Preikestolbyen

Utviklinga av Jørpeland by og Jørpeland som regionsenter er viktig for alle dei 3 deltakande kommunane i Ytre Ryfylke. Dei 3 kommunane er nå inne i ei utgreiing om ei eventuell samanslåing og danning av ein ny kommune.

Utdrag fra Strand sin søknad til Byregionprogrammet:

Vegsambandet Ryfast vil medføra store endringar for heile Ryfylke. Basert på funn i analysen, og dugnadsarbeidet knytt til denne har prosjektet blitt fokusert på sentrum- og tettstadsutvikling knytt til opplevingar, handel og reiselivspotensialet i regionen. Prosjektet har som målsetting å forsterka etablerte prosessar.

Føremålet er å utvikla Jørpeland under slagordet «Preikestolbyen» i Ytre Ryfylke som eit sterkt sentrum og drivkraft for næringsutvikling i Hjelmeland, Strand og Forsand med eit særskilt fokus på opplevingar, kultur, handel og reiseliv. Satsingsområde:

  • Sentrums- og tettstadsutvikling med fokus på handel, arkitektur og naturbasert næringsutvikling.
  • Stimulera bu- og besøksattraktiviteten både for tilreisande og fastbuande.
  • Planlegge for optimal bruk av fastlandsforbindinga Ryfast og skapa felles forståing for potensielle effektar av nye reise- og pendlemønster og kollektivtilbod og behov.
  • Utvikla ein tydeleg felles Ytre Ryfylke identitet som grunnlag for marknadsføring og utvikling av eit felles bu- og arbeidsmarknad i Ytre Ryfylke med fleire tettstadar og eit felles bysentrum.

Jørpeland ligger sentralt til i regionen med kort avstand til Stavanger og Nord- Jæren. Byen har hatt ei sterk vekst dei siste åra. Både byen og fleire av tettstadene i Ytre Ryfylke har attraktiv plassering ved sjø og vann, fjord og fjell.

Dokumenter

Fakta Strand

Søkerkommune: Strand
Samarbeidskommuner: Forsand, Hjelmeland
Folketall i regionen: 16.388 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 1.870 km²