Fjaler har det internasjonale og kunst og kultur vore dei berande elementa i stadutviklinga gjennom mange år. Fleire personar med bakgrunn i kunst- og kulturnæringa har funne dette miljøet attraktivt.
Vidareutvikling
Fjaler kommune ønskjer å utgreie potensiale for vidareutvikling av kulturnæringa i kommunen, med sikte på å gjere Fjaler til ein attraktiv produksjonsstad for kunst- og kulturproduksjonar.
Problemstilling
Fjaler kommune opplever etterspørsel etter eigna lokale til arbeidsplassar innafor kulturnæringa. Kommunen kjenner til at fleire ønskjer å etablere seg i kommunen og ha sin faste arbeidsplass og bustad her. Fjaler kommune ønskjer å tilby lokale og byggje opp eit nettverk som kan skape eit miljø som tiltrekkjer fleire kulturetablerarar.
Status
Sentralt i dette arbeidet er firmaet Sandsund /Lie – teaterregissørar som arbeider med etablering av produksjons- og prøvelokale for scenekunst. Dei har sin faste base i kommunen – men opplever som andre innanfor næringa at ein treng tilrettelagde lokale for å gjennomføre inntektsgjevande prosjekt. Kommunen ønskjer å bygge opp prøvelokale med høg kvalitet som vil sikre profesjonelle produksjonar og kan leigast ut til andre (scene)kunstprodusentar i Noreg.
Kommunen tek også sikte på å styrke verdiskapinga innanfor andre fagfelt i kunst og kulturnæringa.
Forprosjekt
- kartleggje behov og ressursar gjennom dialog og samhandling
- kartleggje grunnlaget for samarbeid på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan
- lokalisering, kostnadsrammer og organisering
- kartlegging av finansieringskjelder
- utarbeide prosjektplan og søknad for hovudprosjekt, og finansiering og økonomisk grunnlag for vidare drift.
Forprosjektet fekk tildelt 200 000 i bulystmidlar i 2010. Forprosjektet vert avslutta med ein hovudsøknad til Kommunal- og reginoaldepartementet og andre aktuelle finansieringskjelder. Hovudprosjektet er tildelt 1,8 millionar i bulystmidlar i 2011.
Fjaler kommune er inne i ein spennande fase med mange ulike etableringar, mellom anna ei stor industrisatsing. Det vil i løpet av 2010 også bli oppretta eit fond som resultat av fusjon av den lokale banken med ein større bank. Nyskaping gjennom kunst- og kulturnæringa vil vere eit viktig satsingsområde for tildelingar gjennom dette fondet.
Kartleggingsarbeidet i regi av prosjektet blir ein viktig del av oppgåva med å synleggjere korleis kommunen kan leggje til rette for kulturnæringa framover. Dei ser at mange vel nettverk og organisasjonsmodellar som klyngjer, inkubatorar og næringshagar. Kommunen ser det som viktig at dei gjennom samhandling og dialog i forprosjektet finn lokale løysingar som kan styrke Fjaler sitt omdømme som produksjonsstad for kunst og kultur.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggjande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet. Presentasjonen inneheld difor mindre informasjon enn omtalen av andre lokale utviklingsprosjekt.
Kommunen skiljer seg frå andre nærliggande kommunar med ei langvarig satsing som mellom anna har ført til etablering av Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen, United World College, Transplant, Jakob Sande–tunet m.fleire. Marknadsføringa og miljøet desse institusjonane har skapt har ført til rekruttering av personar med bakgrunn frå kunst og kulturnæringa.
I 2005 arbeidde kommunen med prosjektet Kulturbeite – ”frå kulturminne til minnerike opplevingar” som til no har resultert i etablering av Jakob Sande -tunet.
Satsing er og forankra i Fjaler kommune sin kulturplan for 2008 – 2011 . Visjon:
”Kultur skal vere ein bærande bjelke i utviklinga og utbygginga i Fjaler”.
I januar 2010 hadde kommunen eit møte med Distriktsenteret for å diskutere vidareutvikling kultur og næringssatsinga.
Fjaler har eit godt omdømme innanfor kunst og kultur. Investeringane som har vore gjort til no har ført til at fleire i kunst og kulturnæringa ser at miljøet kan vere eit viktig utgangspunkt for vidare prosessar og etableringar.
Som i mange distriktskommunar ligg her ressursar i tomme lokale, men og i bedrifter som ein det er naturleg å samarbeide med: lyd, musikk, foto, film,ᅡᅠ design, overnattingsbedrifter, opplevingsarenaer, snikkarverkstader, m.m
Nettverk:
Det er og bedrifter med stort nettverk innanfor sitt fagfelt på nasjonalt og internasjonalt nivå som det er naturleg å samarbeide med. Eksempel på dette kan vere:
- Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen
- Idefabrikken Transplant
- United World College Jakob Sande- tunet
I tillegg har dei enkelte aktørane eit sitt eige fag og kontaktnett. Eksempel på dette er:
- Institusjonsteatera i Norge
- Det frie scenekunstfeltet
- Norske og internasjonale kunst og musikkorganisasjonar
Utdanningsinstitusjonar innan dei ulike fagfelta, film, foto m.m.
I forprosjektet vel kommunen å definere målgruppa som dei kulturnæringsaktørane som bur i kommunen i dag og andre som ønskjer å etablere seg her. De ønskjer og å fylgje opp konkrete kontaktar med personar som kan vere aktuelle for tiltaket. I dag er det 18 personar som kan vere aktuelle for ei slik satsing. Dette er ei gruppe som er svært ueinsarta innanfor kunstområde, karriere, alder og nasjonalitet.
Eit lite bilete:
- 5 har garantiinntekt og andre former for arbeidsstipend.
- 4 er unge kvinnelege nyetablerarar
- 6 har vokst opp i Fjaler
- 3 har utanlandsk bakgrunn
- 9 er innflyttarar frå andre stader i Norge
Nokre fagområde:
Scenekunst, design, kunstfoto, poesi ,dramatikk ,produsent, musikk, film, filmregi, biletkunst og andre kunstformer
Hovudmål:
Utrede hovudprosjekt:
Lokalitetar, finansiering og framtidig driftsmodell for kunst og kulturnæringa i Fjaler.
Delmål:
- styrke, og vidareutvikle strategiar ogᅡᅠ samarbeidsprosessar for kulturnæringa i kommunen
- støtte og samordne utviklingsprosessane til aktørane i perioden.
- utrede grunnlag for politisk handsaming.
- vidareutvikle samarbeidet på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå
- marknadsføre prosjektet og Fjaler sitt omdømme som produksjonsstad for kunst og kultur