjer å ha mykje besøk i Lom og peiker på at dei i dag har den type besøksnæring dei ynskjer seg; der dei kan drive med kunnskap og formidling rundt natur- og kulturverdiar. Likevel er det framleis potensiale for å styrka samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping. Mellom anna kan samhandlinga mellom reiselivsaktørar og forvaltningsknutepunktet styrkast.

2.2 Historia om Vega

Den same veka som vi besøkte Vega kom historia om at Donald Duck[23] også hadde besøkt øya. Donald reiste til Vega etter å ha høyrt rykte om ein stor skatt som lokalbefolkninga der vakta over. Han såg for seg lettvint økonomisk profitt i form av pengar og gull, og med dollarteikn i auga heiv han seg straks på flyet mot Vega.

Nedturen vart brutal då han innsåg at skatten på Vega var ærfugldun; og den verdifulle tradisjonen med å foredla denne duna til eksklusive dunprodukt. Donald lærte at kjærleiken til naturen og kulturtradisjonar har stor verdi, og at sterk og tydeleg forvaltning også kan bidra til økonomiske verdiar. Om Donald var nøgd med denne lærdommen er vel eit anna spørsmål, han hadde vel helst sett for seg den lettvinte gryta med gull. Men nevøane hans viste stor forståing for verdiskapinga som kom frå ærfuglforvaltninga, og kanskje det òg er det ungdommen på Vega må sette si lit til i framtida?

Strategisk satsing – ynskjer å gjera Norge stolt!

På siste halvdel av 80- talet var det stor optimisme på Vega. Det vart bygd hotell og fleire starta med ulike former for næringsutvikling. Frå optimisme og pågangsmot endra stemninga seg på 90-talet, da øy-folket opplevde konkursar og nedgangstider. På denne tida vart kommunen med i eit bygdepolitisk program, der ein hadde stort fokus på næringsutvikling med basis i natur- og kulturarven. Gjennom eit stadutviklingsprosjekt, blei nye moglegheiter løfta fram og utvikla.

Gullvågtind. Fiskebåter.

På Vega: Tettstaden Holand, med fjellet Gullvågsfjellet i bakgrunnen. Foto: Ingunn Høyvik, Distrikssenteret.

I samarbeid med Nordland fylkeskommune og konsulentbyrået Mimir AS utarbeidde kommunen og Vega næringsselskap ein reiselivsstrategi. Arbeidet med reiselivsstrategien[24] var eit pionerarbeid som skapte stort engasjement lokalt, blant næringsliv og lokalbefolkning. I dette strategiske arbeidet fekk vegværingane ein arena for å møtast for å diskutere store spørsmål knyta til eigen identitet og tilhøyrsle, som m.a.; «kven er vi og kva verdiar har vi?». Dei landa til slutt på den overordna visjonen; «Norge stolt av Vega». Visjonen speglar ein sterk identitet og tru på seg sjølv, og dei som bur på Vega ynskjer å gjera Norge stolt av Vega, på same måte som innbyggjarane sjølv er stolte av øya.

Talet på turistar som kjem til Vega kvart år har auka frå om lag 5 000 til 40 000 i perioden frå 2005 og fram til i dag, og ei berekning frå Transportøkonomisk institutt i 2010 visar 50 millionar i årlege ringverknadar frå reiselivet. Reiselivsnæringa består i stor grad av små aktørar, noko som gjer at turistane møter vertskapet  direkte. Verdsarvstatusen i Vega [25] har hatt mykje å seie for denne turistauken.

Ærfuglforvaltninga – historia om verdsarven som vaks fram nedanfrå

Vegaøyane, som består av 6500 øyer og skjær, har hatt status som verdsarvområde sidan 2004. Det unike kulturlandskapet i området er eit resultat av samspelet mellom menneske og natur over lang tid. I Vega sin verdsarvstatus er det særlig lagt vekt på den unike ærfugl- og duntradisjonen. Medan mannen var på fiske, passa kvinnene ærfuglane som ruga på egga sine, i fuglehus som innbyggarane på Vegaøyane hadde laga til dei. Kvinnene reinsa også duna, og foredla denne til ein unik og kostbar eksportartikkel frå Norge til Europa.

Unescos begrunnelse

Vegaøyene viser hvordan generasjoner av fiskere og bønder gjennom de siste 1.500 år har opprettholdt en bærekraftig levemåte i et værhardt område nær Polarsirkelen, basert på den nå unike tradisjonen med ærfugldrift. Statusen er også en hyllest til kvinners bidrag til dunprosessen.

I samband med det strategiske utviklingsarbeidet på Vega, kom kommunen over ein nordisk rapport som peika på behovet for å rette opp skeivbalansen i verdsarvområda i Norden – ettersom dei fleste nordiske verdsarvområda var innanfor kultur. Innbyggjarane på Vega såg at ærfugltradisjonane var ein mogleg «naturkandidat» til UNESCO sin verdsarvstatus. Gjennom eit lokalt initiativ vart dei einige om å oppmode nasjonalstaten om å søke.

Vega fekk verdsarvstatus i 2004. Det var lenge sida det var tatt opp norske områder til verdsarvlista, og det var også avgjerande at Vega sjølv ynskja denne statusen. Arbeidet med verdsarven vart organisert som ei stifting, og i 2006 fekk stiftinga midlar frå Miljødirektoratet til å opprette ei eiga stilling. Resursane til arbeidet har gradvis auka på, og i dag har stiftinga 1 ½ stillingbrøk samstundes som 17 lokale og regionale foreiningar deltar i samarbeidsforum for verdsarvstiftinga.

Tradisjonane på dunværa var i ferd med å døy ut, ettersom det var lite insentiv for å halde denne drifta ved like, og dei som var drivkraft for det tradisjonsrike arbeidet gradvis har vorte eldre. Etter at verdsarvstatusen kom på plass har aktiviteten i dunværa auka, og det er no drift i åtte dunvær – der rundt 30 personar er direkte involvert. Fleire driv no profesjonelt med utgangspunkt i ærfugldrifta, og dei gamle tradisjonane vert haldne i hevd og formidla til besøkande og nye generasjonar. Den aktive drifta har også medført at ærfuglbestanden på Vegaøyane har tredobla seg dei siste 10 åra.

Vega kommune og verdsarvstiftinga arbeider no med etablering av eit verdsarvsenter. Senteret kan bli ei viktig brikke i arbeidet med samarbeid og verdiskaping på fleire nivå i lokalsamfunnet på Vega. Tanken er at det skal vera eit besøkssenter, eit kunnskapssenter og ein arena for lokal verdiskaping.

Kommunen som reisemålsutviklar

Kommunen har erfart at det er viktig med brei medverknad og at tett samarbeid ofte fører til suksess. Det er gjennomført store omfattande prosessar knytt til samfunnsutvikling dei siste åra; kommuneplan, reiselivsstrategi, reguleringsplanar og byggeskikkrettleiar. Gjennom breie prosessar har kommunen sikra forankring og eigeskap til planane.

Gjennom desse prosessane såg kommunen eit behov for å ta ein vertskapsrolle. Dei er i dag ein pådrivar for reiselivsutvikling. Budsjettet for reiselivsutvikling i kommunen har dei siste åra auka frå 200.000 kroner til 1,2 mill. kroner i året. Arbeidet med reiselivssatsinga omfattar både vertsskapsfunksjonen, drift av turistinformasjon, i tillegg til å styrke lokale nettverk. Frå 1. januar 2016 blei det tilsett ein reiselivssjef i 100% stilling i kommunen. Turistinformasjonen er open heile året og her informerer dei på vegner av alle aktørane som ynskjer det. I tillegg har dei arrangert vertskapskurs, og fleire er under planlegging. Saman med Lofoten har Vega delteke på verdiskapingsprogrammet «Den verdifulle kystkulturen», som blei samfinansiert mellom Riksantikvaren og Nordland fylkeskommune. Gjennom programmet blei 16 prosjekt satt i gang.

Samarbeidet mellom kommunen og verdsarvstiftinga blir omtala som verdifullt. Saman jobbar dei med informasjon og forankring hos lokalbefolkninga. Stiftinga har eigne midlar som kan nyttast til næringsutvikling, noko som også kommunen dreg nytte av. Reiselivssjefen jobbar aktivt inn mot verdsarvstiftinga, og ho sit mellom anna i ei prosjektgruppe for verdsarvsenteret. Samstundes gir Stiftinga en underskotsgaranti på inntil kr. 100 000,- til båtturar ut til dunværa Lånan og Emårsøy på sommaren. På denne måten er turane sikra, sjølv i ein situasjon med få påmeldte.

Det er jobba mykje med informasjon og felles forståing blant innbyggarane og dei ulike aktørane på Vega, og kommunen har her teke ei koordinerande rolle. Likevel oppstår det frå tid til anna konfliktar. Då det oppstod konflikt mellom ærfuglvaktarane og reiselivsaktørar som driv utleige til fisketuristar, tok kommunen, Vega verneområdestyre og Stiftinga, rolla som meklarar. Nokre ærfuglvaktarane var bekymra for det dei oppfatta som uforsvarleg båtkøyring mellom øyane i hekketida til ærfuglane. Vega verneområdestyre, Stiftinga og kommunen arrangerte dialogmøter, og her fekk dei avklara at språk var ein barriere for at utleigarane kunne nå fram til fisketuristane med informasjon om varsam ferdsel i verdsarvområde. Verneområdestyret tok grep og utarbeida informasjonsbrosjyrar på 5-6 språk. Desse blir delt ut til fisketuristar, og forklarer viktigheita av varsam ferdsel.

Nokre drivarar og barrierar

Lokal forankring og bygging av identitet

Da prosessen med å søke om verdsarvstatus vart starta opp, var det mange som var redde for vern, og trudde det ville innebere at det blei «satt ei osteklokke over» området. Både kommune og Stiftinga har brukt mykje tid og tolmod på å informere og involvere innbyggarane. Etter kvart som gode resultat som følgje av verdsarvstatusen vert formidla, er det stadig fleire på Vega som ser statusen som noko positivt.

Både verdsarvstiftinga og kommunen har jobba mykje med at grunneigarar og andre vega-væringar skal kjenne at dei høyrar til og har eit forhold til verdsarvområdet. Det er lagt ned mykje arbeid på mange ulike arenaer med å skape forståing for kva statusen eigentleg inneber. Forankringsarbeidet med kommuneplanen skjedde på mange arenaer; i kyrkja, på puben og på laurdagskafé. Formidlingsarbeidet skjer gjennom naturstiar, turar, Facebook og oppslag i media. Det er lett å gå i ei felle med å tru at innbyggjarane veit meir enn dei eigenleg gjer. På Vega har dei vorre bevisste på dette og prøvd å formidle kunnskap om natur- og kulturarven ved mange ulike høve. Dei fleste som blir stoppa av turistar tykkjer no det er greitt og pratar med dei. Ein av informantane fortel at turistar ofte køyrer feil og kjem inn på tunet hennar. Før kikka ho berre ut av stuevindauga når dette skjedde, men no har det vorte meir naturleg å gå ut og snakka med turistane. 

Frå tid til anna kjem det likevel opp problemstillingar som utfordrar verdsarvstatusen. Ei av dei er ulike syn på fiskeoppdrett i verdsarvområdet. Det er ulike haldningar til dette blant folk, og dette har no vorte aktualisert både gjennom  eit pågåande planarbeid med interkommunal kystplan og to føreliggande  konsesjonssøknader om fiskeoppdrett i verdsarvområdet. Dei to konsesjonssøknadene skal behandlast av Nordland fylkeskommune, og for den pågåande planprosessen er det reist motsegn frå ulike myndigheitsaktørar.

Vidareføring av kystkulturen

Før Vega fekk verdsarvstatus var mange tradisjonar knytt til kystkulturen i ferd med å døy ut. Blant grunneigarane i dunværa, og dei som held tradisjonane i hevd, har det etter kvart blitt ein høg gjennomsnittsalder. I tillegg var øyene i ferd med å gro att, og deler av bygningsmassen sto til nedfalls på grunn av manglande aktivitet. Det er no knytt usikkerheit rundt korleis både oppdrett og generasjonsskifte vil bli handtert, og påverke utviklinga framover. På nokre av dunværa har det allereie skjedd eit generasjonsskifte, men det er eit ømfintleg tema å snakka om.

Tradisjonane var i ferd med å døy ut. Det var jo nokon som laga reir ute på øyene, men det var ingen som budde ute på øyene.
– Rita Johansen, dagleg leiar i Sitftelsen Vegaøyan Verdensarv

Med håp om å vekke interesse for tradisjonane, er verdsarvstiftinga og kommunen opptekne av å involvere barn og unge gjennom fleire ulike prosjekt. Stiftinga har opplegg for dei fleste skuletrinn, og elevane er involvert i skjøtselsprosjekt og blir invitert ut på dunværa. Dei har også besøk av skular utanfor Vega. For å forsterke satsinga mot barn og unge vil ein i det nye verdsarvsenteret legge inn Newtonrom, og det er laga ei snorkelløype sør på øya.

På sommaren treng dei fleire ressursar for å tene turistane, og kommunen har teke eit viktig grep gjennom å tilby lokale ungdomar sommarjobb på turistinformasjonen. På denne måten får dei unge som dreg frå øya for å ta utdanning, eit insentiv til å komme heim i sommarferien. Ungdomane har teke moglegheita og er stolte over å jobbe som formidlarar av kystkulturen. Stiftinga har og fleire ungdomar som hjelper til på ulike aktivitetar i verdsarvområdet.

Aktiviteten ute på dunværa går over ein kort sesong, og har avgrensa økonomisk avkasting for dei som driv. Ein jobbar difor stadig med tankar om korleis ein kan gjere det attraktivt å skape noko ute på øyene. På den måten kan det bli mogleg å ta fri frå vanlig jobb i sommarsesongen utan for store økonomiske konsekvensar.

Verdsarvstiftinga ynskjer seg fleire besøkspunkt i øyane, men det må vera vertskap som vil ha besøk. I dag er det mangel på aktørar som vil ha besøk ute på øyane. Avveging mellom pris og tilgjengelegheit på turane ut til væra er ei utfordring, og blir eit verdispørsmål. Prisen kan ikkje væra for høg, for då blir det berre eit tilbod for dei med mykje pengar.

Justere forventningar og sikre heilårsdrift

Mange av turistane som kjem til Vega ser for seg fuglefjell og tette konsentrasjonar av fugl. Samstundes er det ikkje slik det er ute på øyane. Det vert ikkje arrangert turar til dunværa medan fuglane ligg på reir, så tilbodet finst berre i perioden frå 25. juni til 5. august. Gjennom kommunen si satsing på reiseliv er dei opptekne av å  formidla til dei besøkande at både Vega og verdsarven er meir enn ærfugl. Aktørane arbeider no med å definere kva Vega og verdsarven skal vera utanom denne sesongen. Det må kommuniserast slik at dei besøkande skjønnr kva som er skilnaden på å kome til Vega i april, samanlikna med i juli.

I eit lite øysamfunn som Vega er det for lite folk til å oppretthalde gode tilbod året rundt. På kafé- og restaurantfronten kjem utfordringa til uttrykk ved at mattilbodet er veldig varierande gjennom året. Aktørane merkar at når tilbodet blir ustabilt så mister dei truverd. Det vert jobba med å utvide sesongen, for å oppretthalde mattilbodet.

Både kommunen og stiftinga håper at verdsarvsenteret som er under planlegging, vil bidra til å styrke heilårstilbodet til besøkjande og lokale. I arbeidet med nytt verdsarvsenter er det skapt felles mål, samstundes som nye alliansar er danna i løpet av prosessen. Arbeidet med senteret har utvida det lokale synet på verdsarvkonseptet og bidrege til ei forståing om at verdsarven er meir enn «berre» ærfugl. Målet er at det nye senteret skal vera eit besøkssenter, eit kunnskapssenter og ein arena for lokal verdiskaping.

Den breie verdiskapinga på Vega

Den store auka i turistar i løpet av dei siste 10 åra gir store økonomiske ringverknadar utover reiselivsnæringa. Øya har to store matbutikkar og ein sportsbutikk – med ei befolkning på 1250 innbyggarar hadde ein ikkje kunne satsa slik utan reiselivet. Reiselivet bidreg til å holde oppe frekvens på ferjer og hurtigbåtar. Innbyggjarane ser dette, og mange har, i større grad enn før, blitt stolte formidlarar av øya si. Det blir peika på at tilsetting av ungdom som guidar i sommarferien har gitt auka stadtilhøyrsle blant unge.

Med satsinga på å ta vare på dei gamle tradisjonar i dunværa har ein oppnådd at tradisjonar, som var i ferd med å døy ut, no har fått nytt liv. Dette er viktig for den kulturelle verdisk apinga. Satsinga har og vore avgjerande for den miljømessige verdiskapinga. Ærfuglbestanden har auka ute på øyane og skjøtsel hindrar at øyene veks igjen. Deltaking i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet har også ført til at mykje av bygga i dunværa har vorte satt i stand. Istandsetting av bygga, kombinert med den kommersielle drifta knytt til dunværa, har gitt økonomisk verdiskaping. Berre utværet Lånan tek imot 6-700 besøkande kvart år i perioden juni- august. Dette gir rom for å gi bygningane nytt liv og ny bruk, som igjen gir meir trafikk ute på øyane. Dei ser for seg at potensialet for vidare økonomisk verdiskaping er stort.

Kommunens vertskapsrolle har vore med på å dempe konfliktar, for eksempel mellom ærfuglvaktarane og fisketuristar. Dette verkar inn på mange av indikatorane for verdiskaping. Til dømes vil auka forståing blant fisketuristane om betydninga av å ferdast langsamt i fugleområda bidra til den miljømessige verdiskapinga. Lågare konfliktnivået mellom dei ulike aktørane er ein viktig indikator på auka sosial verdiskaping, noko som igjen gir den økonomiske verdiskapinga på øya eit betre fundament.

Historia frå Vega viser ei brei verdiskaping som har vokse fram frå stoltheit og lokal identitet, der brei involvering av lokalbefolkninga har vore avgjerande for suksessen. Medverknadsprosessane har styrka den sosiale verdiskapinga og skapt felles forståing og målbilete, samstundes som ein og bygd opp under den kulturelle verdiskapinga gjennom å styrke lokal identitet. Vegværingane har auka den miljømessige og kulturelle verdiskapinga gjennom å ta vare på naturlandskapet, ærfugl-tradisjonar og bygningsarv, samstundes som formidling til barn og unge er eit viktig satsingsområde. Dei ynskjer å vidareføre natur- og kulturverdiar til kommande generasjonar.

2.3 Historia om Røros

Bur du i Røros sentrum, får du ikkje lov til å male huset i den fargen du vil, eller byte ut vindauga i huset ditt når du ynskjer det. Slike strenge restriksjonar vert fort ei kjelde til frustrasjon. Samstundes er det desse vernerestriksjonane som gjer at ein tur til Røros sentrum er som å reise attende i tid.

Gate i Røros. Svarte lafta trehus. Mann med gåstaver i forgrunn.

På tur gjennom Røros sentrum. Foto: Ingunn Høyvik, Distriktssenteret.

Frå ein notis i lokalavisa i 1980 om at verdsarvstatusen var på plass, står verdsarven [26] i dag fram som ein viktig del av Røros sin identitet. Kommunen, næringsliv og dei ulike forvaltningsinstitusjonane i området bygger alle på verdsarvstatusen i sitt utviklingsarbeid. Leiaren for Rørosmat [27], ei av dei største lokalmat-aktørane i Norge, peikar på at dei strenge krava til kvalitet er grunnlaget for at dei kan byggje si merkevare på Røros-namnet. Aktørar i lokalmat-satsinga i Røros ser og nyttar det handlingsrommet som oppstår når andre handlingsrom vert meir «lukka» gjennom vern. Slik vert kulturarven og bygningane i Røros sentrum ei viktig ramme for foredling og verdiskaping med utgangspunkt i utmarksbeita i regionen rundt Røros.

Kva kjenneteiknar Røros som lokalsamfunn?

Røros er ein liten, stor stad. Ord som identitet, kultur og verdiar går att i intervjua på Røros. Det vert peika på at Røros er ein litt annleis stad, med eit særeige verdigrunnlag, særleg med utgangspunkt i kultur og verdsarvstatusen. Ein finn kanskje ikkje så mange små kommunar i Norge, der skodespel og klassisk musikk er kvardagskost på same måte som i Røros. Verdsarven har ei stor betydning for lokalsamfunnet og kommunen. Samstundes peikar dei på at rammevilkåra verdsarvstatusen gjev, kan vere utfordrande når Røros skal utvikle seg framover.

Utviklinga av ein verdsarvstad

Det er kopargruvene og gruveindustrien som er bakgrunnen for at bergstaden Røros vart etablert der den er. Slik kan ein seia at naturresursane i utmarka er utgangspunktet for etableringa av Røros sentrum. Verdsarvstatusen på Røros kom i 1980. I starten var det ingen lokale prosessar knytt til etableringa av Røros som verdsarvstad, Riksantikvaren tok saken til UNESCO på eigenhand. Verdsarven var i første omgang knytt til bykjernen med eit område på ca. 1 kvadratkilometer. Frå 1993 starta utvidingsprosessen av verdsarvområdet, som gjekk føre seg i 17 år. I 2010 var verdsarvområdet utvida til ca. 165 kvadratkilometer, der heile Røros sentrum inkludert flyplassen og kopargruvene inne på fjellet, vart innlemma. I tillegg er det ei buffersone på heile 4800 kvadratkilometer rundt verdsarvområdet.

Like før årstusenskiftet og framover fekk verdsarvområdet stadig meir innpass som ein del av utviklinga på Røros. Ei viktig hendig var etableringa av «Uthusprosjektet», der ein såg at mange uthus og andre bygningar stod til forfall. Miljøverndepartementet drog i gang eit restaureringsarbeid, som framleis er i gang.

I dag er det mykje stoltheit blant rørosingane rundt å ta vare på og utvikle verdsarvhistoria.
– Hans Vintervold, ordførar i Røros

Ein annan viktig milepåle var etableringa av bygningsvernsenteret [28] i 2006. Her tok ein tak i både restaurering av gruveområda, auka innsatsen mot private huseigarar, og ein knytt til seg kunnskap og kompetanse som har betydd mykje for arbeidet på området i seinare tid. Begge desse etableringane har vore vesentlege for kvaliteten på istandsettingsarbeidet, og med det for korleis kulturminnet Røros står fram i dag.

På midten av 2000-talet vart også verdsarven trekt mykje sterkare inn i formidlingsarbeidet, ikkje minst frå museet si side, og frå 2007 kom verdsarven med i strategiarbeidet for Destinasjon Røros [29]. Verdsarven vart også kopla sterkare opp mot det kommunale planverket, og er i dag ein viktig del av kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Tal på besøkande til Røros har svinga gjennom åra. Dei siste par åra reknar dei med at det har vore i underkant av 1 million besøkande til Røros i løpet av året. Rørosmuseet [30] har hatt eit stabilt besøkstal på kring 55 000 registrerte gjester. Reiselivsaktørane er opptekne av å ta vare på dei besøkande, samstundes som ein held oppe den gode kvaliteten på besøkspunkta. Dei ser også på moglegheitene for å utvikle nye besøkspunkt som styrkar merkevara Røros.

Lokalmathovudstaden

Lokalmat har over fleire tiår vore eit viktig satsing i Rørosregionen, og «Lokalmathovudstaden Røros»[31] er no ei regional satsing som får brei støtte frå kommunane rundt Røros. Lokalmat-aktørane i Rørosområdet nyttar i stor grad utmarksressursar frå regionen rundt Røros i matproduksjonen. Dei er opptekne av kvalitet, og meiner at det ligg ein stor marknad innanfor det som vert kalla høgkvalitetsmat.

Lokalmataktørar

Rørosmat er eit andelslag med mange aktive matprodusentar som andelseigarar. Dei har 6- 8 tilsette og over 30 aktive leverandørar. Ein av leverandørane er Røros Kjøtt –  som hentar alt kjøt til sin produksjon frå Røros slakteri.

Rørosmeieriet, «Norges fremste økologiske meieri» -skipa saman med økobønder i regionen i 2001. Leverer no til heile landet. Får råvarer også utanfor regionen.

I Røros har dei gradvis utvikla ei sterk kopling mellom mat, kulturarrangement og reiseliv. Lokalmaten er med å styrke Røros sin besøksattraktivitet og reiselivsposisjon, og mange som kjem på besøk på Røros forventar å få servert lokalmat. Vi får vite at lokalmat-produsentane snakkar positivt om kvarandre og byggjer kvarandre opp. Samstundes spelar store aktørar som Røros hotell og festivalane som «Elden» og  «Rørosmartnan» viktige roller i formidling og sal av lokalmat.

Satsinga på lokalmat har skapt fleire nye arbeidsplassar, og ved at bøndene sjølve er inne på eigarsida er det mogleg å få auka verdiar i primærleddet. Fleire av lokalmat-aktørane går inn i rolla som både næringsaktør og samfunnsutviklar, særleg med tanke på korleis dei nyttar kulturarven og lokale mattradisjonar i si merkevarebygging.

Kulturkommunen Røros

Røros er kjend for eit rikt kulturliv med store marknadar og festivalar som Rørosmartnan, julemarknaden og Elden. I heile fem år på rad har Røros vore på toppen av Telemarksforsking si kåring av beste kulturkommune i Norge [32]. Kultur har også innverknad på den økonomiske verdiskapinga. I 2011 viste ein ringverknadsanalyse at Elden skapte rundt 20 millionar kroner i ringverknadar i regionen. Festivalen er mykje større i dag, så her kan ein nok legge på 5-10 millionar til. Desse store arrangementa vert omtala som svært profesjonelle, og det vert stilt store krav til  kvalitet. Rørosingane er opptekne av å sikra på at det er ei god oppleving for alle som kjem på besøk.

Rundt Rørosmuseet, Uthusprosjektet og Kulturminnefondet har ein gradvis bygd opp eit sterkt fagleg miljø som er synleg i det nasjonale landskapet – og her er det no 40-50 personar som jobbar med kulturhistorie og kulturminne. Dei har eit godt samarbeid om felles kunnskapsbygging og kulturminnefaglege besøk til området. På museet jobbar dei med eit blikk for korleis regionen si historie kan vera med å utvikle regionen i framtida, i samarbeid med fleire kommunar i regionen. Mange næringsaktørar nyttar seg av kompetansen knytt til Rørosmuseet i si merkevarebygging.

Nokre drivarar og barrierar

Vernekultur – på godt og vondt?

Kulturlivet med verdsarven og festivalar er ei viktig drivkraft for samfunnsutviklinga i Røros. Det er stor bevisstheit rundt å ta vare på natur og kulturverdiane, og besøksnæringa og lokalmat-aktørane har bygd seg opp rundt den lokale identiteten. Kulturlivet sin sterke posisjon er også drivkraft for samspel mellom offentleg og privat sektor. Eit eksempel på dette er samlokalisering av Røros hotell og kommunen sitt kulturhus. I Røros har det vore eit høgt konfliktnivå i ein del saker, og det er framleis konfliktar, men samarbeidsklimaet er blitt betre i takt med at kompetansen og forståinga for verdsarv og vern har auka. Samstundes vert det peika på at tradisjon og «høgkultur» kan representera verdiar som gjer at mange vil at alt skal vera litt som det var før. Vernekulturen som har utvikla seg over fleire tiår, kan for fleire følast som ei barriere for å tenke nytt. Dei ser tendensar til at det ofte er tilflyttarar som tør å utfordra dei etablerte tankemønstera, og at desse er ei drivkraft for nyskaping i Røros. Som ei barriere for vidare utvikling i regionen vert det òg peika på at ein har få arbeidsplassar, lite kundegrunnlag og lite risikokapital. Regionale utviklingsmidlar, som dei meiner har vore veldig viktig, er omtrent borte. Det vert òg peika på behovet for å sette læring i system, og dei meiner at klyngenettverk og samlokalisering vert viktige grep framover.

Lokalmat og kvalitet

Lokalmat-satsinga i Rørosregionen har fleire innovative næringsaktørar med mange koplingar til kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping. Desse har bygd si merkevare på kvalitet, og er ei viktig drivkraft for nyskaping og styrking av Røros sin regionale posisjon. Det har vore viktig for denne utviklinga at lokalmaten vert sett inn i ein større samanheng, og seld og formidla gjennom festivalar og arrangement. For lokalmat-aktørane er det viktig med kvalitet heile vegen, og det vert peika på at ei mogleg barriere for vidare utvikling kan vera at kommunen ikkje alltid tek ansvar for omdømmebygging. Kommunen sine val har innverknad for dei næringsaktørane som er avhengige av at Røros står fram som ein truverdig stad – og verdiar som «ekte» og «kvalitet» vert nemnt i denne samanhengen.

Generasjonsskifte og manglande rekruttering til landbruket kan òg vera ein barriere for den vidare satsinga. I intervju vert det peika på at Røros er svak som landbrukskommune samanlikna med andre kommunar i regionen, og det har vore mange nedleggingar den siste tida. Lokalmat-aktørane må heile tida lengre bort frå regionen for å få tak i nok råvarer, og det er ikkje nok produsentar i Røros. Lokalmat-satsinga representerer ein stor moglegheit for dei som ynskjer å satse på matproduksjon i området, og kan vera ei viktig drivkraft for å legge til rette for auka landbruk, og å stanse avviklingstrenden.

Hytter eller hus?

Røros har rundt 3500 hytter, og 5500 innbyggjarar, og kommunen ynskjer å bli betre på å nytta hytteeigarane som ressurs i den lokale utviklinga. Det vart peika på at hytteeigarane på Røros i stor grad deler verdiane til dei lokale når det gjeld å ta vare på natur- og kulturressursar. Fleire meiner at Røros gjennom å vera tydleg på verdiane sine, har fått den type hytteeigarar dei ynskjer seg – som mellom anna deltek aktivt på dugnadar og arrangement.

Samstundes er det diskusjonar rundt om ein skal opne for fleire hytter, eller om det er på tide å stoppe utbygginga. Det er stor mangel på attraktive bustadtomter, og det oppstår frustrasjon hjå innbyggjarar som ynskjer bustadtomt når dei opplever at areal som er naturleg å nytta til bustadtomter, i staden vert regulert til hyttefelt.

Mange som har interesser – lite nasjonal koordinering

Det er mange statlege og regionale aktørar som har interesse for kva som skjer i Røros. Eit heilt «apparat» av ulike interesser innanfor naturvern og kulturminne ynskjer å komme på besøk – og bodskapa som dei ulike nasjonale og regionale aktørar har med seg er ikkje alltid like godt koordinert.Dei lokale aktørane i Røros viser til at lovene og forskriftene dei må rette seg etter, av og til krasjar med kvarandre. Dei meiner at det er ein barriere at dei ulike forvaltingstemaa som rører ved verdsarven er så sektororganisert på nasjonalt nivå – medan dei på lokalt nivå ynskjer å sjå verdsarv, kulturarv, naturarv og utvikling i ein større samanheng. Samstundes har det skjedd mykje i løp av nokre år, og dei oppfattar at departementa har gått frå å vera overstyringsorgan til å bli meir dialogorienterte. Det har endra seg delvis på grunn av at det har skjedd noko i dei sentrale organa, men det har og vore ei regional og lokal utvikling.

Når ein i løp av tre år ikkje klarar å ha eitt møte for å samhandle sentralt, merkar vi det lokalt.
– Odd Sletten, direktør ved Rørosmuseet – om påtenkt interdepartementalt utval for verdsarv

Kva rolle har kommunen teke?

Røros er ein kommune i skjeringspunktet; dei skal ivareta verdsarven, samstundes som dei driv med utvikling og skapar eit samtidsuttrykk. Det vert sagt at utvidinga av verdsarven i 2010 ikkje er kome heilt «under huda» i kommunen endå. Dei jobbar for strukturere val og konsekvensar knytt til verdsarven, for å forankre dette betre på politisk og administrativt nivå i kommuneorganisasjonen. Kommunen har betydeleg meirarbeid og kostnadar fordi Røros er ein kompleks stad med mange restriksjonar. Det fører til at kommunen i hovudsak berre gjer dei lovpålagde oppgåvene, og det vert peika på eit behov for ekstra ressurstilgang.

Kommunen har teke rolla med å legge til rette for næringsliv som ynskjer å skapa noko i kommunen, mellom anna gjennom regulering av tomter. Her er dei oppteken av at det ikkje er kommunen si oppgåve å finansiere, men å regulere, og å vera tydeleg på kva som er mogleg, og kva som ikkje er ikkje mogleg. For å styrka handelsstanden i sentrum, har kommunen mellom anna sagt nei til å etablere store handelsenter utanfor sentrum. At Røros står fram som ein stad som vert assosiert med «god kvalitet», er viktig for mange av næringane som har etablert seg i regionen. Fleire framhevar at både reiselivsaktørar og lokalmat-aktørar er avhengige av at kommunen er etterretteleg i sitt arbeid med berekraftig utvikling, og at kommunen ikkje må byrja å ta sjansar som utfordrar omdømme.

Røros kommune spelar ei viktig rolle i utvikling av kultursatsinga, mellom anna gjennom det viktige arbeidet kultursjefen gjer. Kommunen har i dag ikkje så stor økonomisk ramme til kultursatsinga, men det vert lagt ned mykje arbeidskraft i tilrettelegging. Det er ein diskusjon om ein skal bruke kulturbudsjettet til å støtte dei store aktørane, som har dokumenterte ringverknadar, eller om ein skal støtte mindre arrangement, som ofte er prega av dugnad. Rørosingane bruker kulturarrangementa aktiv, legg inn mange dugnadstimar og arrangementa er viktig for å trekka folk til Røros. Samstundes er det behov for mange frivillige for å oppretthalda dagens aktivitetsnivå, og i intervju vert det peika på at kommunen står ovanfor ei utfordring med å halde på unge innbyggjarar.

Den breie verdiskapinga på Røros

Aktørane i Røros har arbeidd breitt med kvalitetar for heile samfunnet, og dei er opptekne av å ta vare på allsidigheita. Dei peikar på at den store styrken i Røros er at lokalsamfunnet har fleire bein å stå på. Det vert trekt fram at den store skrekken er om Røros går frå å vera einsidig industristad til å bli ein einsidig reiselivsstad. Mykje av samfunns- og næringsutviklinga i dag byggjer på vernet Røros har i ulike former, anten det er bygningsvern, anna kulturvern eller klassisk naturvern. For å styrke kulturell og miljømessig verdiskaping har kommunen hatt mål om å finne samlande og konstruktive løysingar i kommuneplanen sin samfunnsdel.

Fleire opplever at debattklimaet er betre no enn det var for ein nokre år sidan, og at det var meir steile frontar før. I dag er det brei forståing om at det er viktig å ha nokre felles langsiktige mål, som er tufta på dei verdiane som ein har bygd opp gjennom dei siste 10 åra. Denne felles forståinga og samspelet kan indikere at den sosiale verdiskapinga på staden har auka over tid.

Kulturarrangement som gir store økonomiske ringverknadar betyr mykje for kulturell og økonomisk verdiskaping. Mellom anna er desse arrangementa ein viktig arena for lokalmat-satsinga. Satsinga på lokalmat er basert på ein tanke om å ta vare på naturressursane, og å produsere mat på ein berekraftig måte. Her vert den miljømessige verdiskapinga styrka, mellom anna gjennom at ein stimulerer til bruk av utmarksbeite og lågare bruk av soyabasert kraftfôr. Lokalmat-satsinga er også viktig for den kulturelle verdiskapinga, med omsyn til å ta vare på og formidle mattradisjonar. Fleire peiker på at Rørosingane sin identitet knytt til maten er sterkare forankra no enn før, noko som kan tyde på styrking av den kulturelle verdiskapinga. Den veksande økonomiske verdiskapinga bidreg til å gjera det meir attraktivt å drive som matprodusent i regionen rundt Røros, og har sannsynlegvis bidrege til å demma opp for avvikling på primærsida innanfor landbruket. Lokalmat-aktørar som Rørosmat er viktige innovasjonsdrivarar som tek utmarksressursane i bruk på ein positiv måte i lokal samfunnsutvikling. Eit spørsmål for den vidare utviklinga kan vera om kommunen vil fortsette å sjå den viktige rolla dei har i å styrke den sosiale verdiskapinga og utviklingskulturen på Røros.

2.4 Historia om Lysefjordområdet

Sør i Ryfylke skapte frostsprengingar eit platå under isen for 10 000 år sidan, som viste seg å bli ein av Norges sine største naturattraksjonar i det 21. hundreåret. Saman med fleire turistattraksjonar i den vakre Lysefjorden har dette gitt grobotn for ei stor besøksnæring.

Fjellformasjonen Preikestolen. Fotturistar.

Preikestolen ved Lysefjorden. Foto: Ingunn Høyvik, Distriktssenteret.

På midten av 90-talet var det rundt 70 000 besøkande som tok turen til dette naturfenomenet som i dag heiter Preikestolen. Tjue år seinare har talet firedobla seg og i løpet av 2016 har nærmare 300 000 menneske besøkt Preikestolen. Lysefjordområdet har over 700 000 besøkande i 2016

Lysefjorden skjer seg 42 kilometer innover i landet frå den sørlege delen av Boknafjorden. Ved inngangen til fjorden ligg tettstaden Forsand. Innover fjorden finst små grender, der det i dag berre er 10-15 innbyggarar att langs heile indre fjordbassenget. Det er no berre Lysebotn, Songesand og Flørli som har fastbuande.

Historia om Lysefjordområdet skil seg frå dei tre andre, ettersom vi her tek utgangspunkt i eit naturområde som strekk seg over to kommunar. Ein annan forskjell er at mykje av den økonomiske verdiskapinga slår ut andre stadar enn i dei aktuelle kommunane. Samstundes er aktørar i Lysefjordområdet i ein tideleg fase av arbeidet med brei verdiskaping.

Forsand og Strand

Forsand og Strand kommunar er dei næraste innfallsportane til Lysefjordområdet. Dette er to kommunar der reiselivet tradisjonelt sett har stått svakt som næringsveg.

Preikestolen ligg i Forsand kommune, som har 1200 innbyggarar. Samanlikna med andre kommunar i Rogaland, er Forsand ein stor kommune i areal, med store fjell- og heiområde. Jordbruket står framleis sterkt. I tillegg har kraftselskapet Lyse AS ei stor utbygging i Forsand og kommunen nyt godt av eit kraftfond. Dei store sand- og grusførekomstane har også gitt mange arbeidsplasser i kommunen.

Strand er, med sine 12 500 innbyggarar, mindre i utstrekking og har lange industritradisjonar. Det er også ein viktig landbrukskommune, og Strand er i dag den kommunen som har den største produksjon av juletre i landet. Strand kommune har eit stor tal pendlarar til Stavanger/Nord-Jæren. Kommunen har to større tettstader: Tau og Jørpeland. Frå Tau går det ferje og hurtigbåt over til Stavanger. Jørpeland er kommunesenteret. For å komme til Preikestolen må ein anten køyre igjennom Strand og inn til Preikestolshytta, der stien til Preikestolen startar, eller kome via ferjesambandet Lauvvik-Oanes.

Begge kommunane er med i det regionale samarbeidet i Ryfylke – Ryfylke IKS [33]. Dei er også begge ein del av Reisemål Ryfylke, som er eit samarbeid som dekker fem kommunar i regionen.

Preikestolen og Lysefjorden som besøksattraksjon for området

I heile Lysefjordområdet har det dei siste åra vore ein sterk auke i trafikken til naturattraksjonane, både langs fjorden og i fjellheimen. Stavangerområdet er framleis den viktigaste innfallsporten, der dei fleste besøkande reiser til fleire av attraksjonane som ein dagsturdestinasjon. Gjennom dei siste åra har dei byrja å arbeide for at utviklinga av Lysefjorden som besøksattraksjon skal få ei sterkare lokal base, der verdiane fell ned i lokalsamfunna rundt Lysefjorden. For næringsutviklingsarbeidet er det gjort eit strategisk val om at mobilisering og arbeid «nedanfrå» skal vere metoden i arbeidet.

Stiftelsen Preikestolen

Stiftelsen Preikestolen vart skipa allereie i 1993, og Stiftelsen sin driftsøkonomi baserer seg på parkeringsinntektene. Stiftelsen er meint å vera økonomisk sjølvberande og har fire viktige berebjelkar i sitt arbeid. Det første er å legge til rette for parkering for alle gjestene som besøker Preikestolen med ulike transportmiddel. Vidare gjer dei eit viktig tilretteleggingsarbeid for å gjere stien opp til Preikestolsplatået så god som mogleg. Her er det sett inn betydelege ressursar. Dei har også ansvar for å legge til rette for dei sanitære forholda til dei besøkande. Til slutt har dei ei oppgåve med å få dei besøkande trygt fram til, og attende frå,  naturattraksjonen.

Lysefjorden Utvikling AS

Lysefjorden Utvikling AS vart skipa i 2006. Føremålet er å utvikla Lysefjorden som eit attraktivt reisemål som gir grunnlag for næringsutvikling i og rundt fjorden og som bygger på ei berekraftig utvikling. Kriteriene for arbeidet er:

  • Eit samla og berekraftig reiselivstilbod i balanse mellom sikring av verdiar og kvalitetar knytt til natur, kultur på staden og marknadsretta næringsutvikling .
  • Sikra at det er ein god infrastruktur for dei besøkande gjennom attraktive transport-, service- og opplevingstilbod.

Lysefjorden Utvikling

Lysefjorden Utvikling er ei samanslutning av 13 eigarar, der Rogaland fylkeskommune er den største aksjonæren med 42 % av aksjekapitalen. Dei andre eigarane er Stiftelsen Preikestolen, Forsand kommune, Stavanger kommune Strand kommune, Ryfylke kommunane IKS, Sirdal kommune, Reisemål Ryfylke, Hjelmeland kommune, Suldal kommune, Stavanger Turistforening, Sandnes kommune og Ryfylke Friluftsråd. Selskapet er definert som ei offentleg verksemd, som ikkje skal drivast kommersielt. Dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling er også dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen.

Bakgrunnen for danninga av Lysefjorden Utvikling AS var at Forsand kommune, fylkeskommunen og reiselivsaktørar i området såg at det var naudsynt med ein samla innsats for å løfte arbeidet med tilrettelegging og næringsutvikling i og rundt fjorden. I starten var Lyse AS og SR-Bank med som tunge eigarar, og selskapet skulle ha ei kommersiell tilnærming. Ei reorganisering i 2012, der dei to nemnde trekte seg ut som eigarar, førte til at selskapet i det store og heile er ein aktør med oppgåver innan det offentlege.

Lysefjorden Utvikling AS arbeider for å styrke merkevara Lysefjorden, og legge til rette for at endå fleire gjester blir lengre i området. Lysefjorden Utvikling AS brukar mykje av si tid på dei verksemdene som driv aktivitet i området i dag, men jobbar også kontinuerleg med å sjå på moglege nyetableringar som kan gi eit meir vareirt innhald til reisemålet. Kommunane i området er offensive, og leitar etter moglegheiter for korleis dei kan vera ein viktig faktor vidare. Dei er opptekne av det å få til etableringar og hente meir ut av den økonomiske verdiskapinga.

Dei store besøkstala til området gjer at mykje tid går med til å planleggja for korleis ein best kan ivareta dei besøkande. Det gjer også at Lysefjorden Utvikling AS har mykje kontakt med media, både når det gjeld utfordringane rundt å legga til rette for store besøkstal, og utfordringar med handtering av beredskapssituasjonen. 2016 har vore eit vitneprov på det.

Felles «knutepunkt» for å ta meir aktiv rolle i utviklinga

Det var eit potensial for meir samhandling og kommunikasjon mellom ulike etatar og aktørar, og i mai i 2016 opna Strand kommune eit nytt kontorfellesskap i Jørpeland sentrum. Her flytta Lysefjorden Utvikling AS og Stiftelsen Preikestolen inn saman med Reisemål Ryfylke og Jørpeland Handelsforeining. Næringssjefen i Strand vil òg ha kontordagar her. Målet er at dette knutepunktet styrkar det pågåande utviklingsarbeidet. På den måten ynskjer ein å få til betre samhandling m.a. når det gjeld å møte den auka besøkstrafikken som har kome dei siste åra. Allereie no meiner dei at samlokaliseringa har gitt synergieffektar som dei håpar kan bli ennå betre i tida som kjem. Ved å sitje tett på kvarandre, har dei betre kontakt, og kan handle raskt. 

Lysefjorden Rundt

Lysefjorden rundt

Lysefjorden Rundt er heileigd av Lysefjorden Utvikling AS og har med seg tre partnarar på laget – Forsand kommune, Stavanger Turistforeining og energiselskapet Lyse AS. Dei har eit årleg budsjett på 1,5 millionar kroner, og med ei brei finansieringsportefølje, m.a. midlar gjennom programmet Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda og Byregionprogrammet (KMD).

Lysefjorden Utvikling AS er i gang med eit prosjekt innan næringsutvikling – kalla Lysefjorden Rundt. Lysefjorden Rundt er eit næringsutviklingsprosjekt som skal fremje næring i fjellområda rundt heile Lysefjorden, mellom anna gjennom å ta større deler av Lysefjorden i bruk som reisemål.

Eit viktig arbeid for Lysefjorden Rundt-prosjektet er å binde saman ei rute rundt fjorden med realistiske dagsetappar som m.a. er tilpassa både bemanna og ubemanna overnattingstilbod, og offentlege kommunikasjonstilbod. I tillegg vert det, saman med Stavanger Turistforening, jobba for å få ei god utbygging og merking av rutene.

På fleire stader er både industrihistoria og landbruks­tradisjonane synlege, mellom anna i Flørli, ei kraftbygd som vart nedlagt då eit nytt heilautomatisert kraftanlegg vart opna i 1999. I Lysebotn, inst i fjorden, tek ein no grep saman med lokale næringsaktørar, for å løfte plassen til noko meir enn ein ferjeplass. Nytt i år er også opning av eige turistkontor. Kontoret er koordinert med parkeringsaktiviteten som Lysefjorden Utvikling AS driv på Øygardstøl – som og er startpunktet for trafikken til Kjerag.

Naturbasert reiseliv og  meirverdien av det å guide og formidle, er viktige for den berekraftige reisemålsutviklinga i området. Vi treng fleire aktørar som har kunnskap og kompetanse på området, og som kan gi denne type opplevingar.
– Johannes Apon,  dagleg leiar for Outdoorlife Norway med base i Lysefjordområdet.

Arbeid med merket for «bærekraftig reisemål»

Då Lysefjorden Utvikling AS blei etablert for ti år sidan, blei det bestemt at geoturismen sine prinsipp skal ligge til grunn for verksemda. I dag nyttar dei omgrepet «berekraft», og har dei siste par åra arbeidd aktivt med mål om å bli sertifisert gjennom Innovasjon Norge si satsing på «bærekraftig reisemål».

Hovudmålsettinga i arbeidet er å utvikle Lysefjorden til eit attraktivt område å besøke, og å drive næring innan turisme. Hovuddelane i arbeidet framover er:

  • Eit samla og berekraftig reiselivstilbod i balanse mellom sikring av verdiar og kvalitetar knytt til natur, lokal kultur og marknadsretta næringsutvikling.
  • Sikre repeterande og aukande tilstrøyming av besøkande gjennom attraktive transport-, service- og opplevingstilbod.
  • Turiststraumen til Lysefjordområdet skal gi positive ringverknader til lokalsamfunnet 

I løpet av året som kjem skal det gjennomførast fem undersøkingar/analysar: Gjesteundersøking, bedriftsundersøking, innbyggarundersøking, verdiskapingsanalyse og ringverknadsanalyse.

Nokre drivarar og barrierar

Utfordringar og moglegheiter med mange besøkjande

Mange av informantane peiker på at Stavanger og dei bynære områda får størstdelen av den økonomiske verdiskapinga, medan for lite verdiar ligg att i lokalsamfunna rundt Lysefjorden. Samstundes gir dei store besøkstala moglegheit for større verdiskaping lokalt. Fleire hevdar at det er ein barriere at lokale næringsaktørar ikkje har greidd å utvikle produkt og tenester som gjer at turistane ynskjer å stoppe – eller bli litt lengre – i området. Det er opplevast også som ein barriere at dei tilreisande berre er interesserte i å besøke Preikestolen, og at det er utfordrande å spreie ferdsla på ein god måte. Samstundes ser vi at nokre aktørar søker å ta grep for å skapa større lokal forankring av den økonomiske verdiskapinga. Lysefjorden Utvikling AS er ein utviklingsaktør som arbeider for å skape større aktivitet og stimulere lokale aktørar som har etablert seg, og samstundes jobbe for at nye aktørar kan etablera seg i Lysefjordområdet.

Sterkt veksande besøkstal i Lysefjordområdet skapar utfordringar, noko som også har vert tema i ei rekkje med mediesaker både lokalt og nasjonalt dei siste åra. Det eine går på den lokale forureininga og miljøbelastinga, og det andre handlar om korleis den lokale beredskapen i området kan vera rusta til å takla hendingar som skjer i løpet av ein travel turistsesong. Saman med Stiftelsen Preikestolen står Lysefjorden Utvikling AS fram som ein viktig drivar for å setje dei lokale utfordringane på agendaen. No har også statlege styresmakter kome på bana, mellom anna gjennom nyleg vedtekne tilskot til beredskapstiltak og til nasjonale turiststiar. Nokre informantar peikar på at reiselivsnæringa, styresmakter og lokale innbyggarar framover bør klargjere korleis dei kan samarbeida for å løyse desse utfordringane.

Sterk motstand mot vern

Lysefjordområdet grensar opp mot to landskapsvernområde – Setesdal Vesthei og Frafjordheiane. Prosessane med å etablere desse verneområda vart frå lokalt hald sett på som dårlege og topptunge, noko som er ei barriere for moglege verneprosessar i framtida. Gjennom fleire rundar har det vore jobba med å vurdere grunnlaget for å etablera ein nasjonalpark rundt Preikestolen. I januar 2014 presenterte Stiftelsen Preikestolen, i samarbeid med Rogaland fylkeskommune, ei utgreiing som peika på dei moglegheitene som ligg i ei nasjonalparketablering for Preikestolområdet. Økonomisk verdiskaping var ein viktig del av rapporten. Det vart også vist til at gjennom å etablere ein nasjonalpark, vil det vera mogleg å regulere trafikken betre og oppnå spreiing av ferdsel i nasjonalparkområdet.

Sjølv om rådmannen både i Forsand og Strand innstilte positivt, vart det nedstemt i kommunestyra i Forsand og Hjelmeland. Strand valde å ikkje ta saka til endeleg politisk handsaming. Frå politisk hald er ein overtydde om at ein klarar å forvalta naturverdiane på staden utan at det er med å bryte ned naturkvalitetane. I tillegg ligg det også ein del ressursar knytt til småkraftverk som vil bli blokkert dersom det kjem eit vern. Sidan motstanden imot vern pr. i dag er stor blir det sagt at; «mot politiske prinsipp hjelp ingen argument». Samstundes er det fleire som peikar på at denne debatten kan komme opp att, og at drivkrefter for ein nasjonalpark kan bli sterkare dersom det vert lagt opp til god dialog og prosess mellom lokale interesser og nasjonale interesser på området.

Lokal forankring av Preikestolen som attraksjon

Gjennom intervjua vart det peika på at innbyggarane har ei stoltheit knytt til naturattraksjonane i Lysefjorden. Samstundes er det vanskeleg å få tak i kor sterk tilknyting og identitet dei fastbuande i området har til reiselivsutviklinga som skjer rundt Lysefjorden. Det vert sagt at det tradisjonelt har vore skilnad på Forsand og Strand kommunar i synet på betydinga av Preikestolen. Haldninga i Strand kommune har dei siste åra vore snudd i ei meir positiv retning. Samstundes vert det gitt uttrykk for at ein del opplever det som problematisk når det kjem mange turistar til staden.

Den breie verdiskapinga tilknytt Lysefjordområdet

Lysefjorden er eit område som den siste tida har opplevd utfordringar som er aktuelle mange stadar i Norge, slik som beredskaps-utfordringar, miljømessig nedbryting og slitasje på frivillig innsats. Dette utløyser spørsmål om tålegrenser for ein besøksattraksjon, og spørsmål rundt kven som tek ansvar for «fellesgoda».

I Lysefjorden har dei store besøkstala, både til Preikestolen, Kjerag og resten av Lysefjordbassenget, i utgangspunktet vore sterkt kopla til økonomisk verdiskaping. Lysefjordområdet har stor økonomisk  betydning i den regionale  utviklinga, og det har vore store reiselivsaktørar og transportsektoren i Stavangerområdet som i hovudsak har styrt utviklinga.  Stavanger Turistforeining har og vore ein viktig aktør, der dei har bygd opp Preikestolshytta og fleire andre hytter rundt Lysefjorden.

Lysefjorden Utvikling AS utfører ein viktig informasjons- og formidlingsjobb i eit krevjande område, når turiststraumen aukar og ein har eit mål om å skapa eit berekraftig og framtidsretta reisemål. Det vert peika på at det er ei utfordring å etablera reiseliv som ei næring i eit område der det ikkje er noko tradisjon for besøksnæringar. Samstundes er det teke strategiske grep for å prøve å styrke den økonomiske verdiskapinga lokalt. Næringsarbeidet vert utførd gjennom å mobilisere dei relevante næringsaktørane i ei felles satsing. Det vert peika på at ein allereie ser positive økonomisk resultat, både i eksisterande bedrifter og som nyetableringar, samstundes som det er ei nokre nye busette innover fjorden. Lokal mobilisering kan også vera eit viktig grep for å forankre og styrke den breie verdiskapinga i området.

Sett med utgangspunkt i brei verdskaping er det ikkje jobba strategisk over lang tid med å styrke miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping i kommunane rundt Lysefjorden. Men Lysefjorden Utvikling jobbar no med at Lysefjordområdet skal oppnå merket «bærekraftig reisemål». I dette arbeidet vert det jobba systematisk med Innovasjon Norge sine indikatorar for «bærekraftige reisemål».

Ei utfordring i Lysefjordområdet ligg kanskje i å forankra den breie verdiskapinga som strategisk verktøy, og få vevd dette tettare inn i arbeidet med lokal samfunnsutvikling i kommunane. Den breie verdiskapinga er avhengig av samspel mellom næringsaktørar, lokalsamfunnet og vernestyresmakter. Dette er ei samansett oppgåve som krev vilje og tillit mellom mange aktørar. Ei hovudutfordring for området kan ligge i å styrke den sosiale verdiskapinga gjennom tillit og samhandling, samstundes som ein kanskje treng fleire aktørar som forvaltar og formidlar dei miljømessige og kulturelle verdiane.

3 Erfaringar frå læringshistoriene

Gjennom denne rapporten formidlar vi nokre historier som kan bidra til å auka kunnskapen om den breie verdiskapinga som strategi for berekraftig lokal samfunnsutvikling. Kvar læringshistorie vert avslutta med eit eige avsnitt som tek for samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping på den aktuelle staden. Til saman gir desse fire historiene kunnskap om korleis ein kan nytta samspelseffektar[34] mellom dei ulike formene for verdiskaping til å skape større lokal meirverdi.

Læringshistoriene viser at natur og kultur er tett vevd saman. Nokre eksempel på kulturtradisjonane som vert verdsett og framheva er seterdrift, ærfuglforvaltning, mattradisjonar og byggeskikk. Denne kulturarven vitnar om liv som skjedde i djupt samspel med dei naturgitte føresetnadane på staden. Der dei tidligare måtte sjå ting i samanheng på sin eigen stad, har vi i det moderne samfunnet i stor grad moglegheita til å distansera oss frå naturen og kulturarven. Sjølv om vi i dag har tilgang til meir informasjon, kan det vera vanskeleg å sjå den direkte koplinga mellom våre liv og natur og kultur. Samstundes er naturgrunnlaget under eit stadig aukande press[35]. Departementa arbeider med å synleggjera samspelet mellom lokal samfunnsutvikling og natur- og kulturresursane. Den breie verdiskapinga er ei tilnærming som kan gjera det lettare å ha ei felles forståing for korleis dei ulike formene for verdiskaping påverkar kvarandre.

3.1 Kort tilbakeblikk

På Vega har initiativet til verdsarv vakse fram lokalt, og det har utvikla seg ein god balanse mellom dei ulike aktørane. Kommunen har teke ei aktiv og leiande rolle, også for omdøme og kommunikasjon.

Her finn vi fleire gode eksempel på samarbeid på tvers av sektorar – med utgangspunkt i ei felles forståing, og felles strategiske grep. På Vega har særleg kommunen og verdsarvstiftinga jobba mykje med forankring hos innbyggjarane, og med å skape felles retning og mål for den lokale samfunnsutviklinga.

I Lom har det over tid vore ei solid lokal forankring av verneverdiar. Det har utvikla seg eit sterkt  forvaltningsmiljø, samstundes som dei har skapt auka økonomisk verdiskaping i sentrum. Den breie verdiskapinga skapar mange spennande handlingsrom som mellom anna forvaltningsknutepunktet på Norsk Fjellsenter. Her har aktørar med ulik type kompetanse fast arbeidsstad i eit fysisk miljø. Dei er rause med kvarandre og delar kunnskap. Tradisjonar for å samarbeide på tvers vitnar om ein utviklingskultur som har gått seg til over tid. Ei utfordring framover ligg i å kople næringsutvikling og forvaltning enda tettare saman.

I Røros er vernestatusen, som i starten kom «utanfrå», i dag ein viktig del av strategiarbeidet til mange av næringsaktørane i området. Her spelar mange aktørar på lag. Dei har utvikla felles, langsiktige mål som er tufta på nokre grunnleggande verdiar. Samarbeidet på Røros vitnar om ein type utviklingskultur som er prega av at dei framsnakkar kvarandre. Ei utfordring framover kan vera at det er noko utydeleg kva rolle kommunen tek i forhold til omdømme og kommunikasjon. Samstundes ynskjer fleire aktørar at den sosiale verdiskapinga må styrkast ytterligare.

Lysefjorden er eit av dei mest besøkte reisemåla i Norge, og attraksjonar som Preikestolen og Kjerag bidreg til stor økonomisk verdiskaping regionalt. Samstundes opplever området ein del utfordringar lokalt, og mange lokale aktørar meiner at dei har fått for lite ut av den store turisttrafikken. Lysefjorden er kanskje eit eksempel på korleis eit einsidig fokus på økonomisk verdiskaping kan svekka dei andre formene for verdiskaping. Fleire aktørar i regionen arbeider no med å ta eit sterkare grep om utviklinga, og målet er at Preikestolen og Lysefjordområdet skal bli klassifisert som eit berekraftig reisemål i framtida. Samstundes verkar det som regionen framleis har ei stor utfordring i å samlast om felles mål og forståing, som tek omsyn til korleis dei ulike formene for verdiskaping spelar saman.

3.2 Kva kjenneteiknar områda som lukkast med brei verdiskaping?

Ei viktig erfaring frå læringshistoriene er at den breie verdiskapinga er resultat av kontinuerleg arbeid med forvaltning, formidling og forankring. Samstundes ser vi at omgrep som tillit, identitet og stadtilhøyrsle gjer seg gjeldande.

Kommunane tek ei aktiv rolle

Fellestrekk

Felles for arbeidet med brei verdiskaping i Røros, Lom og Vega kommune:

  • tydelege prioriteringar
  • langsiktig planlegging
  • investering i fellesgode
  • lokal forankring og brei involvering
  • samhandling på tvers av mange aktørar

Eit særtrekk som går att hos kommunane som lukkast med brei verdiskaping er prioritering og strategisk planlegging. Dei har teke aktive val, noko som inneber å seia ja til noko, samstundes som ein seier nei, eller stiller strenge krav til andre former for utvikling. Nokre eksempel på aktive val er positive vedtak om verneområde og verdsarvstatus, forsiktig linje i hyttepolitikk, nei til store handelssenter utanfor sentrum og samarbeid i regionalt utviklingsselskap.

Gjennom langsiktige planar skapar kommunane rammer der både næringsliv og innbyggjarar veit kva ein har å halda seg til. Vi ser at kommunale planar og arenaer for medverknad har mykje å seie i arbeidet med brei verdiskaping. På Røros, Vega og i Lom har kommunane kopla vernearbeid saman med næringsutvikling i sitt kommunale planarbeid. Gjennom å legge til rette for samhandling på tvers av ulike interesser kan ein skape tillit og felles målbilete, der ulike samfunnsaktørar spelar på lag. På denne måten kan ein skapa eit betre grunnlag for prioriteringar, og for å ta i bruk handlingsromma som finst lokalt

Gjennom intervjua har vi sett på korleis kommunane nyttar handlingsrommet dei har lokalt. Vi har prøvd å identifisere nokre faktorar som kan hindre eller få kommunar til å ta i bruk moglegheitene planverket gir for lokal utvikling og brei verdiskaping.

Nokre faktorar som kan hindre ein kommune i å nytte det handlingsrommet dei har lokalt:

  • Mangel på felles målbilete – ser ikkje verdien av å arbeida på tvers.
  • At kunnskap om brei verdiskaping er svakt forankra i kommunen – forstår ikkje korleis ulike val påverkar kvarandre.
  • Mangel på ressursar og kompetanse – at kommunen manglar aktørar som ser, og kan formidle, dei ulike verdiane.
  • Mangelfull kommunikasjon mellom ulike interesser og mangel på tillit.
  • Konfliktfylte prosessar i fortida, t.d. knytt til vern.

Nokre faktorar som kan ein kommune til å nytte handlingsrommet dei har lokalt:

  • Felles målbilete – som gjer det lettare å prioritera.
  • Utviklingskultur – nettverk, samhandling og tillit på tvers av sektorinteresser.
  • At natur- og kulturverdiar i kommunen vert løfta fram og «sett» av aktørar utanfrå.
  • At kommunen er del av program og satsingar som set berekraftig utvikling og brei verdiskaping på agendaen (m.a. «berekraftig reisemål» og Naturarven som verdiskapar»).

Investering i miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping

Miljømessige, kulturelle og sosiale verdiar er såkalla «frie gode»[36]. Dei er fellesgode som det er mogleg for private aktørar å nytta til økonomisk verdiskaping. Alle områda vi har henta læringshistorier frå har delteke i ulike program eller satsingar, som har gitt dei ekstra ressursar til å jobbe med å styrke og utvikle fellesgoda. Eit viktig poeng her er at arbeid med å styrke miljømessige, kulturelle og sosiale verdiar handlar om investeringar. Ein måte å sjå det på er at «ein må så, før ein kan hauste». Vi kan sjå den økonomiske verdiskapinga som hausting av frukter som naturen eller samfunnet dyrkar fram, samstundes som den økonomiske verdiskapinga kan bidra til å styrke og utvikle fellesgoda.

Arbeid med sosial verdiskaping

Strategisk arbeid med brei verdiskaping krev at ein tek vare på og utviklar natur- og kulturressursane som ligg på staden. Dette inneber å kople natur- og kulturressursane på staden saman med dei folka som bur der. I våre læringshistorier finn vi eksempel på at koplinga mellom menneska på staden og natur- og kulturressursar har skjedd gjennom ein brei prosess, der styrking av den sosiale verdiskapinga har vore avgjerande.

Den sosiale verdiskapinga er limet i den breie verdiskapinga, og vi ser at kommunane som lykkast, arbeidar aktivt med tillitsskapande arbeid og styrking av formelle og uformelle nettverk. Gjennom samhandling i tillitsfulle nettverk kan ein kommunisere på tvers av interesser, skape vinn-vinn situasjonar og nye handlingsrom. Vi erfarer at områda som lykkast jobbar breitt – både horisontalt og vertikalt. Dette betyr at kommunane involverer innbyggjarar og jobbar på tvers av sektorar, samstundes som dei også samarbeid med regionale og nasjonale styresmakter.

Gjennom læringshistoriene kjenner vi igjen fleire faktorar frå omgrepet utviklingskapasitet. Særleg synest det å vera ei kopling mellom sosial verdiskaping og utviklingskultur. Tillit og tillitsfulle nettverk er ein avgjerande faktor for god utviklingskultur, samstundes som auka tillit er ein viktig indikator på at ein har styrka den sosiale verdiskapinga på staden.

Breitt spekter av nasjonale og regionale bidragsytarar

Gjennom læringshistoriene ser vi eksempel på stadar som foredlar sine eigne ressursar. Lokal utviklingskraft er heilt sentralt, men merksemd utanfrå kan utløyse viljen til å ta vare på verdiane lokalt. I Lom har dei fått besøk av fjellfolk og forskarar langt tilbake i tid. I Røros fekk dei anerkjent verdien av eigne kulturtradisjonar gjennom ei verdsarvsatsing som kom «utanfrå», og her vert det peika på at det ofte er tilflyttarar som er drivkraft for endring. På Vega såg dei ikkje eigne ressursar så tydeleg før verdiane vart løfta fram og arbeidd strategisk med, samstundes som verdiane vart anerkjent utanfrå gjennom nasjonale og internasjonale satsingar.

Mange ulike aktørar og sektorinteresser har spela ei rolle i samfunnsutviklinga i områda vi har besøkt. Vi har sett mange eksempel på at bidrag frå nasjonale og regionale aktørar er viktig for den breie verdiskapinga lokalt. Her vil vi trekke fram nokre eksempel frå Lom og Vega (eit likande bilete finn vi også på Røros og i Lysefjordområdet). Det er også fleire andre som bidreg, så dette er ikkje ei uttømmande liste:

Lom:

  • I småsamfunnssatsinga i Lom var mellom anna det tidligare Kommunal- og regionaldepartementet ein sentral aktør.
  • I Naturarven som verdiskapar var både tidlegare Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvalting, viktige aktørar.
  • Som del av satsinga på nasjonalparklandsby i Lom samarbeidde tidlegare Direktoratet for naturforvalting med Statens Vegvesen.
  • Norsk Fjellmuseum og forvaltningsknutepunktet på Lom har fått bidrag frå mange aktørar, mellom anna Klima- og miljødepartementet, Oppland fylkeskommune, Miljødirektoratet, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga og DNB.

Vega:

  • Verdsarvarbeidet er kopla til UNESCO, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, og både fylkeskommunen og Fylkesmannen i Nordland har vore aktive partar.
  • Nordland fylkeskommune spela ei viktig rolle i utarbeiding av reiselivsstrategien.
  • Riksantikvaren og Nordland fylkeskommune har vore bidragsytarar i verdiskapingsprogrammet «Den verdifulle kysten».
  • Innovasjon Norge bidreg til Vega sitt arbeid med sertifiseringa som «bærekraftig reisemål».
  • Fylkesmannen har ei rolle opp mot dei ulike typane verneområda på Vega.

4 Faglege innspel til nasjonal politikkutvikling

Med utgangspunkt i læringshistoriene finn vi at strategisk arbeid med brei verdiskaping, legg eit viktig fundament for berekraftig lokal samfunnsutvikling. Gjennom arbeid på tvers av interesser og sektorar bygg ein tillit, og styrker sosial verdiskaping og lokal utviklingskultur. Samstundes gir den breie tilnærminga grobotn for økonomisk verdiskaping som veks fram med røter i lokal natur- og kulturarv. Vi erfarer at brei verdiskaping er ei nyttig tilnærming i arbeid med utmarksressursar, samstundes som dette kan vidareutviklast til ein metode for arbeid med berekraftig lokal samfunnsutvikling generelt.

Damvad [37] viser til at ein kan skilje mellom eksterne (eksogene) og interne (endogene) faktorar som påverkar utviklinga i eit lokalsamfunn. Brei verdiskaping kan sjåast som ei endogen tilnærming til lokal utvikling, ettersom ein her tek utgangspunkt i dei ressursane som finst på staden (menneske, kultur og natur). Samstundes er strategisk arbeid med brei verdiskaping ikkje ei motsetting til å ta omsyn til eksterne faktorar, men ein nyttig metode for å avstemma eigne ressursar i forhold til eit nasjonalt og globalt rammeverk. Resultata i områda der vi hentar våre læringshistorier har ikkje oppstått i eit lokalt vakuum, men har vakse fram i samspelet mellom drivkrefter innanfrå og utanfrå lokalsamfunnet. Dette gjeld samspel mellom besøkande og fastbuande, men også mellom internasjonale, nasjonale, regionale og lokale interesser.

Natur- og kulturverdiar i norske lokalsamfunn representerer viktige nasjonale interesser. Nasjonale styresmakter ynskjer å gjera det attraktivt for kommunane å ta vare på og forvalte natur- og kulturressursane på ein berekraftig måte. Felles for alle læringshistoriene i rapporten er at det har teke lang tid å forankre ei heilskapleg tilnærming til verdiskaping lokalt. Kommunane fortel om eit kontinuerleg arbeid med formidling, forankring og forvaltning. Læringshistoriene vitnar om mykje tolmodigheit og ein god del motstand, og at lokalsamfunna stadig står i spenningsfelt der ein må gjera prioriteringar.

Nasjonale styresmakter har moglegheit til å gjera grep, slik at prosessane med berekraftig lokal samfunnsutvikling går raskare. Gjennom verkemiddel og politikkutforming kan ein bidra til å gjera strategisk arbeid med berekraftig utvikling til ein prioritert del av det kommunane får føringar rundt, kunnskap om og støtte til. På den andre sida kan nasjonale styresmakter bidra til å gjera arbeid med brei verdiskaping mindre interessant for kommunane. Dette kan skje gjennom at nasjonale styresmakter ikkje nyttar tilgjengeleg kunnskap om samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping, og dersom ein prioriterer ei form for verdiskaping sterkare enn andre i støtte og verkemiddel retta mot lokal samfunnsutvikling.

Læringshistoriene i rapporten er henta frå områder som kan vise til resultat innanfor brei verdiskaping. Dei fleste kommunar i Norge er nok langt frå å ha så bevisste strategiar rundt berekraftig lokal samfunnsutvikling som dei eksempela vi løftar fram her. Vi erfarer at berekraftig utvikling lokalt er avhengig av tydelege nasjonale rammer og forvaltning. I arbeidet med forenkling av utmarksforvaltninga er det viktig at ein ikkje gløymer ansvaret for å forvalta samspelet mellom dei ulike formene for verdiskaping. Ein kan fort hamna i ein situasjon der ein forventar at kommunane skal ta ansvar for heilskap og brubygging på det lokale nivået, samstundes som signala frå nasjonalt nivå ikkje stimulerer til heilskapleg forvaltning. Vi har peika på samspelet og dialogen mellom ulike interesser og nivå som ein avgjerande faktor i den breie verdiskapinga. Det er viktig at forenklinga ikkje står i vegen for brubygging og samarbeid på tvers av sektorar.

Med bakgrunn i kunnskapen vi har fått gjennom læringshistoriene, og tidlegare kunnskap og referansar, peikar vi på nokre punkt vi meiner det er viktige å ha med seg i arbeidet med politikkutvikling på området. Distriktssenteret er gjerne med i vidare dialog rundt korleis desse områda kan konkretiserast: 

Auka kunnskap og kompetanse om berekraftig lokal samfunnsutvikling

Både nasjonale, regionale og lokale styresmakter må ha kunnskap om korleis dei ulike formene for verdiskaping spelar saman, og korleis val i samfunnsplanlegginga kan påverka dette samspelet. Dette inneber å forstå korleis vala kan bidra til å styrka eller svekka ulike former for verdiskaping lokalt, og korleis kommunar kan utvikla og gripa handlingsromma som ligg innanfor brei verdiskaping. Eksempel på grep for å auka kunnskap og kompetanse om berekraftig lokal samfunnsutvikling kan vera:

  • I arbeidet med forenkling av utmarksforvaltinga bør ein synleggjera sampelet mellom dei ulike formene for verdiskaping.
  • Stimulere til å bruke det lokale handlingsrommet ved å auke kunnskap blant nasjonale, regionale og lokale aktørar gjennom ein kompetansestrategi og/ eller eit kompetanseprogram.
  • Kartlegge og formidle gode eksempel frå aktørar som lukkast med å byggje bru mellom ulike interesser, og få til god samhandling i sine lokalsamfunn.
  • utvikle og formidle kunnskap om korleis kommunane kan kopla vernearbeid saman med næringsutvikling i det kommunale planarbeidet.

Styrka samhandling nasjonalt

Vi har vist til eksempel der kommunane på lokalt nivå ynskjer å sjå kulturarv, naturarv og samfunnsutvikling i ein større samanheng, samstundes som dei opplever at nasjonalt nivå ikkje alltid har samordna bodskap og verkemiddel. I eit sektorisert samfunn, er det ei stor og viktig oppgåve å skape felles målbilete. Vi har lært at å bygge tillit mellom aktørar, og å finne gode løysingar på tvers av sektorinteresser, er avgjerande for den breie verdiskapinga. Det er allereie utvikla mykje kunnskap om korleis ein kan samarbeide på tvers av sektorinteresser på nasjonalt nivå, mellom anna i tverrdepartementale program som gjekk over lengre tid. Eksempel på grep for å styrka samhandlinga nasjonalt kan vera å:

  • skapa arenaer for samhandling, kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling på tvers av departement og direktorat – som fører til styrka samarbeid over tid.
  • samarbeide om politikkutvikling, gjerne knytt til program og satsingar som allereie er i gang.
  • utvikle styringssystem som i større grad stimulerer til arbeid med berekraftig lokal samfunnsutvikling
  • utvikle heilskaplege, nasjonale rammeverk for verkemiddel, tilskot og rapportering – som tek omsyn til berekraftig lokal samfunnsutvikling.

Synleggjera samanhengar og gjera koplingar

I fleire av våre læringshistorier, m.a. Vega, har kommunen teke grep for å fylle «tomrom» i skjeringspunktet mellom ulike sektorar, og på denne måten har dei skapt store ringverknadar med små ressursar. Arbeid med brei verdiskaping handlar ofte om utløyse samspelseffektar som ligg i romma mellom dei ulike formene for verdiskaping, og mellom dei ulike sektorane og nivåa i samfunnet. Nasjonale styresmakter kan ta grep for å kopla ulike aktørar og funksjonar saman, og legge til rette for samhandling mellom aktørar som ikkje har naturlege møtepunkt. Eksempel på grep for å synleggjera samanhengar og gjera koplingar kan vera å:

  • skape arenaer på tvers av ulike nivå og interesser. Dette kan f.eks. vera lokal, regionale eller nasjonale utviklingsprogram, arenaer for erfaringsutveksling og læringsnettverk – der ein deler erfaringar og utviklar ny kunnskap.
  • styrke regionale aktørar sin kunnskap og kompetanse om brei verdiskaping – slik at dei betre kan nytta sine verkemiddel til å synleggjera samanhengar og utløyse samspelseffektarr.

Styrka arbeid med involvering og medverknad i kommunane

I læringshistoriene finn vi at utviklingskultur, tillit, stoltheit og identitet er viktige faktorar i arbeidet med den breie verdiskapinga. Den sosiale verdiskapinga er limet i berekraftig lokal samfunnsutvikling. Gjennom å legge til rette for samhandling på tvers av ulike interesser kan ein skape tillit og felles målbilete, der ulike samfunnsaktørar spelar på lag. På denne måten kan ein skapa eit betre grunnlag for prioriteringar, og for å ta i bruk handlingsromma som finst lokalt. I det strategiske arbeidet med brei verdiskaping er det viktig at kommunane får kunnskap og arbeidsmetodar for å jobba med involvering og medverknad, på tvers av ulike interesser. Eksempel på grep for å styrka arbeid med involvering og medverknad i kommunane kan vera:

  • utvikle og formidle kunnskap om korleis kommunane kan jobbe med medverknad og tillitsfulle nettverk lokalt – særleg kunnskap om medverknadsprosessar som bidreg til kollektiv idéutvikling
  • vidareutvikle brei verdiskaping som metode i arbeidet med berekraftig lokal samfunnsutvikling

Referansar

Brandtzæg, Bent Aslak og Haukeland, Per Ingvar (2014). «Naturarven som verdiskaper: Statusrapport 2010-2013. TF-notat 30.

Brønnøysunds Avis, nyhendeartikkel om Donald Duck på Vega (2016) : https://www.banett.no/nyheter/2016/09/26/Tar-inn-300-nye-Donald-blad-etter-Donald-feber-p%C3%A5-Vega-13530140.ece

Damvad (2015); «Analyse av rasjonale for og innsats knyttet til lokal samfunnsutvikling innenfor regional- og distriktspolitikken.» Delrapport 1

Destinasjon Røros sine nettsider (2017): https://www.roros.no/

Distriktssenteret (2015), læringshefte om utviklingskapasitet 

Distriktssenteret (2014), Funn frå Småkommuneprogrammet

Distriktssenteret sine nettsider (2017), informasjon om Byregionprogrammet, Fjellregionen, https://distriktssenteret.no/2014/03/17/tynset/

Distriktssenteret (2014): Regionalparker i Norge. Kartlegging av samarbeid og resultater i seks regionalparker – hva er oppnådd og hva er merverdien?

Haukeland, P.I., Svardal, S. Brandtzæg, B.A., Clemetsen, M., Krogh, E., Bjørnstad, K., Mose, I., Siegrist, D. Hammer, T. & Weixlbaumer, N. (2010); . Landskapsøkonomi. Bidrag til bærekraftig verdiskaping, landskapsbasert entreprenørskap og stedsutvikling. Med eksempler fra regionalparker i Norge og i Europa.  TF-rapport nr. 263.

Haukeland, Per Ingvar og Bradtzæg, Bent Aslak (2014); «Naturarven skaper verdier. Sluttanalyse Naturarven som verdiskaper», oppdragsgiver var Miljødirektoratet

Haukeland, Per Ingvar og Brandtzæg, Bent Aslak (2009). «Den brede verdiskapingen: Et berekraftig utviklingsperspektiv på natur- og kulturbasert verdiskaping.» TF-notat 20.

Innovasjon Norge sine heimesider (2017): om merket for “bærekraftig reisemål”: https://www.innovasjonnorge.no/no/reiseliv/Baerekraftig-reiseliv/Merket-for-baerekraftig-reisemaal/

Klimaparken2469 sine nettsider (2017): https://klimapark2469.no/

Kobro, Lars U., Haukeland, Per Ingvar, Vareide, Knut og Jervan, Bård (2013); «Duett eller duell? Reiseliv og lokal samfunnsutvikling»  TF-rapport 319, Mimir 2013

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2014): «Rapport fra faggruppe – Forenkling av utmarksforvaltningen»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2015); høyringsinnspel på faggrupperapport: «Forenkling av utmarksforvaltningen»   

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2016): «Rapport frå arbeidsgruppe – forenkling av utmarksforvaltningen. Kommuner som førstelinjetjeneste for utmarksforvaltning og forenklingstiltak innen IKT»

Meld.St.18 (2015-2016) – Friluftsliv: Natur som kjelde til helse, trivsel og livskvalitet , Klima – og Miljøverndepartementet

Meld.St.9 (2011-2012) – Landbruks og matpolitikken – Velkommen til bords , Landbruks – og Matdepartementet

Meld.St.35 (2012-2013) – Framtid med fotfeste – kulturminnepolitikken , Miljøverndepartementet 

Miljødirektoratet sine nettsider (2017): https://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Verneomrader/Verdiskaping-og-naturbasert-reiseliv/Nasjonalparklandsbyer/

Norsk Fjellsenter sine nettsider (2017): https://www.norskfjellsenter.no/

NOU 2013:10 (2013): «Naturens goder – om verdien av økosystemtenester» , Miljøverndepartementet

Plathe, Erik (2013); «Arealpolitikk for «varme og kalde» senger på reisemål» , sluttrapport, Asplan Viak

Nærings- og Handelsdepartementet (2012) – Destinasjon Norge: Nasjonal strategi for reiselivsnæringen , Regjeringa sin reiselivsstrategi

Riksantikvaren (2010): «Kulturminner i bruk – verdi, vekst og vern. Verdiskapingsprogrammet for på kulturminneområdet 2006 – 2010» , sluttrapport frå Riksantikvaren

Rørosmat sine nettsider (2017): https://rorosmat.no/

Rørosmuseet sine nettsider (2017): https://rorosmuseet.no/ og  https://rorosmuseet.no/bygningsvernsenteret

Ryfylke IKS sine nettsider (2017) https://ryfylke.no/

Statistisk Sentralbyrå (2017): https://www.ssb.no/

Store Norske Leksikon (2017): Berekraftig utvikling

Store Norske Leksikon (2017): Om UNESCO sine biosfæreområder

Telemarksforsking sine nettsider (2016), Norsk kulturindeks

UNESCO sine nettsider (2017) : https://unesco.no/kultur/verdensarven/

Visit Vega sine nettsider (2017), reiselivsstrategien; “Vega ved verdens vakreste kyst

Vegaøyan Verdsarv sine nettsider (2017): https://www.verdensarvvega.no

Verdsarven Røros sine nettsider (2017); https://www.verdensarvenroros.no/


Fotnotar

[1] Vår tolking av omgrepet brei verdiskaping, slik det vert skildra i Haukeland og Brandtzæg, 2009 og 2014

[2]«Rapport fra faggruppe: Forenkling av utmarksforvaltningen», 2014

[3] Høyringsinnspel på «Rapport fra faggruppe: Forenkling av utmarksforvaltningen», 2015

[4] Store Norske Leksikon, definisjon av berekraftig utvikling, 2017

[5] «Bred verdiskaping» ble først definert av Haukeland og Brandtzæg, 2009

[6] «Bred verdiskaping» ble først definert av Haukeland og Brandtzæg (2009) og dei ulike formene for verdiskaping er i dag definert på følgjande måte i Haukeland og Brandtzæg (2014) og i Meld.St.35 2012-2013 og Meld.St.18 (2015-2016)

[7] Haukeland og Brandtzæg, 2009

[8] Haukeland og Brandtzæg, 2014

[9] Kobro, Vareide, Haukeland og Jervan, 2013

[10] Haukeland et al., 2010

[11] Funn frå småkommuneprogrammet (2014)

[12] Læringshefte om utviklingskapasitet, Distriktssenteret, 2015

[13] Verdiskapingsprogrammet for kulturminne, sluttrapport frå Riksantikvaren (2010)

[14] Distriktssenteret (2014); «Regionalparkar i Noreg – kva er oppnådd og kva er meirverdien»

[15] Informasjon om Nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar på Miljødirektoratet sine heimesider

[16] UNESCO sine heimesider

[17] Om merket for «berekraftig destinasjon» på Innovasjon Norge sine heimesider

[18] Telemarksforsking og Mimir AS; «Duett eller duell? Reiseliv og lokal samfunnsutvikling» (2013)

[19] Innbyggjartal er henta frå Statistisk sentralbyrå

[20] Klimaparken 2469, nettsider

[21] Norsk Fjellsenter, nettsider

[22] Asplan Viak (2013) Arealpolitikk for «varme og kalde» senger

[23] Nyhendeartikkel, Brønnøysunds Avis (2016)

[24] Reiselivsstrategien; «Vega ved verdens vakreste kyst» (2010)

[25] Vegaøyan verdsarv, nettsider

[26] Verdsarven på Røros, nettside

[27] Rørosmat, nettside

[28] Om Bygningsvernsenteret, frå Rørosmuseet sine nettsider

[29] Destinasjon Røros, nettside

[30] Rørosmuseet, nettside

[31] Informasjon om Byregionprogrammet – Fjellregionen, Distriktssenteret sine heimesider

[32] Telemarksforsking sin kulturindeks

[33] Ryfylke IKS, nettside

[34] Samspelseffektar, i sluttrapporten frå Naturarven som verdiskaper (2014)

[35] NOU 2013:10 (2013): «Naturens goder – om verdien av økosystemtjenester»

[36] Telemarksforsking og Mimir AS: «Duett eller duell? Reiseliv og lokal samfunnsutvikling» (2013)

[37] Damvad, delrapport 1 (2015)