Hovudmål
Å leggje til rette for næringsutvikling og auka bulyst i Samnanger
Delmål
- Bygg for utsal av lokal mat
- Opparbeide kulturløype og lage kulturhistorisk brosjyre
- Universelt utforma tursti
- Konsertar for og med ungdom
- Integrering av flyktningar
Bakgrunn
Prosjektet starta med bakgrunn i eit eige landsbymøte i 2008, der innbyggjarane sjølve tok initiativ til å sette i gong lokale utviklingsprosessar for å auke trivsel og nyskaping i kommunen. På dette grunnlaget blei det søkt om opptak i den regionale satsinga LivOGLyst.
Finansiering
Prosjektet blei teke opp som eittårig utviklingsprosjekt i LivOGLyst, og i 2009 som hovudprosjekt med tildeling av økonomiske midlar over tre år (2009 – 2011). I tillegg til kommunale midlar, fekk arbeidet i 2010 600.000 kroner frå den nasjonale Bulyst-satsinga. Totalramma for prosjektet var kr.1. 230.000.
Organisering
Ved oppstart i 2008 blei arbeidet organisert med ei styringsgruppe, betalt prosjektleiar og arbeidsgrupper av frivillige. I styringsgruppa deltok ordførar, landbrukssjef, tre frivillige eldsjeler og prosjektleiar. Prosjektleiaren var då tilsett i ProSam, eit lokalt næringsselskap.
I 2010 blei dette selskapet lagt ned og prosjektleiar blei tilsett i kommunen. Ved denne ny-organiseringa blei prosjektet lagt under kultursjefen, som styrte prosjektet saman med prosjektleiar. Arbeidsgruppene har heile vegen vore sett saman av frivillige innbyggjarar.
Status
Prosjektet blei avslutta hausten 2011. Les meir om måloppnåing og resultat frå prosjektet under fanene Konklusjon og Vurdering.
Målgrupper
Samnanger kommune har vore formell eigar, med betalt prosjektleiar til å leie arbeidet. Ved oppstarten var prosjektet knytt til det lokale næringsselskapet ProSam. Då dette blei beslutta lagt ned i 2010, blei prosjektleiar tilsett i kommunen, og arbeidet lagt under kultursjefen.
Forankring både i kommunen og blant innbyggjarane har vore god. Styringsgruppa som blei etablert i 2008, var mest aktiv dei første åra. Her deltok ordførar, landbrukssjef, tre eldsjeler av frivillige og prosjektleiar. Dei lokale arbeidsgruppene, knytt til dei fem delprosjekta, har gjennom heile prosjektet hatt deltaking frå innbyggjarane.
Målgrupper for arbeidet har vore: Lokale bønder og produsentar av lokal mat og handverk i Samnanger og Hordaland, innbyggjarar i og tilreisande til Samnanger, ungdom og innvandrarar, lag og organisasjonar i Samnanger.
Målgruppene har vorte aktivt trekt med i prosjektet; gjennom deltaking i styringsgruppe og i dei arbeidande prosjektgruppene. Prosjektet har også nådd målgruppene gjennom å involvere dei i arrangement og tiltak.
Prosjektet har vore kjenneteikna av stor gjennomføringsevne. Prosjektleiaren har jobba effektivt og målretta og har hatt god evne til å mobilisere folk til arbeidsgrupper og i konkrete arrangement og tiltak.
Gjennom arbeidet har ein også tileigna seg ny kunnskap, anten ved å kurse og utdanne prosjektdeltakarar, eller ved å leige inn folk utanfrå. Kurs i bruk av motorsag og skogshogst er døme på det første. Kjøp av fagfolk til å dokumentere treskoproduksjonen i treskoverkstaden langs Reistadelva er døme på det andre.
Kommunen har aktivt støtta opp, både i planlegging og gjennomføring. I hovudsak gjennom prosjektleiing og administrasjon, men også i å skape politisk forankring og skaffe arbeidet legitimitet.
Fylkeskommunen har støtta arbeidet med midlar frå den regionale LivOGLyst-satsinga (som den regionale partnarskapen står bak). LivOGLyst har også vore ein viktig støttespelar gjennom LivOGLyst arbeidsgruppe, med ressursar frå Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg.
Gjennom LivOGLyst-satsinga har partnarskapen i Hordaland også tilbydd prosjektet påfyll av kunnskap og nettverk, gjennom eigne LivOGLyst-samlingar og andre tilgrensande konferansar.
Prosjektet har hatt god styring med tydelege, konkrete og avgrensa mål. Gjennom årlege rapporteringar om bruk av midlar frå LivOGLyst og frå Bulyst, har prosjektet hatt løpande vurdering av framdrifta og vurdering av resultatoppnåing.
Ut frå dei fem delmåla for arbeidet, har prosjektet hatt god måloppnåing og realisert mange skisserte tiltak. Det er vanskeleg å seie noko om meir varige gevinstar av dei gjennomførte tiltaka, men prosjektleiar viser til at arbeidet kan vise til gode og synlege resultat på alle delprosjekta:
- Lokale for utsal for lokalmat på Bjørkheim er ferdig, og det er etablert eit samvirkelag (LAGA SA) med åtte andelseigarar. Utsalet vert drive på dugnad og evt. overskot i samvirkelaget vert delt etter innsatsen frå kvar andelseigar. Frå utsalet sel lokale småskala matprodusentar og handarbeids-produsentar varer, i tillegg mat frå lokale produsentar frå heile Hordaland. Dette er vorte populært både for bygdefolket og særleg hyttefolket på Kvamskogen. Utsalet er blitt hovudinntektskjelda for to av matvareprodusentane. I tillegg har ein andelseigar starta design av kjolar for born.
- Arbeidet med den kulturhistoriske løypa langs Reistadelva har vore konsentrert om å samle historisk dokumentasjon om alle husa som ligg langs elva; treskoverkstad, smie, kvernhus, ishus og rotstove. Det er sett opp skilt og informasjonstavler og det skal arbeidast vidare med ei kulturhistorisk brosjyre. Avtale med grunneigarar om merking av turstiar og kulturløype er signert.
- I arbeidet med ein universelt utforma sti rundt Nordvikavatnet er det signert avtale med seks grendelag og idrettslaget, med avklaring av kva aktivitetar dei ulike partane skal bidra med. Skog er rydda og traseval avklart. Stien inngår i eit større arbeid med merking av turstiar i Samnanger.
- I prosjektperioden blei det arrangert ein konsert for og med ungdom. I tillegg er det blitt arrangert videoverkstad, det er gitt lyd- og musikkproduksjonsstøtte og gitt støtte til eit «aktiv ungdom»-prosjekt. I løpet av perioden er det også blitt laga til ei skaterampe.
- Det er arrangert fleire lokale samlingar og låterskel møteplassar mellom innvandrarar og andre innbyggjarar. Oppslutninga har vore god.Prosjektet har etablert avtale med seks ulike grendelag om å arrangere samlingar, med ulike team. Mat frå ulike nasjonar, musikk og underhaldning er sentrale ingrediensar.
Distriktssenteret meiner at lokalsamfunnsutviklingsprosjektet LivOGLyst i Samnanger har vore kjenneteikna av klare målsettingar og stor gjennomføringskraft. Prosjektet sit med erfaringar og har nådd resultat med god overføringsverdi til andre tilsvarande prosjekt.
Nokre oppsummerande hovudpunkt:
- Prosjektet sprang ut frå eit eige landsbymøte, med mål om å mobilisere kommune, lag og organisasjonar og innbyggjarar generelt, til å gå saman om tiltak for å styrke bulyst og etableringslyst i Samnanger.
- Gjennom folkemøter kom innbyggjarane fram med tiltak dei ønskte å jobbe med.
- Tiltaka vart sett opp i ein plan, som heile vegen har lege til grunn for arbeidet.
- Tiltaka vart følgd opp av ein prosjektleiar, i samarbeid med målgruppene for dei ulike tiltaka.
- Eldsjeler er blitt hjelpt fram gjennom tilbod om kursing, motivasjon og at administrasjon og samhandlinga mellom ulike partar er blitt ivareteken av prosjektleiar.
Viktig læring for andre tilsvarande prosjekt er å få fram kva målgruppene er opptekne av, leggje til rette for eldsjelene som vil bidra og vise gjennom tiltak at slikt arbeid gjev resultat når ein arbeider i lag. Samhandling er eit viktig stikkord.
Oppsummerande om resultata frå arbeidet:
- Alle måla for prosjektet vart nådde
- Det som ikkje vart ferdig innanfor prosjektperioden, er blitt ferdigstilt i ettertid, på dugnad av tidlegare prosjektleiar og andre eldsjeler
- Mykje av arbeidet blir vidareført gjennom strukturar som blei etablerte i prosjektet. Døme er samvirkeorganisasjonen LAGA SA, avtalar om forvaltning av kulturhistorisk løype og universelt utforma tursti, samarbeid om ungdomsarrangement og integreringstiltak.
- Gløden for å utvikle lokalsamfunnet, som blei kveikt i prosjektet, er der framleis
- Det som ikkje blir vidareført, er samhandlinga mellom dei ulike lokale drivkreftene. Prosjektet og dei ulike delprosjekta tilbydde ei felles ramme for samarbeid, dette er no vekke og ein jobbar mest «kvar for seg» – slik ein gjorde før prosjektet
- Sukessfaktorane for dei gode resultata har vore forankringa hjå eldsjeler og i lokalsamfunnet, ei god og brei mobilisering, tydelege mål og effektiv prosjektleiing med mykje tillit lokalt
- Tid har vore avgrensande og ein hemmar i arbeidet. Når ein arbeider med frivillige tek ting lengre tid. Korte prosjektperiodar er ei utfordring med omsyn til dette
- Tidsfaktoren medførte også at det blei mykje arbeid på prosjektleiaren. Det vart gjort mykje dugnadsarbeid, i tillegg til arbeidet som låg til den betalte stillinga. Å passe på at eldsjeler (betalte eller ikkje-betalte) ikkje brenn seg ut, er heilt vesentleg i slikt arbeid
- Prosjektet har gjort kommunen til ein sterkare lokal utviklingsaktør. Særleg synast det å vere ei sterk bevisstheit rundt lokale eldsjeler som drivkrefter og styrka kunnskap om betydninga av godt samspel mellom kommunen og lokalsamfunnet i lokalsamfunnsutvikling
- Bulyst-midlane var ikkje avgjerande for om prosjektet kom i gong, men omfanget av arbeidet hadde vorte sterkt redusert. Mobiliseringsprosessen blant innbyggjarar og eldsjeler hadde «dødd ut» om arbeidet ikkje hadde blitt tilført eksterne midlar