Mål og tiltak i utviklingsarbeidet
Utviklingsarbeidet har konsentrert seg om følgjande tre prosjekt:
- Restaurere og utvikle kultur- og næringsbasert aktivitet i «Sjøbua»
- Bruk og vern av Hereid kulturlandskap
- Identitets- og omdømmebygging i Eidfjord
Sjøbua – duft av Eidfjord
Ønskjet om å restaurere og utvikle aktivitetar i den kulturhistoriske bygningen «Sjøbua» kom frå innbyggjarane gjennom sosiokulturelle prosessar i 2009. Målet har vore å legge til rette for at lokalbefolkninga kan bruke sjøbua til ulike føremål. Viktige målgrupper for arbeidet har vore lagsliv, mat- og drikkeprodusentar, lokal handel/serviceverksemd, hytteeigarar og besøkande til kommunen.
Eit samarbeid mellom ressursgruppa LivOGLyst, lokalt næringsliv, Eidfjord næringsutvikling og Eidfjord kommune har resultert i fleire arrangement, bl.a historiekveldar med Eidfjord historielag, irsk pubkveld og populære bakekurs.
Bakekursa førte til etableringa av eit pilotprosjekt med sommarsope bakeri. Her fekk prosjektet ein representant frå bakelandslaget til å drive bakeriet, med stor merksemd og suksess, både for innbyggjarar, fritidsbuarar og besøkande. Føremålet med «prøvebaksten» har vore å kartlegge næringspotensialet, mellom anna med hyttebuarane i kommunen som viktig målgruppe.
Eit meir langsiktig mål med istandsettinga av sjøbua har vore å legge til rette for etablering av utstillingslokale for kunstnarar, kafè/restaurant, og eit utsal av mat og drikke frå regionen med eit produsentsamvirke i botn.
Bruk og vern av Hereid kulturlandskap
Hereid er eit landskapsområde og ei morene frå istida, med fleire store funn av vikinggraver og spor frå jernalderen. Området, som er ein del av Eidfjord sentrum, er automatisk freda kulturminne. Mål for prosjektet har vore å utvikle skjøtselsplan og legge til rette for å bruke område som ressurs i rekreasjon og folkehelse. Viktige målgrupper er grunneigarar, besøkande til Eidsfjord og innbyggjarane generelt.
Det er etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå grunneigarar, LivOGLyst Eidfjord og Eidfjord kommune, i samarbeid med fylkesarkeolog og fylkesmannen i Hordaland. Prosessar knytt til arbeid med skjøtselsplan er i gong. Vidare er det blitt jobba med å spreie informasjon til innbyggjarane, om Hereid som kulturminne og lokal ressurs.
Identitets- og omdømmebygging i Eidfjord
Eidfjord kommune har sidan 2009 prioritert prosessar og tiltak som kan styrkje Eidfjord-identiteten og omdømet. Målet har vore å styrkje samarbeidsånda mellom ulike sektorar i kommunen, og mellom kommuneorganisasjonen og innbyggjarane. Målgruppene har vore innbyggjarane generelt, og barn/ungdom spesielt, kommuneorganisasjonen, besøkande til kommunen.
Tiltak som er gjennomførte i prosjektperioden
- Ambassadørskule – Kurs som involverer og kvalifiserer innbyggjarane til å jobbe aktivt med identitets- og omdømmebygging.
- Påskeegg-aksjon – Her måla barne- og ungdomskuleelvar påskeegg som dei hengde opp i sentrum av Eidfjord. Alle alle innbyggjarane vart inviterte til å signere «sitt egg».
- Filmprosjekt – ungdomsskuleelevar har laga dokumentarfilmen «MiBygD» og filmsnuttar om Eidfjord.
- Karneval og lysfest i sentrum
- Gatekunsprosjekt der innbyggjarane fekk delta
- Nye arrangement sprunge ut av «Vøringfoss Race»
- «Ope Hus»arrangement. Opne og uformelle kafè-kveldar retta særleg mot nye tilflyttarar til bygda. Særleg tilflyttarar frå utlandet har etterspurt slike møtestader, der ein kan utveksle erfaringar og skape nye nettverk.
Bakgrunnen for prosjektet
Utviklingsarbeidet i Eidfjord vaks fram gjennom to parallelle prosessar: Eldsjeler som ønskte å jobbe med utvikling av lokalsamfunnet tok i 2009 initiativ til å søke opptak i den regionale satsinga LivOGLyst, der prosjektet blei etablert som assosiert medlem. Samstundes tok kommunen initiativ til ei ressursgruppe, med føremål å sette i gong utviklingsprosessar i Eidfjord. Gruppa blei etablert som ein frivillig organisasjon, med represantantar frå kommunen og frivillige.
Initiativa sprang ut frå prosessar og resultat av ei sosiokulturell stadanalyse som kommunen bestilte i 2008. Analysa avdekka skilleliner mellom kommunen som organisasjon og innbyggarane. Analysa peikte mot å styrke samspel og samarbeid om lokal samfunnsutvikling i Eidfjord.
Finansiering
Prosjektet er finansiert med midlar frå Eidfjord utvikling, Eidfjord kommune, partnarskapen i Hordaland og den nasjonale Bulyst-satsinga. I tillegg kjem eigeninnsats frå frivillige knytt til LivOGLyst-prosjektet.
Organisering
Prosjektet har vore styrt gjennom ei styringsgruppe med representantar frå kommunestyret,kommuneadministrasjonen, næringslivsaktørar og frivillige eldsjeler – både pensjonistar, tilflyttarar og ungdom.
Den politisk valgte representanten har også hatt rolla som prosjektleiar, med aktiv deltaking frå den kommunalt tilsette representanten, som har fungert som operativ prosjektressurs i 50 prosent stilling.
Det har vore arbeidsgrupper knytt til dei ulike delprosjekta, samansett av frivillige eldsjeler, lagsliv og næringsaktørar.
Status
Delprosjektet «Sjøbua» er avslutta og prosjektmidlane brukte opp. I løpet av 2013 besluttar Eidfjord kommune kva byggjet skal nyttast til i framtida.
Omdømmeprosjektet blir avslutta i løpet av 2013. Restmidlar som står att er bl.a tenkt nytta i idèutviklinga rundt opningsfesten for Hardangerbrua.
Arbeidet med bruk og vern av Hereid som kulturminne vil mest truleg ta lengre tid enn opprinneleg tidsplan, og går utover 2013. Arbeidet er i gong.
Ressursgruppa for LivOGLyst har rolle både som styringsgruppe og overordna prosjektgruppe. Den kommunale forankringa er god; Ein politisk valgt representant leier gruppa og orienterer jamnleg om arbeidet til formannskap og ordførar. Kommunen bidreg også med 50% prosjektressurs, noko som er den avgjerande faktoren for at arbeidet har hatt god framdrift, gjennomført mange tiltak og nådd gode resultat.
I ressursgruppa og ulike arbeidsgrupper har prosjektet knytt til seg engasjerte eldsjeler, som bidreg mykje. Mykje arbeid virkar å falle på nokre få. Det kan bli stor slitasje på enkeltpersonar og gjere det vansklegare å få arbeidet til å leve vidare, etter at sjølve prosjektperioden er avslutta.
Arbeidet involverer dei aktuelle målgruppene både i planlegging og gjennomføring av tiltak. Det synast som prosjektet har lukkast særleg godt med å mobilisere barn og unge og gitt rom for kreativitet og tiltak på deira premissar. Filmprosjektet er eit godt døme.
Utviklingsarbeidet i Eidfjord har god gjennomføringskraft og har lukkast godt ift. måla. Ei aktiv ressursgruppe med engasjerte eldsjeler og sterkt involvert prosjektressurs frå kommunen, er eit kjenneteikn for arbeidet.
Prosjektet LivOGLyst i Eidfjord er eigd av og organisert som ein partnarskap mellom kommunen, frivillige og næringslivet i Eidfjord kommune. Sidan 2009 har kommunen hatt eit særleg fokus på lokalt utviklingsarbeid, og støtta godt opp om LivOGLyst-prosjektet. Kommunen stiller bl.a til rådvelde ressursar som jobbar kontinuerleg og over tid med prosjektet. I dette arbeidet har kommunen også utvikla rolla si i retning av eit sterkare og dynamisk samspel med frivillige og innbyggjarar generelt. Eit viktig moment av ein «eldsjelpolitikk i praksis», og eit avgjerande bidrag for utviklingsarbeidet.
Det er enno for tidleg å meine noko om korleis kommunen klarer å ta erfaringane og resultata frå prosjektarbeidet vidare i kommunale roller og oppgåver, og vere pådrivar for at etablerte nettverk og samspelsformer blir ivaretekne uavhengig av prosjektramma.
Eidfjord kommune har også vore rause m.o.t kunnskapsdeling og overføring av erfaringar til nabokommunar og andre regionale samarbeidspartnarar. Den kommunalt tilsette representanten blir nytta som ressurs i lokal samfunnsutvikling, både i regionale og nasjonale samanhengar.
Hordaland fylkeskommune har vore involvert i utviklingsarbeidet, særleg gjennom den regionale satsinga LivOGLyst. Prosjektet har delteke i fleire samlingar arrangert av satsinga og har hatt, iallefall i oppstarten, aktiv dialog med rådgjevarane knytt til LivOGLyst.
Prosjektet har hatt tydelege mål, som er konkretiserte i delmål og med skisserte tiltak.
Distriktssenteret meiner LivOGLyst i Eidfjord har jobba målretta, med god framdrift og gjennomføringskraft. Det har i liten grad vorte gjort endringar i prioriteringar og fokus. Ressursgruppa har fått gjennomført det meste av planane. Der det er forseinkingar, er det meir resultat av prosessar som treng modning og naturleg tek tid, meir enn svakheiter ved prosjektarbeidet.
Utviklingsprosjektet og ressursgruppa LivOGLyst i Eidfjord har sidan 2009 vore ei sterk utviklingskraft for lokal samfunnsutvikling i Eidfjord. At folketalet i Eidfjord i same periode har stablisisert og styrka seg, kan ikkje settast i direkte samanheng med prosjektarbeidet. Derimot kan ein snakke om gjensidig forsterkande utviklingsprosessar, som i sum gjev positive gevinstar.