Fagområde: Bolig og bomiljø

Vikje-grenda boligområde i Veggli

I 2010 fekk Rollag kommune midlar frå Bulyst-satsinga for å prøve ut om romslege tomter og bustadløysingar inspirerte av tradisjonsrike bygdetun er attraktive bumiljø på bygda.

Rollag kommune fekk i 2010 tilsagn på 200.000 kroner frå den nasjonale Bolyst-satsinga, til eit forprosjekt med planlegging av eit «annleis» bustadprosjekt i bygda Veggli. Målet har vore å prøve ut om særeigne kvalitetar ved bustaden og bumiljøet kan bidra til å styrke busetting og tilflyttting til kommunen.

Prosjektperioden er avslutta. Distriktssenteret presenterer her mål, tiltak og erfaringar i forprosjektet.

Tradisjonsrik byggeskikk med ny vri

Vikje-grenda bustadområde blei ferdigregulert i 2011 og lagt ut for sal i 2012. Ein utfordrande bustadmarknad, med lite nybygging og omsetnad av eigedom er krevjande ift. å få realisert bygging.

Bustadområdet er planlagt med romslege tomter og med utgangspunkt i løysingar og funksjonar vi kjenner frå tunmiljø og småbruk. Rollag kommune har stått for reguleringa av eigedomen, som ligg omlag 1 km frå Veggli sentrum. Her er det no ti ferdigregulerte tomter på mellom 1,6 og 8 dekar, og tre tuntomter for inntil seks bustader/bueiningar. I tillegg er det gamle Vikje-tunet regulert som ei sjølvstendig bustadtomt på 10,9 dekar. Det er også utarbeidd forslag til utbyggingsløysing for Vikje-tunet, inspirert av eit tradisjonelt gardstun frå Numedal.

Ein veg til å realisere småbruksdraumen?

Ideen til eit «annleis» bustadområde i Vikje-grenda vaks fram or satsinga «Lys i alle glas», der fleire kommunar i Buskerud har arbeidd med å auke den faste busettinga på gardar og småbruk. Satsinga synte stor etterspurnad etter gardar og småbruk for busetting. Utfordringa har vore å få eigedomar overførte og på sal. Ideen med Vikjegrenda var soleis å imøtekome etterspurnaden etter ei slik tradisjonsrik buform, men på nye måtar.

Den tidlegare husmannsplassen Vikje, i kommunalt eige, peikte seg ut som eit mogeleg område for å utvikle konseptet: Frittliggande, solrikt, utan konfliktar med landbruksinteresser og med gang- og sykkelavstand til sentrum av Veggli.

Den opprinnelege konseptskissa inneheldt felles løysingar for stall, ridebane og beite, i tillegg til forsamlingshus og felles infrastruktur for bioenergiløysingar. Undervegs viste det seg vanskeleg å få til løysingar for felles dyrehald. Dette blei teke ut av konseptet og er ikkje innarbeidd i reguleringsplanen. Det blei heller ikkje energiløysinga, som etter berekninga synte seg svært dyr.

Rettar seg mot barnefamiliar

I forprosjektet er det også utarbeidd ein nettstad, Vikje.no (nede pr 20.08.2021 red anm), som presenterer og profilerer bustadområdet. Særlege målgrupper er barnefamiliar med tilknytning til Rollag og Numedal, og familiar som ønskjer å flytte til bygda. Kommunen meiner at det til dømes kan verte interesse for Vikjegrenda blant dei mange som arbeidspendlar frå hovudstadsregionen og til Kongsberg.

Status etter regulering og forprosjekt

Gjennom forprosjektet blei det planlagt og kostnadsrekna infrastruktur for utbygging av veg, straum, vatn, avlaup og breidband til bustadområdet, til omlag 5,4 millionar kroner. Kommunen har vurdert utbygging i kommunal regi, og om kommunen skal subsidiere kostnader, men har so langt hatt ønskje om å selje bustadområdet til private utbyggarar, som står for utbygging og tomtesal i eigen regi.

Behov for bustadpolitiske strategiar

Som i mange andre distriktskommuner erfarer Rollag kommune at bustadmarknaden er lite fungerande. Også erfaringa frå forprosjektet med å utvikle Vikjegrenda bustadområde syner at marknaden er liten og usikker. Konsekvensen er at prosjekt let seg vanskeleg realisere, det blir bygd få nye bustader og få bustader kjem for sal – noko som hemmar vekst og utvikling i kommunen. Dette rammar også Vikjegrenda-prosjektet.

Som del av omstillingsplanen for Rollag blei det i 2012 vedteke å jobbe fram ein bustadpolitisk analyse og strategisk plan. Gjennom 2012 har kommunen også delteke i eit bustadpolitisk nettverk i regi av Buskerud fylkeskommune. Med dette ønskjer Rollag kommune å jobbe meir målretta og heilskapleg med bustadutvikling, og Vikjegrenda bustadområde går inn som del av dette arbeidet.