For eigen maskin

Hallingdal skal utvikle eksisterande og nye type arbeidsplassar, som er lønsame og attraktive for yngre menneske, med høgare utdanning og fagutdanning.

Fra Hallingdal sin søknad til Byregionprogrammet:

Prosjektet er organisert rundt fem temaområda som Hallingdal ynskjer å gå vidare med. Mål, milepælar og aktivitetar vil vera knytt til desse og organisert som ulike prosjekt med eigne ressursar:

  • Analyse og vurdering av alle sentra i regionen med sikte på funksjonell fordeling og utvikling i ein fleirkjernestruktur og/eller eit regionsenter, og utvikle eit koordinert og meir slagkraftig næringsapparat.
  • Vidare utvikling av ulike type veksthus, næringsklynger og interkommunalt samarbeid, basert på ein fleirkjernestruktur, for m.a. å skapa attraktive kompetansemiljø.
  • Arbeide for permanent desentralisert høgskuleutdanning i Hallingdal innanfor nærare definerte fagområde.
  • Ringverknadar/mogelegheiter med ny E16 til Hønefoss og Ringeriksbanen.
  • Utvikle eit samspel med Hallingdal 2020 i forhold til m.a. attraktivitet og rekruttering.

Felles utfordringar i regionen gir tema for samarbeid inn i fase 2 av byregionprosjektet. Den felles prioriterte utfordringa som regionen står overfor er tett knytt opp mot at Hallingdal i stor grad må skapa sin eigen vekst.

Fakta Hallingdal

Søkerkommune: Hemsedal
Samarbeidskommuner: Flå, Gol, Hol, Nes, Ål
Folketall i regionen: 20.566 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 5.406 km²