LivOGLyst er eit regionalt program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Føremålet er å stimulere lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. Programmet, som starta formelt opp i 2008, bygger på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar, basert på fleire års erfaring og utgreiingar om bygdeutvikling og entreprenørarbeid.
Hordaland fylkeskommune, landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg i Hordaland eig og samarbeider om satsinga. Fram til 2011 var også Sparebanken Vest eigar i satsinga, som er forankra i Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, under satsingsområdet «Livskraftige lokalsamfunn».
Samarbeidet og satsinga gjeld også nettportalen Kom-an.no (nede pr 07.02.2022 red anm) – eit sentralt verktøy i utvikling av entreprenørskap og lokalsamfunn i Hordaland.
Gjennom systematisk innsats frå den regionale partnarskapen er målsettinga at programmet skal bidra til
- Auka trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og lokalt forankra, sosiale mobiliseringsprosessar
- Styrka lokalt entreprenørskap og lokalt næringsliv
- Styrka lokal kompetanse, bl.a innan prosjektutvikling
- Utvikle samarbeid og eit lærande nettverk mellom lokalsamfunn og med regionale, nasjonale og internasjonale utviklingsaktørar
- Arrangere møtepunkt, kursverksemd og kompetansetiltak som fremjer prosjektutviklinga lokalt og regionalt
- Kopling til nasjonale/internasjonale erfaringar og kunnskapsmiljø
Ei arbeidsgruppe, med faglege ressursar frå både fylkeskommune, fylkesmann og Innovasjon Noreg følgjer opp det konkrete arbeidet mot prosjekta. Hordaland fylkeskommune er vertsorganisasjon og arbeidsgjevar for prosjektleiar. Arbeidet spenner mellom direkte rådgjeving, tilbod om aktivitetar og kompetansetiltak, nettverksdeltaking, samarbeid med FoU-miljø m.fleire, for fagleg påfyll og inspirasjon. Arbeidsgruppa utarbeider årlege handlingsplanar, med aktivitetar og tiltak mot prosjekta. Arbeidsgruppa følgjer også opp prosjekta med omsyn til årleg rapportering og prosjekt- og programevaluering.
Kvart år blir det teke opp nye prosjekt, etter felles utlysing og prekvalifiseringsprosess der arbeidsgruppa gjer eit første utval av prosjektkandidatar blir gjort. I denne prosessen får dei utvalde prosjekta hjelp frå arbeidsgruppa til å utvikle prosjektskissene til fullverdige prosjektsøknader. Endeleg utval og prioritering av prosjekt blir gjort av styringsgruppa for programmet. Her deltek representantar for eigarane, saman med aktørar frå næringsliv, regionråd og høgskule/universitetsmiljø. Tal prosjekt og omfanget av økonomisk stønad blir avgjort i styringsgruppa, ut frå budsjettråmer og mandat som eigargruppa set.
Her er fleire kategoriar prosjekt; hovudprosjekt, utviklingsprosjekt eller assosierte prosjekt. For hovudprosjekta er det krav til samfinansiering frå kommunane, med kr. 20.000 årleg. Det blir også stilt krav til kommunal innsats utover pengeløyvinga.
Meir om dei ulike prosjektkategoriane
- Eit hovudprosjekt har minimum treårig tilknyting til programmet, blir prioritert på oppfølging og kompetansetilbod, og vert tildelt verkemidlar ut frå kva styringsgruppa vedtek.
- Utviklingsprosjekta blir tildelt virkemidlar ut frå kva styringsgruppa vedtek og kvar over maksimum eitt år. Prosjekta får høve til oppfølging, kompetansetiltak og hjelp til gjennomføring av utviklingsprosessane lokalt, men i noko meir avgrensa omfang enn hovudprosjekta.
- Assosierte prosjekt får ikkje prosjektstønad, men kan søkje styringsgruppa om refusjon av einskilde utgifter i samband med eiga møteverksemd og utvikling av nettverksaktivitetar. Prosjekta får høve til oppfølging og kompetansetiltak knytt til prosjektutvikling, og kan kome med innspel til tema for work shops og konferansar.
LivOGLyst er i 2014 inne i sitt sjuende program-år. Det skal i løpet av året gjerast ei intern evaluering av satsinga.
LivogLyst-programmet er eigd og drive i ein tett regional partnarskap av Hordaland fylkeskommune, landbruksavdelinga hjå fylkesmannen og Innovasjon Noreg. Tett samspel er ein uttalt føresetnad for programmet; dette blir følgd opp strategisk og i det konkrete arbeidet.
På strategisk nivå er satsinga forankra i regional utviklingsplan (RUP), eigarmøte og ei styringsgruppe. I eigarmøtet deltek fylkeskommunen, Innovasjon Noreg og fylkesmannen si landbruksavdeling, på direktørnivå. Eigarmøtet fastset årlege mandat og rammer for programmet, i tråd med måla for det regionale satsingsområdet «Livskraftige lokalsamfunn». Eigarmøtet har også jamnleg kontakt med prosjektgruppa – ei operativ arbeidsgruppe sett saman av fagressursar frå dei offentlege eigarane.
Også styringsgruppa speglar målsetnaden om eit breitt og tett regionalt samarbeid. Her sit representantar frå eigarane, regionråd, høgskule/universitetsmiljø og ein representant frå innvandrarorganisasjonen KiS. I løpet av 2011 blir styringsgruppa erstatta av eit felles styre for fleire satsingar på lokal samfunnsutvikling i kommunane – eit eige LUK-styre (Lokal samfunnsUtvikling i Kommunane), sjå meir om dette under.
Slik vi vurderer det, har LivOGLyst-programmet ei tydeleg strategisk og organisatorisk forankring hjå dei offentlege eigarane. Dette meiner vi har vore med å gje sterk truverde hjå samarbeidspartar, kommunar og lokalsamfunn. Den breie regionale forankringa er, slik vi ser det, avgjerande for å lukkast med ein samordna dialog og virkemiddelbruk. Her er det enno meir å hente, med omsyn til å kople LivOGLyst meir saman med sektor- og virksomheitsspesifikke satsingar. Dette blir det no arbeidd konkret med, då LUK-satsinga i Hordaland fokuserer nettopp på ei styrka samordning av mål og tiltak for lokalsamfunnsutvikling.
Sparebanken Vest har fram til 2011 også vore partnar i programmet, utan at dette har vore særleg framheva som ei satsing. LivOGLyst har t.d ikkje vore omtala på nettstaden til banken, men har vore naturleg del av bankens profil som regional utviklingsaktør med samfunnsansvar. Etter vår meining har denne lausare forankringa ikkje hatt avgjerande betydning for programmet.
Eit viktig prinsipp i satsinga er fokus på sosial mobilisering. Dette er også eit metodisk verktøy for å løyse ut lokalt engasjement og utviklingskraft. Også i sjølve programutforminga har medverknad ei viktig rolle, og det blir i alle deler av programmet opna for innspel og dialog mellom programmet (arbeidsgruppa) og deltakarprosjekta.
Også i søknadsfasen til LivOGLyst er det lagt til rette for dialog mellom søkarprosjekt og arbeidsgruppa. I denne prekvalifiseringsfasen rettleier arbeidsgruppa enkeltprosjekta i forventningar og tilbod frå LivOGLyst, og i søknadsutforming. Prekvalifiseringsfasen fungerer soleis både for å sile ut og spisse prosjekt.
Graden av medverknad heng saman med prosjektkategori. Alle deltakande prosjekt har høve til å gje innspel til felles kompetanseplan, og hovudprosjekta medverkar også i å definere kva skreddarsydde kompetansetiltak det skal leggast til rette for. Alle prosjekta deltek også i årleg evaluering og soleis også til vidareutviklinga av programmet. I tillegg blir nettstaden Kom-an tilbydd som prosjekt- og profileringsverktøy for deltakarprosjekta. Slik tek prosjekta sjøve aktivt del i kunnskaps-bygginga og delinga i satsinga.
Distriktssenteret meiner LivOGLyst-programmet lukkast godt i å legge til rette for medverknad og involvering. Prosjekta har både rett til og ansvar for å delta i utforminga av den konkrete oppfølginga i programmet, og å ta aktivt del i kunnskapsbygging- og deling. Medvirkning blir generelt rekna som sentral faktor i å gje eigarskap til eit arbeid, som igjen utløyser lokalt engasjement. Effekten av medverknad inn i LivOGLyst-programmet, meiner vi ligg i vidareutviklinga av satsinga og for måloppnåinga i prosjekta.
Arbeidsgruppa for LivOGLyst har ansvar for den løpande aktiviteten i LivOGLyst-programmet. Gruppa er samansett av fagressursar frå fylkeskommune, fylkesmann og Innovasjon Noreg med brei og djup erfaring og kompetanse, både frå praksisfeltet og frå forsking. Desse fungerer som ei operativ arbeidsgruppe.
Samansetnaden av ulik spisskompetanse bidreg etter vår meining til at programmet evnar å planlegge og handle heilskapleg. Her får også deltakarprosjekta lett tilgang til ein omfattande kunnskapsbase. Anten ved å bruke kompetansen som er representert i arbeidsgruppa, eller ved at arbeidsgruppa hentar spisskompetanse frå moderorganisasjonane. Programmet har soleis ein sterk fagleg plattform og mykje ressursar å spele på.
Etter vår vurdering klarer også programmet å «omsette» dette til nyttig kunnskap og læring i dei enkelte prosjekta. Dette krev systematisk jobbing over tid og etter vel tre års programperiode har LivOGLyst-programmet godt innarbeidde rammeverk og metodar som bidreg til å sikre god gjennomføring. Årleg blir det utvikla konkrete årsplanar, forankra i hovud- og delmål, med oppfølgingsansvar og definerte økonomiske rammer.
Utover den kompetanse som programmet sjølv sit med, utviklar programmet også ny kunnskap, saman med relevante FoU og andre eksterne kunnskapsmiljø. Dette har vore faglege bidrag på verktøy- og metodenivå, og fagleg formidling generelt.
Saman med sterkt kompetansefokus, er det operative arbeidet i arbeidsgruppa viktig føresetnad for og kjenneteikn ved gjennomføringsevna i programmet. Dette gjev tyngde og legitimitet hjå samarbeidspartane, men også tydelege forventningar til det løpande arbeidet i programmet. Sett under eitt er LivOGLyst eit tydeleg kompetanseprogram.
Ein sentral målsetnad for LivOGLyst er å bidra til ei heilskapleg og samordna lokal samfunnsutvikling. Dette har bl.a bakgrunn i kommunane si oppleving av at det regionale støtteapparatet har for sterkt fokus på sektor- og virksomheitsmål, til hinder for både samordning og heilskapleg tenking. Slik sett har kommunane vore viktige premissgjevarar for utviklinga av eit regionalt program på tvers av virksomheitsgrenser.
Denne strategiske rolla ivaretek kommunane gjennom si deltaking i styringsgruppa. Kommunane er ikkje økonomiske eller faglege bidragsytarar inn i sjølve programmet; derimot er kommunane med å finansiere og støtte opp lokale LivOGLyst-prosjekt i sin kommune.
Etter vår vurdering er samspelet mellom enkeltkommunar og arbeidsgruppa i LivOGLyst god, med tydelege forventningar til begge partar i samarbeidet. På programnivå synast koplinga å vere svakare. Ei sterkare involvering av kommunane kan bli nødvendig når programmet no meir og meir går inn i ei fastare drift. Remobilisering og felles forståing av kva LivOGLyst er og skal vere eit verktøy for, er nødvendig også mot kommunen som ei felles målgruppe. Dette meiner vi høyrer naturleg til arbeidet innunder LUK-satsinga (Lokal samfunnsutvikling i kommunane).
Saman med Kommuneprosjektet og Kom-an.no, utgjer LivOGLyst-programmet hovudpilarar i Hordaland si satsing på «livskraftige lokalsamfunn». Desse tre delene blir styrt og følgd opp i ein tett regional partnarskap. Det er soleis meir enn fylkeskommunen som regional utviklingsaktør som her blir omtala.
Slik vi vurderer det, har den regionale partnarskapen evna å utvikla dette til ei målretta og samordna satsing med mål om langsiktig og heilskapleg utvikling lokalt. Ikkje minst er dette illustrert gjennom måten Hordaland har teke nasjonale satsingar som Småsamfunnssatsinga og Bulyst innunder eige regionalt program og nyttar det regionale handlingsrommet som potensielt ligg i slike nasjonale satsingar. Også i arbeidet med LUK synast denne tråden å bli teken vidare.
Med satsinga på LivOGLyst, kommuneprosjektet og Kom-an.no meiner vi at Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg yter eit systematisk, langsiktig og målretta bidrag til lokal utvikling i kommunar og lokalsamfunn i Hordaland.
Visjonar og mål for LivOGLyst er forankra i regional utviklingsplan, under satsinga «Livskraftige lokalsamfunn», og i eigen programplan. Bakgrunn og føremål med satsinga er her definert, saman med effekt- og resultatmål. Med utgangspunkt i desse blir det utarbeidd årsplanar, som konkretiserer tiltaka programmet skal jobbe med og korleis dette skal gjerast. Programmet følgjer opp planane med evaluering undervegs, i samarbeid med LivOGLystprosjekta. Her blir det gjort justeringar på kompetanseutviklingstiltak osb, ut frå kvar dei ulike er i sine prosjektløp. Det blir også gjort årleg internevaluering og rapportering til eigarar og styringsgruppe.
Etter vår vurdering er det utarbeidd eit godt styringsverk for programmet, som også blir brukt som verktøy for å justere retning, både i programmet og i dei enkelte prosjektløpa. Det som kan synast å vere noko usikkert er korleis og i kva grad programmet måler effektar av tiltak og arbeidsprosessar. Sjå nærare kommentar under måloppnåing.
Hovudmålsettinga med programmet er å stimulere lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. Heilskaplege koplingar mellom bygdemobilisering for bulyst og entreprenørskapsutvikling er eit sentralt prinsipp. Gjennom systematisk innsats frå den regionale partnarskapen og vedvarande mobilisering av lokal utviklingskraft, skal programmet bidra til
- Auka trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og lokalt forankra sosiale mobiliseringsprosessar i Hordaland
- Styrka lokalt entreprenørskap og lokalt næringsliv
- Styrka lokal kompetanse med føremål prosjektgjennomføring
- Utvikle samarbeid og eit lærande nettverk mellom og med lokalsamfunn, regionale, nasjonale og internasjonale utviklingsaktørar
- Arrangere møtepunkt, seminar, kurs og konferansar
- Medieomtale og profilering
Programmet starta for fullt opp i 2008 og er no inne i sitt fjerde arbeidsår. So langt har det ikkje vore gjennomført ekstern evaluering av programmet. I ein intern evalueringsprosess gjennomført i 2010, viser arbeidsgruppa til ei positiv oppsummering rundt måloppnåing. Det framstår som noko usikkert kva som her er vurdert. Internevalueringa identifiserte også hinder for måloppnåing. Her konkluderte evalueringa med at sterkare koordinering og samordning mellom tilgrensande virkemiddel ville styrke programmet og effekten av satsinga i kommunane.
Ei sentralt poeng her er å bidra til at kommunane ser og nyttar ulike virkemiddel i samanheng. Meir samordna kommunikasjon ut mot målgruppene er identifisert som viktig faktor for å lukkast med dette. Dette følgjer Hordaland no opp, med samordning av kommunikasjon og virkemiddelbruk som sentralt fokus i LUK-arbeidet.
LivOGLyst-kursen bør også ha gode føresetnader for å bli justert løpande, gjennom prosessen med årsrapport frå arbeidsgruppa til styringsgruppa og eigarmøte. Denne baserer seg mykje på skriftleg rapportering frå prosjekta.
Arbeids- og styringsgruppa mottek jamnleg tilbakemeldingar frå kommunar og lokalsamfunn som har delteke og/eller deltek i programmet. Desse er gode, der kommunane er særleg nøgde med å møte ein samla regional støttespelar, som er tett på dei konkrete prosjekta. Ei stadig aukande søkarmasse om opptak til LivOGLyst er også ei peikepinn på at programmet blir opplevd som nyttig reiskap for kommunar og lokalsamfunn.
Basert på samtalar med lokale prosjektleiarar og dialog med arbeidsgruppa og representantar i eigarmøte, meiner vi at LivOGLyst bidreg til gode resultat og effektar for lokalsamfunna som er involvert. I det enkelte prosjektet, men også mellom prosjekta. Vi tenkjer konkret på betydninga av faglege, regionale nettverk, som vi meiner vil bidra til å gjere enkeltprosjekta mindre sårbare og at kunnskapen i større grad har føresetnader for å bli verande att lokalt. Slik vi ser det, bidreg LivOGLyst-programmet også til å styrke heilskapleg og samordna tenking frå sentrale regionale utviklingsaktørar.
I prosjektplanen er det lagt opp til at det skal gjennomførast ei breiare evaluering av programmet. Dette meiner vi er eit naturleg steg å snart ta, når programmet no er inne i sitt fjerde arbeidsår.
Med LivOGLyst-programmet har den regionale partnarskapen i Hordaland (Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Noreg) utvikla eit målretta verktøy for å jobbe mot visjonen Best i landet på lokal vekstkraft. Saman med Kommuneprosjekt for lokal næringsutvikling og nettportalen Kom-an, utgjer LivOGLyst hovudpilarar i satsinga på «Livskraftige lokalsamfunn» i Hordaland.
Læringsverdi
Distriktssenteret meiner at «Hordalandsmodellen» for heilskapleg lokalsamfunnsutvikling har lærings- og overføringsverdi på fleire område. Det tette partnarskapssamarbeidet om både strategi og gjennomføring står heilt sentralt og er ein grunnleggande føresetnad og suksessfaktor. Gjennom felles strategi- og styringsdokument, felles beslutningsprosessar på programnivå og ei tverrfagleg samansett ressursgruppe med eit «gerilja-liknande handlingsrom» er partnarskapssamarbeidet eit særeige trekk i programmet. Vi meiner Hordaland, gjennom partnarskapssamarbeidet, er på god veg til å lukkast med «ei dør inn og kort veg fram» tankegangen. Kommunar og lokalsamfunn framhever gong på gong dette som avgjerande faktor for kommunalt-regionalt samarbeid om lokal utvikling.
Andre regionar bør sjå til Hordaland, også av andre grunnar. I tillegg til den regionale samarbeidsmodellen vel vi å trekke fram følgjande:
- Ein tydeleg og sterk kompetanseprofil som legg vekt på at kunnskap skal utviklast og bli i og mellom deltakarprosjekt og kommunar, og overførast til andre prosjekt og kommunar. Dette legg programmet opp til på fleire måtar; ved å tilby eksperthjelp, lage nettverkssamlingar og verkstader, rettleiing til prosjekt og kommuner – der prosjekta er, opne erfaringssamlingar m.m. Prosjekta sitt høve til medverknad, med skreddarsaum i kunnskapsbygginga er eit spennande grep i kompetanseprofilen.
- Konkrete grep for heilskapleg tenking. Her tenkjer vi både på samansetnaden og mandatet for arbeidsgruppa. Med dedikerte ressursar frå både Innovasjon Noreg, Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland er programmet også fagleg og operativt forankra. Vi vurderer at gruppa også har eit godt handlingsrom internt, til å hente ut og spele på andre ressursar i eigarorganisasjonane. Programmet har soleis ein sterk kunnskapsbase i ryggen, og lagt til rette for samordning også mellom tilgrensande satsingar hjå dei ulike eigarane. Og sjølve koplingspunktet er her informasjonsportalen og møteplassen Kom-an.no. Kom-an samordnar informasjon og virkemiddel frå dei ulike regionale utviklingsaktørane og synleggjer svært godt både samordningsvilje og evne. Ikkje berre mellom ulike aktørar med kvar sine oppdrag, men også programmets målsetting om gode koplingar mellom ulike former for skaparkraft: betydninga av å sjå samfunns- og næringsentreprenørskap i ein heilskap er eit uttalt mål i LivOGLyst og satsinga for livskraftige lokalsamfunn.
Vegen vidare
LivOGLyst-programmet er no inne i sitt sjuande arbeidsår. Tilbakemeldingar frå prosjekt og kommunar gjev programmet gode skussmål og internevalueringa frå 2010 konkluderte med at programmet kan vise til gode resultat og effektar. Distriktssenteret har vurdert at denne burde supplerast med ei ekstern evaluering, for å vurdere evt. justeringar i programmet, og dokumentere resultat og effektar. Styringsgruppa ønskjer å gjere evaluering av satsinga i 2014, denne skal gjerast av analyseavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
Distriktssenteret følgjer LivOGLyst-programmet vidare, bl.a med deltaking i nettverkssamlingar og kunnskapsinnhenting frå lokale utviklingsprosjekt innanfor satsinga.
Oppfølginga skjer i dialog med arbeidsgruppa for LivOGLyst.