Herøy kommune har hatt ein positiv folketalsvekst siste åra, mykje på grunn av stor arbeidsinnvandring. Kommunen har store utfordringar i forhold til å legge til rette for at tilflyttararane, særleg dei frå utlandet, skal verte inkluderte og integrerte i lokalsamfunnet på ein positiv måte.
I planlegginga av prosjektet har kommunen hatt kontakt med to bedrifter på Sunnmøre. Det er Marine Harvest i Herøy og Kleven Maritime som har bedrifter i Ulstein, Sande og Vanylven. Bedriftene har fast tilsette og korttidstilsette frå mange nasjonalitetar som har utfordringar med busetjing og integrering i lokalsamfunnet. Det vil vere ei sentral oppgåve for prosjektet å knyte kontakt med leiinga i bedriftene, den enkelte tilsette og familien, det offentlege tenesteapparatet, frivillige lag og organisasjonar for å kartlegge utfordringane, legge til rette for tiltak, teste ut nye tiltak og drive nytenking rundt integrering og inkludering.
Prosjektet er tildelt 1,9 millionar kroner i Bulystmidlar i 2012.
Hovedmål
Delmål
- Inkludering og integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar. Prosjektet skal bidra til at området innan 2015 har eit omdøme for å gjere eit godt arbeid for å inkludere og integrere innvandrarar og andre tilflyttarar. Innvandrarar og andre tilflyttarar etablerer seg og vert buande i kommunane.
- Nye løysingar for offentlege tenestefunksjonar. Prosjektet skal bidra til at offentlege instansar utviklar nye og betre løysingar for tenestene sine og styrkar vertskapsrolla si i samarbeid med med leiinga i bedriftene, den enkelte tilsette og familien og frivillige lag og organisasjonar.
- Utvikle rutiner og verktøy. Prosjektet skal utvikle rutiner og verktøy for å sette i verk konkrete planmessige tiltak, mellom anna utvikling av handlingsplanar.
Målgrupper
Norske og utanlandske tilflyttarar.