Utviklingsprosjektet for LLS – fase 2

Resultat av prosjektet skal være å auke det økonomiske samspelet mellom by og omland, eller i dette tilfellet samspelet mellom dei ulike sentrumskjernane i arbeidsmarknadsregionen.

Fra LLS sin søknad til Byregionprogrammet:

Kommunane Leikanger, Luster og Sogndal – LLS – har etter gjennomført samfunnsanalyse valgt tre tema til fase 2:

  • Korleis kan kommunane utnytte tilflytningspotensialet og næringspotensialet knytt til nye former for frilutsliv og aktvitetsbasert reiseliv?
  • Korleis kan kommunane bidra til å sikre eksisterande og leggje til rette for nye, statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i kommunane?
  • Korleis kan vi kople og utnytte kompetansemiljøa i kommunane til innovasjon og nyskaping i kommunane?

Sett i lys av dei tema som er valde skal effektane være auka sysselsetting innafor opplevelsebasert reiseliv og nyskapande friluftsliv, reiseliv elles, offentlige arbeidsplassar på Leikanger, og ein styrking av innovasjonskulturen på tvers av kommunegrensene. Den nettverksbygginga som vil skje på tvers av næringsklynger i regionen vil kunne gi ytterligare økonomisk vekst på sikt.

Desse tiltaka og strategiane vil ha som mål å auke det økonomiske utbytet av samhandling mellom næringslivet og kommunane på tvers av kommunegrensene.

Fakta

Søkerkommune: Sogndal
Samarbeidskommuner: Luster, Leikanger
Folketall i regionen: 15.071 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 3.514 km²