Læringshefte om utviklingskapasitet

– Kunnskap, organisering og  verktøy gjer det lettare å få gode resultat, seier direktør i Distriktssenteret Halvor Holmli. Læringsheftet Utviklingskapasitet fortel korleis kommunane kan bli betre samfunnsutviklarar.

– Kapasiteten til å skape ei god samfunnsutvikling handlar om mykje meir enn talet på utviklingsstillingar i rådhuset.

I læringsheftet presenterer Distriktssenteret utviklingskapasitet som summen av fem element:

  • Utviklingsleiing
  • Utviklingskompetanse
  • Utviklingskultur
  • Utviklingsøkonomi
  • Tidsressursar

– Målet vårt er å inspirere kommunane til å jobbe med å styrke utviklingskapasiteten sin, forklarar Holmli. – God kapasitet handlar blant anna om å engasjere dei rette menneska, både på rådhuset, elles i kommuneorganisasjonen og ikkje minst i lokalsamfunnet.

Metode for eigenvurdering

I heftet blir både omgrepet utviklingskapasitet og kapasitetsdiamanten som metode for eigenvurdering forklart nærare. Distriktssenteret har arbeidd med utviklingskapasitet gjennom Småkommuneprogrammet. Der blei det gjennomført statusvurderingar av utviklingskapasitet i 41 kommunar i 15 fylke. Kommunane som var med på denne forma for eigenvurdering, opplevde dette som nyttig.

Prosessmetodikken som ble brukt i egenevalueringen er utviklet av Distriktssenteret i samarbeid med Trøndelag Forskning og Utvikling AS, Agderforskning AS, Vestlandsforskning, Østlandsforskning og NORUT Alta og NORUT Tromsø.

-Vi fortell og kva som skal til for å betre utviklingskapasiteten, og korleis dette kan gjerast i praksis. Difor legg vi i heftet vekt på forklaring av omgrep, forslag til arbeidsmåtar og eksempel.

Bygd på kunnskap om lokal utvikling

Distriktssenteret byggjer heftet på kunnskap om lokal samfunnsutvikling frå kommunenes praktiske arbeid og ei lang rekkje studier og forskningsrapportar.

– Både små og store kommunar har eit potensiale for å styrke sin samla kapasitet innan lokal samfunnsutvikling. Det kan dreie seg om utviklingstiltak i et lite lokalsamfunn, i et tettsted eller i en hel kommune. Styrking av kommunens utviklingskapasitet kjem ikke av seg sjølv, men gjennom bevisst arbeid med forbedring. Vi håper heftet motiverer som dette, seier Holmli.