Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar har som mål å auke verdiskaping og næringsutvikling i landskapsområder med særeigne natur- eller kulturverdiar.

Distriktssenteret har kartlagt samarbeid og resultat i seks regionalparker. Les rapport: Regionalparker i Norge – hva er oppnådd og hva er merverdien?

Ein regionalpark er ikkje det same som ein med nasjonalpark. Målet med ein regionalpark er å skapa ein balanse mellom det å ta vare på natur- og kulturverdiar, og samstundes møta dei behova som lokalbefolkninga har gjennom berekraftig bruk.

Det er regionane sjølve som vel å gå saman om etableringa av ein regionalpark. Samarbeid med kommunane, reisemålsselskap og næringslivet er svært viktig for å få dette til å fungere godt.

Parkane arbeider mellom anna med å sikra at:

  • ein får til eit langsiktig samarbeid lokalt og regionalt
  • ein får til eit eigarskap og engsjement for fellesgodene
  • ein ivaretek landskap
  • det blir utvikla merkevare for lokale produkt og opplevingar

Desse deltek i programmet

Lokalsamfunn, styresmakter og næringsliv med interesse for å ivareta og videreutvikla natur- og kulturverdiar i eit definert landskaps- og identitetsområde deltek i programmet.

Hausten 2012/2013 delte Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut midlar til desse 22 områda:

Distriktssenteret si rolle

Distriktssenteret si rolle i arbeidet med lokale og regionale parkar er å vera rådgjevar og veiledar for dei parkane som får stønad gjennom verdiskapingsprogrammet. Vi skal og bygga kunnskap og formidla erfaringar frå prosjekta som får stønad.

Kontaktpersonar i Distriktssenteret: Roar Werner Vangsnes og Bjørn Richard Jensen.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Kontaktpersonar i KMD

Knut Ove Nordås 22 24 70 49
[email protected]
Judith Kortgård 22 24 70 35
[email protected]

Arbeidet med lokale og regionale parkar er under utvikling

Med lanseringa av verdiskapingsprogrammet blir parkarbeidet sett endå sterkare på dagsorden. Sidan midten av 2000-talet har det vakse fram lokale og regionale parkar i Norge med inspirasjon frå m.a. Frankrike og Sveits.

Les meir om lokale og regionale parkar hos Norske Parker og i notatet «Regionalpark som utviklingsstrategi» (Telemarksforsking 2008).