BuiStryn – Designlandet

Prosjektet som har som mål å bruke design som ressurs for å skape bulyst og attraktivtet.

Hausten 2011 vart forprosjektet BuiStryn Designlandet gjennomført i Stryn kommune. Prosjektet handlar om å bruke design som ressurs for å skape bulyst og attraktivtet. Det vart gjeve 200 000 i bulystmidlar frå Kommunal og regionaldepartementet, i tillegg til at kommunen og privat næringsliv gjekk inn med midlar.

Visjonen seier at dei gjennom designdreven distriktsutvikling skal «implementere design som strategisk verktøy for distriktsutvikling, og gjennom dette skape sjølvforsterkande synergiar og prosessar». Forprosjektet skulle danne grunnlaget for eit hovudprosjektet kor målet er å utnytte utviklingskrafta som ligg i designmiljøa i Stryn.

Tradisjonar innan design

Forprosjektet tok utgangspunkt i lange tradisjonar knytt til design. Stryn har i dag mellom anna bedrifter som Moods of Norway, Ricco Vero, Skogstad sport, Tonning møbler og Escalia. Med bakgrunn i designmiljøa har det etablert seg ei utviklingskraft basert på kreative drivkrefter og uredde aktørar.

Sterkt næringsliv

Stryn vart i 2010 kåra til den tiande beste næringsutviklingskommunen i Noreg i samband med NæringsNM, gjennomført av NHO. Det er ein rekkje særpreg ved næringslivet i Stryn. Gjennom generasjonar er det skapt eit utviklingsorientert næringsliv kjenneteikna av lokalt eigarskap av bedriftene, gründerånd, konkurranse og samarbeid og god kontakt mellom verksemdene og kommune/ det offentlege.

Oppstart av prosjekt

Prosjektet oppsto i eit kreativt designmiljø i Stryn. For å ta tak i moglegheitene som ligg i å bruke design i utviklingsprosjekt, gjekk Farmhouse, Stryn kommune og Stryn Næringshage saman. I samband med søknad om Bulystmidlar vart det etablert styringsgruppe, referansegruppe og tilsett prosjektleiar.

Involveringsprosessar vart sett i gang for å få innspel og idear til korleis ein kan bruke design som ressurs for å utvikle Stryn kommune.Det vart halde folkemøte retta mot innbyggjarane. Ideane som kom opp skulle danne grunnlaget for utforminga av eit hovudprosjekt.

Gjennom forprosjektet vart det skapt eit engasjement og samarbeid for å bruke design i samband med lokalt utviklingsarbeid. Farmhouse har eit sommarprogram for studentar der dei i 2010 designa eit hus inspirert av fjord og fjell. Ved hjelp av stor dugnadsinnsats frå næringslivet, vart huset bygd i samband med ei næringslivsmesse på hausten. Alt byggematerialet og utstyr var produsert lokalt.

I arbeidet med forprosjektet har styringsgruppa opplevd at skaparkraft har gode vilkår i Stryn. Dei framhever faktorar som:

  •  Jantelova har dårlege vekstvilkår
  •  Stor mental takhøgde
  •  Støtte og vilje til samarbeid
  •  Stoltheit over merkevarene
Eierskap, organisering og formell forankring

Stryn kommune er eigar av prosjektet. Dei vart kopla på i samband med ein Bulyst søknad, og har bidrege økonomisk og aktivt engasjert seg. Prosjektet har hatt eiga styringsgruppe og ein prosjektleiar i 20 % stilling, som er tilsett i Farmhouse. Styringsgruppa har vore samansatt av to representantar frå kommunen, med ordførar og næringsutviklar, i tillegg til representant frå Stryn Næringshage og privat næringsliv.

Referansegruppa besto av representant frå næringsliv, vidaregåande skule og ulike grender. Det var teke omsyn til  balanse i forhold til kjønn, alder og geografisk spreiing.

Distriktssenteret meiner at kommunen som eigar har hatt ei god oppfølging av prosjektet. Det har vore god dialog mellom styringsgruppa, rådmann og det politisk nivå.

Distriktssenteret saknar at satsingsområda som er skissert i forprosjektet kjem tydeleg fram i kommuneplanen til Stryn. Det er i tillegg vanskeleg å finne igjen omtale av satsinga i strategiske dokument og på nettsida til kommunen.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Målgruppa i prosjektet er innbyggjarar, studentar og elevar, besøkande, potensielle tilflyttarar, næringslivet og investorar. Det vart gjennomført fleire tiltak for å skape engasjement mot målgruppa.

Prosjektet har gjennomført fleire workshops, kor dei la opp til kreative prosessar. Dei arrangerte møter for styrings- og referansegruppa, der ein rekkje idear kom på bordet. Innspela vart tatt med vidare til eit folkemøte i jula, der 72 personar deltok. Dette var ein idedugnad for folk som hadde tilhørighet til og interesse for utviklinga i Stryn. Treffet samla kompetanse og skapte nettverk og resulterte i fleire innspel, også frå folk som ikkje bur i kommen til dagleg,

Prosjektet har dratt nytte av Farmhouse sitt studentbaserte sommarbyrå. I 2010 designa studentane eit hus inspirert av fjord og fjell. Det var ein enorm dugnadsinnsats frå næringslivet for å byggje huset. Designhuset vart ein illustrasjon på samarbeidsviljen som eksisterer i Stryn og alt i huset er levert av bedrifter i området.

Distriktssenteret meiner at prosjektet har involvert aktuelle og relevante målgrupper. Gjennom forprosjektet har dei engasjert dei  enkelte bedriftene og styrka samhaldet mellom designmiljøa i Stryn.

Distriktssenteret meinar at det med fordel kunne vore delt meir informasjon frå folkemøte på nettsida til kommunen. Dette ville gitt meir informasjon om prosjektet til dei som ikkje hadde høve til å delta.

Kompetanse og menneskelige ressurser

BuiStryn – Designlandet har knytt til seg representantar med ulik tilnærming til design. I referansegruppa sitt det blant anna representantar frå både næringsliv, vidaregåande skule og dei ulike grendane.

Gjennom forprosjektet har dei kartlagt viktige kompetansemiljø som dei kan bruke i eit hovudprosjekt. Prosjektet har hatt kontakt med nabokommunen sitt utviklingsprosjekt VAKN (Vårt akademi for kultur og næring), for å lære av deira erfaring med å bygge kompetansemiljø.

Distriktssenteret meinar at forprosjektet har skapt møteplassar for designmiljøa i Stryn. Det er ein styrke at miljøa står samla for å utvikle design som ein ressurs for bulyst og attraktivitet. Representantar i styringsgruppa har gjennom sin erfaringsbakgrunn eit godt nettverk i designmiljøa, noko vi vurderer som positivt for prosessen. Dei har i tillegg erfaring med kreative arbeidsprosessar, kor design har vore eit viktig utgangspunkt.

Kommunens rolle

Frå prosjektleiar vert Stryn kommune definert som ein aktiv og konstruktiv samarbeidspart. Stryn kommune har vore eigar av forprosjektet. Ordførar og prosjektansvarleg i kommunen har delteke i styringsgruppa. I tillegg til å delta økonomisk har dei delteke aktivt på møta i prosjektet. Kommuen har hatt ei viktig rolle som nettverksbyggar. Ein av ideane det t.d vert jobbar vidare med i prosjektet, er å ta i bruk det gamle kommunehuset som ein ”Designambassade”.

Distriktssenteret vurderer at Styn kommune har hatt ei viktig rolle i forprosjektet. Aktiv deltaking på møta i prosjektet gir nyttig informasjon om anna viktig utviklingsarbeid i kommunen som kan relatere seg til BuiStryn Desinglandet. Skal prosjektet bidra til å skape bulyst og attraktivitet i Stryn, er det avgjerande at kommunen er tett påkopla.

Distriktssenteret finn lite informasjon om BuiStryn Designlandet på nettsida til kommunen. Dette kan tyde på at dei i forprosjektet ikkje har hatt ein aktiv rolle ut mot eigne innbyggjarar. Dersom prosjektet skal gje effektar på bulyst og attraktivitet, er det viktig at kommunen er god på dele informasjon og gjere prosjektet kjent i eige lokalsamfunn.

Fylkeskommunens rolle

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har vore orientert om prosjektet via Fylkesdirektør for næringsavdelinga. Dei har ikkje vore inne med midlar i forprosjektet, og heller ikkje hatt ein aktiv rolle undervegs i forprosjektet. Bulyst søknaden var sendt direkte til Kommunal og regionaldepartementet, utan å gå via Fylkeskommunen. Fylkeskommunen har lagt ut informasjon om forprosjektet på si heimeside, og stiller seg bak satsinga.

Målformulering

Hovudmålsetninga er å gjere Stryn meir attraktiv som bustadkommune. Visjonen i forprosjektet seier at gjennom designdriven distriktsutvikling skal dei:

”Implementere design som strategisk verktøy for distriktsutvikling, og gjennom dette skape sjølvforsterkande synergiar og prosessar”.

Forprosjektet skulle vidare gje grunnlaget for kva ein skal satse på i eit hovudprosjekt. Målet er å utnytte utviklingskrafta som ligg i designmiljøet i Stryn til noko meir. Dei ønskjer å utvikle ein modell med overføringsverdi, der dei ved bruk av design vil fremme kunnskap om løysningar, konsept og teknikkar for å gjere distrikta attraktive med tanke på mellom anna identitetsfølelse, verdiskaping, innovasjon, mentale rom og levande bygder.

Resultat og effekt

Distriktssenteret meiner at prosjektet har jobba godt i forhold til målet med å skaffe til veie relevant grunnlagsmateriell og formulere prosjektmål for hovudprosjektet. Dei nytta seg av kreative forum, workshops og anna type research for å kartlegge faktorar som er viktige for satsinga vidare. Prosjektet har vidareutvikla ressursane som ligg i designmiljøa i Stryn og skapt ein utviklingskraft kor design kan bety noko meir for eit heilt lokalsamfunn.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner Styn kommune har eit spennande utgangspunkt når dei velgjer design som strategisk verktøy for å skape bulyst og attaktivitet. Dei har lange tradisjonar innan design, og mange suksesshistoriar å vise til. Gjennom forprosjeket BuiStryn Designlandet har eit tverrfagleg miljø spelt på lag og jobba fram kreative idear for framtidige utviklingsprosjekt.

Å samarbeide om ordformuleringar i planar, er noko anna enn praktisk oppgåveløysing. I Stryn gjekk næringslivet saman om å byggje ”Desighnuset”. Alt materiale til konstruksjonen var levert lokalt, og privat næringsliv la ned enorm dugnadsinnsats. Distriktssenteret berømmer prosjektet for ein kreativ måte å skape engasjement og samfunnsentreprenørskap på.

Mål og resultat

I forprosjektet var målet  å komme opp med kreative idear til kva Stryn skal gå vidare med i eit hovudprosjekt. Distriktssenteret meiner at  sluttrapporten for BuiStryn Designlandet viser at det har vore jobba godt, og det er skissert spennande løysingar og beskrivelsar for nye måtar å tenkje på i vidare arbeid.

Prosess og vurderingar

For å vere eit forprosjekt på eit halvt år, meiner Distriktssenteret det har vore ein god prosess med stor grad av involvering av ulike målgrupper. Vi opplever at styringsgruppa har hatt god kompetanse og nettverk innan designmiljøet i Stryn, noko som har gjort dei kreative prosessane nyttige og artige å vere med på.

Distriktssenteret ser at Styn kommune har jobba godt i styringsgruppa og vore tett på prosjektet. Men skal design virke som ein skaparkraft for å utvikle Styn kommune vidare, og ha effektar på bulyst og attraktivitet, må kommunen forankre prosjektet i sine planer og selje dette ut mot eigne innbyggjarar.

Vegen vidare

I sluttrapporten for BuiStryn Designlandet er det laga eit spennande framtidsbilde av korleis Stryn kan bruke design som kraft for å utvikle næringsliv og lokalsamfunnet. Distriktssenteret ser at det er eit sterkt kompetansemiljø og lange tradisjonar basert på design i Stryn kommune. Dei har eit sterkt samhald og samarbeid innad i næringslivet og mot kommunen. Dette er eit godt utgangspunkt for å lykkast.

Hausten 2011 fekk dei tildelt 1,8 millioner kroner frå bulystsatsinga for å arbeide vidare med design som verkemiddel. Distriktssenteret vil følgje spent med på arbeidet.