Sunnfjordbyen – fase 2

Målet har vore å få ein felles analyse av korleis vi saman kan skape auka attraktivitet i Sunnfjord. Bakgrunnen er at kvar kommune har ulike utfordringar og ressursar til å auke sin eigen attraktivitet med omsyn til næringsetablering, besøk og stadutvikling.

Fra Sunnfjordbyen sin søknad til Byregionprogrammet:

Med bakgrunnen i workshop, der vi har laga oss «framtidsbilete» basert på dei regionale analysane, har vi identifisert fleire «prototypar» eller pilotar vi ønskjer å teste og utvikle vidare i fase 2 (basert på Otto Scharmer og hans utvikling av «Theory U»). Vi ønskjer å teste følgjande prototypar:

  • Energy lab AS. Vi ønskjer her å etablere eit utviklingslaboratorium for lagring av energi. Bakgrunnen er det store overskotet av produsert og planlagt fornybar energi i regionen.
  • Sunnfjordtunet 2.0. Dette gjeld utvikling av eit klyngetunkonsept bygt på tidlegare buformer med fleire generasjonar, men ut frå nye krav og løysingar. Dimensjonar knytt til nærleik, tryggleik, klima, urbanitet, felles transport, vil vere sentrale.
  •  «Bu i Sunnfjord» og digital natur- og historiefortelling. Målet er å kapitalisere på dei særmerka ressursane kvar einskild kommune/grend har gjennom å etablere regionale kultur- og reiselivsløyper.
  • Arbeidsinnvandring og attraktivitet. I samsvar med ein rapport frå Møreforsking om arbeidsinnvandring til Nord-Vestlandet, vil vi utvikle ein pilot der vi ser på korleis familieinnvandring kan skape eit arbeidskraftpotensiale for helse- og omsorgssektoren.
  • Helse og velferdsteknologi. Vi vil etablere eit breitt samarbeid for å setje planlegging og bruk av velferdsteknologi på dagsorden hjå alle kommunane
  • Rural turisme 2.0. Vi vil utvikle ein prototype omkring nye former for ruralt reiseliv der vi ser på korleis vi kan utvikle næringa mot ein høgare grad av profesjonalisering, marknadsretting og samhandling.

Analysen viser at Sunnfjord har vakse mykje dei siste åra. Det same har arbeidsplassveksten. Men for begge har auken vore svakare enn veksten nasjonalt. Samstundes ligg vi høgast i fylket.

Fakta Sunnfjordbyen

Søkerkommune: Førde
Samarbeidskommuner: Florø, Naustdal, Jølster, Gaular
Folketall i regionen: 33.426 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 2.715 km²