Stord – Sunnhordlandsregionen fase 2

Ynskt resultat er auka samspel mellom kommunane, innbyggjarane og næringslivet i regionen. Nye arbeidsplassar og styrking av eksterande. Visjonen er: Regionbyen Stord – lokomotiv for vekst og utvikling.

Fra Sunnhordland sin søknad til Byregionprogrammet:

Føremålet med prosjektet er å medverka til utvikling av eit robust Sunnhordland. Gjennom arbeidet skal det skapast grunnlag for – og leggast til rette for auka samhandling mellom ulike aktørar på ulike nivå. Det skal skapast gode møteplassar mellom næringsliv og politikarar, mellom ulike næringsaktørar og bransjar. Gjennom prosessen er regionen kome fram til fire strategiar som det skal arbeidast med i fase 2.

  • Sunnhordland – kraftsenter for klyngeutvikling
  • Den tette byen
  • Saman er me sterke
  • Kompetanseregionen

Det skal arbeidast med mål og strategiar for ei ønska utvikling av regionen med Stord som regionsenter og ei rolleavklaringar mellom dei regionale sentera Leirvik og Husnes, og andre kommune- og lokalsenter i regionen.

Fakta Sunnhordland

Søkerkommune: Stord
Samarbeidskommuner: Etne, Sveio, Bømlo, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Austevoll
Folketall i regionen: 64.179 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 2.825 km²