Fagområde: Bolig og bomiljø

Samlar kunnskap om Second Homes

Det er meir enn 400.000 fritidsbustader i Noreg, dei fleste i fjellområda på austlandet. Og i nærare halvparten av kommunane utgjer fritidshusa oppimot 40% av bustadmassen. Kva har dette å seie for lokal utvikling og korleis ser kommunane på fritidsbusetting som ressurs?

Dette spørsmålet og andre tilgrensande problemstillingar har Distriktssenteret søkt å finne svar på. Ein workshop med bl.a bidrag frå Agderforsking, Bygdeforsking, Østlandsforsking og hyttekommunen Tinn ga ny kunnskap og fleire inngangar til å forstå og sjå betydninga av hytteutvikling og fritidsbuarar i distrikta.

Blant spørsmål og problemstillingar tok workshopen opp bl.a status for hytteutviklinga i Noreg, utviklingstrekk, hytteutvikling og fritidsbuande som ressursar i lokal utvikling, dilemma og utfordringar og lokale strategiar for  møte utfordringar og utløyse mulegheiter som ligg i dynamikken mellom fast- og fritidsbusetting. Workshopen kom til med utgangspunkt i Distriktssenteret sitt engasjement og bidrag i den nordiske undersøkinga Rural Housing, der Second Homes var eitt av tre deltema.

Stikkord: