Med utgangspunkt i Hamsunsenteret som vekstimpuls skal ein legge til rette for kulturbasert næringsutvikling. Dei skal og arbeide med folkehelse og stadutvikling. Kommunen er inne i ei god utvikling, mellom anna med utgangspunkt i etableringa av Hamsunsenteret. Dette vil kommunen byggje vidare på i dette prosjektet.
Kommunen står overfor eit generasjonsskifte, dei treng mange nye tilflyttarer i åra som kjem. I tilflyttingsstrategiane vil dei bruke stadutvikling, mellom anna tilrettelegging for bustadbygging, kultur og eit aktivt, førebyggjande folkehelsearbeid som agn.
Prosjektet fekk tildelt 2 000 000 i bulystmidlar i 2010.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.