Flytt til LivOGlyst – Øyliv i Sunnhordland

Eit tilflyttings- og integreringsprosjekt med fokus på bustader for tilflyttarar til Fjellberg, Kvinnherad, Huglo på Stord, Espevær på Bømlo og Møkster i Austevoll.

Personar som går i land.

Møkster, Espevær, Fjellberg og Huglo jobbar saman om å få tilflytting til øysamfunna i Sunnhordland. Foto: Mange Langåker.

Bakgrunn

Flytt til LivOGlyst er eit samarbeidsprosjekt mellom dei lokale LivOGlyst-prosjekta på øyane Fjellberg, Kvinnherad, Huglo på Stord, Espevær på Bømlo og Møkster i Austevoll. Nettverket kom saman gjennom LivOGLyst, og blei etablert ut frå felles utfordringar med folketals- og arbeidsplassutvikling på øyane.

I 2011 fekk prosjekta midlar frå Bulyst-satsinga, for å kunne vidareutvikle samarbeidet. I 2013 blei det løyvd Bulyst-midlar til vidareføring, med avslutning i 2014.

Organisering

Prosjektet er formelt eigd av Hordaland fylkeskommune og forankra i ei styringsgruppe. Arbeidet blir drive gjennom ei regional arbeidsgruppe og prosjektkoordinator. På kvar øy er det etablert arbeidsgrupper.

I styringsgruppa sit representantar frå arbeidsgruppene, kommunale representantar, ein ordførar valgt frå samarbeidsrådet for Sunnhordaland, ein næringslivsrepresentant frå regionen og representant frå den fylkeskommunale partnarskapen som eig LivOGLyst. I den regionale gruppa deltek representantar frå dei lokale gruppene, kommunekontakt og prosjektkoordinator. Han driv nettverket og har kontakt med arbeidsgruppene.

Koordinatorstillinga er etablert og betalt gjennom prosjektet. Arbeidet elles blir gjort på frivillig basis, i tillegg kjem innsatsen frå den enkelte kommune.

Mål

Målet er tilflytting og rekruttering, med fokus på tilflyttarar frå Island. LivOGLyst-prosjektet på Fjellberg var først ute. Dei hausta gode erfaringar, og med hjelp frå LivOGLyst Hordaland blei det arrangert nettverksmøte og felles-tur til rekrutteringsmesse på Island.

Undervegs har arbeidet dreia frå profileringstiltak over til arbeid med bustadetablering. Øyane har mangla tilgjengelege bustader og i prosjektet blir det jobba særleg for å få fram tilgjengelege bustader til leige. Les meir om bl.a prøvebustad-modellen under.

Aktivitetar og tiltak

Konkrete oppgåver har blant anna vore å registrere og gjere bustader klare for tilflyttarar, samarbeide med kommunane om etablering av prøvebustader, vidareføre samarbeidet om rekruttering frå Island og utvikle felles profileringsmatriell, herunder fellesprofilering av kulturarrangement. Sidan oppstarten i 2011 er følgjande tiltak gjennomført:

  • Profilering i media, utarbeiding av brosjyrer o.l
  • Deltaking på arrangement/kampanjar for å profilere regionen og øyane som gode stader å bu
  • Kampanje for å skaffe arbeidskraft og vise fram mulegheitene for jobb i regionen
  • Vertskapsordning og andre integreringstiltak for tilflyttarar
  • Registrering og tilrettelegging av bustader for tilflyttarar
  • Samarbeid med kommunane om bygging og drift av prøvebustader

Meir om prøvebustadmodellen

Å få fram fleire tilgjengelege bustader for tilflyttarar, særleg bustader til leige, er sentralt for øyane. Med utgangspunkt i erfaringane med bygging av to prøvebustader på Møkster i Austevoll kommune, er Kvinnherad, Bømlo og Stord positive til å jobbe vidare med «Møkstermodellen».

«Møkstermodellen» er eit samarbeid mellom bygdelaget på Møkster og Austevoll kommune om etablering og forvaltning av 2 prøvebustader. Bygdelaget har vore ansvarleg for å skaffe fram tomt og jobbe dugnad, medan kommunen har teke finansieringa av husa. Dette er gjort gjennom eit avdragsfritt lån over fem år. Modellen legg opp til at huset skal seljast innan fem år, til barnefamiliar som «prøvebur» ein periode, og deretter vel å busetje seg på øya. Dersom det ikkje let seg gjere, vert huset lagt ope ut for sal og kan seljast som fritidsbustad. Det er attraktivt å ha feriehus på Møkster, og kommunen har vurdert at dette tek unna mykje av risikoen med prøvehus-etableringa.

Austevoll kommune har ikkje driftsutgifter med husa. Bygdelaget er ansvarleg for å skaffe leigetakarar, driv framleige og har tilsyn med eigedomen. Dei betaler månadlege rentekostnader til kommunen og har også ansvaret for periodar der huset evtentuelt står tomt.

Ved sal av husa skal kommunen få dekt restgjelda, og evtentuelt overskytande går til bygdelaget. Dersom salet ikkje dekkar restlånet, skal bygdelaget dekke inn differansen overfor kommunen.

Vurderinga Austevoll kommune har gjort, er at denne modellen har ein akseptabel og relativt låg risiko for begge partar. Dersom det ikkje skulle vere interesse for å leige eller busetje seg fast, vil husa vere attraktive på fritidsmarknaden. Nettverket vurderer at dette truleg er situasjonen for alle øyane.

Mor og barn på trilletur.

Øysamfunna ønskjer eg fleire barnefamiliar og jobbar for å realisere prøvebustader. Foto: Magne Langåker.

Vegen vidare – «Øyliv i Sunnhordland»

Flytt til LivOGLyst blir vidareført frå 2013 under prosjekttittelen Øyliv i Sunnhordland. Tilgang på bustad, trivsel, inkludering og næringsutvikling for å sikre levande øysamfunn for framtida står framleis sentralt. Espevær, Fjelberg, Huglo og Møkster skal mellom anna samarbeide om å:

  • utvikle og vidareføre «Møkstermodellen» for realisering av utleigehus på kvar øy.
  • registrere og gjere ledige bustader innflyttingsklare for auka tilflytting.
  • vidareføring av nyleg utvikla profileringsplattform (felles grafisk profil, felles nettside) for felles marknadsføring.

Årsmeldinga for 2013, frå Huglo Bygdelag skildrar korleis arbeidet går framover på Huglo.

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Flytt LivOGLyst er i tillegg en del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Arbeidet er en del av et større prosjekt «Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner», som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag fra Distriktssenteret.

Prosjektet er enno under gjennomføring, men har allereie nådd fleire mål:

  • Alle øyane har hatt tilflytting av barnefamiliar i perioden prosjektet har virka
  • Det er blitt utvikla ein arbeidsmåte for å kartlegge og ha dialog med eigarar av feriehus for å få fleire utleigehus
  • I tre av kommunane er prosjektet kome langt i å få realisert ein modell for finansiering, bygging og drift av prøvebustader.
  • Prosjektet har gitt sterkt lokalt engasjement, haldningsendring og positiv mentalitet. Folk har tru på framtida, idear og løysingar «poppar opp».

Forhold som særleg påverkar arbeid og resultat

Faktorar med særleg betydning for prosjektet:

  • Forankringa – både i «topp og botn» er viktig for gjennomføringa. Det har gitt godt samarbeid mellom innbyggjarane, bygdelaga og det lokale næringslivet, og gode prosessar oppimot kommunen. Når kommunen deltek i dei lokale arbeidsgruppene er problemstillingane allereie kjende og førebudde når dei til sist kjem til kommunal behandling.
  • Dreiinga i fokus frå profilerings- og rekrutteringskampanjar til bustadetablering har vore  nødvendige, men krevjande. Å kartlegge ledige hus, drive bustadformidling og få i gang byggeprosjekt er langsiktige prosessar tett knytte til kommunal bustad- og arealpolitikk og kommuneøkonomi. Skiftet i utfordringane har utfordra prosjektet m.o.t tida det har teke, og også kunnskapen som trengst.
  • Å få resultat undervegs. At ein har klart å legge fram og få tilslutning til ein modell for finansiering og drift av prøvebustaderhar har vore svært viktig. Dette har utløyst mange nye initiativ. I tillegg har gjennomføring av ulike arrangement og trivselstiltak gitt arbeidsgruppene nødvendig motivasjon til å jobbe vidare, og styrka trivselen blant folk flest.
  • Den regionale dimensjonen med nettverket på tvers av dei fire øysamfunna og kommunane har løfta prosjektet. Kvar og ein har fått ny energi av andre som er i same situasjon, og som villig deler erfaringar, på godt og vondt. Nettverket støttar opp, men har også hatt ei viktig rolle i å utfordre.
  • Nettverkssamarbeidet har styrka koplingane mellom kommunane og mellom kvart enkelt kommune og bygdelag. Det har vore ein styrke for arbeidet og vil ha verdi utover sjølve prosjektet. Når næringssjefar for fire kommunar sit saman med lokale ressursar frå bygdelaga, så styrkar det forståinga av korleis slikt lokalt utviklingsarbeid blir drive og betydninga av det. Nettverket har synleggjort betydninga av å trekke på kvarandre sine ressursar.
  • Prosjekt og regional samordning som baserer seg på så stor frivilligheit er krevjande. Alle har meir enn nok å drive med på «kvar si øy». Det har difor vore avgjerande å få midlar frå Bulyst til oppfølging og koordinering, og det er sterk vilje til å vidareføre nettverkssamarbeidet utover prosjektperioden.
  • Midlar frå Bulyst-satsinga har vore avgjerande for å få opp og drifte det regionale nettverket og har løfta det lokale arbeidet. Arbeidet lokalt ville blitt gjennomført uavhengig av Bulyst-midlar, men truleg i mindre skala.
  • Formelle krav og tilskotsregime har hemma framdrifta i arbeidet. Det tok nærast eit halvt år frå tildeling av midlar frå Bulyst, til arbeidet kom i gong. Dette hadde i hovudsak å gjere med vilkår for utbetaling av midlar og fylkeskommunen som juridisk eigar. Føresetnaden om utbetaling av midlar i etterkant av at tiltaka er gjennomførte, er vanskelege å innfri for eit nettverk av små bygdelag. Tiltaket det var søkt og tildelt midlar til, var i hovudsak løn til prosjektkoordinator. Når ikkje finansieringa blei løyst ut, kom heller ikkje arbeidet skikkeleg i gong. Løysinga blei at fylkeskommunen gjekk inn med ei forskottering av midlane, men det tok tid og ein del frustrasjon før dette var på plass. Vilkåra om at bulystmidlar ikkje kan brukast til fysiske investeringar er eit anna moment som opplevast hemmande.

Sentralt i vidareføringa

I vidareføringa av arbeidet vurderer prosjektkoordinator at det må det jobbast meir med å forankre arbeidet i kommunale planar, til dømes arealbruk, skule og barnehage. Samstundes må ikkje dette kun handle om planprosessar. Det må takast omsyn til at det konkrete arbeidet i stor grad skal gjerast gjennom frivillige.

Forventningane til resultat og effektar må ligge på eit lokalt nivå. Å få eit hus pr. øy tilgjengeleg for tilflyttarar gjev liten gevinst i ein større samanheng, men for kvart enkelt lokalsamfunn kan det utløyse mykje.

I den avsluttande prosjektfasen må det også avklarast kva arbeid som bør vidareførast, korleis og innanfor kva rammer. Ting tek tid og prosessar som prosjektet no jobbar med er vanskeleg å avslutte innanfor 2-3-årige prosjektrammer.